Skuggeforfattar
Illustrasjon: Unsplash

Livet på skuggesida

09.01.2023

Sakprosa er ikkje alltid ført i pennen av personen som har namnet på omslaget. Korleis arbeider skuggeforfattaren, og korleis er vilkåra for denne typen oppdrag?

I dagane før denne teksten vart ferdig, var avisene fulle av overskrifter om Therese Johaug: dopingskandalen, eteforstyrringane og langrennskarrieren, sjølvsagt, men også bryllaupsplanane, ekskjærasten ingen hadde visst om tidlegare, og forholdet til dei andre på landslaget. Sportsbiografien hennar, Hele historien, vart lansert i slutten av oktober, og overskriftene var eit naturleg resultat av profesjonell marknadsføring av memoarane til ein av Noregs mest kjende idrettsutøvarar.

Og det er sjølvsagt Therese Johaug som har namnet sitt på omslaget, og som reiser rundt på signeringsferd. Men det er ikkje ho som har skrive biografien. Det er det NRK-journalist Anders Skjerdingstad som har gjort. Denne funksjonen, ofte kalla skuggeforfattar eller ghostwriter (eller «samarbeidsforfattar», som vi så smått prøver ut her), er utbreidd, men av naturlege årsaker lite omtala. Sjølv om han er ein erfaren og dyktig journalist, er det trass i alt ikkje Skjerdingstad sitt namn som skal selje Johaug-boka.

Gradar av samarbeid

Dette er Skjerdingstads første og førebels einaste ekspedisjon ut i samarbeidsforfattar-landskapet, og det skjedde på eige initiativ, kan han røpe.

– Då eg høyrde ho skulle leggje opp, mistenkte eg at ho ville gje ut bok. Eg kontakta manageren hennar og sa at dersom ho hadde planar om det, så var eg interessert i å skrive, seier han.

Skjerdingstad har dekt heile Johaugs langrennskarriere som journalist og hadde dermed mykje av stoffet innabords. Det formelle oppdraget kom frå Gyldendal, forlaget som gjekk sigrande ut av konkurransen om kven som skulle få gje ut boka.

Skjerdingstad og johaug
Anders Skjerdingstad og Therese Johaug ved boklanseringa. Foto: Gyldendal

– I kontrakten med forlaget er «ghostwriter» tittelen min, fortel Skjerdingstad.

Forlagssjef for sakprosa i Gyldendal, Reidar Mide Solberg, hevdar at dei ikkje har noko fast omgrep for denne typen forfattarar, fordi det varierer frå bok til bok kva rolle dei eigentleg har.

– Det finst ulike konstellasjonar, frå den temmeleg anonyme ghostwriteren til løysingar som «i samarbeid med» eller «fortald til». Eg veit ikkje om samarbeidsforfattarskap er blitt meir utbreidd, men det som er sikkert, er at det er blitt meir openheit rundt det fordi det oftare blir nemnt i forord og metodekapittel og slikt. Det er bra, seier han.

Når det er aktuelt å hente inn skrivehjelp, kjem det ifølgje Solberg tidleg på bordet i samtalane med forfattaren, altså den som har namnet sitt på omslaget.

– Når dette kan vere aktuelt, spør vi gjerne rett ut: Har du lyst til å skrive sjølv, har du tid, trur du at du får det til? Ofte svarar dei ja, og då er det jo greitt. Andre gonger er det avklart frå starten at dei treng hjelp av ulike grunnar. Då er det om å gjere å finne den rette forma på samarbeidet.

Forteljing og språk

I tilfellet Johaug var Skjerdingstad inne i prosessen frå starten av. Dersom Johaug nokon gong vurderte å føre pennen sjølv, så vart det aldri sett ut i livet.

– Etter første samtale med Johaug og manageren hennar visste eg kva slags bok det skulle bli, og kva element som skulle med. Og eg merka tidleg at ho ville fortelje ting som korkje eg eller andre sportsjournalistar hadde fått med oss gjennom karrieren. Det at ho ville vere såpass open, gjorde at eg visste det ville bli ei bra bok, seier han.

Skjerdingstad skreiv boka på godt og vel tre månader medan han var i permisjon frå jobben.

– Vi brukte første dagen på å lage ei tidslinje: Kva for hendingar og menneske er viktige? Så har vi snakka oss gjennom karrieren kronologisk. Mykje har vore avhengig av kor god tid Therese har hatt, og kor mykje eg var ute etter. Det er grenser for kor mykje eg greier å fylle hovudet med på same tid.

