Retro

13.02.2018

1998

Det har skjedd før og det kan nok skje om att: Ein kjend og respektert person går ut med ein serie utsegner som det er uråd å overhøyre eller å bortforklare. Og dei er så ille som dei kan bli. Dei bryt med ein kvar logikk, dei står i kontant motsetnad til alle relevante kjennsgjerningar, og dei spottar eit kvart minimum av sivilisert moral. Det han kjem med, er vilt, absurd og barbarisk. Og det kjem ein dramatisk og tvitydig skjelvande augneblink då alt kan skje, då alt står på spel.

Det gjeld liv og død – om ikkje i biologisk forstand, så iallfall i sosial. Uvissa er stor.

Drit han seg ut? Blir det skandale? Får han latteren mot seg? Rykker han inn blant idiotane og kulturklovnane? Forvandlar han seg til ei vond lukt i dei korridorane der han før skreid vyrdeleg fram? Det er slett ikkje usannsynleg. Det er det som oftast skjer: at han glir ut av soga på ein lite ærefull måte. Men forløpet kan, i sjeldne tilfelle, også bli eit anna.

Jon Hellesnes i essayet «Når intellektet vert ofra» i Prosa 1/1998.

 

2008

Er rock gladgutten Bruce Springsteen med jovial, rutete skjorte og med like karslig fremferd, koselige refrenger og meningsriktige tekster? […] Er punk rock, og er alskens gladpop rock bare fordi det hoster en fuzzgitar i bakgrunnen?

Jim Morrison fra The Doors og Nirvanas Kurt Cobain er begge døde. Og hva med Joachim Nielsen i Jokke og Valentinerne? Hadde disse tre, Janis Joplin og Jimi Hendrix noe til felles? Jo, det kostet dem bokstavelig talt livet. Rock er anarki, sirkus, rå livsbejaing og seksualitet, stadionallsang, destruktiv og bråkete. Gladkunst kommer det sjelden noe godt ut av. Slikt kan Marianne Aulie og hennes likesinnede ta seg av. Som all stor kunst handler rock mest av alt om seg selv, og sin egen sjanger. Munchs verdenskjente maleri Skrik forteller om opphavsmannens eksistensielle angst. Ikke om politiske vedtak, kvinnesak eller klima. Kurt Cobains «Rape me» handler om det samme og Jim Morrison synger «This is the End». Fornedrelse og dødslengsel blandet med dødsangst.

Stig Andersen i anmeldelsen «Rocken som død eller klisjé» i Prosa 1/2008.