Ild og is

Vitskap og mysterium

23.02.2023

Reidar Müller fortel klimahistoria med undring og nysgjerrigheit som opnar for å ta mysteriet innover seg på nytt.

I den norrøne mytologien er opphavet til livet plassert mellom eld og is. Den vitskaplege klimahistoria seier noko av det same. Klimaet har gjennom jordas lange historie forflytta seg mellom desse ytterpunkta. Kloten har veksla frå drivhus til ishus, og klimaet har gitt opphav til liv, men òg bidratt til at store sivilisasjonar har brote saman. Reidar Müller fortel om alt dette med undring og nysgjerrigheit i den siste boka si om klimaets historie.

Mytane har gjerne opphav i oppleving av død og frykt for utsletting. Eit steinkast unna der eg sit og skriv, ligg Bø gamle kyrkje, ei steinkyrkje frå mellomalderen. Etter datidas byggjeskikk er nordveggen utan vindauge: Det gjaldt å stenge ute dei vonde kreftene frå nord. I dag kan denne veggen vitne om at det er kulda og isen ein har hatt mest grunn til å frykte her i nordområda. Og ifølgje geologane, som ser dei lange linene, er vi på veg inn i ei ny istid. Men korleis møter denne tidlegare kunnskapen dei seinare endringane som spår varmare klima? Utgjer ikkje prognosane om eit villare og våtare vêr eit større trugsmål for oss i dag? Eit sentralt spørsmål i Ild og is er kva vi kan overføre og forvente i framtida basert på kunnskapen om fortida.

Entusiastisk formidlar

Reidar Müller er geolog og forskingsjournalist. Han har formidla om naturvitskap og forsking i Aftenposten, og bøkene han har gitt ut tidlegare, Det som ble Norge (2014), Skogens historie (2018) og barneboka Supervulkaner og digre dinosaurer (2020) er alle blitt veldig godt mottatt. Kritikarane legg vekt på at Müller skriv på ein entusiastisk måte som treffer mange lesarar, både dei med lite og dei med mykje kunnskap omfagområda han skriv om. Det same kan ein seia om denne siste bokutgivinga. Müller koplar natur- og kulturhistoria saman.

Ild og is presenterer korleis ein kan tolke isens tause språk, ein kode som geologane har lært å lesa av. «Hver gang et snøfnugg faller og legger seg på grønlandsisen, etterlater naturen et fingeravtrykk.» Desse avtrykka sporar Müller tilbake til andre historiske hendingar. Med slik å trekkje veksel på meir enn naturvitskaplege perspektiv appellerer boka til ei breiare lesargruppe. Dei 285 sidene rommar mysterium og eventyr og eit vitskapshistorisk lag som tar lesarane med på oppdagingsferd og løftar samtidas vitskap opp til ein mytisk sfære. Vitskap og forskingsfunn endrar ikkje på at det er eit mysterium at vi lever her, i det Müller, med referanse til fysikaren Stephen Hawking, omtalar som ei gullhårsone: «Denne gullhårsonen er et tynt belte rundt en stjerne der temperaturene er akkurat passe for avansert liv. Her finnes det en hårfin balanse mellom ild og is, et livløst mørke og et brennende inferno. Her svever vår blå planet.» Vitskap gir ikkje berre svar, vitskap kan også gi eit nytt blikk. Måten Müller formidlar på, bidrar iallfall til det.

Allsidig framstilling

Dei første orda som møter ein når ein opnar boka, er: «500 mill. år siden til i dag». Orda står som overskrift til oversynet over geologiske periodar på innsidebretten. Den lange tidslina på oppslaget går frå kambrium til holocen og er markert med klimastriper, i nyansar av svart, raudt, kvitt og blått, som illustrerer temperaturutviklinga gjennom tidene. 500 millionar år er eit nesten ufatteleg stort tidsspenn, så denne illustrasjonen er nyttig å orientere seg etter når namna på ulike periodar blir omtalte seinare i boka. Tidslina gir eit effektivt møte med den svimlande storleiksordenen. Utover i boka er det ikkje fleire illustrasjonar, men dei mange korthogde setningane og det sanselege språket med visuelle og erfaringsnære supplement til framstilling av tal og temperatursvingingar gjer stoffet tilgjengeleg og lettfatteleg.

Reidar  muller foto astrid waller 3 1
Reidar Müller har levert stor formidlingskunst, skriv Margit Ims. Foto: Astrid Waller.

