Står ikkje til truande

Sakprosaanmeldelse:
Thor Haavik
En god tro.
For deg som ønsker å tro eller vil bli inspirert i troen

Gyldendal, 2026

Den kristne trua til influensar Thor Haavik har gitt han permanent opphald i stadfestingsfella.

Det seier noko om tidsånda når Gyldendal forlag gir ut ei 200 sider lang preike om at Jesus er svaret. At boka i tillegg er fagleg svak, seier kanskje også eitt og anna. Sånn blir det når ein influensar med mange følgjarar skaper tru på god inntening. Det gjer En god tro. For deg som ønsker å tro eller vil bli inspirert i troen av Thor Haavik til eit talande møte mellom børs og katedral. Haavik har tidlegare gitt ut påskeheftet Herren har virkelig stått opp! (2024) på det evangelisk-konservative Hermon forlag. Årets bok har same bodskap i utvida form. Resultatet er ei blanding av andakt, popularisert apologetikk og sjølvhjelpslitteratur som viser gode sosiale og pedagogiske evner. Kjeldebruken er derimot til å rive seg i håret av.

Byr på seg sjølv
Haavik gjorde slik lukke som deltakar i realityprogrammet Farmen i 2020 at lesarane av Vårt Land året etter kåra han til den viktigaste influensaren i Kristen-Noreg. Sidan har han vore med i fleire realityseriar på TV2 og TVL, sistnemnde er den største kristne TV-kanalen i landet. Han har ein mastergrad i teologi frå den kristne høgskulen NLA i Bergen og vart ordinert til prest i 2020, men forlèt stillinga som kapellan i 2023. No driv han enkeltpersonføretaket Haavik foredrag, der han ifølgje Wikipedia «reiser rundt, forkynner og oppmuntrer over hele landet».

Haavik har mange titals tusen følgjarar på dei sosiale media Instagram, TikTok og YouTube. Inntrykket er at boka samlar materiale han tidlegare har spreidd i andre kanalar.

Haavik verkar som eit varmt og ekstrovert menneske, både idealistisk og med sterk trong til å markere seg. Han siterer gjerne kva han har sagt og gjort før, til dømes sitt eige dikt «Hva er egentlig kjærlighet?» som han delte per video dagen før han gifta seg. Det som fascinerer han mest med Jesus, er «ikke læren hans, selv om den er vis og unik, [men] måten han møter mennesker på». Han deler også korleis han praktiserer bøn og givarteneste. Tenk at konservativ kristendom og internettkultur skulle passe så godt saman!

Pietistisk patos
Språkføringa er prega av ein patosfylt retorikk eg sjølv kjenner frå den pietistiske forkynnartradisjonen. Som sakprosa gjer det seg dårleg. Det blir spesielt tydeleg i bruken av små pedagogiske fiksjonar eller vandrehistorier, som ein samtale mellom ein døyande niåring og mora. Typisk er det også at «troens øye», som det heiter i påskesalmen «Deg være ære», ser guddommelege bodskap overalt:

En mørk høstkveld gikk jeg langs en hovedvei. Jeg hadde glemt å ta på meg refleks, og da det kom kjørende en bil forbi, ropte sjåføren til meg gjennom bilvinduet: «Ta på deg refleks!» En viktig påminnelse som fikk en dypere, dobbel betydning for meg: Husk refleks, og når livet blir mørkt, som det av og til blir: Bær med deg det som lyser.

At Haavik legg fram bibelhistorier i lettfattelege versjonar, er greitt nok, men ikkje at han utbroderer fritt. I forteljinga om den spedalske som blir lækt av Jesus, legg han til eit publikum som ikkje finst i den bibelske referansen og fortel kva som skjer i dei imaginære hovuda: «Folk tenkte at det ikke kunne være noe annet enn Jesu renhet som gjorde den urene ren.»
Haavik skildrar i detalj den torturen ei korsfesting er, det er vanleg i lågkyrkjelege samanhengar for å skape emosjonelt trykk bak påskebodskapen. Han gjettar på kva frelsaren hadde i tankane i si mørkaste stund (eit spesifikt bibelord frå Det gamle testamentet), før han held fram: «Det blir også hevdet at mens [Jesus] hang der, så tenkte han på hvert eneste menneske som han ga sitt liv for – også deg og meg.» Hevda av kven? For meg verkar dette både useriøst og uærbødig, den historiske Jesus brukt som ein fiksjon predikanten kan fylle med innhald.

