Breiside mot revisjonismen
Forfattarane av På æren løs har bygd opp ein overtydande argumentasjon, men ville ha tent på å opne for tvil og gråsoner.
Nordmenn sluttar aldri å vere opptatt av andre verdskrigen, truleg fordi den nyare historia vår elles er relativt fredeleg og udramatisk. Årvisst kjem det nye stablar med bøker om krigen, men få av dei går inn i historia om historia slik som På æren løs. Utgangspunktet for boka er Den norske forfatterforenings unnskyldning av 2017, til dei forfattarane som vart dømde av Æresretten som foreininga oppnemnde etter krigen. Denne nokså spesielle gesten fekk Tore Rem, Espen Søbye og Kjartan Fløgstad til å reagere skarpt, og dei har skrive ei heil bok for å grunngje kvifor unnskyldninga aldri skulle ha vore gjeven.
Grunnlaget for Æresretten
Trekløveret, heretter kalla RSF, går svært grundig inn i materien. I første delen av boka tar dei for seg tysk litteraturpolitikk i Norge i krigsåra. Dei viser at okkupasjonsmakta tok til å beslagleggje antinazistisk litteratur allereie 10. april, og at ytringsfridomen såleis blei sett til side frå første stund. NS-styresmaktene utarbeidde lister over forbodne bøker med hundrevis av titlar og arresterte mange forfattarar. Forleggjarforeininga blei nazifisert, med Gunnar Stenersen som formann. Forlaget hans gav ut bøkene til leiande tyske og norske nasjonalsosialistar, blant andre Hitlers Min kamp, men også Wehrmachts soldatkalender. Det tette samarbeidet med okkupantane gav skyhøg forteneste.
Tre forfattarar får omfattande omtale i boka, sidan dei blei framheva spesielt i samband med unnskyldninga til Forfattarforeininga – Alf Larsen, Ejlert Bjerke og André Bjerke. Om Larsen konkluderer RSF at han enda opp som «stridbar antisemitt og endatil holocaustfornekter». Larsen var i mellomkrigstida ein av antroposofiens viktigaste talsmenn i Norge, og trekløveret meir enn ymtar om grumsete trekk ved Rudolf Steiners lære.
Tilfellet far og son Bjerke handlar om samarbeid med naziforlaget til Gunnar Stenersen. Æresretten dømde Ejlert Bjerke for å ha omsett for forlaget gjennom det meste av krigen, mens André Bjerke var involvert i arbeidet med det finske nasjonaleposet Fenrik Stål. RSF går hardt ut og stiller spørsmålet om boka kunne forståast som propaganda for å verve norsk ungdom som frontkjemparar på austfronten: «Om så bare indirekte ville det å bidra til verving for fienden være et enda mer alvorlig svik enn anonymt tyskerarbeid.»
Mandatet og saksbehandlinga til Æresretten får brei plass. RSF viser til tenestemannsanordninga som grunnlag for det interne oppgjeret i organisasjonslivet etter krigen. Anordninga slo fast at unasjonal åtferd kunne føre til oppseiing frå offentleg stilling. Organisasjonane, inkludert Forfattarforeininga, gjennomførte utreinskingar i eigen regi, men likevel med anordninga som mal. Det var avgjerande å atterreise tilliten til styresmakter og institusjonar, og difor måtte ein reinske ut NS-medlemmer og andre som hadde samarbeidd med okkupantane på utilbørleg vis.
Oppgjer i takt med samtida
Kritikarane av Æresretten har særleg festa seg ved at formannen i Forfattarforeininga stod som leiar for både Æresretten og ankeinstansen Norges Kunstnerråd, og at dei to organa brukte dei same juridiske rådgjevarane. RSF fer over dette viktige prinsipielle spørsmålet med harelabb, men dei gjer heller ikkje noko stort poeng av at Forfattarforeininga skifta formann før sakene kom til anke. Æresretten hadde Alex Brinchmann som leiar, mens Kunstnarrådet tok seg av ankesakene under Hans Heibergs leiing.
RSF viser i staden til at både dei ankande forfattarane og styresmaktene godkjende Kunstnarrådet som appellinstans, og at anke i fleire tilfelle førte til mildare dommar. Dei skriv at prosessen rundt Æresretten ikkje var utan feil og manglar, men peikar på han som rettkommen, som «del av et stort prosjekt for å gjenreise sivilisasjon og demokrati etter det store sammenbruddet». Det hadde styrkt argumentasjonen om dei hadde hatt litt mindre hang til å forsvare alt som skjedde.
