Sigrid Bratlie
Sigrid Bratlie, forfatter av Mysteriet i Wuhan. Foto: Agnete Brun / Kagge

Mysteriet eg

Er ei heltinnefortelling i fyrste person eigna til å atterreise vitskapen?

Det var med blanda kjensler eg opna boka Mysteriet i Wuhan. Omslaget verka ikkje innbydande, kanskje fordi det prøvde for hardt. Der står eit skinande prøverøyr framfor eit bilete av jordkloden, med mørk bakgrunn og eit spørsmål som lyser frå ei raud boble under tittelen «Ble sannheten skjult for verden?». Slik sensasjonalistisk utsjånad vekkjer ikkje tillit hos nokon som er oppvaksen i Frankrike – som eg – der truverdig litteratur plar kome i sober innpakking. Men eg var også blitt nyfiken etter å ha lese samandraget på baksida. I boka skulle nemleg «den anerkjente forskeren og formidleren Sigrid Bratlie» vise at pandemien truleg blei forårsaka av ein lablekkasje, noko som går imot den no rådande konsensusen om at SARS-CoV-2-viruset oppstod naturleg og spreidde seg frå Huanan-våtmarknaden i Wuhan, med mårhundar som mellomvert.

I april 2020 las eg ein reportasje i Le Monde med tittelen «Koronaviruset: laboratoria i Wuhan, episenter for ryktet» (om opphavet), skriven av reporter Raphaëlle Bacqué og Asia-korrespondent Brice Pedroletti. Dei interesserte seg for det då innfløkte spørsmålet om opphavet til pandemien, men fekk i staden innsyn i «andre univers, vide og mørklagde som avgrunnar» – koplingar mellom kinesiske gruver som også var flaggermusgrotter, og franske høgsikkerheitslabar, ugjennomsiktige politiske system og lukka rom der høgpatogene, livsfarlege virus blir bevarte og eksperimenterte med.

Fem år etter at pandemien braut ut, er det nok det Mysteriet i Wuhan på sitt vis også maktar å gjere: Boka synleggjer nokre av dei uante universa dagens globaliserte og hyperdigitale verd rommar – så lenge lesaren toler stil- og formmessig ubehag.

Sofaepidemiologi
Mysteriet i Wuhan handlar om ein pandemi, men er like mykje ei forteljing i fyrste person. I seg sjølv vitnar utgjevinga om eit trekk ved norsk samtidssakprosa: samanflettinga av det sjølvbiografiske og det allmenne. I 2019 problematiserte professor i nordisk litteraturvitskap Eivind Tjønneland tendensen i bokessayet «Subjektivitet i sakprosa» . Han diagnostiserte ei rekkje utfordringar den omfattande trenden om å «by på seg sjølv» utgjer når ein skal skrive om faglege emne. Nyleg starta Ivo de Figueiredo ein liknande debatt i Morgenbladet. I essayet «Minoritetslitteraturen står i fare for å kneble den kritiske samtalen» kom han med fleire kritiske punkt retta mot «minoritetsforfattarar» spesielt, med utgangspunkt i den utbreidde tendensen til å utforske eit emne innanfor rammene av ei sjølvbiografisk forteljing. På mange måtar byd forfattaregoet i Mysteriet i Wuhan på utfordringar det går an å knyte til desse debattane.

Medan litteraturkritikar Ola Hegdal i NRK meiner at det sterke nærværet av Bratlie i boka «tilfører historia framdrift og ein personleg touch, som nok gjer det lettare for mange å fordøye partia med tung molekylær­biologi», talar retorikar Kristian Bjørkdahl i Morgenbladet om eit «intimitetstyranni» og lurar på om ikkje det dreier seg om eit «feilslått forsøk [frå forlaget si side] på å gjøre kompleks vitenskapsformidling tilgjengelig». Smakssak? Ikkje berre.