Kjelder til frustrasjon
Når forfattaren listar opp gode grunnar til å tru på Gud, blir stilen meir sakleg. Men omgangen med kjeldene er så lettvint at det grensar mot det villeiande. Til dømes argumenterer han for at det ikkje er motsetnad mellom vitskap og tru, og slår entusiastisk fast: «Faktisk var hele 65 prosent av nobelpris-vinnerne fra forrige århundre kristne!» Talet er henta frå" ein statistikk av Baruch A. Shalev":https://books.google.no/books/about/100_Years_of_Nobel_Prizes.html?id=3jrbmL-DgZQC&redir_esc=y. Det Shalev framhevar, er den særs høge representasjonen av jødar, som utgjer 0,02 prosent av befolkninga i verda, men fekk 21 prosent av alle nobelprisane. Shaley peikar også på at graden av statleg finansiering nok er meir avgjerande enn religion.

I iveren etter å misjonere endar Haavik opp med å fremje ideen om at kristne er moralsk og intellektuelt overlegne. Det er særs uheldig når ytre høgre-populisme nyttar konservativ kristendom som identitetsmarkør for å markere avstand til religiøse og seksuelle minoritetar. Ein anna stad skildrar han kristen nestekjærleik fint: «Å gjøre godt mot dem som ikke fortjener det, eller å vise raushet når man absolutt ikke føler for det, er den virkelige kjærlighetsprøven.» Eg skulle ønske han hadde peika endå tydelegare på at slik kjærleik må omfatte alle, ikkje berre dei ein deler gen, kultur eller religion med.

Påstanden om at religion har ført til mange krigar gjennom verdshistoria, tilbakeviser Haavik i løpet av tre(!) avsnitt. Det kan godt stemme at religion har blitt tillagt for stor vekt som forklaring på væpna konfliktar, men Haavik gir seg ikkje der, han legg fram sin eigen teori: «Et folk og en leder som er drevet av religion, har større sannsynlighet for å leve i fred og mindre sannsynlighet for å starte krig.» Slik verkar dei vitskapelege referansane meir som retorisk verkemiddel enn reell drøfting. At det finst historiske døme på at kristne har oppført seg ille, meiner Haavik er eit spørsmål om dårleg representasjon av den kristne bodskapen. Påstanden hadde vore enklare å godta om han ikkje elles hadde lagt stor vekt på at kristendom gjer menneske gode og flinke. Kan det vere at religion er eit så omfattande fenomen, og så tett samanvove med psykologiske og samfunnsmessige forhold, at det rett og slett ikkje eignar seg til bruk i enkle årsaksforklaringar?

Pedagogisk skjønnmåling
Sjølve lakmustesten for sanninga i den kristne bodskapen meiner Haavik er spørsmålet om Jesus verkeleg stod opp igjen. Her baserer han seg i stor grad på si eiga masteroppgåve. Vekta ligg på historiefaglege vurderingar av Det nye testamentet og verknadshistoria til Jesu liv. Konklusjonen er at «mirakelforklaringen» er den einaste som gir meining. Forfattaren legg altså til grunn at eit eventuelt mirakel – at ein død blir levande igjen – nødvendigvis stadfestar det kristne evangeliet: at Jesus var Guds son og den einaste vegen til frelse. Kortslutninga er eit godt døme på korleis sterk tru kan føre ut i stadfestingsfella, og Haavik ser ut til å ha fått permanent opphald der.

Eg held ikkje pusten av spenning når han går laus på spørsmålet «beriker troen livet?» Ikkje uventa skriv Haavik som om det berre er kristen tru som gjer livet betre, men i ei av hans sentrale kjelder finn eg det han ikkje siterer: «Gud, Buddha, spirituelle energier. Uansett hva du tror på, ser det ut til å hjelpe.»

Boka verkar skreddarsydd for bruk til konfirmantar eller anna undervising, og kvart kapittel er supplert med spørsmål til samtale. I siste del gir Haavik råd om kristenlivet i praksis. Her, i det konkrete, har han ei pedagogisk og fin tilnærming, og dei mange personlege vitnesbyrda han viser til, gjer inntrykk enten dei kjem frå Leo Tolstoj eller førstelektor Anita Reitan.

I spørsmålet om evig fortaping vel Haavik ein enkel utveg. Han viser til at Bibelen gir grunnlag for ulike syn, men sjølv meiner han at «den evige død» ikkje betyr evig pine, men å gå glipp av evig sæle i himmelen. Han nemner ikkje at trua på evig pine i helvete har vore kristen lære gjennom to tusen år, og at det har påført menneskeslekta enorme psykiske og fysiske lidingar.

Tru som premiss
Det er ingen grunn til å nekte for at religion spelar ei viktig rolle i samfunnet, og at det kan gjere godt for mange å tru. Men å gjere ei rasjonell vurdering av kristen tru er ikkje enkelt når både spørsmåla og premissane i resonnementa er grunnleggjande forma av den kristne kulturarven, noko eg tippar at ein filosof frå til dømes buddhistisk tradisjon kunne ha sagt noko om. Når Haavik har som uttala mål å omvende lesaren og berre ser etter det som bekreftar hans eige kristne verdsbilete, står slutningane hans endå mindre til truande.