Det var han som tok styringa på intervjua. Samstundes har han leita i arkiv for å friske opp detaljar om kva som skjedde for mange år sidan. I tillegg kjem det språklege arbeidet.

– Det er Therese som fortel, og ho snakkar brei dialekt. Så vi har prøvd å finne eit språk som ligg så nær hennar taleform som råd, utan at det kjem i konflikt med norsk rettskriving. Til dømes fleirtalssubstantiv som «åra» og «skia». Ho skal føle at det er hennar ord, det skal ikkje vere nokon Saabye Christensen-roman.

Kreditering eller ikkje?

Sidan det var første gongen Skjerdingstad prøvde seg som ghostwriter, kan han ikkje seie mykje om kor representativ prosessen har vore. Men det er det andre som kan. Aina Kristiansen har vore samarbeidsforfattar på fleire bøker og har etter kvart danna seg meiningar om kva som fungerer og ikkje.

– Første gongen starta det med at eg kom i snakk med ein redaktør i eit forlag på ein middag, og ho spurde om vi ikkje kunne ta ein kaffi ein dag. Då hadde dei eit prosjekt klart. Eg gjekk inn for ein kaffi og kom ut med munnleg intensjonsavtale etter 18 minutt, fortel ho.

Aina kristiansen
Aina Kristiansen. Foto: Bård Gundersen / Tun Media

Prosjektet var ei sakprosabok der ein profilert tv-kjendis står som forfattar på omslaget.

– Men eg har skrive dei aller fleste orda i den boka, seier Kristiansen.

Igjen er det ho som tek styringa på samtalane med «forfattarane». Dei er gjerne mindre formelle enn journalistiske intervju, som ho også er godt kjend med.

– Det har vore ein medviten strategi frå mi side. For at ein skal få mest mogleg ut av folk, må dei kjenne seg komfortable. Og så startar eg ikkje nødvendigvis med det som blir starten på boka, men med det som treffer meg mest. Dermed får eg ein god utgangsfart, seier ho.

I den første boka ho skreiv, står ikkje namnet hennar nokon stad.

– Det med kreditering kom litt bardust på, for vi hadde ikkje snakka om det, og det var ikkje rom for å gjere noko med det etterpå. Då lærte eg at det er noko ein skal ta opp tidleg.

Det gjorde ho då ho seinare var samarbeidsforfattar på boka Når timene flyr – tips og triks for å få det gøy på jobben av Stine Trygg-Hauger. Der er Kristiansen kreditert «i samarbeid med», rett nok ikkje på omslaget, men på tittelsida inne i boka.

– For meg er det viktig at orda ein bruker, reflekterer den faktiske rollefordelinga i kvart prosjekt. Det er forskjell på ei bok som er skriven «i samarbeid med» og ei bok som er «fortald til», og difor prøver eg å få eit klart bilete av kva type prosjekt det er, før eg skriv kontrakt. Etter den første boka har eg alltid prata med både redaktør og den eg skriv med eller om, for å finne den rette formuleringa i kvart høve, seier Kristiansen.

Ifølgje Reidar Mide Solberg i Gyldendal er altså praksisen med den heilt anonyme ghostwriteren på veg ut. Samstundes har vår vesle rundspørjing vist at graden av openheit kring samarbeidskonstellasjonane er høgst ulik frå bok til bok, og frå forfattar til forfattar. Det verkar openbert at spørsmålet om kreditering ofte er eit ømtolig punkt – og noko det fort blir opp til samarbeidsforfattaren å ta opp.

Må finne innhaldet

– Du spør korleis samarbeidsforfattarskap fungerer, men det er som med alle prosjekt, at ingen er like. Nokre gonger deltek forfattaren mykje, andre gonger ikkje. Då meiner eg altså den som har namnet sitt på boka.

Det seier Even Vaa, forfattar og musikkprodusent som har vore samarbeidsforfattar på ei rekkje bøker, mellom anna Mental rehab: Fem steg til en fantastisk hverdag av Erik Bertrand Larssen (2021), Mustafa – ikke norsk nok av Mustafa Hasan (2022) og dei to bøkene til programleiar og tidlegare fotballspelar Mads Hansen.

