

I det moderne medielandskapet har kritikken tapt slaget om merksemda og ressursane. Kan han reise seg att?
Lat oss starte med ein påstand: Aviskritikkens gullalder, om han nokon gong har eksistert, er forbi. Ja, heile kulturfeltet er blitt nedprioritert i dagspressa, i den grad at då medievitarane Leif Ove Larsen og Vilde Ellingsberg nyleg kartla stoda og utviklinga for kulturstoffet i norske papir- og nettaviser dei siste femten åra, valde dei tittelen «Den usynlige kulturjournalistikken» .
Men derifrå melder spørsmåla seg: Kva er konsekvensane? Kva driv utviklinga? Er det eigentleg eit problem så lenge sosiale media flyt over av anbefalingar? Og ikkje minst: Kan vilkåra endrast – og av kven?
Framsidas diktatur
– Eigentleg tok det lang tid før digitaliseringa av mediebransjen slo inn i kulturjournalistikken, seier Larsen, som er professor ved Universitetet i Bergen.
– Men det som skjer i kjølvatnet av digitaliseringa er at redaksjonane oppdagar at visse typar artiklar blir veldig lite lesne. Det får konsekvensar for prioriteringane.
I 2008 kom antologien Kulturjournalistikk. Pressen og den kulturelle offentligheten, som Larsen var medredaktør for. Sjølv bidrog han med ei analyse av kulturstoffet i sju norske papiraviser i perioden 1964–2005. Då vaks kulturjournalistikken sterkt, hovudsakeleg innanfor populærkultur, men utan at det gjekk ut over «finkulturen» og kritikken. Men så kom altså internettet.

– Då måtte avisene tenkje på kva som fungerte digitalt, og korleis stoffet måtte presenterast for å vekke interesse hos lesarane, seier Larsen.
– Måten folk flest les nettaviser på, er at dei sit med telefonen og skrollar nedover på framsida. Dei færraste skrollar lenger enn 12–15 saker, og er ikkje artikkelen din der, blir han ikkje lesen.
Usynleggjer kulturen
Konsekvensen, fortel han, er at redaksjonane har dreia kulturdekninga vekk frå estetisk orientert stoff, og mot kulturnyheiter, som blir laga av journalistar, ikkje kritikarar.
– Tidlegare hadde alle aviser tilsette kritikarar. No har dei nokså små kulturredaksjonar som består av journalistar, medan kritikarane er frilansarar, seier han.
Kartlegginga viser at talet på kulturartiklar i dei dagsavisene som er undersøkt, er meir enn halvert i perioden 2008-2022. Nyhendesaker om kultur er redusert med 29 prosent, kritikkar med 40 prosent.
Det får ringverknader, meiner Hilde Halvorsrød, styreleiar i Norsk kritikarlag.
– Vanlegvis ville ein hatt ei fordeling der kulturtidsskrifta dekkjer den smale kulturen. Men når dagsavisene sluttar å dekkje det breie, får tidsskrifta eit større ansvarsområde, utan meir pengar til å gjere jobben. Den overordna bekymringa er at alt anna enn amerikansk populærkultur blir usynleg.
Eit behov for å kritisere
I 2023 bestilte Kritikarlaget ein rapport om utviklinga for kritikken i aviser og tidsskrift dei siste femten åra. Kritikarar som vart intervjua, uttrykte liknande uro for kva som skjer med den offentlege samtalen når kritikken forsvinn, til dømes:
Jeg synes det er vanskeligere å skrive en anmeldelse selv også, når jeg tenker at dette er det eneste som blir sagt offentlig om denne boka. Det kommer en type ansvar inn, som man ikke kan tenke på når man er kritiker, det nytter ikke å skrive på den måten, men det sniker seg på likevel.
Men samtalen om kulturuttrykk har ikkje forstumma. Aldri har så mange hatt meiningar om kulturprodukt, i så mange former og gjennom så mange medium. Eirik Vassenden, professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen og forfattar av boka Kritikerens spøkelse. Om kunsten å felle smaksdommer i det 21. århundret (2023), meiner vi har eit grunnleggjande behov for å, ikkje berre skilje mellom det vi likar og ikkje likar, men også fortelje om det.

