Odvar Nordli og Gro Harlem Brundtland i Samfundssalen på valdagen, september 1977.
FOTO: ARBARK
Odvar Nordli og Gro Harlem Brundtland i Samfundssalen på valdagen, september 1977. FOTO: ARBARK

Korleis kunne denne karen bli statsminister?

Tore Li
Odvar Nordli.
Plikten, makten og oppbruddet

Cappelen Damm, 2025

Grundig, men ikkje sprudlande. Biografien om Odvar Nordli speglar mannen.

I 2023 gav forskingshistorikar Tore Li ut ein omfattande biografi om Finn Lied, som var industriminister i regjeringa Bratteli og ein av dei nasjonale strategane i etterkrigstida. I si nye bok rettar Li merksemda hakket nærare oss i tid, mot ein folkeleg kommunerevisor som meir av plikt enn av lyst enda som statsminister i Noreg.

Odvar Nordli tok i 1975 over som statsminister etter ein svekt Trygve Bratteli. I dei første åra som statsminister leidde han ei regjering som fekk gjennom store reformer: sjukelønsordning, arbeidsmiljølov, lov om sjølvbestemt abort og opprettinga av ei norsk økonomisk sone langs kysten. Reformiveren fall saman med ein aktiv motkonjunkturpolitikk, der regjeringa Nordli møtte økonomisk tilbakegang med investeringar og tiltak for å halde sysselsettinga oppe.

Fronta av statsministeren vann Arbeidarpartiet stortingsvalet i 1977, og Odvar Nordli kunne halde fram som regjeringssjef med eit styrkt mandat frå veljarane. Etter valet gjekk likevel det meste på tverke for regjeringa, og Tore Li teiknar eit bilete av ein statsminister som verken makta å løyse interne konfliktar eller å halde regjeringa på offensiven i eit samfunn i rask endring.

Klassesamfunn
Det første som slår meg i lesinga av biografien Tore Li har skrive, er den veldige kontrasten mellom oppveksten til Odvar Nordli og den oppveksten som har forma dei som leier Arbeidarpartiet i dag. Nordli vaks opp i den vesle industribygda Tangen ved Mjøsa. Dette var eit hardt klassesamfunn der 300–400 innbyggarar heldt seg med to hoppbakkar og to fotballbaner. Den eine for sosialistar, den andre for borgarskapet. Tangen var prega av periodar med stor arbeidsløyse, der fattigdomen var synleg og nær. Nordli kom sjølv frå fattigfolk på båe sider, men som einebarn fekk han mogelegheiter til utdanning som få i større søskenflokkar kunne nyte godt av.

I skildringa av staden der Nordli vaks opp, gir Li gode bilete. Folk levde livet sitt mellom dei tre blikkfanga Folkets hus, kyrkja og brenneriet. Brenneriet, som gjorde poteter om til sprit, var hjørnesteinsbedrifta, og til jul vart det sett fram badekar med varmevatn frå kjøleprosessen. Lukta av gjær og fuselolje var altså eit teikn på at ein var mellom dei heldige under julegudstenesta i Tangen kyrkje. Odvar Nordli byrja sjølv å arbeide ved brenneriet då skulen vart stengd første krigsåret, og han vart meld inn i fagforeininga allereie då han var 13 år. Boka får fram kor viktig kampen for arbeid for alle var for Nordli. At han kjende den barske kulturen i fagrørsla, er sentralt for å skjøne kva som bygde han som arbeidarpartimann.

Vegring
For det er elles vanskeleg å fange kva det var som gav oppdrifta til den trauste Odvar. Heilt frå 1948 til 1961 arbeidde han som kommunerevisor. Frå 1951 til 1963 var han rett nok også varaordførar i Stange, men han gjer seg seint gjeldande på den nasjonale scenen. Nordli kom inn som fast representant på Stortinget frå det raude fylket Hedmark i 1961. Han representerte slik bygdearbeidarpartiet og gjekk det Li omtalar som kommuneskulen. Etter at Borten-regjeringa måtte kaste korta i 1971, danna Trygve Bratteli ei mindretalsregjering der han ville ha Nordli til posten som sosialminister. Nordli vegra seg og melde at han ikkje hadde tilstrekkeleg skulering til å handtere byråkratane i dette departementet. Han fekk difor posten som kommunal- og arbeidsminister, der han synte seg som ein både arbeidsam og dyktig politisk handverkar.