Even vaa foto stig jensen
Even Vaa. Foto: Stig Jensen

– Mange av bøkene eg skriv, har forfattarar som aldri har skrive bøker før, der det litterære er heilt ukjent terreng. Dei blir usikre berre av å vite at dei skal gje ut bok. Om ikkje eg er der då, så blir det inga bok, seier Vaa.

I essayet «Vi som er skygger av andre» frå Prosa 2/2017 skriv sakprosaforfattar Christopher Hals Gylseth om sine erfaringar som samarbeidsforfattar. Der kjem han også med nokre konkrete råd. Eitt av dei er: Sørg for at forfatteren har noe på hjertet. Ghostwritere kan ikke trylle!

Det kan Vaa signere på.

– Eg er jo avhengig av innhald for å levere. Det har hendt at eg ikkje får så mykje innhald og må skape ein del på eiga hand. Men generelt bruker eg å planleggje nokså mange intervju, lage tematisk disposisjon og førebu forfattaren på kva vi skal gjennom i kvar samtale.

At kjemien mellom han sjølv og forfattaren stemmer, blir ein føresetnad.

– Eg kan jo bli frustrert, og det kan sikkert forfattaren også, og viss eg då ikkje har god kjemi i intervjusituasjonen, blir det utruleg vanskeleg å få noko stoff ut av vedkomande.

Å stå i midten

Vaa ber om orsaking for at han ikkje har nokon saftige historier om krangling og steile frontar og samarbeid som skjer seg. Det har forresten ingen av dei vi snakkar med i denne saka. Anten er alle i denne bransjen så profesjonelle at konfliktar aldri oppstår (og det må det vere lov å stille seg tvilande til), eller så er dei så profesjonelle at dei ikkje ser nokon grunn til å snakke høgt om konfliktane.

Reidar mide solberg (2)
Reidar Mide Solberg. Foto: Gyldendal

– Men det har vore mange diskusjonar om retning på prosjekta, og det er ofte dei som gjer at det blir bra, for då er det noko som er viktig for forfattaren. Han eller ho skal jo stå inne for boka, like mykje som eg. Men til sjuande og sist er eg på team redaktør, så når prosjektet blir drege i ulike retningar, må vi saman prøve å få forfattaren på rett kjøl, seier Vaa.

Men kva om heller ikkje samarbeidsforfattaren og redaktøren er samde?

– Forfattaren er den som set namnet sitt på boka, og det vil seie at dersom det verkeleg dreg seg til, er det forfattaren som har siste ordet i samarbeidet mellom forfattar og ghostwriter, seier Solberg i Gyldendal.

Det er ikkje så ofte dei opplever lojalitetsskvis, hevdar han.

– Men føresetnaden er at premissane for samarbeidet er tydelege. Det er viktig at alle har ei klar rolleforståing frå starten av.

Pengespørsmålet

– Ja, vi må vere tydelege frå starten av på kva vi vil ha, istemmer Andreas Hatlevik, sjef for sakprosa i Bonnier.

– Så er det redaktørens ansvar å syte for at prosjektet blir som vi har sett for oss. Alle som er involverte, har jo ei god bok som det øvste målet.

Strategien for å få det til, fortel Hatlevik, er å skape best moglege forhold for dei som lagar boka. Og i forlenginga av det ligg jo spørsmålet om pengar farleg nær. Kva er eigentleg rådande ghostwriter-takst? Og kjem det i form av ein eingongssum med takk for innsatsen, eller dryp det inn royalties også?

Andreashatlevik2 bw foto jarlijordan
Andreas Hatlevik. Foto: Jarli & Jordan

– Vår innstilling er at inntektene skal delast mellom alle som har medverka, altså i form av royalties, slik det er regulert i Normalkontrakten. Det er opp til forfattaren, men vi oppmodar forfattaren om å dele royalties med samarbeidsforfattaren, og som oftast gjer dei det, seier Hatlevik.

– Det er vanskeleg nok for éin forfattar å leve av å selje bøker, kva då når det blir fleire?

– Modellen med samarbeidsforfattar er jo noko vi må bruke på prosjekt som vi trur kan selje bra. Slikt kan ein rett nok aldri vite, men vi set ikkje i gang med det med mindre vi har tru på det.

– Pengegreiene varierer, så der må eg stå på mitt i forhandlingane, seier Even Vaa.

