Dreamstime 246993742 crop1
Illustrasjon: Dreamstime

Skap rom for kunnskapslitteraturen! Ope brev til statsråd Ola Borten Moe

15.06.2022

Kunnskapslitteraturen har lite kommersielt potensial og blir sjeldan inkludert i innkjøpsordninga. Likevel er han viktig. Vi treng ei utgreiing med framlegg om konkrete tiltak som kan gi betre vilkår for denne litteraturen.

Då A.O. Vinje erklærte at «Kunnskap skal styra riki og land», for 164 år sidan, må vi tru at mange, med rette, meinte at det som skulle styre, var meir enn «bokleg kunnskap». Kunnskap kan også vere praktisk, han treng ikkje bygge på tung lesnad, og han kan ytre seg gjennom mange medium. Alt dette er godt og sant. Ikkje desto mindre vil vi i denne artikkelen slå eit slag nett for den boklege kunnskapen – for det vi foreslår å kalle kunnskapslitteratur. Dette er vitskapleg forankra bøker skrivne på norsk på eit vis som er tilgjengeleg for interesserte ikkje-spesialistar. Kunnskapslitteraturen er kjenneteikna ved at ny, vitskapleg kunnskap blir skriven fram og gitt ei litterær form som stiller ganske store krav til lesaren utan å vere innforstått eller prega av internt spesialistspråk. Bøkene blir altså skrivne på måtar som ikkje er fengande som ei bok av Seierstad eller Strøksnes, men som likevel tilbyr ny djupnekunnskap og originale resonnement som trengst i det opne og opplyste ordskiftet. Når staten ifølgje grunnlova skal legge til rette for eit «opplyst ordskifte» i Noreg, meiner vi at noko av det klokaste ein kunnskapsminister kan gjere, er å skape rom for slik litteratur. Vi vil såleis foreslå ei ny tilskotsordning for slike bøker.

Kunnskapslitteratur på norsk

Noko kjettersk slo den nyslåtte ministeren for høgre utdanning og forsking etter stortingsvalet i 2021 fast at norsk vitskap også må publiserast på norsk. Ikkje lenge etter kasta Cecilie Hellestveit inn ein brannfakkel som åtvara mot at norske vitskapsmiljø i internasjonaliseringa sitt namn blir dominerte av folk som ikkje meistrar norsk språk og kjenner lite til nordisk røynd. Nokre meinte dette var provinsielle standpunkt. Det blei åtvara mot vitskapleg isolasjonisme. Men alle veit at det er tenleg for vitskapen å ha eit lingua franca, det står det ikkje strid om. Det siste hundreåret har dette globale språket vore engelsk, og det er rimeleg å tru at det vil halde fram slik. Likevel er det gode grunnar til at kunnskap i Noreg også skal formulerast på norsk.

På mange kunnskapsområde – slik som i legevitskapen – er det nødvendig at fagfolk kan snakke med og skrive til folk på morsmålet. Då må dei beherske eit norsk fagspråk i tillegg til det engelske og latinske. Dette har til dømes vore det prisverdige motivet til Den norske legeforening når dei i alle år har satsa stort på publikasjonen som i legestanden berre blir kalla «Tidsskriftet». Men verdien av norsk fagterminologi gjeld ikkje berre profesjonsfag som medisin, pedagogikk, juss og teologi – der ekspertane skal møte pasientar, lærarar, klientar og andre medmenneske. Det gjeld mest alle vitskapsområde, i humaniora og samfunnsvitskap sjølvsagt, men også langt inn i naturvitskapen. Dette standpunktet er greitt samanfatta i Språkrådets innspel til Kierulf-utvalet si utgreiing om akademisk fridom:

Presis formidling av kunnskap til det norske samfunnet krever et godt og klart norsk fagspråk. Slik blir et velfungerende norsk fagspråk en forutsetning for en velfungerende norsk offentlighet. Samtidig er fagspråket også viktig for å sikre universiteter og høgskoler legitimitet, ved at forskningen formidles til og forankres i et norskspråklig samfunn og gir relevante bidrag til samfunnet. For at forskningen skal nå ut til samfunnet på denne måten, må det bli lagt til rette for at ansatte ved universitetene og høgskolene kan formidle forskningen sin, og at denne formidlingen skjer på norsk. (NOU 2022:2, s. 72)

Formuleringa «en velfungerende norsk offentlighet» peikar tilbake på § 100 i Grunnlova, der det heiter at «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte». Denne formuleringa blir også hyppig nytta i Kierulf-utvalet. Kjetteriet og den påståtte provinsialismen har såleis solid politisk og juridisk støtte.

