Prosa 2023 1 forside

Prosa #1 2023: Sakprosaåret 2022

15.02.2023

I årets første utgåve gjer vi tradisjonen tru opp status over sakprosaåret som ligg bak oss.

I september braut det ut landsomfattande demonstrasjonar mot det religiøse regimet i Iran. I serien «Kampen for det frie ordet» skriv den iranske fribyforfattaren Asieh Amini om ein politisk motivert mordkampanje på diktarar og kulturpersonar som fann stad for nær tjuefem år sidan, om undertrykkande regime si frykt for ytringsfridom, og om korleis desse drapa og liknande hendingar dannar bakteppet for raseriet vi har sett blant dagens demonstrantar. Aminis ektemann, fotojournalisten Javad Montazeri, skriv om korleis det gjekk til at han tok fotografia som følgjer Aminis tekst.

Alf Kjetil Igland tek for seg sakprosaåret 2022 med særleg vekt på dei mange biografiane, som i det store og heile handlar om menn. Morten Haugen gjev eit overblikk over årets sakprosa for barn, som for tida er ein eigen Bragepris-kategori. Han stiller spørsmålet om ein del sakprosabøker for barn eigentleg er kamuflerte vaksenbøker.

I essayet «Bøker som virker i verden» ser Line Norman Hjorth nærare på forfattarskapen til Bjørn Olav Jahr, der særleg bøkene om drapet på Birgitte Tengs og om drapa i Baneheia har vore viktige for at sakene vart gjenopptekne. Hjorth konkluderer med at bøkene er ei påminning om at sivilsamfunnet ikkje kan ta for gitt at institusjonar som rettsvesenet greier å regulere seg sjølv.

Gro Jørstad Nilsen tek for seg fem sakprosabøker frå fjoråret som set søkelys på korleis ytre høgre-krefter utgjer ein fare for demokratiet.

I leiaren skriv redaktør Merete Røsvik at året som ligg bak oss, har vist kor viktig sakprosaen er i urolege tider. Ho kommenterer også at NFFO og Forfatterforeningen har framforhandla ein ny normalkontrakt for forteljande sakprosa. Strukturelle endringar i bokbransjen gjer at det framleis er uvisst korleis den nye kontrakten vil slå ut på enkelte punkt, og Røsvik manar til samhald mellom forfattarar og omsetjarar.

Den skandinaviske bokbransjen er også tema for ein artikkel av Sindre Hovdenakk der han kartlegg oppkjøp og konsolidering mellom forlaga. Eit 30-tals mindre forlag er kjøpte opp av større aktørar det siste tiåret slik at dei fire største forlaga no har 80 prosent av bokmarknaden. Han spør kva dette får å seie for bransjen og for bøkene som kjem ut.

I spalta Nøtta og kjelda er debutant Andreas Outzen intervjua. Han har skrive ei debattbok om rapporteringsbyråkratiet i skulen og konsekvensane for utdanningskvaliteten.

I kritikkseksjonen:
Kaja Schjerven Mollerin om Peter Englund: Onde netters drømmer. November 1942 og annen verdenskrigs vendepunkt i 360 korte kapitler
Om Åsne Seierstad: Afghanerne
Varg Lukas Folkman om Kaisa Hansen-Suckow: Oss mot verden. En historie om å være fattig
Margit Ims om Reidar Müller: Ild og is. En kort innføring i klimaets historie
Aasne Jordheim om Torggata Blad

På debattsidene kommenterer Birgitte Kjos Fonn Aasne Jordheims essay om sakprosautdanninga ved OsloMet i Prosa 6/22.

Vi er glade for å kunngjere at ein av landets beste avisteiknarar, Christian Bloom, skal teikne for Prosa i heile 2023. Til dette nummeret har han levert ein slåande framsideillustrasjon og portrett av Bjørn Olav Jahr. Design av Johanne Hjorthol.