Garzweiler dagbrudd, Jüchen, Tyskland.
Garzweiler dagbrudd, Jüchen, Tyskland. FOTO: UNSPLASH

Angst og ansvar i menneskets tidsalder

26.06.2024

Kva er skilnaden mellom å vere ei geologisk kraft og å opptre som ein gud?

Kort tid før eg skriv dette, blei termen antropocen formelt avvist som namn på tida vi lever i. Det skjedde tjuefem år etter ein myteomspunnen konferanse i Mexico, der atmosfærekjemikaren Paul Crutzen hevda at mennesket hadde skapt ein ny geologisk epoke. Denne tidsalderen, der menneske omkalfatra jordoverflata, atmosfæren og klimaet, foreslo han å kalle antropocen.

Som svar på forslaget til Crutzen sette geologar ei internasjonal arbeidsgruppe i sving, deretter underkomitear i tur og orden, før spørsmålet til slutt skulle avgjerast av Den internasjonale stratigrafiske kommisjonen. Mellom anna på grunn av usemje om antropocen burde reknast som ei hending eller ein tidsalder, let dei vere å endre den geologiske tidsskalaen: Vi lever framleis i epoken holocen.

Det betyr på ingen måte at omgrepet antropocen kjem til å forsvinne, men snarare at det er ute av geologane sine hender. I og med at omgrepet så tydeleg koplar utviklinga av planeten til menneskelege handlingar, har også samfunnsforskarar og humanistar frydefullt både omfamna og kritisert det. Antologien Antropocen. Menneskets tidsalder er eit eksempel på det og samtidig ei lesverdig innføring i debattar om kva antropocen kan og burde innebere.

Boka, som er redigert av religionsfilosofen Marius Timmann Mjaaland, sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen og biologen Dag O. Hessen og basert på opne forelesingar ved Universitetet i Oslo, er etter det eg veit, den første norskspråklege bokutgjevinga om antropocen retta mot eit allment publikum. Det er på tide! Resultat frå svogerforsking dei siste vekene er eintydige: Folk som elles veit godt kva IPCC er og kjenner igjen Hessen på lang avstand, veit ikkje kva antropocen betyr.

Oppgåva til boka er dermed å formidle faginterne antropocen-debattar i ei breiare norsk offentlegheit som har vist stor interesse for klimaendringar og naturtap, men berre unntaksvis under rubrikken antropocen. Så kva bidrar ideen og omgrepet om antropocen med som ikkje kan forklarast med ord som klimakrise og naturkrise?

Eitt svar er at omgrepet viser fram samanhengane mellom dei mange menneskeskapte miljøproblema, noko redaktørane forklarer i to oversiktlege innleiingskapittel. Antropocen-tesen ser heile planeten som eit system – jordsystemet – med ulike undersystem for krinsløp av stoff mellom grunnen, atmosfæren og alt levande. Endringar i systema kan skje gradvis, men såkalla vippepunkt kan òg utløyse brå omveltingar. Det nye i antropocen er at desse systema og vippepunkta no er samanfiltra med alskens menneskelege system.

Redaktørane presenterer deretter vanlege innvendingar mot omgrepet, som at det tåkelegg interessemotsetnader. Ikkje alle menneske har bidratt like mykje til krisa. Alternative omgrep som «kapitalocen» understrekar for eksempel at det var kapitalistar sine ønske om kontroll over arbeidarar som dreiv fram bruken av kol under den industrielle revolusjonen.

Laura Hultberg brukar kapitalocen-omgrepet aktivt i sitt kapittel, der ho kritiserer den klasseblinde bærekraftsundervisninga i den norske skulen. Hylland Eriksen brukar derimot omgrepet «homogenocen» i sitt bidrag om global einsretting i jordbruk og matforbruk. Dei to bidraga viser eit av spenna som finst i denne boka: frå Hylland Eriksen sine store sveip om menneske- og mathistoria til Hultberg sitt bidrag og Nina Hoel sin økofeministiske kritikk av tanken om at vi alle er i same båt.

Mange av forfattarane viser kva nettopp deira fagfelt kan bidra med. Religionsfilosofen Simone Kotva skriv fascinerande om tidlege kristne asketar i den egyptiske ørkenen og korleis deira teknikkar for å møte døden kan danne forbilde for åndelege teknikkar i møte med antropocen. Samfunnsøkonomen Katrine Nyborg skriv poengtert om kva som skal til for å omstrukturere klimakrisa frå eit tilsynelatande uløyseleg sosialt dilemma til eit handterleg koordineringsproblem. Antropolog og kinavitar Mette Halskov Hansen viser tydeleg i sin analyse av det kinesiske slagordet om «økologisk sivilisasjon» korleis statlege responsar på den globale natur- og klimakrisa er fletta saman med geopolitiske omsyn.

