Prosa 2022 4 framside

Prosa #4 2022: Nye format

08.09.2022

Lydbøker, ebøker, “digitale ressursar”, podkast, film – sakprosaen kan boltre seg i ei mengd ulike format som ikkje eksisterte for berre kort tid sidan. I haustens første Prosa ser vi nærare på konsekvensane.

I Prosa #4 22 ser vi på problemstillingar kring bruk av sakprosa i format som lydbok, dokumentarfilm og podkast. Mange av artiklane vitnar om at utviklinga ikkje berre har bydd på mogelegheiter, men også ein kompleksitet som kan vere krevjande.

Linn-Birgit Kampen Kristensen fortel, basert på eiga forsking, at lesarar vekslar meir mellom ulike format enn før, tilpassa både praktiske behov og innhaldet i bøkene. Ho meiner at tilgang til lydbøker via strøyming vil bli viktig for å kapre publikum til nye utgivingar.

Ulike format gir ulike opplevingar av innhaldet i ei bok. Gro Jørstad Nilsen har lytta til fjorårets Bragepris-vinnar i sakprosaklassen og meiner at essayforma i Lena Lingrens Ekko ikkje fungerer like godt som lytteoppleving som den gjorde ved lesing.

Elin Lindberg er inne på liknande problemstillingar i omtalen av læreverk som digital ressurs og lydfil. Det er heller ikkje alle forfattarar som får eit forlag med på satsing i mange format, og Kjerstin Gjengedal skriv om korleis nokre av desse sjølv står for innspeling av lydbok. Desse tekstane viser dessutan korleis innlesing er blitt ein flaskehals i produksjonen.

Formidling av sakprosa i nye format reiser også etiske problemstillingar kring kjeldebruk, spesielt for film og podkast som i form ofte ligg ein stad mellom underhaldning, journalistikk og sakprosa.

– Vi har svak kunnskap om og tradisjon for å ivareta sakprosa i filmen, seier forfattar og regissør Nina Grünfeld i samtale med Kaja Schjerven Mollerin. Ho fortel også om sin eigen bruk av rekonstruksjon i dokumentar.

Podkast er eit format både Linn-Birigit Kampen Kristensen og Øyvind Strømmen meiner har potensial som sakprosasjanger. Men, som Strømmen skriv i spalta Sakprosa i verda, har det vore fleire tilfelle av at sakprosaforfattarar meiner seg plagierte i podkast. I leiarartikkelen skriv Merete Røsvik: «På skulen lærer alle no om kjeldekritikk, men korleis dette blir praktisert i media, har stor signaleffekt. Gitt populariteten podkastmediumet har fått, vil det bety mykje om det blir like sjølvsagt for produsentane å opplyse om skriftlege kjelder som det er å namngi intervjuobjekt.»

Nummeret inneheld også ein artikkel om den fagspråklege nettsatsinga Termportalen, eit bokessay av Simen Sætre om true crime og eit bokessay av Zahir Athari om sjølvbiografiar av samfunnsdebattantar med fleirkulturell bakgrunn.

I kritikkseksjonen kan de også lese:
Jørgen Moltubak om Ole Petter Hjelle: Det digitale dopet – hvordan bli kvitt skjermavhengigheten
Erik Steineger om Dave Goulson: Den tause planeten
Aasne Jordheim om Bokvennen Litterære Avis og BLA-podden.

Framsideillustrasjonen er teikna av Elena Wong.

Design: Johanne Hjorthol.