Morten Goodwin ser lyst på ei framtid der kunstig intelligens (KI) kan fungere som både forskingsteam, usliteleg redaktør og personleg marknadsanalytikar for sakprosaforfattaren.
Kenneth Moe legg an eit meir filosofisk perspektiv. Han er bekymra for at KI vil få oss til å gløyme at vi det er vi som kan og må forme verdsbileta vi lever i.
Kva gjer ChatGPT med måten studentar og andre skribentar brukar kjelder på? Kjerstin Gjengedal har snakka om utviklinga med førstebibliotekar Michael Grote, førsteamanuensis Hilde Reinertsen, professor Jill Rettberg og professor Roy Krøvel.
Bjørnar Magnussen har prøvd ut ChatGPT4.0 som verktøy for språkvask og omsetjing, og gir konkrete råd om slik bruk av KI.
I essayserien Mellom menneske og manus skriv Cecilie Hellestveit om kjensler og etiske problemstillingar som oppstod under arbeidet med boka Dårlig nytt fra Østfronten – krigen som endrer alt.
Redaktør Merete Røsvik oppfordrar i leiarartikkelen kulturminister Lubna Jaffery til å setje i gang eit eige utgreiingsarbeid om KI og opphavsrett så snart som råd.
I spalten Sakprosa i verda ytrar Øyvind Strømmen under tittelen «Skit inn – skit ut» ein viss skepsis til bruk av språkmodellar.
Les i kritikkseksjonen:
Varg Lukas Folkmans bokessay om to filosofiseriar frå House of Foundation og Existenz forlag.
Erik Steineger om Inga Strümke: Maskiner som tenker – algoritmenes hemmelighet og og veien til kunstig intelligens
Synne Sun Løes om Annelin Eriksen: Evighetsmennesket
Kristian Wikborg Wiese om Christian Egge: Den kontemplative pausen. Trening i oppmerksomt nærvær i skole og utdanning
Morten Harper om Nina Witoszek og Eva Joly: Det blåøyde riket. Norske tillitspatologier
Aasne Jordheim om Magne Nylenna, Erlend Hem og Nina Husom (red.): Pasientjournalen og tidsskriftet Michael
Christian Bloom har levert forsideillustrasjon og illustrasjonane til Goodwins og Moes essays. Johanne Hjorthol står som vanleg for design.