A history of the heart nettet

Hjertet – ei omsettingshistorie

07.06.2012

Verken Spartacus forlag eller eg hadde førestelt oss at Hjertets kulturhistorie skulle nå utover Noregs landegrenser i særleg grad. For fleire forlag sa først nei til å gi ut boka, og den første omsettinga sat langt inne. Boka er nå seld til 19 land og blir i år omsett til kinesisk og amharisk.

Det er i baren eller badstua det skjer, heiter det. Det er ikkje ofte eg er i baren, men denne kvelden var eg det, i embets medfør, saman med Øyvind Berg, som var på gjesting i Bø for å undervise saman med meg på forfattarstudiet. Praten kom inn på Sigrid Undset og hennes kjente ord om at menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dage. Den påstanden kunne eg godt tenke meg å gjere opp med. – Så gjer det på litteraturfestivalen, foreslo Øyvind, som da sat i leiinga for Litteraturfestivalen på Lillehammer. Foredraget vart det seinare bok av. Men ikkje utan vidare. Arbeidsvilkåra var vanskelege under skriveprosessen. Utan eit NFF-stipend hadde det neppe blitt bok. Desse NFF-stipenda er viktigare enn ein skulle tru, relativt kortvarige som dei er. Men NFF-stipendet gav meg tilstrekkeleg ro i ein viktig fase til å strekke kjølen for verket. Resten var jamt og trutt arbeid innimellom alt anna. Manuset vart sendt til dei gamle forlaga mine. Ingen av dei ville gi ut boka. Heller ikkje Universitetsforlaget. Men eg fekk nyttige konsulentmerknader og ei ny forlagsadresse av ein velvillig redaktør, som rådde meg til å sende manus til Spartacus forlag.

A history of the heart nettet
Ole M. Høystad "A History of the Heart" Oversatt til engelsk av John Irons. Reaktion Books 2007.

Kvifor ville ikkje dei andre forlaga gi ut boka, og kvifor vart det likevel bok? Svaret gav forlagsredaktøren min, Frode Molven, som såg potensialet i boka: ”Men da skal du skjere boka ned med 100 sider, kutte ut brorparten av fotnotane og skrive i ein allmenn prosastil. For hjertet er eit emne av allmenn interesse”. Det har med formidling og stil å gjere, som ikkje blir vektlagt i akademiske avhandlingar, berre referansane og stammespråket er i orden. Det verka frigjerande for stoff og tankar å kunne skrive i ein friare stil enn den konvensjonelle akademiske.

Slumpelykke eller målretta arbeid?
Men omsetting? I Noreg har vi ein institusjon som forfattarar og forlag i mange andre land misunner oss, NORLA, som ikkje er berre postkasse, men har aktive bokformidlarar og ambassadørar for norske bøker, også fagbøker. For verken eg eller forlaget hadde tenkt omsetting, men det gjorde NORLA, som introduserte boka for utanlandske omsettarar. Ein tysk omsettar tente på boka, og tok direkte kontakt med eit velrenommert tysk forlag, som ville gi ut boka etter ei anbefaling frå ein kjent professor ved Humboldt-Universität i Berlin. Men det var avhengig av trykkingsstøtte frå Noregs forskingsråd (NFR). Nå skulle stilvalet straffe seg, for den eine, den svenske konsulenten, meinte boka ikkje var vitskapleg nok. Sidan den danske konsulenten meinte dette var vitskap på høgt internasjonalt nivå som tematisk fylte eit hòl i faglitteraturen, gjorde NFRs trykkingsutval om sitt første avslag etter min merknad.

For at ei bok skal bli omsett, er det ikkje alltid nok at temaet er av interesse, ho må også ha eit perspektiv og formidlingsgrep som skjerpar interessa. Alle har eit hjerte. Mitt særlege grep var å bruke hjertesymbolet som prisme ikkje berre for korleis hjerteoppfatninga, men også kjensleliv, menneskesyn og kulturar har endra seg og påverka kvarandre. Det seier seg sjølv at den første omsettinga er viktig for at det skal bli fleire – og at ho blir godt motteken. Den tyske omsettinga Kulturgeschichte des Herzens (Böhlau Verlag 2006) fekk gode meldingar i dei største tyske avisene og i ei rad med store tyske regionaviser. Dette var nok utslagsgivande for at Reaktion Books i London ville omsette boka til engelsk. Og når boka først er omsett til to hovudspråk, går det lettare. Men det er få bøker som sel seg sjølv. Omsettingane, og ikkje berre av fagbøker, må ha fødselshjelp. Omsettingsstøtta frå NORLA er oftast ein føresetnad, like så den profesjonelle måten denne blir formidla og forvalta på.