I tillegg til det sterke nærværet av eit sjølvbiografisk eg som etter eige ord driv med «sofaepidemiologi», måtte eg undra meg over heile passasjar som er sette opp som lister eller notat. Det er tale om viruskimærar – dvs. blandingar av ulike virus – i Mysteriet i Wuhan, men også teksten er ei blanding av mykje forskjellig og ber preg av å ha vore skriven og redigert raskt. Karakteristisk for stilen til Bratlie er eit overflod av similar, som kan kome «farlig nært det pompøse», slik bokmeldar i VG Sindre Hovdenakk skriv, før han fastslår at «Bratlie burde fått hjelp fra forlaget sitt til å løse opp i lange og innfløkte setninger», ei vurdering eg deler. Desse stil- og formmessige aspekta ved boka, som skal vere ei forteljing om «vår tids store vitenskapspolitiske thriller» (s. 240), gjer henne støyete og tunglesen.

På den andre sida er det eit komplekst stoff og eit mangfald av kjelder: tweetar, meir eller mindre private e-postar, meldingar og telefonsamtalar mellom leiande virologar, epidemiologar og helsebyråkratar, forskingsartiklar, lovparagrafar og avissaker. Dette er i seg sjølv oppsiktsvekkjande og noko som gjer at boka klarer å synleggjere nokre av dei «vide og mørklagde universa» dagens røynd består av – uavhengig av om Bratlie er ein heltemodig varslar eller eit offer for konspirasjonsteoretiske nettverk i ei polarisert verd.

Ein sjølverklært dr. Stockmann?
Men nettopp spørsmålet om kven Bratlie er, er sentralt. Slik Bjørkdahl ordlegg det, er det «i en bok som denne […] helt på sin plass å ‘etablere ethos’», noko forfattaren gjer blant anna ved å liste opp eigne merittar og kvalifikasjonar: I 2015 fekk Bratlie doktorgrad i molekylærbiologi, og avhandlinga blei tildelt H.M. Kongens gullmedalje. Ho har sidan vore aktiv som formidlar, konsulent og rådgjevar innanfor bioteknologi, blant anna i tenkjetanken Langsikt. Medan Bjørkdahl vurderer dette som tilstrekkeleg, har andre lesarar innvendt at Bratlie ikkje har drive med aktiv forsking sidan doktorgraden, korkje er epidemiolog eller virolog, og byrja å interessere seg for opphavet til covid-pandemien ganske nyleg, i 2024. Konsensusen om at viruset mest sannsynleg smitta over til menneske frå mårhundar som låg i bur på våtmarknaden i Wuhan, er resultatet av ein mangslungen og langvarig prosess, og involverer langt fleire ekspertar og institusjonar enn dei boka fester blikket på.1

I Mysteriet i Wuhan verkar forfattaren, gjennom framstillinga ho gir av seg sjølv, som ein slags moderne dr. Stockmann, kjend frå Ibsens En folkefiende. Bratlie omtalar seg sjølv som den mest ærlege, truverdige og samstundes einsame figuren i eit kollegium av ekspertar – virologar, epidemiologar og helsebyråkratar. Oppgåva blir ikkje noko mindre enn å atterreise vitskapen. Bratlie identifiserer seg med den austerriksk-ungarske lækjaren Ignaz Semmelweis (1818-1865), som fekk lite anerkjenning i si levetid, sjølv om han faktisk hadde funne ut at årsaka til høge dødstal blant fødande kvinner hadde med dårleg hygiene blant helsepersonell å gjere.

Bratlie er også ein utprega «teknologioptimist» og vitskapsentusiast. Trass i denne grunnleggande positive haldninga til teknologi og vitskap, understrekar Bratlie sjølv i ein retorisk gest, måtte ho i dette tilfellet innsjå at verda var «blitt ført bak lyset», og at forskingsinstitusjonar hadde svikta.

Korleis kom ho fram til det? I kraft av den føderale loven Freedom of Information Act i USA blei over 3200 sider med e-postar frå innboksen til Anthony Fauci, den dåverande statsepidemiologen i USA, tilgjengeleggjorde for offentlegheita i 2021. Bratlie tar utgangspunkt i tilsynelatande sjølvmotseiingar mellom tidleg intern korrespondanse leiande fagfolk imellom og kva dei ytra offentleg i byrjinga av 2020. Det same materialet har vore rikeleg brukt i konspiratoriske miljø i USA, der sitatuttrekk utan kontekst er ein utbreidd strategi.

