9788202398897

Djevelen er i euroen

23.04.2015

Simen Ekern skriv godt og engasjerande om Europas krise.

Det var året 1998, då Sverige og Finland var ferske EU-medlemer. Euroen og austutvidinga fanst framleis berre på papiret. Som utvekslingsstudent i Brussel vart Simen Ekern ein del av det som vart kalla Generasjon Erasmus. Ein ny generasjon av høgt utdanna europearar, mederfaring frå fleire europeiske universitet, skulle gjerast klar for den felleseuropeiske arbeidsmarknaden. Framtida såg lys ut, både for den unge generasjonen og for EU.

Ti år seinare kom Ekern tilbake til ein by der Brussel er blitt eit skjellsord for langt fleire enn det norske Senterpartiet. Krisepakker, uro i marknaden og massearbeidsløyse var tidas tema. Dei unge vart omtala som «den tapte generasjonen» på grunn av dei altfor mange som verken er i jobb eller studerer i den sørlege delen av eurosona. Omtrent her startar Simen Ekerns bok Europeere. Boka handlar om krise, men ikkje primært om økonomi. Ho handlar om den tillitskrisa som følgjer i kjølvatnet av den økonomiske krisa. Det vi kan kalle EU-tanken, ideen om eit Europa der politisk og økonomisk integrasjon skal gi fred og velstand for alle, er også i krise. Ekern skildrar krisa og diskusjonen om vegen vidare for EU og Europa.

HYBRIDSJANGER  Simen Ekern er idéhistorikar, Bragepris-vinnande forfattar og journalist. Han legg ut på ei reise gjennom Europa der han møter eit imponerande knippe med politikarar og intellektuelle. I Brussel treffer han EUs leiarar, dåverande kommisjonsleiar José Manuel Barroso, leiaren for EU-parlamentet, Martin Schulz, og presidenten i Det europeiske rådet, Herman van Rumpoy. Han er også innom EUs mytologiske opphav på øya Ventotene, der Altiero Spinelli og Ernesto Rossi forfatta sitt manifest for eit føderalt Europa. Også kaoskreftene, dei som på kvar sitt vis vil rive både EU og Europa i filler, er med: den franske høgrepopulisten Marine Le Pen, ungarske Jobbik og den italienske eks-klovnen Beppe Grillo. Ekerns bok endar opp i eit forsvar for kosmopolittisme og eit sterkare, meir demokratisk EU. Han siterer filosofen og Europa-entusiasten Jürgen Habermas, som skriv at europearar må kunne bli fylte av «erkjennelsen av at alle europeiske innbyggere deler den samme skjebnen».

Ekern er eit godt reisefølgje. Han er ein kunnskapsrik og skarp observatør. Teksten flyt lett i ein slags hybridsjanger mellom reportasje, essayistikk og analyse. Ekern skriv med driv og ein språkleg snert som gjer at lesaren både blir opplyst og underhalden. Frå ein gateparade i Edinburgh i samband med folkerøystinga om skotsk sjølvstende rapporterer han at «man kan si hva man vil om sekkepiper, og det gjør man jo, men det er utvilsomt et instrument det er vanskelig å ignorere». Ein annan stad går han gatelangs: «Jeg puster inn den varme vårluften, rusler henført ut i veien og unngår akkurat så vidt å bli drept av en ivrig syklist.»

EIN AVGRUNN
«Djevelens datter» er tittelen på eit kapittel som for denne meldaren er eit av høgdepunkta i boka. Det handlar om Nasjonal Fronts leiar Marine Le Pen. Ekern fortel om korleis Le Pen har reformert partiet ho arva frå far sin. Ho har lagt vekk den gamaldagse antisemittismen og gjort EU, globaliseringa, den uhemma marknadsliberalisme, masseinnvandringa og den samfunnseliten som har sleppt alt dette laus over den stakkars vanlege franskmannen, til syndebukk. Med dette har Marine Le Pen løfta partiet til nye høgder. Ekern møter Le Pen på kontoret hennar i Europaparlamentet, der ho ustanseleg røykjer e-sigarettar medan ho smilande legg fram politiske analysar som høyrest ut som trugsmål: «Den dagen folk føler at tålmodigheten er brukt opp, kan de komme til å reagere med vold. Marine Le Pen tar et siste trekk av e-sigaretten, og legger den ned i vesken. – Jeg håper naturligvis ikke det går så langt.» Møtet mellom den høflege kosmopolitten og den erfarne høgrepopulisten har nerve og trøkk. Det er ein avgrunn mellom portrettøren og den portretterte.

