Innkjøpskomiteen må ha vurdert annleis enn fagpersonane, men på kva grunnlag?
Innkjøpsordninga av bøker til biblioteka er igjen i fokus. Få sakprosabøker kjem igjennom nålauget. Målet med ordninga er å sikre at kvalitetslitteratur blir tilgjengeleg i norske bibliotek. I 2008 gav eg ut boka Supermakter og kald krig-arenaer. Vestens globale hegemoni i møte med kommunisme, nasjonalisme og islamisme på Abstrakt forlag. Det tok eit tiår av fritida mi å skrive dei 515 sidene, med eit fyldig noteapparat og omfattande litteraturliste. Bak arbeidet låg 40 års nitid studium av forskingsfeltet, i all hovudsak faglitteratur på andre språk enn norsk. Forlaget melde boka på for innkjøp til biblioteka. Var det på grunn av låg fagleg og språkleg kvalitet at boka ikkje kom med blant dei utvalde?
Då manuset var ferdig, sende eg det til den fagpersonen eg vurderte som den mest kompetente om emnet på verdsbasis, vår mest kjende historikar internasjonalt, Odd Arne Westad, som då var tilsett ved London School of Economics. Westad gav 24. oktober 2005 denne vurderinga i e-post: «Her har du gjort et godt og grundig arbeid – dette kan godt bli stående som en viktig bok om den kalde krigen.»
Var kanskje boka dårleg språkleg? Forlagets kunnige språkkonsulent gav denne vurderinga til forlaget: «Forfatteren skriver jo meget bra, men tøyer nynorsken til yttergrensene og godt og vel det. […] Det er en meget tankevekkende bok.»
Boka vart omtalt i svensk Historisk tidskrift.1 Bokmeldinga var så positiv at ho tilrådde omsetjing av boka til engelsk og svensk. Eg hadde verken tid eller ressursar til å følgje oppmodinga. Det kom likevel eit lite nedslag av boka i USA. Den norsk-amerikanske historikaren Odd Lovoll omsette den svenske bokmeldinga for tidsskriftet Globality Studies Journal.
Då Lovoll kom over Atlanteren for å gjesteforelese, undra han seg over kor tynt det var med forskingslitteratur om den kalde krigen ved norske universitetsbibliotek, sjølvsagt endå verre ved andre bibliotek. Då eg fordjupa meg i fagfeltet seint i 1960-åra – med abonnement på internasjonale tidsskrift og mange bokkjøp, vesentleg frå USA og England – hadde eg snart eit større kald krig-bibliotek enn universitetsbiblioteka. Kva konsekvensar denne mangeltilstanden har fått for opplysningsnivået om den kalde krigen i Noreg, har eg mine meiningar om. Det høver så altfor vel til mønsteret at boka mi heller ikkje vart omtalt i ei einaste dagsavis.
Til denne bok-biografien høyrer òg at den andre kompetente historikaren til å vurdere boka, var professor og nobeldirektør Geir Lundestad. I e-post 26. januar 2006 skreiv han: «Det er uhyre imponerende hva du har lest. Det kan ikke være mange i Norge, om noen, som har lest så mye som du om disse forhold. […] Du har, etter det jeg kan skjønne, også forstått det aller meste. Og du har klart å få denne forståelsen formidlet på en grei måte.»
Innkjøpskomiteen må ha vurdert annleis enn dei fagpersonane eg har referert til, men på kva grunnlag?
1. Burch, C.N. (2009). «Supermakter og kald krig-arenaer», Historisk tidskrift 129 (4), 2009, s. 799–801.