Bokomslag, Øyeblikk med Aktuell

Kritisk perspektiv frå fortida

Bjørn Tore Pedersen
Øyeblikk med Aktuell
Museumsforlaget, 2024

Historia om vekebladet Aktuell viser Noreg i ei anna tid, men kjennest merkeleg aktuell likevel.

Eg hadde ikkje høyrt om Aktuell illustrert ukerevy før eg fekk Bjørn Tore Pedersens bok Øyeblikk med Aktuell med heim til jul. Det ein gong populære vekebladet for arbeidarrørsla starta opp rett etter frigjeringa i 1945, og siste nummer kom ut i 1974 (då var eg eitt år gamal). Eg har sett pris på å bli introdusert for denne delen av pressehistoria, gjord lett tilgjengeleg i eit fysisk tungt, rikt illustrert format der eg kjem tett på folk som levde i ei anna røynd. Eg trur at tilbakeblikket gjev eit anna inntrykk no enn det ville ha gjort for berre ti år sidan. Det kjennest nærare å sjå fotografi av utbomba byar og fattigdom no når mange igjen slit økonomisk og regjeringa ber oss vere budde på kriser og krig.

Bjørn Tore Pedersen er ein nordlandsk journalist og forfattar med teft for historiske emne og særskilt fokus på nordnorske tradisjonar og kunstnarskap. Det har resultert i ei rekkje rikt illustrerte bøker. I 2016 gav han ut ei bok om ArbeiderMagasinet som ser ut til å ha ein god del sams med denne nye utgjevinga, og Jekta. Eventyrets farkost fekk i 2020 gode skotsmål i Prosa.

Mål og middel
I forordet til Øyeblikk med Aktuell kjem det fram kvifor forfattaren vil løfte vekebladet fram. Det handlar om ein personleg forkjærleik – han vaks opp med magasinet i heimen – men også om at Aktuell hadde eit tydeleg politisk prosjekt.

Aktuell vart skipa som aksjeselskap, og i tillegg til private var det LO, Arbeidarpartiet og Norges Kooperative Landsforening (NKL) som gav startkapital med kjøp av aksjar. Seinare tok Tiden Norsk Forlag over for NKL.

Stiftar og første redaktør Per Bratland ville skildre samfunnet nedanfrå. I ord og bilete dokumenterte Aktuell livet til folk flest og tok opp kritikkverdige forhold som arbeidskår, diskriminering og miljøøydeleggingar.

Øyeblikk med Aktuell er sett saman av mange korte artiklar, fleirtalet er samandrag av artiklar frå Aktuell. Desse er ramma inn av kapittel der Pedersen gjer kortfatta greie for korleis magasinet vart til, og kva som førte til nedlegginga. Forfattaren baserer seg i stor grad på parafrasering og sitat frå andre kjelder. Akkurat kor skiljet mellom gjenbruk og nye formuleringar går i dei komprimerte Aktuell-artiklane, er ikkje alltid like lett å sjå, men det får vere greitt når forfattaren gjer det klinkande klårt at han gjennomgåande baserer seg på eksisterande tekst. Det er presisert fortløpande kva for ein artikkel i Aktuell som er brukt.

Stemma til Pedersen kjem tydelegast fram mot slutten der han fortel om korleis Aktuell gjekk over i historia. Men også her lener han seg tungt på andre kjelder, spesielt Jostein Nyhamars Med rødt blekk (1992). Formålet er ikkje å presentere nytt materiale eller å gjere grundige analysar, men enkelt og greitt å rette merksemda mot ei historie vi treng å bli mint på.

Mannsarbeid og sterke kvinner
Det første store temaet for Aktuell var atterreisinga av Noreg etter den andre verdskrigen. Artiklane er haldne i ein tone som det er lett å assosiere med vår tids TV-tilbod av typen Norge rundt og Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Men det er harde realitetar som blir dokumentert, dette er livet før våre moderne liv vart til. Den mest påfallande forskjellen – bortsett frå den openberre mangelen på datamaskiner og smarttelefonar – er kor mykje tungt og farleg, fysisk arbeid som vart gjort i både industri og landbruk. Her finst til dømes artiklar om tømmerhogst som ikkje berre får fram vilkåra for og kompetansen til arbeidarane, men også at modernisering ikkje alltid var eit gode: Då øksa måtte vike for motorsaga og hesten for traktoren, vart ro bytt med støy, frisk luft med eksos, og færre arbeidarar måtte levere meir. Dette er ein journalistisk arv som i dag blir ført vidare i fagblada til ulike LO-forbund.