– Er det ein veldig kjend person eg skriv for, veit eg jo at her er ein sjanse til å tene litt pengar, og då må eg passe på å få ei ordning som gjer at eg kan dra nytte av det.

Aina Kristiansen har vore innom alle løysingane, inkludert ein variant der ho redigerte og strukturerte ferdigskriven tekst og fekk betalt for eit visst tal arbeidsveker etter at ho oppgav vekesprisen sin.

– Men eg skulle gjerne kjent til nokon som visste korleis ein forhandlar om denne typen kontrakter. Eg anar ikkje kva som er normal pris. Alle jobbar for seg sjølve på ei øy. Eg har vore heilt skamlaus til å spørje folk kva dei tek. Og bydd på det same tilbake, for vi står jo sterkare når vi veit. Det klart vanskelegaste er å stå åleine i den forhandlingssituasjonen.

Ingen konkrete beløp kom fram i arbeidet med denne saka, men inntrykket som står att, er at det er stor variasjon både når det gjeld nivå og innretting på betalinga. Mykje tyder på at eingongssummar er nokså vanleg. Truleg er det, som i alle bransjar der frilansing er utbreidd, fort gjort for samarbeidsforfattarar å underprise seg, særleg før ein har samla tilstrekkeleg erfaring til å vite kor mykje tid eit prosjekt kjem til å ta.

Mykje tyder også på at samarbeidsforfattarane er overlatne til seg sjølve i forhandlingane, og kanskje ikkje veit kvar dei kan vende seg med spørsmål. Juridisk rådgjevar i NFFO, Juliane Strøm Killengreen, fortel at ingen spørsmål om ghostwriter-avtalar har hamna på hennar bord i år.

– Hadde vi fått slike spørsmål, ville nok dette med honorar vore sentralt – om det skal vere eingongssum eller royalties, og kva som skal skje dersom boka blir ein salssuksess. Men sidan vi ikkje har fått konkrete spørsmål, har vi ikkje teke tak i problemstillinga, seier ho.

Å gje stemme til andre

Men kva med sjølve skrivinga? Korleis er det å vere profesjonell skrivar, og så skulle låne ut stemma si til eit anna menneske?

Anders Skjerdingstad meiner at når ein ser vekk frå formelle ting som kvar det juridiske ansvaret for innhaldet i boka ligg (hos forlaget), og at ein ikkje treng å balansere historia med andre stemmer enn hovudpersonens, så liknar intervjumetodikken og skrivemåten mykje på journalistikk som han driv med til dagleg.

– Den største forskjellen er at ei bok har mange fleire adjektiv, meir skildring. Nyhendespråket er jo veldig knapt og konkret.

Også Aina Kristiansen merkar forskjellane frå journalistspråket.

– Det kjennest naturleg å bruke meir biletskapande språk. Og eg må sette meg veldig inn i personens tone og intensjon, forteljinga skal kome frå deira stad, ikkje frå ein objektiv stad og ikkje frå meg.

Då ho skreiv boka To pappaer – en historie om kjærlighet, surrogati og familie (2022), som for det meste er halden i tredjeperson, skreiv ho nokre kapittel i eg-form for begge dei to pappaene i boka, Knut Pelerud og Kjartan Haugen.

– Det er interessant, men vanskeleg å lande på rett tone. Eg kan ikkje berre dure i veg på nøytralt språk, eg må spørje kva ord dei ville ha valt. Når eg greier å finne deira tone og språk, kjennest det frigjerande å leve seg inn i ein annan persons liv og syn på verda.

– Ein god samarbeidsforfattar må ha eit stort språkleg repertoar, seier Reidar Mide Solberg i Gyldendal.

– Du skal vere trygg på ulike språklege verkemiddel for å kunne fange grunntonen til eit anna menneske. Særleg dersom forlag eller forfattar ikkje er heilt nøgd og ber om at det blir teke grep. Då må du forstå kva det vil seie, og det er ein kompetanse.

Han meiner at dersom det stemmer at samarbeidsforfattarskap er meir brukte no enn før, så er det all grunn til å bruke meir plass på å diskutere dei.

– For det kan vere ein vanskeleg jobb dersom det ikkje er gjort gode avklaringar. Men det kan også vere ein kul jobb. Og eg meiner at for ein god del typar bøker og forteljingar så er det kjempebra at vi har desse verktøya som gjer at dei forteljingane kjem ut.