Image96

Velskapt jordmorverk

13.09.2016

Det er ikkje uvanleg å samanlikne ei bokutgjeving med eit svangerskap. Difor er det godt å kunne gratulere forfattarmor Farstad med eit litt overvektig, men svært livsfriskt og robust «barn».

Dei folkekjære distriktsjordmødrene har med dette fått vel fortent og truleg etterlengta dokumentasjon og heider. Boka løftar dei fram som både modige enkeltmenneske og fagpionerar i norsk offentleg helsevesen. Lesaren kjenner lett att arketypane a la ho Jordmor-Matja, dei legendariske som trassar både ytre og indre naturkrefter for å redde fødekvinner og barn. Gjennom boka blir fleire historiske jordmødrer skildra biografisk med kulør og fagnad, men også med den respekt ein lesar kan vente seg frå ein faghistorikar. Sjølv om innleiinga er ei utbrodert forteljing om då ei av dei aller første godkjende jordmødrene tok imot tvillingar på Giske i 1794, lèt forfattaren seg ikkje freiste altfor ofte inn i skjønnlitterære klisjéfeller og spekulasjonar der kjeldene er skrinne.

 

ROMSDALS AMT = NOREG

Verket har undertittelen «distriktsjordmødrenes historie», men er i stor grad basert på kjeldemateriale frå Møre og Romsdal – Romsdals amt. I forordet blir dette legitimert ved at dette var det første fylket som fekk i stand ei offentleg finansiert jordmorordning på landsbygda i Noreg, og at det gjennom heile 1800-talet var fylket som både utdanna flest og hadde flest jordmødrer i teneste. Forfattaren meiner at Sunnmøre, som den mest folkerike delen av amtet, «fungerer i denne boka som eit prisme ein kan sjå heile landet gjennom». Hovudpersonane hennar er raude trådar gjennom kvart kronologiske kapittel, men representerer kanskje ikkje same bygdekultur og sosiale vilkår som distriktsjordmødrer frå innlandet og Sør-Austlandet bar med seg.

Men felles for alle pionerane var jordmorskulen og kvinneklinikken Stiftelsen. Der møttest både dei som tok ein kjerretur frå omlandet kring Kristiania, og dei som hadde baksa seg fram til fots heile vegen frå Romsdal. På mange vis er sistnemnde heltinner mellom heltinnene: Denne reisa kunne koste 15 spesidalar, og i tillegg måtte dei ta opp lån for å kjøpe utstyr og husrom, for så å kome heim til ein jobb der den faste årsløna knapt dekte reiseutgifta.

Spørsmålet om kva som motiverte dei første jordmorelevane, eller «læredøtrene», får ikkje endeleg svar i boka. Kjeldene er truleg for magre. Det er overraskande at mange ikkje kunne skrive, kanskje ikkje eingong lese godt nok til å utforske teoribøkene dei fekk. Vi får også vite at fleire av dei første studentane var gravide då dei kom til skulen, likevel var dei altså utvalde og godkjende av lokalsamfunnet, med presten i spissen. Frå desse prosessane siterer forfattaren brev og søknader, og viser til brotstykke frå ulike lagnader, men denne lesaren skulle gjerne sett eit eige samla kapittel om sjølve utveljinga. Kunne det hende at det å sende ei kvinne på jordmorskule var ein bra måte å kvitte seg med eit problem på? Om dette reiser boka berre kitlande spørsmål.

 

HISTORISKE LINJER

Aud Farstad plasserer røtene i jordmortradisjonen i djup jord, der dei høyrer heime. Lesaren blir mint på at då den første jordmorlova kom her på berget i 1810, hadde eksaminerte jordmødrer vore offentleg tilsette i Nürnberg sidan 1381, og jordmora som assisterte dronning Maria av Medici, gav ut lærebok i medisinsk basert fødselshjelp i 1608. I Danmark-Noreg var det etter reformasjonen og utetter 1600-talet prestane som kvalitetssikra såkalla hjelpekoner, mest for hindre at dei skadde den vesle ufødde sjela ved bruk av farlege katolske formular og bøner. Dåpshandlinga var ei av oppgåvene hjelpekoner fekk mest opplæring i, sidan det ofte ved ein dramatisk fødsel ikkje var tid til å skaffe prestehand – eller i det minste ei mannfolkhand. Populærkulturen har ofte skildra korleis jordmødrer eller hjelpekoner vart offer for heksejakt og avretta, men Farstad viser til at nyare forsking finn få slike døme. Farstad er også ryddig og sikker i si framstilling av korleis handverksfaget jordmor sakte veks fram i Noreg på 1700-talet, med små og korte steg etter vegen nabolanda våre og kontinentet hadde vist.

Frå enkeltbrev og skildringar blir eit ganske dystert bilete teikna av studieopphaldet i Kristiania. Jordmorelevane vart hundsa av lærarar og andre overordna, dei hadde ansvar både for grovarbeidet i institusjonen og for pleie av fødekvinner i tillegg til å følgje undervisinga. Det kan heller ikkje ha vore lysteleg arbeid reint fagleg, sidan fødslar på Stiftelsen langt ut på 1800-talet oftare gjekk gale enn fødslar i private heimar. Bygget låg då også rett ved latrinene til Rikshospitalet. Men det vart ingen leik å kome heim heller, dei ferske jordmødrene møtte knappast nokon velkomstkomité. Folk likte ikkje å måtte betale for ei hjelp dei alltid hadde fått gratis av nabokoner eller slekt. Seinare vart distriktslegane også like ofte konkurrentar og motstandarar som samarbeidspartnarar.

