Store, vennlege kjempe

12.12.2014

Dagens Tyskland er ei suksesshistorie. Sten Inge Jørgensen skriv om korleis dei får det til.

Tysklands historie på 1900-talet er forteljinga om Europas ustabile mann. Landet gjekk gjennom to verdskrigar, hyperinflasjon og folkemord, okkupasjon og oppdeling i to statar – og samling att 41 år seinare. Eit spørsmål som har heimsøkt historikarar, er kvifor det gjekk så gale som det gjorde.

Den historia Sten Inge Jørgensen fortel i boka Tyskland stiger frem, er ei heilt anna. Han fortel om stabilitet, framgang og velstand i eit Tyskland regjert av den svært populære kanslaren Angela Merkel. Det underliggjande spørsmålet hans ser ut til å vere kvifor det går så bra, og korleis dei får det til.

VESTEN OG RESTEN
I forordet skriv Jørgensen at biletet nordmenn har av Tyskland, er prega av fortida, og då særleg krigshistoria. Sjølv er han primært interessert i den rolla landet spelar i dag, og skriv at Tysklands framtid vil vere avgjerande for «den vestlege sivilisasjon». Bakteppet er overgangen til ei multipolar verd, der både Europa og USA er svekte. Tyskland er det landet i vesten som held best stand. Landet har framleis ein sterk industribase og klarar seg i konkurransen med Kina. Jørgensen ventar at Tyskland vil kome til å dominere meir på den internasjonale arenaen i åra som kjem.

Boka tar for seg dei ikkje akkurat lette emna tysk identitet, som vekslar mellom skam over Nazi-Tysklands brotsverk og stoltheit over dagens Tyskland, det politiske livet, landets økonomiske modell og Energiewende, den storstilte omlegginga til fornybar energi. Jørgensens bok ber preg av at han har jobba med spørsmåla over lang tid og kjenner landet godt. Han har snakka med akademikarar, politikarar og vanlege tyskarar, og innimellom får han plass til vittige reportasjeinnslag frå rhinlandsk karneval og 80-talsdisco i Magdeburg. Han skriv lett og godt om utabloide emne som tysk arbeidslivspolitikk og den tyske forfatningsdomstolen. Samstundes gjer han det sjeldan lett for seg sjølv. Han forklarer, gir nyansar og utfyller.

Det landet Jørgensen skildrar, har ei kledeleg neddempa nasjonalkjensle, lever godt med å vere multikulturelt, er eit føregangsland i klimapolitikken, ofte ein hard kritikar av vestlege militærintervensjonar og førande i kritikken mot storstilt overvaking på Internett i amerikansk regi. I tillegg har landet ein stor velferdsstat og mektige fagforeiningar. Det er vanskeleg å ikkje få sympati med det Tyskland Jørgensen skildrar.

Kapitlet om politikken er kanskje det beste i boka. Kapitlet opnar med ein kjapp introduksjon til eit politisk landskap der to parti dominerer, sosialdemokratiske SPD og Angela Merkels CDU. Partia har tradisjonelt vore motpolar i politikken, men regjerer saman. Jørgensen fortel om ein utprega konsensusorientert tysk politikk. Samstundes trekkjer han fram tendensar som trekkjer i motsett retning: Piratpartiet, som spring ut av miljøet som motarbeider copyright på nettet. Dei tyske piratane fekk mykje merksemd då dei fekk sju og ni prosent av stemmene i to delstatsval i 2012. Jørgensen viser til at så mange som tretti prosent sa at dei kunne tenkje seg å stemme på partiet. Han karakteriserer sjølv dette talet som «absurd høyt» og forklarer det med at mange veljarar kjenner seg heimlause i det etablerte politiske landskapet. Han skildrar også sereigne trekk i tysk samfunnsliv, mellom anna eit sterkt tysk miljø for datahacking, som gjer at Piratpartiets program møter større sympati blant tyskarar enn i andre land i Europa. Han viser samanhenger, drøftar tendensar og endar opp med å gi eit utfyllande portrett.

SKREMMEBILETE OG FØREBILETE
Bellona og Zero trekkjer ofte fram Tysklands Energiewende, den ambisiøse planen for omlegging til fornybar energi, som eit førebilete. Hos vår tidlegare olje- og energiminister Ola Borten Moe var denne planen eit skremmebilete. Jørgensen synest å vere mest einig med sistnemnde.

Biogass er ei skjult miljøbombe, produksjon av biodrivstoff krev jordareal som heller burde blitt brukt til noko anna, og er dessutan mindre effektivt enn vind- og solkraft, som også er skadeleg fordi det øydelegg naturen. Dessutan er det dyrt. «Hvis man tar den samlede kritikken som har kommet mot både biogass, solstrøm og vindkraft inn over seg, er det nesten rart at Energiewende kan fortsette», oppsummerer Jørgensen. Han refererer delvis sjølvmotseiande kritikk punktvis utan å drøfte han. Her manglar dei nyansane som Jørgensen elles er så god til å få fram. Han forklarer Energiewende med ein lang tysk tradisjon for naturvern og skogsromantikk, og med Hitler. Han refererer til samtalepartnarar som seier at tyskarane handlar no fordi «parallellen er helt klar til tyskeren som en gang forholdt seg passivt til Hitlers vei mot makten». På meg verkar forklaringa søkt, men ho byggjer opp om det som synest å vere utgangspunktett til forfattaren, nemleg at tysk energipolitikk er grunnleggjande irrasjonell. Tysklands naboland Danmark har like ambisiøse klimamål og er ein av verdas fremste eksportørar av fornybar energiteknologi. Og dei har ingen Hitler å skulde på.

EIN GOD INNGANGSPORT
Det høyrer med til oversiktsverk at forfattaren ikkje kan utdjupe alt det han skriv om. Nokre stader stussar eg over konklusjonane, som når Jørgensen omtaler kontroversen rundt tv-dramaet Krigens unge hjarte. I serien var alle representantane for den polske motstandsrørsla Armija Krajowa hatske antisemittar. Ingen av dei tyske hovudpersonane er jødehatarar. Framstillinga møtte heftig kritikk i Polen, men Jørgensen slår fast at framstillinga «antageligvis var korrekt», og viser til veldokumentert polsk antisemittisme. Men det polske Armija Krajowa var, til forskjell frå tyske Wehrmacht, ikkje gjennomsyra av jødehat. Medlemer av Armija Krajowa var sentrale i Żegota, ein undergrunnsorganisasjon som redda meir enn 4000 jødar frå tyske nazistar. Dermed gir serien eit fullstendig urimeleg bilete av historia. Eg må leggje til at dette spørsmålet ikkje på nokon måte er avgjerande for Jørgensen, men i og med at han har valt å konkludere slik han gjer, synest eg det er verdt å nemne.
Heilheitsinntrykket eg sit att med, er likevel at boka er solid og gjennomarbeidd, skriven av ein kunnskapsrik forfattar. Han gir eit både lesverdig og mangefasettert bilete av dagens Tyskland. Han argumenterer overtydande for at dette er eit land ein bør følgje tettare med på. Boka hans er ein god inngangsport for alle som vil vite meir.

Sten Inge Jørgensen
Tyskland stiger frem
Aschehoug, 2014