– Går ein ut av kinosalen og lyttar til kva folk snakkar om, så er det kva ein har kjent og meint undervegs i filmen. Det behovet slepp vi ikkje unna, uavhengig av kva vi måtte meine om kritikken som sjanger og om det er økonomisk berekraftig å prioritere i media, seier han.
Frå autoritet til kulturkrig
Korleis skal ein då forstå påstanden om at lesarar er så uinteresserte i kritikk at det ikkje er økonomisk forsvarleg å publisere det?
– Ei mogleg forklaring kan vere at kritikken ikkje lenger dekker det behovet han dekka då all informasjon om kulturprodukt kom frå avisa. Når alle kan nå ut til alle, har ikkje kritikaren same autoritet. Kvifor skal eg lese ein lang og omstendeleg tekst som eg må betale for, når eg heller kan lese det naboen har skrive på eit sosialt medium? illustrerer Vassenden.
Konsekvensen av å slik overlate feltet til marknaden, blir at kulturen med mest pengar i ryggen, får all merksemda, medan dei med små budsjett, druknar. Kvalifisert kritikk er med på å korrigere dette, men dersom redaksjonane berre melder dei store namna, forsvinn effekten.
– Det blir ein vond sirkel: Ein omtalar det som allereie har fått merksemd, fordi det har fått merksemd, seier han.
Kritikk er mykje meir enn ei anbefaling på Facebook, meiner Halvorsrød i Kritikarlaget:
– Poenget med kritikk er at eit menneske med kjennskap til eit felt, opplever eit kunstverk og seier noko om det som også er interessant for dei som ikkje har opplevd kunstverket. Kritikk er eit møte, som også må stå seg som tekst.
Men parallelt med at kulturjournalistikken er på retur, meiner Vassenden å spore ein tendens til at sakprosa får meir merksemd.
– Her kan ein mistenke at visse typar kulturkrigslogikkar gjer seg gjeldande, ved at ting som omhandlar saker det er stor usemje om, får bein å gå på: Til dømes debattbøker som etterlyser maskuline rollemodellar for gutar, eller freistar å analysere korleis velferdsstaten går bankerott fordi han ikkje meistrar bedriftsøkonomi, seier Vassenden.
Meldingane av den meiningsberande sakprosaen kan så skape debattar i andre fora.
– Så dei opnar for andre sjangrar og ulike typar kritikk.
Det veks i nisjane
Bakom halveringa av kulturjournalistikken finn Larsen og Ellingsberg ei «nisjifisering»: Klassekampen og Morgenbladet (kulturtidsskrifta var ikkje inkluderte i studien) har gått i motsett retning og auka både kritikken og opplaget.
– Aviser som Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad har framleis kulturredaksjonar, men prioriterer kulturnyhende frå eigne regionar. Det eg tykkjer gjev mest grunn til uro, er at dei store tabloidavisene har gitt opp ein viktig del av kulturjournalistikken og gått langt i retning av rein kjendis- og underhaldningsjournalistikk, seier Larsen.
I det store biletet kan ein dessutan vanskeleg overvurdere kor viktig NRK er, meiner han. Ifølgje kartlegginga er nesten halvparten av norske kulturjournalistar tilsett i NRK.
– NRK er det einaste mediet som verkeleg når heile befolkninga, folk med både stor og liten kulturell kapital. Dokumentarserien om Nerdrum-familien og underhaldningsserien Portrettmesterskapet er ting som får folk til å sjå på og snakke om kunst og kultur på nye måtar. Slik lykkast NRK i å setje det på dagsorden, seier han.
Målretta satsing
Så har då også ei rad aviser meldt Nerdrum-serien i spaltene.
– Når det er mykje snakk om noko i nyhendebiletet, vil folk gjerne ha ei god fagleg vurdering av verket som var utgangspunktet. Då ser vi tydeleg at kritikk kan by på noko anna enn nyhendesaker og kommentarar, seier kulturredaktør i Aftenposten, Cecilie Asker.