Ekern skriv at han har lånt boktittelen Europeere frå Magnum-fotografen Henri-Cartier Bressons bok frå 1955 med ei samling fotografi frå kvardagslivet i etterkrigstidas utbomba Europa. Eg blir freista til å innvende at denne boka strengt tatt handlar om EU-ropearar. Ikkje berre fordi Europa er meir enn EU, men fordi boka i all hovudsak portretterer ein euro-elite. Her er professorar, bestseljande forfattarar, nasjonale politikarar og Europa-politikarar, som alle har sine planar for korleis Europa bør organisere seg i framtida. Rett skal vere rett, Ekern har henta inn ein kommentar frå Monsieur Leroy på gata i Lille og ein frå fru Toth i Budapest. Men boka gir ikkje eit portrett av den jamne europear. Dei som blir ramma av krisa, dei arbeidslause, den fortapte unge generasjonen og dei arbeidande fattige, er berre til stades i teksten som statistikk. Denne sida av krisa vart elles skildra grundig i Stavanger Aftenblad-journalist Ingeborg Eliassens bok frå i fjor, Harde tider.

YTRE HØGRE
Simen Ekern gir stor plass til EUs kritikarar på ytre høgre, nasjonalistar og framandfiendtlege. Denne fløya har det til felles at dei ikkje berre avviser EUs politikk, men også ideen om å samle Europa. Kritikk frå denne kanten set den som blir kritisert, i eit godt lys, for det Marine Le Pen seier er ille, må jo vere bra? Det ville ha blitt meir utfyllande om Ekern også hadde gitt meir plass til kritikarar som for eksempel tyskaren Hans Magnus Enzensberger, som skriv om EUs demokratiske manglar og om den avmakta som oppstår som følgje av det, eller til det ferske greske regjeringspartiet Syriza. Dei greske venstrepopulistane er positive til europeisk samarbeid og til euroen, men ønskjer samstundes ein økonomisk politikk som er på kollisjonskurs med EUs einøygde kutt- og sparepolitikk. Det er to mål som i skrivande stund ser ut til å vere umogleg å foreine.

Då eg las boka til Ekern, kom eg til å tenkje på boka Jernburet. Liberalismens krise, skriven av Asle Toje, forskingssjef ved Nobelinstituttet. Han skildrar også EUs krise, men med motsett forteikn og med motsett konklusjon. Også Toje intervjuar EU-kritikarar av ymse slag, som det franske Génération Identitaire og den tyske euro- og islamkritikaren Thilo Sarrazin. Han går ikkje god for konklusjonane deira, men meir enn antyder at dei kan ha rett i kritikken sin.

Toje refererer også historikaren Mark Mazowers analyse frå boka Governing the World. The History of an Idea, der Mazower skriv om visjonær idealistisk internasjonalisme à la Spinelli. Mazower hevdar at dei største framstega for internasjonalismen skjer når han blir utforma av andre enn idealistar, og at han i praksis fungerer som verktøy for mektige aktørar som fremjar sine eigne interesser. Poenget ser ut til å passe som hand i hanske med Tojes eigne tankar, men er også interessant her fordi det tydeleg skil mellom den føderalistiske ideologien og den politikken EU fører i dag. Når eg les Ekern, får eg inntrykk av at desse to tidvis flyt litt saman.

 

Simen Ekern
Europeere. Kampen om Europas framtid
Cappelen Damm, 2015