Samisk verdenshistorie

Tjuveri av kunnskap?

10.01.2022

Prosa inviterer til debatt om normene for gjenbruk av andres verk og korleis dei skal handhevast.

Denne debatten blir strøyma direkte frå kl. 18, tysdag 8. februar, på Prosas Youtube-kanal som du finn her.

I 2019 gav Hugo Lauritz Jenssen ut En samisk verdenshistorie. Hvordan et arktisk urfolk erobret verden, kolliderte med rasismen og blandet blod med kapitalismen. Så vart han skulda for å ha lagt delar av teksten så nær opp til Cathrine Baglos bok På ville veier? Levende utstillinger av samer i Europa og Amerika (2017) at det utgjorde eit «kunnskapstyveri». Ordet vart brukt av Morgenbladets kritikar Bernhard Ellefsen for å skildre ein praksis som ikkje var plagiat i tradisjonell tyding, men som både han og Baglo likevel meinte var over grensa for akseptabel bruk av andres arbeid.

I essayet «Tyvens historie» i Prosa #6 2021 problematiserte Simen Sætre desse skuldingane og skildra korleis dei ramma Jenssen. Han meiner at normene på området ikkje er så tydelege som det blir hevda, og at forfattarar som kjem frå journalistikken og dei som kjem frå akademia har ulik praksis. På leiarplass skreiv redaktør Merete Røsvik at det mest alvorlege med saka sett i ettertid er at ingen stilte spørsmål ved Ellefsens harde dom over Jenssen. Sidan har debatten gått vidare i Aftenposten og på Prosas nettside (Simen Sætres etiske føleri, Hugo Lauritz Jenssen er ikke en kjeltring).

No inviterer vi til debatt 8. februar kl. 18.00 i NFFOs lokale i Uranienborgveien 2, Oslo.

I panelet:

Hugo Lauritz Jenssen, forfattar
Bernhard Ellefsen, bokansvarleg og kritikar i Morgenbladet
Simen Sætre, forfattar
Johan Tønnesson, professor i sakprosaforsking (UiO) og medforfattar av rapporten God skikk. Om bruk av litteratur og kilder i allmenne, historiske framstillinger (2006)
Merete Røsvik, redaktør i Prosa

Ordstyrar: Cathrine Sandnes, sjefredaktør i J.M. Stenersen forlag

Debatten blir tilpassa dei smitteverntiltaka som gjeld på det aktuelle tidspunktet. Vi legg opp til strøyming av debatten uansett kva form arrangementet får.

Velkomen!