Men ønsket om norsk forsking formidla på norsk har også støtte i dagleg praksis. Det er ikkje slik at dagens norske akademikar berre skriv engelskspråklege artiklar i spesialiserte fagtidsskrift. La oss bruke oss sjølve, artikkelforfattarane, som døme: Dei siste åra har vi ytra oss i følgjande sjangrar og publiseringsformer:

  • Vitskaplege artiklar publiserte internasjonalt for fagfellar
  • Vitskaplege bøker/monografiar publiserte internasjonalt for fagfellar
  • Fagbøker/fagartiklar på norsk/skandinavisk språk retta til både norsk/nordisk offentlegheit og fagfellar
  • Opplysnings- og offentlegheitsorienterte fagbøker omfatta av Kulturrådets innkjøpsordningar for sakprosa
  • Lærebøker/læremiddel: papirbaserte og digitale
  • Rapportar
  • Populærvitskaplege artiklar og kronikkar i tillegg til ulike former for kunnskapsbaserte meiningsytringar i bøker, tidsskrift, aviser, radio, TV, podkast og sosiale medium

Det er altså den tredje av desse skrivemåtane vi omtaler som «kunnskapslitteratur». Framståande internasjonale døme på slike tekstar er Karl Poppers stadig aktuelle verk The Open Society and its Enemies frå 1945 og den skilsetjande Wahrheit und Metode frå 1960, av den tyske filosofen og humanisten Hans-Georg Gadamer. Boka Komme til orde. Politisk kommunikasjon 1814–1913 av den norske sakprosaforskaren og antropologen Anders Johansen frå 2019 er eit norsk døme på kunnskapslitteratur. Mykje ikkje-engelsk kunnskapslitteratur bør utan tvil bli omsett til engelsk, men slike bøker har ei viktig rolle å spele i sine eigne språkområde.

Den vitskaplege artikkelens suksess

Vi kan likevel trygt slå fast at den vitskaplege artikkelen publisert internasjonalt for fagfellar er det hegemoniske formatet for formidling av vitskapleg kunnskap i vår tid. Slik har det vore lenge i naturvitskaplege fag, men humaniora har for lengst kome etter, ikkje sjeldan basert på naturvitskaplege førebilete. Såleis blir stadig fleire doktoravhandlingar i humanistiske fag også gitt ut som artikkelsamlingar.1

Ein hovudgrunn til den vitskaplege artikkelens suksess er utan tvil effektiviteten: Både skriving, fagfellevurdering, publisering og lesing kan skje såpass raskt at det ikkje går for lang tid frå forskingsarbeidet og kjeldegranskinga til den nye kunnskapen blir teken imot av dei som vil og kan ha tilgang til han. Dette tildrivet har ikkje vore svekt av digitaliseringa: Sjølve produksjonen av online-artikkelen går på ein blunk samanlikna med tidlegare tiders prenteprosessar. Vitskapsbaserte monografiar utgitt som bøker har sjølvsagt andre kvalitetar. Dei kan ha særs stor innverknad på kunnskapsnivået og kunnskapsutviklinga i både den offentlege og den vitskaplege skriftkulturen.

