Chilluminati

Plagierande podkastar

16.09.2022

Ei rekkje kjende podkastar har fått plagiatskuldingar mot seg. Det er ei utfordring for ein sjanger med potensial.

I slutten av juli kritiserte den amerikanske journalisten og forfattaren Jonathan M. Katz podkasten Chilluminati for å ha plagiert boka hans, Gangsters of Capitalism.

Boka kom ut i januar i år og tek utgangspunkt i livshistoria til offiseren Smedley Butler. Butler var involvert i ei rekkje amerikanske krigar, mellom anna dei såkalla «banankrigane» i Mellom-Amerika fyrst på 1900-talet. Han vart dekorert fleire gongar. Seinare i livet var han ein markant kritikar av krigsprofitering og imperialisme.

Ein episode av Chilluminati tok også utgangspunkt i historia om Butler. Katz har sidan, både på Twitter og gjennom ein lengre tekst på sin eigen nettstad, theracket.news, hevda at podkasten har plagiert boka. Han viser til fleire konkrete døme.

Chilluminati-vertane Jesse Cox og Michael Martin nektar skuld. Katz siterer ein e-post frå Martin, der han nektar for i det heile å ha høyrt om boka før Katz gjekk til åtak på Twitter. Det verkar lite truverdig, for boka har fått monaleg merksemd og fleire gode meldingar, mellom anna i storavisa Washington Post. På den ganske korte kjeldelista til podkastepisoden står ho uansett ikkje.

Katz meiner det heile er ein illustrasjon på eit meir utbreidd problem. I sin leseverdige tekst viser han til andre døme på plagierande podkastar. Det kanskje mest kjende handlar om den ganske vidgjetne true crime-podkasten Crime Junkie.

I 2019 kritiserte journalisten Cathy Frye vertane for denne, Ashley Flowers og Brit Prawat, for å ha plagiert ein artikkelserie ho hadde skrive for avisa Arkansas Democrat-Gazette. Som Jonathan Bailey skriv i bloggen Plagiarism Today, kom det snart fleire tilsvarande skuldingar. Det storma på både Reddit og Twitter. Indianapolis Monthly skreiv også om desse plagiatskuldingane.

Crime junkies
Ashley Flowers og Brit Prawat i Crime Junkie. Foto: Crime Junkie/Instagram

Dei peikte også på noko det er vanskeleg å unngå å leggja merke til om ein høyrer på Crime Junkie: Podkasten inkluderer sjeldan intervju, berre iblant dokumentarisk lyd og sjeldan eigentleg rapportering. «Eg byrjar alltid med Google», har Flowers sagt i eit intervju Indianapolis Monthly siterer. Når det gjeld research, står dei som regel på andre sine skuldrer, og podkasten består av at Flowers og Prawat pratar saman om eit mord eller ei forsvinningssak. Dramaturgi har dei grepet om, men iblant blir det påfallande lettbeint. Live show har dei også, og som Indianapolis Monthly-artikkelen også omtaler: Dei kan vera ubehageleg spekulative. Dei lagar underhaldning av drapssaker.

Plagiatskuldingane er ikkje berre eit amerikansk fenomen. Også i Noreg har temaet dukka opp, og mellom anna blitt teke opp på eit møte i regi av NFFO tidlegare i år. I Sverige har både podasten Svenska mordhistorier og den såkalla Mordpodden, begge svært populære, fått plagiatskuldingar imot seg. Den sistnemnde enda med å verta dømd i Patent- og marknadsdomstolen, etter ei klage frå forfattar Lars Ohlson, som skreiv boka Kakelugnsmordet.

For sakprosaskribentar bør dette ha stor interesse. Det handlar til dels om risikoen for å bli plagiert. Men det handlar også om at podkastar har stort potensial som sakprosasjanger. Me som er sakprosaforfattarar, står sjølvsagt ofte også på andre sine skuldrer. Spørsmålet er korleis me synleggjer kva skuldrer me står på, og korleis me gjer det på ein måte som er etisk forsvarleg. Det er eit spørsmål som også burde oppta podkastarar meir.