Kunstverket Patti Smith
Dei siste memoarane til Patti Smith viser korleis kunstnaren skaper seg sjølv – og dermed også paradokset i memoarsjangeren.
Punkens gudmor har Patti Smith blitt kalla, og di meir eg les om henne, di meir ser eg at det religiøse ved nemninga passar personlegdomen som gullmåling på eit ikon. Rockeartisten som i år fyller 80, fekk ikonisk status med den opprørske platedebuten Horses alt i 1975, og i vårt tusenår har ho gjort lukke med poetisk formulerte memoarar. Brød frå englane, den fjerde og mest fullstendige, er no ute i ei særs god omsetjing signert Ingvild Holvik. Spesielt barndomsskildringane er medrivande, både fantasien til barnet og nostalgien til den vaksne forteljaren legg eit magisk skjær over dei fattige stroka Smith vaks opp i. Det er likevel sjangerproblematikken som interesserer meg her, for det er ikkje enkelt å skilje mellom kunsten og røyndomen, artisten og privatpersonen når Smith fortel om livet sitt. Kva kjenneteiknar litterære memoarar som desse?
Skapt i sitt eige bilete
Grenseoppgangen mellom sjølvbiografi og skjønnlitteratur har blitt stadig meir utviska dei siste åra. Først på grunn av bølgja av autofiksjon, og i det siste har romansjangeren blitt strekt til brestepunktet av ulike sjølvbiografiske skrifter.1 Memoarar ville i mange tilfelle ha vore eit betre sjangerval. Denne nemninga, som vi har henta frå fransk, blir gjerne nytta om verk som ligg nærare skjønnlitteraturen i uttrykk enn den klassiske, norske sjølvbiografien (sjølv om begge er rekna som sakprosa). Men memoarar manglar både den kjeldekritiske framstillinga til ein god biografi og den meiningsmetta dramaturgien til ein god roman. Kva sit vi igjen med då?
Philippe Lejeunes omgrep den sjølvbiografiske pakta2 er nyttig i møte med sjølvbiografitrenden. Omgrepet viser til at vi les sjølvbiografiske skrifter som sanne uttrykk for verkelege liv, ikkje fordi vi kan etterprøve innhaldet, men fordi forfattarane lovar at det er slik. Likevel kan vi aldri ta for gitt at ein sjølvbiografi eller memoarar gir eit fullstendig og sant bilete, for dei er produkt av det subjektive minnet, sjølvforståinga og intensjonen til forfattaren.
Dave Thompson skriv i Dancing Barefoot. The Patti Smith Story (2011):
Både fans og kritikarar lurte på kor den private Patti slutta, og kor den offentlege personen begynte. Var det i det heile mogeleg å skilje mellom dei to? Eller var heile livet hennar eit ope kunstprosjekt der den fulle sanninga om kva det eigentleg var, først ville bli avslørt når det var fullført? (Mi omsetjing)
Sjølv om Smith verkar både ærleg og sympatisk i Brød frå englane, fungerer forteljinga som ei konsolidering av imaget ho har jobba målretta med heilt sidan ho kom til New York som 19-åring for å bli kunstnar.
Den lojale opprøraren
Patricia Lee Smith (f. 1946) rommar mange motsetnadar. Som barn var ho den fantasifulle hærføraren som leidde andre barn gjennom slåstkampar og eventyr i fantasien. Ho var også ofte sjuk og døydde nesten av skarlaksfeber. Kjærleiken til kunst fekk ho frå foreldra. Mora gav henne bøker og LP-plater, og faren tok henne med på ei kunstutstilling som vart skilsetjande.
Då mora vart Jehovas vitne, gjekk Patti inn i ein periode med intens trusopplæring før ho i tenåra avviste dogmatisk religion. Smith var altså fullstendig klar over sprengkrafta i tekstlina som debutplata gjorde vidgjeten: «Jesus died for somebody’s sins, but not mine.» Likevel viser dei sjølvbiografiske verka sterk fascinasjon for religiøse førestillingar og relikviar, men meir som interesse for estetikken, det overskridande og mystiske enn som faktisk religiøsitet.