Bokas unike styrke

Det er allereie snart 40 år sidan informasjonsforskaren og kulturpolitikaren Jon Bing gav ut essaysamlinga Boken er død. Leve boken! Og slik har det vore sidan. Bokmediet døyr ikkje, men det går gjennom stadige metamorfosar, og mediet overlever ikkje av seg sjølv. Når norskspråklege bøker står så sterkt som dei gjer i Noreg, er det ikkje minst fordi vi har hatt ein etter måten god litteraturpolitikk, med momsfritak, bibliotekvederlag og innkjøpsordningar som potente verkemiddel. Også forfattarane har ein stor del av æra gjennom dei kollektive vederlagsordningane som resulterer i at eit stort tal prosjektstipend kan bli tildelt forfattarane kvart år. Det er likevel store manglar ved litteraturpolitikken, noko vi snart skal vende tilbake til.

Men kvifor bok? Vårt svar er at dette formatet, motsett internettets grenseløyse, har ei tydeleg, men likevel romsleg ramme. Gjennom nokre tusen år har bokformatet vist seg å vere ein suveren berar av lengre og samanhengande bodskapar, anten bodskapen kjem gjennom fiksjon eller det vi i dag kallar sakprosa. Boka kan ha fleire forfattarar, ho treng ikkje vere prenta på papir, og sjangrane er talrike. Men boka er eit kulturelt artefakt som krev tid å skrive og som oftast først får utsegnskraft når eit forlag har lagt innsats i ho. Boka gir grunnlag for ei leseoppleving som krev tid og konsentrasjon, og – kanskje aller viktigast: Ho kan bli det felles utgangspunktet for ei stor mengde ytringar i andre medium og format. Boka kan inngå i – og ofte starte – ein sirkulasjon av kunnskap og visdom som samla sett utgjer viktige delar av det opplyste ordskiftet som Grunnlova føreskriv.

Vellukka kulturpolitikk, men fråverande kunnskapspolitikk

For nokre tiår sidan stod det sterk offentleg strid om sakprosaen i Noreg. Innkjøpsordninga for litteratur, der alle folkebibliotek får eit eksemplar av alle nye skjønnlitterære bøker i gåve frå staten, var ei norsk oppfinning vi kan vere stolte av, klekt ut som ho var av «den raude bibliotekaren» Henrik J. Hjartøy i samråd med statsråd Helge Sivertsen midt på 1960 talet. Kvifor skulle ikkje denne særnorske litteraturpolitiske genistreken også omfatte sakprosaen – det vere seg debattboka, essaysamlinga, dokumentaren, biografien eller den fengande historieboka?

Etter mange års strid og kiv kom ei liknande ordning på plass for sakprosaen i 2005. Denne ordninga kunne vanskeleg bli automatisk, gitt det store talet på bøker som blir gitt ut, og som på eit eller anna vis kan kallast sakprosa. No har vi innkjøpsordningar for ny norsk sakprosa, omsett sakprosa og sakprosa for born. Rett nok er budsjetta altfor tronge, men det er allmenn semje om at det står rimeleg bra til med den typiske innkjøpsordningssakprosaen, den som især skal vere særprega ved formidlingsmessige kvalitetar, og som vi har karakterisert som «pageturner-sakprosa». Denne stor-sjangeren har fått sin elitedivisjon, med forfattarar vi finn i nominasjons- og vinnarlistene for Brageprisen, som Åsne Seierstad, Morten Strøksnes, Erika Fatland, Ivo de Figueiredo og Dag Hessen. Men dette er også langt på veg ein breidde-idrett: Eit blikk på listene av bøker som kjem ut av stipenda frå Det faglitterære fond, viser ein stor underskog av solide pageturner-forfattarskap.

Så er altså alt såre vel med den norske sakprosaen og faglitteraturen? Diverre ikkje. Eitt kriseområde er læremidla, der det fylkeseigde Norsk digital læringsarena (NDLA) gjennom å tilby gratis læremiddel trugar forlaga sine sjansar til å få skape konkurrerande læreverk. Samstundes blir lærebokforfattarane i forlaga degraderte til «innhaldsprodusentar» i store, kollektive digitale produksjonar. Eit anna kriseområde er kulturtidsskrifta, som ikkje lenger kan rekne med forankring i forlaga, slik vi nyleg såg det då det tradisjonsrike Samtiden blei selt av Aschehoug til eit medieselskap. Eit tredje kriseområde er meritterande internasjonal publisering av vitskap. Denne er no prega av ein nådelaus konkurranse der forskarar må kjøpe seg tilgang til dei prestisjefylte forlaga og spesialtidsskrifta. Slik blir økonomiske musklar vel så viktige som vitskapleg kvalitet for forskingsmiljøa. Mange norske akademikarar er råka av, og urolege for, denne utviklinga. Desse tre kriseområda blir mykje diskuterte, utan at krisene på noko vis er løyste.