 

MELLOM BORKEN OG VEDEN

Eit hovudtema i boka er korleis jordmødrene gjennom alle tider har stått som i ei evig klemme. Redde mor eller barn? Hente fagleg fasit frå autoritetar innan medisin eller teologi? Kjempe for fast løn eller bli fattig fordi fattigkvinnene ikkje kan betale deg? Melde om abort eller fødsel i dulsmål slik at ei kvinne fekk dødsdom, eller sjølv risikere det same fordi du tagde? Lyde distriktslegen som knapt har sett ein fødsel, eller gjere det som må til for å redde mor og barn?

Denne boka er på sitt beste der forfattaren skrur slike konfliktar tettare til og underbyggjer med rike kjelder og spanande samanstillingar. Effektivt og pedagogisk trekker ho enkelte tidslinjer slik at lesaren ser korleis gamle religiøse dogme pregar jordmorkvardagen også fram mot moderne tid – på 1950-talet diskuterte faggruppa framleis om det var bibelsk synd å gje smertestillande middel til fødekvinner.

Også debatten om lønskrav handla heile vegen om etikk og moral. På den eine sida står dei jordmødrene som kjenner noko av det same kallet som ei nonne og meiner det er ufint å krevje faste summar for tenesta. På den andre sida står jordmødrer med krav om fagorganisering og rett til løn, pensjon og fridagar – slik andre offentleg tilsette har. Bokverket utdjupar korleis splitting og indre strid medverka til at distriktsjordmødrene står som den største lønstaparen i norsk offentleg arbeidsliv gjennom tidene. Løna vart ikkje auka på ti år, ei distriktsjordmor kunne få så lite som to tredjedelar av løna ei tenestejente i byen fekk kring 1870. Her blir kanskje baksida av medaljen, eller den upussa delen av heltinneglorien om ein vil, vist fram. Jordmødrer måtte vere robuste og sta, uthaldande og uredde i jobben sin – men når dei barka saman som fagfellar, kunne det også bli stygt. Midt i slitet, og med kamp på mange frontar, brukte dei krefter på å undergrave kvarandre. Dette er også ein del av historia forfattaren løftar fram på ein oversiktleg og interessant måte.

 

INGEN LUKKELEG SLUT

Utetter i boka kjem stadig fleire jordmødrer til orde gjennom samtaler med forfattaren og gjennom brev, og kapitla svulmar kraftig opp. Kampen om dei lokale fødestovene enda ikkje godt for forkjemparane, i 1984 vart lova om distriktsjordmorteneste avvikla i Noreg. Samstundes som kommunane vart lovpålagde å tilsetje fysioterapeut og heimesjukepleiar, kunne dei no sjølve velje bort jordmorløn frå budsjetta sine. Som eit døme på dei mange kuriøse ordskifta boka byr på, kan vi nemne ordføraren i ein austlandskommune, som meiner at ettersom jordmora uansett bur i kommunen, vil ho sikkert ikkje nekte å hjelpe til om det trengst.

Når forfattaren intervjuar ei rekkje jordmødrer som seier om lag det same om tida frå andre verdskrigen til våre dagar, blir behovet for strammare redigering tydeleg. Dette er den største veikskapen med heile verket, forfattaren har eit hav av informasjon og har ikkje lukkast heilt i å redigere overfloda. Sjølv om kvar minste mellomtittel har fått plass i kapitteloversikta, saknar denne lesaren eit sterkare rammeverk. Når boka er lagd opp med namngjevne hovudpersonar i kapitla, blir det noko forvirrande og litt irriterande at biografiske småskildringar og detaljdøme frå andre ikkje er skilde ut. Det same gjeld der bakgrunnsinformasjon av meir generell historisk karakter blir bakt rett inn som eit slags mellomspel i teksten. Kanskje kunne forlaget løyst dette ved bruk av rammer eller faktaboksar, kanskje kunne mykje vore redigert vekk. Teksten mister uansett energi og framdrift der forfattaren legg i veg på stadige små og store sidespor og «hundesnuar», tilsynelatande etter innfallsmetoden. Difor framstår boka som litt repeterande og uryddig. Noko av stoffet kjendest kanskje vanskeleg å stryke, særleg der kjeldene er nære i tid og geografi. Boka hadde ikkje vorte spinklare eller mindre solid dersom ein hadde sortert det enorme kjeldetilfanget strengare. Det er vanskeleg for ein lesar å få oversikt når ein stundom kjenner at forfattaren sjølv slit med å sjonglere materialet sitt. I slikt villnis snik også faktafeil seg lettare inn, til dømes i bilettekstar der gamalt jordmorutstyr har fått urett namn og bruksmåte. Slike detaljar bør kanskje reknast som kosmetiske feil.

Om ein skal følgje opp den innleiande metaforen om at boka er eit barn: Det er vel vanskeleg å seie at Farstad og forlag burde tatt kniven fram, sjølv om barnet skulle vise seg å ha frekner, seks fingrar på kvar hand og eit par ekstra øyre?

 

May Grethe Lerum (51) er forfatter og journalist.

Aud Farstad
På liv og død. Distriktsjordmødrenes historie
Samlaget, 2016