Opprørarimaget står heller ikkje i vegen for at Smith både som barn og godt vaksen dyrkar poetar og kunstnarar, og då spesielt Arthur Rimbaud, Diego Rivera og Pablo Picasso, med lidenskap som nærmar seg fetisjisme og overtru. Ho legg mykje i kva som skjer på fødsels- eller dødsdagane til idola, og ho valfartar til graver og fotograferer gjenstandar som berømte kunstnarar har eigd.3
Som artist har Smith dyrka ein androgyn stil, og ho verka heilt frå starten av karrieren som den naturlege leiaren av bandet. Men i ekteskapet med rockemusikaren Fred «Sonic» Smith la ho karrieren på hylla og gjekk fullt inn for kone- og morsrolla. Inntrykket er at ho dyrka den utanfrå sett kontrollerande ektemannen like intenst som kunstnaridola. Han døydde medan barna var små, og det har truleg sett sitt preg på korleis ho ser tilbake. Ho nemner til dømes ikkje at Fred var gift då dei to møttest, og ho vel å ikkje skildre sjukdomen og kva han døydde av. I staden legg ho vekt på det fine dei delte – musikken, kunsten og reisene.
Det paradoksale i biletet Patti Smith gir av seg sjølv, speglar det eg trur fansen dyrkar henne for: ei livshaldning av fridom frå konvensjonar og lidenskap for det vakre og overskridande, men òg lojalitet. Ho er drøymar og krigar – kanskje mest det første.
Mytebygging
I Just Kids (Samlaget, 2012) fortalde Smith korleis ho fann seg sjølv som kunstnar saman med sin første kjærleik, kunstnar og fotograf Robert Mapplethorpe. Ho skildra kor hardt ho prøvde å bli biletkunstnar, før ho skifta fokus til poesi og nærast tilfeldig enda i rocken. I Brød frå englane er historia at ho alltid ønskte å bli forfattar.
Som tittelen ber bod om, er heile boka gjennomsyra av fascinasjon for åndelege sider av eksistensen. Ho framstiller ikkje berre skrivinga som ein åndeleg praksis, men seg sjølv som intuitivt profetisk. Påfallande ofte påstår Smith å ha kjent på seg kva som ville hende. Det startar alt i barndomen, ein dag ho har fått to myntar å kjøpe godteri for. Ho kjem forbi ein gardsplass med «eit mystisk, sølvglinsande, heilagt preg» og blir gripen av ei rar førekjensle: «Eit bølgjande slør blei dratt vekk, og ein matematisk formel oppstod med hjelp frå åndene: Ein dag ville pennyane vende tilbake og bli til gull mellom hendene mine.» Ho kastar myntane inn på gardsplassen, og fleire gongar sidan «investerte [ho] myntane i ei fjern framtid». Litt av ei historie! Eg lurer på kvifor ei så avgjerande oppleving ikkje er med i barndomsskildringa i Just Kids?
Det er verdt å merke seg at forfattaren deler ein observasjon mora hadde notert i «babyboka»: «[E]g hadde ein tendens til å skrøne. Når sanninga ikkje var interessant nok for meg, presenterte eg ein alternativ røyndom.» Det er som om ho gjer lesaren merksam på ein fotnote i den sjølvbiografiske pakta, omtrent slik det heiter seg i filmar inspirert av verkelege hendingar: Nokre scener er lagde til av dramaturgiske omsyn.
Manglar i memoarane
Eit siste paradoks ved kunstnaren Patti Smith, er at ho, trass i eit rikt fantasiliv, for det meste har skrive om seg sjølv.4 Biografen Thomson har kanskje rett i at det å leve kunstnarlivet er sjølve kunstverket, men Smith utforskar ikkje kvifor det å uttrykkje seg og bli berømt har vore så viktig. At dette analytiske nivået manglar, minner om korleis memoarar skil seg frå både skjønnlitteratur og kritiske biografiar.
Ein god roman utforskar gjerne kvifor menneske handlar som dei gjer, og kva følgjene blir. Kvart element i historia er del av ein dramaturgi som formar forståinga til lesaren. Ein biograf må derimot føye saman tilgjengeleg informasjon og slik danne seg ei forståing av mennesket der omsynet til den gode historia er underordna omsynet til fakta. Sjølvbiografi og memoarar hamnar i ein mellomposisjon, der forfattaren sjølv vel korleis ho vil forme eigne erfaringar til ei historie. Men det er fullt mogeleg å fylle tusen sider med minner og anekdotar utan å ha, eller gi, innsikt i kvifor ein har vorte det mennesket ein er – ingen sjanger garanterer sjølvinnsikt.