Desse bidraga er velskrivne og overtydande, men det er likevel frigjerande med dei forfattarane som stiller seg meir tvilande til kva relevans deira eige fag har. Særleg teksten til Ole Jacob Madsen er sjølvransakande, både på eigne vegner og på psykologifaget sine. Andre viser fram tvilen knytt til sjølve antropocen-omgrepet. Mjaaland, som brukar Søren Kierkegaard si forståing av angst for å forstå korleis folk møter klimakrisa, vedgår at antropocen-omgrepet er «så populært at det iblant risikerer å bli meningsløst». Likevel kan den engstelege tvilen vekke tillit: «Antropocen er også tvilens og usikkerhetens epoke.»

I eit anna forsvar for mangfald i antropocen skriv filosofen Arne Johan Vetlesen godt om samarbeid mellom vestlege antropologar og ulike urfolksgrupper. Han løftar fram kunnskapssyn som legg vekt på menneskeleg samarbeid med andre naturvesen som med-subjekt, ikkje som objekt. Vetlesen viser samtidig problema som oppstår når ein skal omsette urfolkspraksisar til vitskapsteori, fordi ein lett endar med å eksotisere dei eller slå dei i hartkorn med etablerte vestlege kunnskapssyn.

Det finst dei som tar til orde for «ein god antropocen», der menneske bør ta si nye gudeaktige rolle på alvor og endåtil med stoltheit.1 I mindre håpefulle vendingar har også Crutzen argumentert for at løysinga på klimakrisa kan bli å manipulere klimaet i endå større grad og kjøle ned planeten med såkalla geoengineering, «klimafiksing».

Slik klimafiksing blir vigd nokså stor plass i boka, blant anna i det gode kapittelet til meteorologen Trude Storelvmo. Ho skildrar klimafiksing som ein skremmande plan B som ingen burde ønske seg, men utan å gå i detalj om dei potensielle farane ved å for eksempel sprøyte svovel ut i atmosfæren for å dempe drivhuseffekten. Enten det er tilsikta eller ei, kan det framkalle ein fascinasjon for det destruktive der motforestillingane samtidig verkar litt vage. Like fullt skriv Storelvmo tankevekkande om ansvaret som tynger dei som forskar på klimafiksing.

Slike spørsmål om forholdet mellom det forskingsetiske og den akademiske fridomen til å forske på og ytre seg om kontroversielle tema står også sentralt i kapittelet til Gunnar Gjermundsen, Christian Palacios Haugestad og Christina Nadeau. Det gir eit innblikk i gnissingane undervegs i forelesingsrekka: utolmodige studentar som spøker om akademisk «antropocen-synsing» og brukar e-postlistene til å invitere til Extinction Rebellion-aksjonar, forelesarar som kritiserer pratet om angst og ånd og i staden oppmodar til sabotasje. På den måten trekker kapittelet linjer mellom akademisk fridom og politisk handling, og reiser spørsmål om korleis ein kan kombinere hastig aktivisme med langsam refleksjon.

Styrken til boka er ikkje at bidraga drar i same retning, men at dei viser fram svært ulike responsar på antropocen. Slik gir dei lett forvirrande møta mellom ånd, angst, teknologi, aktivisme og erkjenningsteori svar på kva som gjer antropocen til noko meir enn summen av klima- og naturkrisene. Vektlegginga av jordsystemet forankrar på den eine sida omgrepet i eit verdsomspennande maskineri av måleinstrument og modelleringsverktøy. På den andre sida opnar ideen om menneske som ei geologisk kraft for meir vidløftige spørsmål: Kva betyr det for kvart enkelt menneske å vere uløyseleg knytt til resten av planeten? Kva er skilnaden mellom å vere ei geologisk kraft og å opptre som ein gud?

Omslagsfoto Antropocen
Marius Timmann Mjaaland, Thomas Hylland Eriksen og Dag O. Hessen (red.)
Antropocen.
Menneskets tidsalder
Res Publica, 2024

1. Ei oppsummering og ein kritikk av dette synet er å finne i Clive Hamilton, «The theodicy of the ‘Good Anthropocene’», Environmental Humanities, vol. 7, 2015.