Oppgjeret i Forfattarforeininga var i tråd med oppgjeret som blei gjennomført elles i samfunnet, hevdar RSF. Dei tre meiner å kunne tilbakevise Cato Schiøtz sine påstandar om at dei skulda forfattarane knapt fekk høve til å forsvare seg, og at Æresretten tolka alt i verste meining. Dei gjev han rett i at Æresretten opptredde både som etterforskande, tiltalande og dømmande myndigheit, men kva så? «Dette er ikke en straffesak. Hvem andre enn medlemmene skal undersøke om statuttene er brutt, hvem andre enn medlemmene kan vurdere om det skal iverksettes sanksjoner og eventuelt avpasse dem til vedtektsbruddet?»
RSF svarar også dei kritikarane som har hevda at dei dømde forfattarane blei pålagde ytrings- og publiseringsforbod, noko som har blitt kalla for nazimetodar. Dommane var moralske og foreiningsdemokratiske, men ikkje strafferettslege, juridiske dommar, skriv dei tre. Om nokon braut publiseringsforbodet, kunne han eller ho ekskluderast frå Forfattarforeininga, noko anna ville ikkje skje. Om forlaga likevel nekta dei å gje ut verka sine, kva så? RSF peikar på at ytringsfridomen ikkje gjev den enkelte nokon rett til å få verka sine publiserte, og ingen av forfattarane vart pålagde noko ytringsforbod.
Imponerande detaljrikdom
På æren løs er eit oppgjer med Forfattarforeininga si unnskyldning frå 2017, men kanskje endå meir eit oppgjer med boka som la grunnlaget for unnskyldninga: Men viktigst er æren (2013), skriven av Dag Solhjell og Hans Fredrik Dahl. RSF kritiserer dei to «revisjonistisk innstilte historieforvalterne» for å distansere seg frå alt som kan likne moralske og politiske perspektiv: «(…) ideer om sannhet og rett, slik de fant sine former under okkupasjonsårenes sivilisasjonssammenbrudd, relativiseres til det ugjenkjennelige.» Dei konkluderer med at ein apolitisk posisjon er umogleg i litteraturen, og at det likeins er umogleg å skrive ei nøytral historie.
Bøker som er skrivne i samarbeid mellom fleire forfattarar, er ofte ujamne og sprikande. Slik er det ikkje med På æren løs. Forfattarstemma held seg heile vegen i same stil og språk, og ein kan ikkje merke noko skilje mellom dei ulike delane og kapitla.
Også detaljrikdomen er imponerande. RSF har gått gjennom eit stort arkivmateriale, og det gler ein historikar at kjeldetilvisingane kjem i fotnotar nedst på kvar side, dei er ikkje gøymde bort i sluttnotar bak i boka. Dei tre har gjort eit truverdig fagleg arbeid og legg fram eit faktagrunnlag som byggjer opp under argumentasjonen på overtydande vis.
Det er likevel ei innvendig mot boka at ho rett og slett er for omfangsrik. Ein del av detaljstoffet tyngjer framstillinga, særleg i kapitla om Gunnar Stenersen og anordningane. Dessutan er somme av dei argumenterande avsnitta svært ord- og setningsrike. Ein kortare tekst hadde ikkje svekt verken fakta eller meiningar, snarare tvert om.
Tydelege frontar
Gjennom dei siste åra har både historikarar og andre tatt til orde for at forteljinga om krigsåra bør framførast med fleire nyansar, utan at ein dermed skal orsake nazistane og deira brotsverk. Det er naturleg at bildet av denne dramatiske tida blir mindre svart-kvitt, og får fleire nyansar av grått, når avstanden i tid blir større. Denne tilnærminga er likevel kontroversiell, noko striden om Æresretten til Forfattarforeininga viser til fulle.
På æren løs tar i kraftfulle ordelag avstand frå tendensar til å vilje likestille dei to frontane under krigen: «Endog i dag (…) finnes det dem som mener at det var forskjell på det nazistiske systemet og det demokratiske – på diktatur og rettsstat.» Gjennom heile boka er det ingen tvil om forfattarane sin ståstad, og i teksten skin det tydeleg gjennom kven dei har sympati for og ikkje. For Rem, Søbye og Fløgstad er dei historiske motsetningane skarpe og klåre, her finst ikkje tvil om rett og gale.
På æren løs verkar overtydande, men hadde ikkje tapt noko dersom forfattarane hadde opna for å sjå litt fleire gråsoner i fortida.
Gaute Losnegård (f. 1970) er historikar og faglitterær forfattar.
Tore Rem, Espen Søbye og Kjartan Fløgstad:
På æren løs. Krigen, litteraturen og Æresretten
Forlaget Press, 2020