Det var ikkje berre posten som sosialminister Nordli vegra seg for. Då mektige menn i arbeidarrørsla hadde konkludert med at Bratteli ikkje lenger hadde det som kravdest som partileiar og statsminister, oppstod det eit maktvakuum. Kunne den karismatiske Reiulf Steen ta over? Eller var det tida for den arbeidsame og jordnære Odvar Nordli? Under landsmøtet i 1975 fall partiet ned på ei mellomløysing. Reiulf Steen vart ny partileiar og Nordli utpeikt som ny statsministerkandidat. Denne delte leiarskapen var eit kompromiss som Nordli motvillig gjekk med på. «Odvar Nordli var ambisiøs i sak. Men den personlige streben etter å bli regjeringssjef syntes ikke å være der», skriv Li og fortel om ein mann som sat med hovudet i hendene utover natta etter at partiet hadde utpeikt han som statsministerkandidat.

Arbeidshesten og sirkushesten
Li omtalar tospannet med statsminister Nordli og partiformann Steen som arbeidshesten og sirkushesten. Biletet er godt, og biografien syner også godt korleis Nordli utøvde sitt politiske handverk ut frå basen sin i stortingsgruppa. Han var ikkje den visjonære, men jobba gjennom saker som kom hans veg. Arbeidshesten Nordli tok seg tida og let saker modne, før han gjerne fall ned på løysingar i sentrum av partiet.

Knekkpunktet i tida som statsminister legg Li til framforhandlinga av Volvo-avtalen i 1978. Avtalen ville gjort Volvo til eit svensk-norsk konsern og innebar i røynda eit sett med fleire avtalar på industri- og energiområdet som også omfatta olje og tømmervirke. Nordli arbeidde aktivt og energisk for den omfattande avtalen, og fall sjølv saman og mista energi då avtalen havarerte.

Li teiknar eit sympatisk bilete av ein hardtarbeidande politikar, som meir og meir vart plaga av helsa. Og det er i skildringa av den grufulle klasehovudverken eg i teksten kjenner meg nærast og føler med personen Nordli: «En gang hørte datteren Tove faren rope i fortvilelse: ‘Kom inn med ei skje og riv auet ut av huet mitt!’ Om ikke sitt eget øye, rev Nordli noen ganger i stykker klærne han hadde på seg når smertene herjet som verst», skriv Li og har slik meir enn dekning for kor hemmande helseplagene var. Søvnlaus og med tunge medisinar forstår vi at det omstendelege glei over i vanskar, ja, nær vegring mot å skjere gjennom og konkludere. Dei vanskelege sakene tårna seg opp for statsministeren inn mot 1980-åra, og i februar 1981 overlet ein letta Nordli statsministerkontoret til energiske Gro Harlem Brundtland.

Makta
Avgjersler og politiske vedtak i tida då Einar Gerhardsen leidde partiet, kom gjerne etter at «nokre av oss har snakka saman». Det var ein kultur for å ta viktige avgjersler i små uformelle grupper. Tore Li nyttar ei omskriving av dette munnhellet som forklaringsnøkkel for svikten i regjeringa Nordli. Nordli og Steen kommuniserte dårleg, men problemet var meir omfattande og gjaldt store delar av leiinga. «Nokre av oss har snakka dårleg saman»-kulturen var skuld i rot og usikkerheit i alt frå regjeringskabal til medieutspel.

Li skildrar Nordli som ein velmeinande, men konfliktsky leiar som tok samtalar på tomannshand heller enn i plenum, og som let vere å konfrontere ukultur av lekkasjar og bakhaldsangrep. Ein treng ikkje leite lenge etter slikt i toppen av arbeidarrørsla i 1970-åra. Det er ikkje tilfeldig at den populære dramaserien Makta valde nett denne epoken for sitt politiske TV-drama. Eit døme er den famøse starten på kommunevalkampen i 1979, då Arbeidarpartiet hadde leigd eit tog, for så å fylle det til randa av partifolk og journalistar med rikeleg servering. Odvar Nordli drakk seg så full at han bokstavleg talt vart sett på eit sidespor for å sove av seg rusen. Samstundes måtte resten av partiapparatet forsøke å dementere uheldige utspel som hadde kome frå finansminister Per Kleppe. Ein annan sentral karakter i den politiske dramaserien er den enigmatiske møbelhandlaren Arvid Engen, mellom anna nytta som kanal for lekkasjar til pressa. Desse meir tabloide sidene av maktspelet er innarbeidde i Tore Li sin biografi, men er tona ned og ikkje det som driv framstillinga.

Det er det større biletet og dei politiske sakene som opptek Li. Biografien er eit grundig arbeid over korleis politikaren Nordli utøvde sitt handverk i den oppbrotstida 1970-åra representerte. Mennesket Nordli kjem vi derimot ikkje like nær, og eg sit som lesar framleis med spørsmål om kvifor nett Odvar Nordli nådde toppen av arbeidarrørsla. Gjennom lesinga tenkjer eg at biografien har ein del av dei same trekka som Nordli sjølv. Han er grundig og veldokumentert, men kanskje ikkje så visjonær og sprudlande i forma.