Smith skriv utprega litterært, tidvis pompøst poetisk, men i andre parti er prosaen sakleg, nesten tørr, når ho kronologisk og detaljert skriv seg gjennom livsløpet som ho også før har skrive om. Det som er heilt ny informasjon i denne boka, at faren ho vaks opp med, ikkje var hennar biologiske far, røper ho først når ho kjem til tida då ho fekk vite dette, 70 år gamal. Eg vil tru at denne oppdaginga har vore ein sterk motivasjon for å skrive endå ei memoarbok. Kvifor pregar ho då ikkje komposisjonen sterkare? I ein fagbiografi kunne ein sjå for seg at biografen granska heile livsløpet i lys av dette. I ein roman hadde det gitt meining at skildringar av scener mellom far og dotter bygde opp mot ei sjokkerande avsløring mot slutten. Den kronologiske tilnærminga til Smith gjer verken det eine eller det andre; den dramatiske oppdaginga blir berre ei saksopplysing.
Eg begynner straks å fundere på korleis den manglande biologiske slektskapen kan ha påverka farsrelasjonen og livsløpet hennar. Vitnar fråværet av historier om faren om ein mangel på nærleik og merksemd, og kan det ha betydd noko for den sterke trongen til å bli synleg gjennom kunsten? Sanka ull (Samlaget, 2013), Smiths poetiske dagboksoppteikningar som kom ut på engelsk alt i 1992, er dedisert til faren. I eit nytt forord fortel ho at då ho gav han første utgåva, tok det fleire år før han endeleg sa at han hadde lese, og at ho skreiv godt. «Det var den einaste gongen han gav meg ein slik kompliment», skriv ho. Likevel er det som om ho i Brød frå englane vegrar seg mot å utforske relasjonen i lys av den nye kunnskapen. Kanskje gjer det for vondt? Dermed blir desse memoarane ståande for meg som ei poetisk forskjønna, men ufullstendig forteljing. Eg blir nysgjerrig på korleis ein kritisk biograf ville ha skildra det same livet.
Provokasjon og inspirasjon
Memoarar er sjangeren som synleggjer det fiktive elementet i korleis vi alle konstruerer historia om oss sjølv: Vi leitar etter årsaker og samanhengar for å skjøne kven vi er, og korleis vi har blitt slik, og i den prosessen vel vi ut nokre hendingar å bygge forteljinga rundt. Resultatet vil ha mykje sanning i seg, men er også uttrykk for korleis vi ønskjer og treng å sjå oss sjølv – og korleis vi ønskjer at andre skal sjå oss. Måten vi fortel på, seier dermed ein heil del om kva som er viktig for oss, og kva vi orkar å ta innover oss – resten blir liggande i mørket.
Det som gjer memoarar litterært gode, er om livsløpet er interessant, om komposisjonen skaper indre samanheng i historia og om språket har estetisk kvalitet. Men det er dei synlege sprekkane i det litterære, det som bryt med den gode dramaturgien og glansbiletet av forteljaren, som gir kjensla av å kome i kontakt med eit verkelege menneske. Å viske ut skiljet mellom det sjølvbiografiske og det skjønnlitterære – slik tendensen er i norsk litteratur no – er difor uheldig på sikt. Det skiljet skaper medvit om, og evne til å sjå forskjellen på, det verkelege og ei god historie.

Brød frå englane
Omsett av Ingvild Holvik
Samlaget, 2025
1. Ei årsak kan vere at den automatiske innkjøpsordninga for skjønnlitteratur gjer det økonomisk gunstig å publisere sjølvbiografiske verk som roman, slik litteraturkritikar Ingunn Økland har påpeika i kommentaren «Pengestøtte utvanner skjønnlitteraturen», Aftenposten, 8. desember 2025.
2. Lejeune, P. (1975). Le pacte autobiographique, Seuil.
3. Dette er inngåande skildra i M Train (Samlaget, 2016)
4. Det gjeld alle dei seks bøkene som er omsette til norsk. Eg må ta atterhald om at eg ikkje har lese den uomsette poesien.