Prosa #6 2021: Tru og liv

06.12.2021

Med temaet tru og liv rettar årets siste Prosa søkelyset mot sakprosa som tek opp dei store, eksistensielle spørsmåla.

«Hugo Lauritz Jenssen ble målt i gråsoner og førdømt med harme,» skriv Simen Sætre. Han har sett nærare på grunnlaget for skuldingane om «kunnskapstyveri» mot forfattaren av En samisk verdenshistorie i 2019. Han meiner at sakprosaforfattarens fridom må forsvarast. På leiarplass skriv redaktør Merete Røsvik at det mest alvorlege med denne saka er at ingen stilte spørsmål ved den etter kvart unisone fordøminga av forfattaren. Prosa følgjer opp med paneldebatt mellom Jenssen, Sætre og Bernhard Ellefsen (Morgenbladet) i januar.

Kjetil Røed har lese kristen sakprosa og spør kva som skal til for at desse bøkene vert relevante og gode for ein lesar som ikkje har same livssyn. Frida Skatvik har intervjua Lene Ask om arbeidet med teikneseriedokumentaren O, bli hos meg, som skildrar misjonærbarns minne frå internatskular i utlandet.

Christine Hamm har lese samlinga av artiklar og gratulasjonsskriftet som kom ut i høve Dag Solstads 80-årsdag med blikk for ideologi. Ho konkluderer med at sjølv om Solstad gjerne vil bli hugsa som kommunist, så ligg trua hans på modernismen ligg meir ope i dagen. Kommunismen er likevel integrert i litteratursynet hans.

Eksistensielle og moralske spørsmål pregar også kritikkseksjonen. Her kan du lese:
Sunnev Gran om Åshild Mathisen: Ingen søndagsskole. Tro, makt og strid i Kristen-Norge
Ragnar Misje Bergem om Gunnar Skirbekk: Religion i moderne samfunn
Berit Austveg om Kjersti Sandvik og Grete Fatima Syéd: Hva snakker vi om når vi snakker om abort? og Bjørn M. Hofmann, Eivor A. Oftestad og Morten Magelssen: Hva skal vi med fosterdiagnostikken? Fosterdiagnostikkens etikk
Gry Cecilie Lund om Espen Gamlund: Kunsten å moralisere
Morten Harper om Erle Marie Sørheim: Karikaturenes historie. Fra hulemalerier til Charlie Hebdo
Erik Steineger om Klaus Høiland: Livets opprinnelse – teorien om hvordan alt oppsto og utviklet seg; Håvard Kauserud: Soppriket. Historien om hvordan soppene erobret jorda og Dag O. Hessen: Liv. Historien om universets mest spektakulære oppfinnelse
Vibeke Riiser-Larsen om Carlo Rovelli: Helgoland
Øivind Klungseth Zahlsen om Jostein Gaarder: Det er vi som er her nå – En livsfilosofi
Aasne Jordheim om tidsskriftet Stille stunder. For heimen og skulen og kyrkja.

I spalten Sakprosa i verda skriv Øyvind Strømmen om boikottdebatt ved Frankfurt bokmesse, og i spalten Blomar i bruksprosa er emnet denne gongen kyrkjelydsblad. I debattseksjonen skriv Marit Synnøve Krogtoft om referansestilen Chicago medan Jon Langdal svarar Håvard Friis Nilsen i debatten om Knut Hamsun.

Framsideillustrasjonen til dette nummeret er teikna av Elena Wong.