Men skal ein få i stand omsettingar til fleire eller mange språk, krev det ei tettare oppfølging av ei bok enn det NORLA kan stå for. Da treng boka sin eigen bokagent, som kan ta direkte kontakt med utanlandske forlag og framheve bokas kvalitetar. Det er Eirin Hagens (Hagen Agency) forteneste at Hjertets kulturhistorie er omsett til så mange språk. Bokagentane er på sett og vis bokas grå eminensar som arbeider con amore i det stille for at kvalitetsbøker på eit lite språk i hjørnet av Europa skal kunne nå ut til resten av verda.

Forfattar og omsettar
Det er også bokagenten som formidlar kontakten mellom meg som forfattar og omsettarane, og opplyser at forfattaren har sagt seg villig til å svare på spørsmål og samarbeide om omsettinga, dersom det er ønskjeleg. Over halvparten av omsettarane har nytta seg av dette høvet. Eg har stor respekt for dei omsettarane som greier seg utan assistanse frå forfattaren. For samarbeid kan spare omsettarane for ein del arbeid (særleg med referansar) og på ymse måtar kvalitetssikre omsettinga, da eg dreg vekslar på fleire fagtradisjonar med sine eigne fagtermar. Eg opererer til dømes med eit antropologisk system der distinksjonen mellom medvit, forstand, fornuft, ånd og sjel skal plasserast i forhold til retorikkens logos, etos og patos, pluss kjenslene liding og medliding. Eit samarbeid kan hindre misforståingar og mellom anna oppklare at medliding tilsvarer medlidenhet på bokmål. Eg har funne feil i eit par omsettingar der det ikkje har vore samarbeid. For at det skal bli gode omsettingar, er ein avhengig av at dei utanlandske forlaga har sikra seg dyktige omsettarar. I mitt tilfellet spela det ei positiv rolle at den engelske omsettinga var så god at ho fekk ein pris, for fleire omsettarar har støtta seg til den. Også her spelar nok slumpen ei rolle, positivt og negativt. Eit godt samarbeid krev at forfattaren kjenner si rolle og aldri gløymer at det er omsettarens omsetting. Samarbeidet må vere på omsettarens vilkår; forfattaren skal svare på spørsmål og vise respekt for omsettarens arbeid, ikkje meir. Det er på mange måtar eit privilegium å få samarbeide med omsettarane på denne måten. For mange av omsettarane er på høgd med boka og kjenner ho stundom like godt som forfattaren. Det utviklar seg såleis ofte eit nært forhold mellom omsettar og forfattar.

Omsettarane er også bindeleddet mellom forfattaren og det utanlandske forlaget, som kan ha sine ønske. Dette har resultert i at fleire av omsettingane har fått eit eige tillegg om hjertetradisjonen i det språk- og kulturområdet som omsettinga høyrer til. Den tyske omsettinga fekk såleis eit eige tillegg om Goethes hjerteoppfatning og hans forhold til islam og persisk dikting (der hjertet er eit sentralt symbol). Til den engelske utgåva (2007) skreiv eg etter ønske frå Reaktion Books eit eige kapittel om hjertetransplantasjonar og eit om Heart of Darkness, som endar med ei aktualisert setning: Den som drep sitt eige hjerte, vil ende opp med å drepe andre menneske, tillegg som også er tatt inn i den utvida bokmålsutgåva. Til den påkosta koreanske utgåva skreiv eg eit eige kapittel om hjertets plass i dei asiatiske høgkulturane. Eg skriv stadig på hjertehistoria. Boka aktualiserer såleis forholdet mellom det kulturspesifikke og det universelle hjertespråket, på tvers av alle språkgrenser. Den taler iallfall ikkje til pengeboka, for det er ingen som er blitt rike av denne omsettinga; ingen av utgivarane har meint dei skulle bli det heller (den norske originalen er seld i nokre få hundre eksemplar). At bøker som taler til hjertet, likevel kan nå langt ut, betyr vel …. Ja, kva betyr det?