Kunnskapslitteraturen i kunnskapspolitikken?

Men eit fjerde kriseområde er snautt nok diskutert. Det gjeld det vi altså kallar «kunnskapslitteratur på norsk». Denne litteraturen høyrer meir heime i kunnskapspolitikken enn i kulturpolitikken. Vi har tidlegare nemnt eit britisk, eit tysk og eit norsk døme. Eit anna opplagt norsk døme er Rune Slagstads De nasjonale strateger frå 1998. Boka var resultat av mange års forsking og fri tenking, og er framleis ein uomgjengeleg merkestein i det norske politiske og intellektuelle landskapet. Ved å legge vekt på korleis nasjonen blei bygd av namngitte strategar i fire distinkte historiske fasar, nytolka boka heile historia om det moderne Noreg. Boka er på nær 700 sider, og kunnskapslitteratur kan ofte vere tjukke monografiar. Tjukke ikkje fordi dei er ordrike, men fordi stoffet krev eit stort omfang. Dei kan også vere stramt redigerte antologiar med eit innleiingskapittel og einskildkapittel som heng tematisk saman og formar ein heilskap. Kunnskapslitteratur kan, som vi har vore inne på, også vere fleirbandsverk. Eit døme er Brageprisvinnaren frå 2003, Norsk innvandringshistorie, med heile sju forfattarar2 som undersøkte eit lite påakta aspekt ved historia som var blitt høgaktuelt.

Dreamstime 204789974
Illustrasjon: Dreamstime

Naturvitskap og matematikk er truleg sterkt underrepresentert i den norske kunnskapslitteraturen på norsk. Dette er fordi dei fleste tema frå naturvitskapleg forsking er avhengig av å bli populariserte, ettersom fagterminologien – og for matematikkens del sjølve språket – ligg så langt unna kvardagsspråket at det krevst omfattande «omsetjing». Derfor valde Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo i si tid å engasjere poeten og matematikaren Arild Stubhaug for å skrive biografiar om Niels Henrik Abel og Sophus Lie då dei bestemte seg for å styrke den matematiske allmennkunnskapen. Og derfor har vi prisverdig nok hatt ein klar vekst i populærvitskapleg litteratur om natur dei siste tiåra, med namn som Anne Spurkland, Ylva Østby, Henrik Svensen og Anne Sverdrup-Thygeson som lysande forfattardøme.

Kven er lesarane av kunnskapslitteraturen

Kven vender kunnskapslitteraturen seg til? Vårt allmenne svar er at bøkene vender seg både til lesarar med spesialkunnskap innan temaet, såkalla fagfellar, og til interesserte lesarar utanfor denne spesialistgruppa. Vi synest Halvard J. Fossheim uttrykker dette doble omsynet godt i føreordet til boka Dialog. En filosofisk tilnærming frå i år. Han prioriterer eksplisitt dei interesserte ikkje-spesialistane. Interessa til desse lesarane har to former, presiserer Fossheim. Den eine tenkte interesserte lesaren er fascinert over tanken på kor viktig dialog er i menneskelivet, den andre er skeptisk til tomt og lovprisande snakk om dialog. Begge blir lova intellektuell valuta for pengane. Forfattaren føreset altså ei interesse som allereie er til stades hos lesaren. Viss boka skulle vekke denne interessa frå grunnen av, og dermed ta sikte på å nå eit særs stort publikum, måtte ho ha vore skriven ganske annleis.

Så kor mange les eigentleg kunnskapslitteratur i Noreg? I eit intervju om situasjonen for kunnskapslitteratur (Khrono 26.11.2021) uttalar forlagssjefen i Universitetsforlaget, Hege Gundersen, at det ikkje er nokon stor marknad for denne typen bøker.