Aftenposten skil seg ut mellom dagsavisene ved å framleis ha ein solid kulturredaksjon som inkluderer kritikarar, og ved å publisere mykje kritikk. Asker fortel at det kan dei gjere fordi dei har satsa målretta på å utvikle kritikken, i første omgang ved å ha ein «digitalt først»-strategi: All kritikk blir no publisert etter kvart digitalt, og så kjem dei på papir i laurdagsvedlegget.
Og med digital publisering følgjer ei tilpassing av tekstane.
– I papiravisa veit du at dette er ein kritikk fordi han har eit visst format og står på kultursidene. Ein digital kritikk kan du ha fått via Facebook eller Google, og då må titlar og ingressar vere sjølvforklarande og dra folk inn, seier Asker.
Betalingsvillige nordmenn
Men hjelper det å pøse kritikkane ut på nett dersom dei må slåst med nyheitene om plassen på framsida?
– Sjølv den mest interessante meldinga vil alltid bli trumfa av hendingsnyheiter. Difor satsar vi på ulike utløp, til dømes nyheitsbrev, som er eit format vi må utforske meir, seier Asker.
Ei viktig endring som har skjedd dei siste ti åra, er at nordmenn har vendt seg til å betale for digital journalistikk.
– At Aftenposten er eit abonnementsprodukt, har vore bra for kritikken. Å jakte på klikk eller lage saker som skal gå viralt, er ikkje lenger interessant – og dei tinga som går viralt, finn jo folk gratis uansett. Men vi har dyktige profilar og kan levere ting du ikkje får andre stader. Vil du lese Ingunn Øklands analysar, er det her du finn dei, seier Asker.
At kritikken som sjanger framleis har verdi, er ho ikkje i tvil om. Og verdien blir større når det blir meir av det, fordi det gjev ein meir mangfaldig debatt.
– Når kritikken sprikar, er det ikkje fordi nokon har rett og andre tek feil. Dei har verdi som innlegg i ein debatt, og du kan bli opplyst av debatten utan å ha lese boka eller gått på utstillinga. Mi uro er heller at for mykje av kulturkritikken ikkje utviklar seg. Skal analysane vere på lyd, video, tekst? Og distribusjon: dersom eg vil lese ei melding tre månader etter publisering, kvar finn eg den?
Treng fornying
Eirik Vassenden er samd i at kritikken treng å fornye seg sjølv.
– Kritikken kan bli skarpare, meir morosam, betre tenkt, betre underbygd, betre skrive. Når media er innretta mot aktualitet, må kritikken skape sin eigen aktualitet, ikkje ved å opplyse om noko som nettopp har skjedd, men om noko som er viktig å diskutere.
Men at bøker anten må vere oppsiktsvekkande gode eller oppsiktsvekkande dårlege for å vere verd ei melding er etter hans meining tull.
– Det er ikkje boka i seg sjølv, eller terningkastverdien, som er interessant, men kritikarens blikk på det. Tenkjer ein at sensasjonar er det einaste interessante, må ein kanskje finne nye kritikarar – nokon som kan reflektere over kvifor midt-på-treet-bøker kjem ut.
Men det fordrar altså at slike kritikarar slepp til i spaltene.
– Så dersom kritikken skal ha ein plass i den breie offentlege samtalen, krev det ein kollektiv innsats. Er ikkje det mogleg, må vi avfinne oss med at kritikken bur i tidsskrifta og vekeavisene, og då må vi også flytte merksemda og pengane dit – tidsskrifta er jo heilt radikalt underfinansiert, seier Vassenden.
Ønskjer seg støtte …
Cue Kritikarlaget: Å betre dei økonomiske vilkåra for kritikken, er noko dei brukar mykje tid på, fortel Hilde Halvorsrød.
– Vi arbeider med å auke potten til ordninga for tilskot til tidsskrift og kritikk i Kulturrådet. Og vi ønskjer oss også ei insentivordning for kritikk, slik at ei avis eller eit tidsskrift som publiserer ein kritikk, skal kunne søkje refusjon for utgiftene. (Prosa-redaktøren har teke del i det
politiske arbeidet med desse forslaga, red.mrk.)

Forslaget har møtt både med- og motbør. Er til dømes bokessay kritikk? Og korleis kan ein forhindre at medium misbrukar ordninga ved å publisere ei mengd halvdårlege kritikkar på eit bortgøymt hjørne av nettsida?
– Men politisk har vi møtt ein del entusiasme. Sjølv politikarar som ikkje er spesielt for å støtte kultur, set pris på det konkrete ved forslaget, seier Halvorsrød.
Minstesatsar for kritikk er også viktig for Kritikarlaget, med tanke på at kritikarar flest er frilansarar.
– Det er knapt mogleg å jobbe fulltid som kritikar, og samtidig er det vanskeleg å kombinere med andre jobbar på kulturfeltet fordi ein må halde på habiliteten, seier ho.
– Det er grunnen til at vi jobbar mykje med stipend, slik at ein kan drive tidkrevjande kritikk som vanskeleg let seg kompensere med honorar.
… og visjonar
Leif Ove Larsen peikar på at dei avisene som har auka mengda kritikk, som Morgenbladet og Klassekampen, også er mellom avisene som får mest pressestøtte.
– Det seier litt om kor viktig pressestøtteordninga er for å skape kulturjournalistikk av slik breidde og kvalitet som desse avisene har. Utan pressestøtta ville landskapet sett heilt annleis ut, seier han.
Likevel trur Larsen at det er Kulturrådet som sit med nøkkelrolla når det gjeld å satse spesifikt på kritikk.
– Utan at eg har ein konkret handlingsplan, har nok ordningar for å styrke kritikken ein meir naturleg plass der enn i Medietilsynet eller den generelle pressestøtteordninga. For kritikk spesielt er jo tidsskriftfloraen kjempeviktig som ei underoffentlegheit og yngleplass, seier han.
Bakom mediehusa sine driftsmarginar og kritikarane sine arbeidsvilkår syng spørsmålet om kva verdi det har for samfunnet at vi har eit kulturliv, minner Halvorsrød i Kritikarlaget om.
– Om kulturen blir usynleg, blir det vanskeleg å få aksept for å finansiere kultur over skattesetelen. Eg ønskjer meg politikarar og medieleiarar med kunstnariske visjonar, som forstår at kulturkunnskap er grunnleggjande menneskeleg viktig og noko dei må ta sin del av ansvaret for å formidle. Det ser ikkje ut til å vere plagsamt til stades i pannebrasken til alle norske redaktørar og konserndirektørar, seier ho.