Det er lettare å sjå for seg forholda i dei geologiske periodane perm og eem når dei er framstilte med overskrifter som «Skogen i Antarktis» og «Flodhester i London». Klimaet blir samanlikna med ein ustabil kano, temperaturendringa frå paleocen til eocen er samanlikna med overgang frå drivhus til badstove, og storleiken på Golfstraumen blir forklart med utgangspunkt i vassføringa i Amazonas-elva og gonga opp med 1000. Forklaringane til Müller går vegen om det kjente og fungerer godt. Filosofen Timothy Morton omtalar klima og global oppvarming som hyperobjekt1, fenomen som ikkje lar seg fatte i heilskap. Det er opplagt utfordrande å formidle slike emne. Det å gjera klimasoga så tilgjengeleg som Müller gjer, er stor formidlingskunst.

Innføring og invitasjon

Geologane undersøkjer forhold som ligg langt tilbake i tid, men forskinga gjer stadige nye funn. Müller formidlar med driv om både dei lange utviklingslinene og forskinga som skjer her og no. Lesaren får bli med på tokt på forskingsfeltet og på tidsreiser gjennom lag av is. Tankar blir presenterte på vandring, på essayistisk vis, med assosiasjonar i eit geologisk univers, og lesaren blir innlemma i tankeprosessen. Den opne forma med mange spørsmål blir opplevd som ein invitasjon.

I kapittelet om karbongåtene er vi med til kalkklippene utanfor København, der forskarar har gjort viktige oppdagingar. Klippene har ein gong vore kalkmudder på havbotnen, og grensa mellom dei geologiske periodane krit og paleocen lar seg lesa av i leirlaga. Forskarar har komme fram til at ei grøn stripe i den kvite kalken er spor etter katastrofen som kan forklare kvifor dinosaurane døydde for 66 millionar år sidan. Dei utvida augeblikka frå forskingsfeltet gjer forteljinga om dei lange linene effektiv og dramatisk. Eit anna døme der vi kjem tett på og får ta del i begeistringa, er i framstillinga av oppdaginga geologen Scott Wing gjer ved eit PETM-felt (som markerer overgangen mellom paleocen og eocen) ved Big Horn Basin i Wyoming. Etter å ha saumfare området i tjue år fann Wing endeleg det han seinare skulle omtala som «en hellig gral av plantefossiler», og braut saman i vekselvis latter og gråt. Desse historiene om forskingsfunna er fortalde med nærleik og skapar spenning.

Kur mot populisme

Lesinga mi av Ild og is fall saman i tid med siste rapporten frå FNs klimapanel. Klimarapporten er ei kritisk oppdatering som melder om at ein ikkje er i nærleiken av å nå dei fastsette klimamåla, men er på veg mot 2,5 graders global oppvarming, og at det krevst omstilling. Også Müllers perspektiv er at vi lever i ei høgst uvanleg tid, også med tanke på den lange, dramatiske historia til jorda. Den tidlegare omtalte tidslina går fram til holocen og viser ikkje til antropocen i den skjematiske framstillinga. Men antropocen, menneskets tidsalder, har fått eit eige kapittel sist i boka. Her er fokuset på korleis vår tid skil seg ut, og korleis menneske har blitt ei geologisk kraft. Vi tar oss til rette og etterlet oss massive avtrykk og endrar klimaet. Det er avgjerande at ordskiftet om klima held fram.

Klimasoga til Reidar Müller har med ein dedikasjon: «Til Fattern, som alltid spør, graver og har sterke meninger om klimaet på jorden.» Med ein slik dedikasjon kunne ein kanskje venta fleire svar. Men dette er ikkje ei bok som stilnar den spørjande. Teksten tar oss med inn i eit utforskande rom der det er mykje uavklart, og nye spørsmål dukkar opp. Det er kanskje slik Morton formulerer det i Hyperobjects, at slike fenomen blir meir framande og uforståelege di meir ein veit. Müller presenterer ei rekkje forskarar, og det kan iallfall verke som skråsikkerheita minkar med meir kunnskap hos fleire av desse. Samtidig er Müller opptatt av at uvissa ikkje skal bli tatt til inntekt for ytterleggåande syn i ein svart-kvit ordkrig om klima. Sjølv omtalar han det å forstå forhistoria som ein kur mot populisme i klimadebatten.

Ild og is presenterer nøktern kunnskap og kan nok balansere politiske frontar med å presentere eit utvida perspektiv. Denne innføringa tar ikkje opp kva som skal gjerast, men er eit solid og etterretteleg bidrag til ordskiftet om klima.

1. Morton, Timothy (2013). Hyperobjects: Philosophy and Ecology after the End of the World. University of Minnesota Press.

Reidar Müller
Ild og is. En kort innføring i klimaets historie
Aschehoug, 2022