
Før stortingsvalet er leiarene i Forleggerforeningen og NFFO samde: Vi treng ein nasjonal lesedugnad. Det dreier seg om demokratiet vårt.
Administrerande direktør i Den norske Forleggerforening Trine Skei Grande har to oppmodingar til dei som skal styre norsk politikk framover:
– Tenk på at vi skal ha eit folk som kan å lese, og tenk på at vi må ta vare på norsk som akademisk språk.
Den tidlegare Venstre-leiaren meiner at vi står midt i ei lesekrise som det blir gjort altfor lite med, og at lesing er vår tids siste tabu.
– Du kan sitje saman med venene dine og diskutere psykisk uhelse, kjønnssjukdomar … ja, nesten kva som helst. Men ingen snakkar om at dei ikkje kan lese. Og så er vi forundra over utanforskap og fråfall frå arbeidslivet! Eg skulle gjerne visst kor mykje av dette som eigentleg handlar om lesing.
Både unge og vaksne strevar
Ifølgje PISA-undersøkinga frå 2022 presterer heile 27 prosent av norske 15-åringar lågt i lesing.1 Det betyr at dei les så sakte og forstår tekst så dårleg at dei til dømes ikkje får med seg tekstinga på TV, har Thomas Nordahl, professor ved Høgskolen i Innlandet, tidlegare forklart.
Også vaksne slit: Rundt 530 000 vaksne nordmenn har problem med å forstå ei enkel bruksrettleiing eller finne eit klokkeslett som er nemnt i ein SMS, ifølgje PIAAC-undersøkinga, som blir gjennomført kvart tiande år i OECD-regionen.
Skei Grande meiner at skulda mellom anna ligg hos teknologigigantane og sosiale media, som svekkjer evna vår til langlesing og resonnering.

– Det er viktig at alle forstår kva vi står overfor. Aktive borgarar som kan å lese, er sjølve grunnlaget for demokratiet. Folk må kunne tileigne seg kunnskap og sjekke fakta.
Meiner leselyststrategien ikkje er nok
Leselyststrategien frå regjeringa for perioden 2024–2030 skal mellom anna innebere ei satsing på skulebiblioteka og prioritering av trykte lærebøker i skulen. Men Skei Grande meiner at strategien er ei samanstilling av det regjeringa allereie gjorde frå før.
– Vi treng ein større dugnad der alle delar av samfunnet er med. Heile landet skal kunne lese. Dette handlar om kor vidt folk skal oppleve utanforskap eller innanforskap i samfunnet vårt, seier ho.

I to år på rad har regjeringa øyremerkt midlar til trykte lærebøker i revidert nasjonalbudsjett. Likevel har salet gått bratt nedover.
Skei Grande synest ikkje at rapporteringa frå kommunane er god nok: I rapporteringsverktøyet Kostra er lærebokinnkjøp blanda med kostnader til for eksempel kveitemjøl til skulekjøkkenet, påpeikar ho.
– Her treng vi andre måtar å øyremerke på. For eksempel kan staten skyte inn det doble av det kommunane investerer i lærebøker. Dette har Forleggerforeningen spelt inn politisk tidlegare, og vi synest framleis at det er ein god idé.
Skei Grande ønskjer seg både fundamentale endringar i store system og ei rekkje små tiltak (sjå ønskeliste). Ho oppmodar også alle vaksne om å lese høgt for barn. Høgtlesinga går nemleg nedover, trass i at ho styrkjer ordforrådet og er med å utvikle den evna barnet har til å resonnere og tileigne seg kunnskap.
– Vi må bade barna i bøker. Det må vere bøker overalt!
NFFO-leiaren vil ha fleire lærebøker
Marte Blikstad-Balas, nyvald styreleiar i NFFO, er til dagleg professor i norsk didaktikk ved Universitetet i Oslo. Ho forskar på undervising og læring, og mellom anna undersøkjer ho lesevanane på norske skular.
I forkant av stortingsvalet hausten 2025 er fleire lærebøker i skulen eit av ønska hennar.
– Vi må passe på at det i sum er nok midlar til at vi kan få skrive dei bøkene samfunnet treng. Vi treng fleire bøker både i grunnskule og høgare utdanning.
For ein lærar er det svært verdifullt å ha ei lærebok der mange gode val allereie er gjorde, utdjupar ho.
– Men å lage slike bøker kostar. Når etterspurnaden går ned, er det vanskeleg å få forlag og forfattarar til å bruke tid på det.
Sakprosaens tunge veg inn i biblioteka
Blikstad-Balas har tidlegare vore nestleiar i NFFO sitt fondsstyre og har sjølv gitt ut 16 sakprosabøker, mellom anna ei for barn. Ho har opplevd vanskane med å få forlagsavtale, letten når det til slutt går i orden, og den overveldande gleda då ho fekk NFFO-stipend for første gong.