Interessant nok tyr også Bratlie til korte sitat frå dokumentmassen som ingress til mange av dei 47 kapitla. I boka får den USA-baserte danske virologen Kristian Andersen mykje merksemd, i fyrste omgang for å ha uttrykt på intern chat at det fanst grunn til å tenkje at viruset var konstruert, for kort tid seinare å publisere forsking som slo fast det motsette. Andersen sjølv og eit markant fleirtal ekspertar har hevda at endringa var eit resultat av ein regelrett vitskapleg prosess, som munna ut i konklusjonen om at eit naturleg opphav var mykje meir sannsynleg enn noko anna.

Offentleggjeringa av intern kommunikasjon vekkjer spørsmål om grensa mellom det profesjonelle, det private og det offentlege, i ein kontekst prega av skriftleg høgttenking under tidspress. Frå nokon som Bratlie, som insisterer nettopp på at debatten i USA er gjennompolitisert, og som vier merksemd til «kulissane», hadde eg forventa ytterlegare refleksjon rundt kjeldene og utførlegare framstilling av konsensusen ho angrip, uavhengig av den påståtte cover-up-en ho vier merksemd til.

Ifølgje lækjar Ørjan Sagvolden Olsen vitnar både utgjevinga og omtalen i media om manglande redaksjonell forståing av konteksten boka skriv seg inn i, nemleg den breie og databaserte konsensusen om at eit naturleg opphav på Huanan-våtmarknaden i Wuhan, med mårhund som mellomvert, er mest sannsynleg. Bloggar og «faktasjekkar» Gunnar Tjomlid var tidleg ute med å undersøkje påstandane til Bratlie og stilte seg kritisk til dei, sidan ho i juni 2024 publiserte eit notat for Langsikt med tittelen «En lablekkasje kan ha startet koronapandemien». Tjomlid understrekar at Bratlie i kraft av eiga danning ikkje kan sjåast på som ein konspirasjonsteoretikar, men også av den grunn ber større ansvar når ho forsvarar hypotesen om ein lablekkasje i offentlegheita.

Bratlie syner at ho har blitt bannlyst av eit stort forskarkollegium, både i Noreg og i utlandet. Også dette brukar ho til å styrke etosen sin, ved å stå fram som einstøingen som vågar å stå på for vitskapen si skuld. På den andre sida seier ho ingenting om den stadige trakasseringa dedikerte forskarar som har konkludert med at eit naturleg opphav på våtmarknaden er mest sannsynleg, har vore utsette for. Når det er sagt, verkar det som om prosjektet til Bratlie er soge av eige bryst, og at boka er motivert av indre naudsyn. Kva naudsynet kjem av, er mindre klart.

Eg berre undrar
Etter eiga utsegn fell ho i «kaninhòlet» – oppdaginga i 2024 av dei mange covid-relaterte dokumenta, høyringane og skriva som er tilgjengelege på nettet. Der oppdaga ho andre univers som kan vere vel verde å undersøkje. Men det annonserte formålet om å atterreise vitskapen, skuldingane mot forskarkollektivet og dei store orda verkar ofte ovmodig. Målet om å gjere saka spennande gjennom mange sjølvbiografiske innslag er ikkje nådd, av estetiske grunnar i fyrste omgang. Etter å ha lese boka og vunne innsyn i resepsjonen, som dannar ein korpus av bokmeldingar, blogginnlegg og debattartiklar, står eg att med langt fleire spørsmål enn svar. Kven av forlag og forfattar som ber ansvar for det Bjørkdahl kalla eit «voluminøst forfatterego», er ikkje lett å seie, men eit avgjerande element. Det er også media si rolle i defineringa av faglege ekspertar i ei tid prega av sensasjonalisme.

Eit paradoks med Mysteriet i Wuhan er at den subjektive og særs einsame erfaringa til forfattaren skal stå i teneste for atterreisinga av det som skal vere eit truga objektivitets- og etterprøvbarheitsideal. Kva eg-et tilfører og medfører i ei sakprosabok, er eit sentralt spørsmål hos både Tjønneland og Figuereido. I dette tilfellet skapar det mest undring og uvisse.

1. Débarre. C. (2025, 29. januar). «La pandémie de Covid 19 pourrait-elle avoir commencé dans un laboratoire?», The Conversation, https://theconversation.com/la-pandemie-de-covid-19-pourrait-elle-avoir-commence-dans-un-laboratoire-248454. I den norske offentlegheita har sakstilhøvet vore grundig dekt i Morgenbladet av Jon Kåre Time.