– Vi trenger enten støtte eller kjøpere. Vi gir ut en del bøker som er viktige og vesentlige bidrag – selv om vi ikke tjener penger på dem. Det skjer. Men vi kan ikke basere driften vår på det. Der opplever vi at instanser som Fritt Ord og delvis Kulturrådet hjelper. Problemet er at vi gjerne får 30 000 der vi skulle hatt 70 000 av Fritt Ord, og om vi blir kjøpt opp av Kulturrådet er uforutsigbart.

Det finst altså restar av den gamle praksisen der forlaga ut ifrå si doble rolle som børs og katedral kan tillate seg å gi ut lite profitable bøker fordi dei får overskot frå andre delar av verksemda. Men denne førebiletlege sedvanen kan ikkje ein ambisiøs kunnskapspolitikk verken basere eller forlite seg på.

Når ein forfattar kjem til eit forlag med idé til ei norskspråkleg bok som skal vere basert på eiga, fersk forsking, vil det første spørsmålet tilbake gjerne vere: «Vil denne boka finne plass på pensumlister i høgare utdanning?» Neste spørsmål kan vere om forfattaren har med seg nokon pengar frå eige institutt eller institusjonar som til dømes Fritt Ord. Viss svaret er nei, eller berre kanskje, på begge spørsmål, ser det stygt ut for den aktuelle bokplanen. Som vi såg av sitatet ovanfor, må forlaga ha stønad eller tilstrekkeleg mange kjøparar for å gi ut «viktige og vesentlige bidrag».

Dreamstime 165651778
Illustrasjon: Dreamstime

Kunnskapslitteraturen er altså ein type tekstar som fell mellom fleire stolar. Bøkene, i alle fall utdrag av dei, kan nok hamne på ymse pensumlister, men dei er ikkje skrivne som lærebøker. Kunnskapslitteraturen har ein svak posisjon i den vitskapsbaserte publiseringsindikatoren ved universitet og høgskular. Han blir ikkje rekna som støtteverdig av sakprosautvalet i Kulturrådet. Han er derfor ikkje ein del av kulturpolitikken og inngår dermed ikkje i litteraturpolitikken. Kunnskapslitteraturen er heller ikkje tematisert i kunnskapspolitiske utgreiingar eller andre policy-dokument. Dermed veit vi lite om denne litteraturen: Kva er vilkåra for at bøkene kan bli skrivne og publiserte? Korleis blir dei distribuerte, og kven er dei faktiske lesarane? Dette er nokre av spørsmåla vi saknar svar på.

Noko anna enn vitskapsintern publisering

Vi har tidlegare i denne artikkelen forstått kunnskapslitteratur som vitskaplege tekstar som har både fagfellar og ei interessert ålmente som lesarar. Han er derfor relevant både for ei kunnskapssøkande offentlegheit og for akademiske spesialistar. Men sidan kunnskapslitteraturen høyrer heime i kunnskapspolitikken, la oss avgrense han i høve til den definisjonen av vitskaplege publikasjonar som har blitt ståande i det norske publiseringsregimet sidan utgreiinga Vekt på forsking (2004), som låg til grunn for teljekantsystemet, den såkalla publiseringsindikatoren. Her heiter det:

«En vitenskapelig publikasjon defineres gjennom fire kriterier, hvorav samtlige må være oppfylt. Publikasjonen må:
1. presentere ny innsikt
2. være i en form som gjør resultatene etterprøvbare eller anvendelige i ny forskning
3. være i et språk og ha en distribusjon som gjør den tilgjengelig for de fleste forskere som kan ha interesse av den
4. være i en publiseringskanal (tidsskrift, serie, bokutgiver, nettsted) med rutiner for fagfellevurdering.» (s. 24)3

Med små grep kan denne definisjonen av vitskaplege publikasjonar inkludere den norskspråklege kunnskapslitteraturen. Punktet om «etterprøvbarhet» vil sjeldan vere aktuelt i kunnskapslitteraturen. Det høyrer heime i evidensbasert, gjerne eksperimentell vitskap. Kravet om språk og distribusjon berre av omsyn til forskarane må modifiserast. Vi foreslår såleis ein definisjon der kunnskapslitteratur i Noreg er bøker på norske skriftspråk som blir kjenneteikna gjennom fire kriterium. Alle fire bør vere oppfylte. Ei bok innanfor kunnskapslitteraturen bør:

  1. presentere ny innsikt om eit kunnskapsområde
  2. ha ei form som gjer resonnement og resultat anvendelege i ny forsking
  3. vere i eit språk og ha ein distribusjon som gjer boka tilgjengeleg for alle lesarar som har interesse av ho
  4. vere i en publiseringskanal med rutinar for fagfellevurdering, men fagfellevurderingane må ikkje avgrensast til anonym og «dobbelt blind» vurdering, som i dei reint vitskaplege publikasjonane

Utgreiing om kunnskapslitteraturen trengst

Som vi har vore inne på, veit vi lite om stoda og utfordringane for den norskspråklege kunnskapslitteraturen. Vi vil derfor oppmode statsråden til å ta initiativ til ei utgreiing om situasjonen og moglegheitsrommet for norsk kunnskapslitteratur, slik vi her har definert denne kategorien bøker. Utgreiinga bør både kartlegge kva som faktisk har blitt gitt ut i Noreg dei siste tiåra, kva for viktige bokprosjekt som har stranda på grunn av manglande finansiering, og kva som er vilkåra for å skrive, publisere og gjere slik litteratur tilgjengeleg. Vidare bør utgreiinga gi eit oversyn over eksisterande offentlege og private finansieringskjelder for kunnskapslitteratur. Ho bør gjere framlegg om konkrete tiltak som kan auke omfanget av, kvaliteten på og utbreiinga av denne litteraturen.

La oss avslutte med å kaste ut to idear til tiltak:

  • Det blir skipa ei tilskotsordning for kunnskapslitteratur, der forlaga kan søke Kunnskapsdepartementet om tilskot til produksjonsutgifter, medrekna forlaget sitt redaksjonelle arbeid med konkrete bokprosjekt. Det skal setjast klare krav om at forlaga aktivt skal formidle og marknadsføre bøkene og rapportere frå denne verksemda.
  • I Forskingsrådet skal det under Frie prosjekt (Fripro) opnast for forskingsprosjekt som har som primært utkome å gi ut ein publikasjon etter kriteria for kunnskapslitteratur. Sekundære utkome kan vere omsetjing av boka og vidare publisering og formidling i andre format og på andre språk.

Men det offentlege skal ikkje vere åleine om å stø opp under denne litteraturen. Anders Johansens bok Komme til orde. Politisk kommunikasjon 1814–1913, som er nemnd ovanfor, er eit resultat av mange års djupdykk i arkiv, aviser og ein omfattande litteratur. Denne boka ville aldri ha sett dagsens ljos om ikkje forfattaren hadde hatt eit forskingsprofessorat som var finansiert av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO). Denne foreininga har dei siste åra tildelt arbeidsstipend til frilansforfattarar som lever av å skrive allmenn sakprosa. Til statsrådens orientering oppmodar vi foreininga til å gi eitt eller fleire tilsvarande stipend til særleg løfterike kunnskapslitterære prosjekt.

1. Hegemoniet til den vitskaplege artikkelen kan ein illustrere ved at ein gjerne kort vitskapleg artikkel på nivå 2 i teljekantordninga gir 3 publiseringspoeng, mens store kunnskapslitterære verk som Johansens Komme til orde berre gir 5 publiseringspoeng. Av og til blir omfattande kunnskapslitterære verk ikkje eingong rekna som vitskapleg publisering. Det skjedde då verket Norsk presses historie (2002), som i fire band presenterte aktuell norsk forsking om den norske pressehistoria, blei rekna som formidling i publiseringsindikatoren.
2. Knut Kjeldstadli (red.) Norsk innvandringshistorie. Bind 1–3. Oslo: Pax forlag
3. Utgreiinga kan lesast her: Vekt på forskning. Nytt system for dokumentasjon av vitenskapelig publisering