Ho var heldig med at barneboka vart kjøpt inn av Kulturrådet. Det betyr at boka hamna i landets bibliotek og at forfattaren var garantert eit minsteopplag. For sakprosaforfattarar generelt er sjansen for å bli kjøpt inn, låg: I fjor blei 35 prosent av nye sakprosabøker kjøpte inn. For skjønnlitterære bøker er hovudregelen at dei blir kjøpte inn.
– I dag kan ei halvdårleg krimbok få forrang framfor ei kjempegod sakprosabok. Slik bør det ikkje vere. Dette handlar ikkje berre om at sakprosaforfattarane skal tene meir pengar. Det er først og fremst eit demokratispørsmål. Kva slags kunnskap bør vi få gratis tilgang til på biblioteket?
I ei lesekrise som særleg gjeld barn og unge, er det viktigare enn nokon gong at det er mykje å velje mellom, meiner ho.
Å leve av å skrive
Blikstad-Balas tar over som styreleiar i NFFO i ei tid der kunstig intelligens (KI) trugar med å ete opp jobbane til omsetjarar, og forlagsbransjen seglar i motvind. Ho meiner at NFFO sitt arbeid aldri har vore viktigare.
– Demokratiet står og fell på at vi klarer å skilje mellom sann og usann informasjon, og at det finst tekstar vi kan lese for å halde oss oppdaterte.
KI kan ikkje erstatte menneska, påpeikar ho. Ho ser nemleg verdien av eit skrivande subjekt som vil noko, og av tekstar som ytrar noko om røynda, slik sakprosa gjer.

– Dette vil KI aldri kunne gje oss. Eg meiner at framveksten av KI gjev staten eit endå større ansvar for å støtte forfattar- og omsetjaryrka.
Blikstad-Balas vil òg jobbe for auka fondsmidlar til NFFO og betre sosiale ordningar for frilansarar og omsetjarar.
– Det skal vere mogleg å leve av å vere sakprosaforfattar og omsetjar. I dag er det mange som sjonglerer fleire deltidsjobbar for å få det til å gå rundt. Sjølv om støtteordningar kostar, trur eg at prisen samfunnet betaler for å la vere, er mykje høgare, seier ho.
Dramatiske tider for forlagsbransjen
Som leiar for Forleggerforeningen er Trine Skei Grande uroa for forlaga sin situasjon. Ifølgje Klassekampen har dei fire store forlaga kutta over 90 stillingar berre det siste halvanna året, mykje på grunn av lågare etterspurnad etter lærebøker.
Samtidig må forlaga i dag lage både digitale og trykte versjonar av bøkene, og dette kostar, påpeikar ho.
Då Sigrun Gjerløw Aasland (Ap) vart minister for forsking og høgare utdanning i februar, tok Skei Grande kontakt for å få i stand eit krisemøte på vegner av norsk forlagsbransje. Svaret var negativt.
Kunnskapsdepartementet skriv på e-post at spørsmål om bokmarknaden først og fremst sorterer under kultur- og likestillingsministeren, og at Forleggerforeningen derfor har kontakta feil departement.
Aasland skriv dessutan at ho er samd i at lærebøker på norsk er viktig. Ho viser til tilskotsordninga for lærebøker, som Kunnskapsdepartementet finansierer.
Skei Grande meiner derimot at det trengs sterkare verkemiddel:
– Det vi ser no, er at den akademiske norsken er i ferd med å bli utradert. Store delar av lærebokfeltet, særleg innanfor akademisk litteratur, blir lagt ned. Per no finst det ingen tiltak frå styresmaktene som tilseier at vi kjem til å halde på norsk som akademisk språk.
Ho spår at norsk lærarutdanning om tre–fire år ikkje lenger har norskfaglege lærebøker på pensum, og ho fryktar at vi til slutt berre vil ha akademisk forlagskompetanse innan juridiske fag, fordi jussen er norsk.
– At folket kan å lese, er grunnleggande for demokratiet vårt. Det må politikarane hugse på. Dei må også jobbe for å ta vare på norsk som språk.
Kunnskapsministeren svarar om lærebøker
To år på rad har regjeringa og budsjettpartnar SV løyvd midlar til trykte lærebøker i revidert nasjonalbudsjett, men Forleggerforeningen meiner at øyremerkinga ikkje fungerer:
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun skriv i ein e-post at Utdanningsdirektoratet har gjennomført ein stikkprøvekontroll som viser at kommunane bruker tilskotet på lærebøker, men at dei ikkje detaljstyrer kommunane sitt budsjettarbeid elles.
– Det er opp til den enkelte kommune å sørgje for innkjøpet av bøker. Midlane er øyremerkte, og kommunane vil aktivt måtte sende pengane i retur om ikkje dei ønskjer å bruke tilskotsmidlane på skulebøker, skriv ho og legg til:
– Eg forventar at dei øyremerkte midlane kjem i tillegg til, og ikkje erstattar, kommunane sine lokale løyvingar, slik at alle barn i landet kan lære meir og betre.
Ein stadig større del elevar i norsk skule kan ikkje lese godt nok, og det er ei utfordring som må takast på alvor, skriv ho vidare.
– Regjeringa har styrkt kommunane sine frie inntekter med 13 milliardar kroner i 2025, og eg håper alle kommunar prioriterer trykte lærebøker framover. Så er det er viktig at innbyggjarane passar på at lokale folkevalde får tilbakemelding viss dei opplever at barna deira ikkje får fleire bøker på sin lokale skule.
Klassekampen skreiv i april at ein stikkprøvekontroll avisa hadde gjort, tydde på at fem av ti skular hadde brukt mindre pengar på lærebøker dei siste to åra. Det er i strid med Utdanningsdirektoratets kontroll blant 35 tilfeldig utvalde kommunar våren 2024. Direktoratet vil gjennomføre ein ny kontroll i 2025, ifølgje Klassekampen.