Artiklane viser kor mykje kjønnsrollene har endra seg. Dei intervjua mennene er stolte av kor vanskeleg arbeidet deira er – og ein ser at statusen i det store og heile høyrer til det maskuline yrkeslivet. Ut frå dette kan ein skjøne meir av den frustrasjonen somme menn gjev uttrykk for i vår tid – dei har mista arenaer for å oppleve meistring og sjølvtillit.

På den andre sida er eg som kvinne glad for at eg har større spelerom enn det eg ser på spinnesida her. Rett nok finst det fleire interessante damer, men det er helst slike som har tatt seg ein plass på mennene sitt domene. Sport og kjendisar var elles ein naudsynt del av eit vekeblad, den gongen som no.

Flotte fotografi
Det er på sin plass at Pedersen presenterer dei fire fotografane som sette sitt preg på Aktuell, for noko av det nyskapande med magasinet i norsk kontekst var nettopp vektlegginga av det visuelle. Den viktige rolla fotografane hadde i formidlinga, er spegla gjennom eit rikt utval av fotografia deira i svart-kvitt. At dei er trykte i stort format på blankt papir gjer det både freistande og underhaldande å bla i boka. Blant blinkskota er nokre verkeleg minneverdige kvinneportrett som er signerte Aage Storløkken. Det flottaste viser 78 år gamle reineigar Margrete Kitti på Kvaløya som poserer med samedrakt, pipe og lasso.

Bruken av foto i bokbunaden kunne likevel ha vore betre. Mange av oppslaga viser for mange liknande fotografi når eitt eller to store ville gjeve betre effekt. Fleire artikkeloppslag viser heilsidesbilete som, forvirrande nok, viser seg å høyre til førre artikkel. Strammare redigering ville ha gjeve eit betre resultat.

For progressive og kritiske
Aktuell formidlar mange progressive haldningar som er på linje med vår tids normer. Redaksjonen omtala i svært kritiske vendingar at samiske barn måtte gå på norsk skule utan å kunne språket, og slik mista kontakten med sin eigen kulturarv. I 1960 skapte dei furore med ein fotoreportasje frå ein heilt vanleg fødsel. Vekebladet dokumenterte også med hjarteskjerande foto at barnevernet tok barna frå ein romfamilie, og fordømde praksisen. Det var også Aktuell som gjorde kjent for all ettertid dei fæle tilhøva på Emma Hjorths heim for menneske med funksjonshemmingar i Bærum. Fotografiet av guten som ligg på golvet og tittar ut av ei luke i døra er det einaste av fotografia i boka eg hugsar å ha sett før.

Pedersen har sjølvsagt valt ut dei mest minneverdige reportasjane, men det er ingen tvil om at Aktuell hadde ein viktig kritisk funksjon i samtida. Redaksjonen hadde ei tydeleg ideologisk forankring til venstre for leiinga i LO og Arbeidarpartiet, og nedlegginga vart av mange forstått som ein konsekvens av politisk usemje. I framstillinga av dette siterer Pedersen tidlegare redaktør Jostein Nyhamar, som formulerer haldninga som må ligge til grunn for all fri, samfunnskritisk journalistikk, men som ofte blir vanskeleg i praksis:

Særlig innenfor det journalistiske feltet risikerer man av og til anklager om manglende lojalitet dersom man gir uttrykk for uenighet med en organisasjonsleder i visse spørsmål. Men oppgaven til en avis eller et blad er ikke å være lydforsterker for de tonene som spilles på et partikontor. Et presseorgan har en selvstendig funksjon i forholdet til det partiet det støtter. Det skal være et kritisk korrektiv, en deltaker i debatten om kurs og vei. […] Det er medjatterne som er de virkelig illojale, de som forveksler lojalitet mot ideer med lojalitet mot personer (s. 248)

Det er tankevekkjande at manglande takhøgd for intern usemje førte til nedlegging av eit medium som hadde vore populært og strategisk viktig for arbeidarrørsla i nesten tretti år. Det gir eit interessant bakteppe for turbulensen i Arbeidarpartiet dei siste åra.

For gamal, og for ung?
Min eigen far, som er i slutten av åttiåra, fatta så stor interesse for denne boka at eg ikkje såg annan utveg enn å la henne liggje igjen på kaffibordet då julebesøket var over. Det seier noko om kva målgruppe boka appellerer sterkast til. Men det er dei yngste som har mest å lære her, ikkje berre om livet i gamle dagar, men om kor viktig – og omstridt! – kritisk journalistikk er.