Svensen henrik h

Knaus på knaus

12.06.2018

Henrik H. Svensen gjer mykje rett i formidling av geologifaget, men av og til er det som formidlingsiveren går i overdrive.

Når ein har med ein stilmedviten forfattar å gjere, kan ein rekne med at den første setninga i boka peikar mot noko vesentleg i verket. Geolog Henrik H. Svensen fekk i 2017 formidlingsprisen av Noregs forskingsråd og har tidlegare hausta glødande omtalar for bøkene Enden er nær (2006) og Bergtatt (2011), difor får vi tru at han har ein tanke med det når han startar første kapittel i vårens bok med denne setninga: «Jeg bøyde hodet ned mellom beina og spydde så stille jeg kunne.» Framhaldet fortel at dette skjer i ein bil som er på veg inn i ein stor vulkanprovins i Sibir, og ein viktig del av forhistoria viser seg å vere vodkaen som vart innteken i selskapet av internasjonale forskarar kvelden før. Oppkast, altså. Kan det vere meint som ein slags menneskeleg ekvivalent til dei vulkanutbrota som står sentralt i Svensens forsøk på å finne årsakene til masseutryddingar av artar for mange millionar år sidan? Eg syntest først det var ei god tolking, men ved nærare ettertanke verka det ein smule søkt. Og var det ikkje noko veldig kjent med den formuleringa? Så kom eg – heilt tilfeldig, tru det eller ei! – over starten på essaysamlinga Sjelens Amerika. Tekster 1996–2013 av Karl Ove Knausgård. Første setning der lyder slik: «På kne foran toalettskålen forsøker jeg å spy så lydløst som mulig.» Kan det vere tilfeldig at Svendsen opnar med ei så lik formulering? Etter å ha lese den ganske så særprega sakprosautgivinga Stein på stein. På sporet av den største masseutryddelsen i jordens historie trur eg ikkje det.

FORSIDA AV NATURE

Henrik H. Svensen er ein velrenommert forskar i geologi ved Senter for jordens utvikling og dynamikk, Universitetet i Oslo. I 2004 opplevde han eit gjennombrot med ein hypotese om kva som forårsaka dei dramatiske klimaendringane som skjedde samtidig med ei av masseutryddingane av artar i historia til jordkloden, i overgangen mellom tidsperiodane paleocen og eocen for 56 millionar år sidan. Den delen av boka der han fortel om denne hypotesen og om korleis det var å oppleve suksess av det slaget som kjem på framsida av Nature, er svært interessant lesing. Til dømes skildrar han den tøffe konkurransementaliteten blant forskarar og korleis kunnskapen om samanhengen mellom CO2 og klimaendringar har vakse fram. Svensen skriv lett og godt, han gir ei levande innføring i korleis forskingsarbeidet faktisk går føre seg, samtidig som han klarer å gjere geologifaget levande, også for ein humanist.

Sjølve hypotesen, som Svensen har utarbeidd i samarbeid med kollega Sverre Planke, tek det ikkje så mange sidene å forklare. Hovudpoenget i teorien er at straumar av flytande magma med svært høg temperatur pressa seg gjennom bergartar der det låg restar av organisk materiale. Dermed oppstod det forbrenning og frigjering av CO2 til atmosfæren, som i sin tur skapte klimaendringane som gjorde jorda uleveleg for nesten alle eksisterande organismar. Gassen som vart skapt, tok seg til overflata av jordskorpa eller havbotnen i det som i dag – etter at massane rundt er eroderte vekk – står att som vertikale røyr eller piper i landskapet, medan dei stivna magmastraumane er synlege som horisontale «siller». Det er altså frå desse spora, etter hendingar nesten utenkjeleg langt tilbake, at forskarane har slutta seg til korleis alt kan ha gått føre seg. Det er eg djupt imponert over, dette er kunnskap som kanskje vil stå i lærebøker for grunnskulen ein dag – om det ikkje alt gjer det.

SUKKA TUNGT

Størstedelen av boka handlar om forskingsarbeidet Svensen har lagt ned for først å formulere, så å styrkje denne hypotesen. Og det er her eg kjem til «men …». Då eg tok til å lese, venta eg meg ei popularisert fagbok om geologi. Og det var det jo også, men etter kvart fekk eg meir og meir kjensla av å lese ein sjølvbiografi. Det har eg i utgangspunktet ingenting imot, sjølv om eg er mindre interessert i historia om Svensens personlege utvikling enn i dei seinare oppdagingane. Eg må innrømme at eg sukka tungt då eg kom til den delen som begynte med «Jeg elsket Blindern, følte meg hjemme på campus og nøt overblikket frå toppen av Fysikkbygget …».

Då hadde eg alt begynt å irritere meg over at forfattaren hoppar raskt frå den eine forskingsekspedisjonen til den andre, utan at kronologien alltid er klar, med avstikkarar til anekdotar om andre forskarar og refleksjonar om livet så vel som vitskapen. Innimellom vender han tilbake til reint geologiske spørsmål, men når han på side 138 endå ein gong spør: «Hvordan kan mer enn 90 prosent av livet på jorden bare forsvinne?», begynner ein å føle at ein har gått i ring. Dermed skaper ikkje komposisjonen opplevinga av å vere med på ei spennande oppdagingsreise, slik undertittelen til boka lovar. Måten han fortel på, er for springande til å byggje opp spenning.

DETALJNIVÅ

Eg ser at det har vore viktig for Svensen å formidle korleis det er å arbeide som forskar ute i felten, og korleis livet i akademia artar seg, med tøff konkurranse og ofte vanskelege arbeidsforhold. Ekspedisjonane har tydelegvis også skapt sterke minne, i alle fall held han eit detaljnivå som minner sterkt om måten Karl Ove Knausgård skildrar livet sitt på. Mellom anna får vi vite at vakta på eit hotell i Sibir «var kledd i sølvgrå kamuflasjedrakt, hadde maskinklippet hår og fulgte nøye med fra sin hjørneposisjon» når ekspedisjonsmedlemmane ser etter ein kafé å setje seg på. Av og til vippar Svensen også over i ein Knausgård-aktig patos som kler sakprosaen dårleg. Som til dømes når mennene har funne kaféen dei trong, og får servert «en sterk rødbetsuppe til hovedrett, der maten og mineralene gled over i hverandre og markerte starten på et eventyr og speilinger av en vitenskapelig framtid». Ein skjønar at minerala ikkje faktisk ligg i suppeskåla; her er det snakk om meir mentale og emosjonelle rørsler i forteljaren. Men dømet demonstrerer vel at også sjangerblanding kan resultere i suppe.

Knausgård har gjort stor lukke med å røre seg over på sakprosaens domene i romanane sine. Og skildringane til Svensen får faktisk noko av den same appellen når han går den andre vegen, det skal han ha!

STEINPRØVEHENTING

Han gjer altså mykje rett i formidlinga av faget sitt. Men av og til er det som om formidlingsgrepa går i overdrive, og han ser ut til å ta det for gitt at forskingsformidlinga blir betre når teksten nærmar seg det skjønnlitterære. Men eg for min del har slett ikkje behov for å vite at sjåføren ved ein av ekspedisjonane var «Sergej, en bjørn av en mann med et markert ansikt, tynt hår og kraftig skjeggvekst». Det tilfører ikkje dogga til forståinga mi av geologi. Forfattaren har heller ikkje alltid kontroll på dei skjønnlitterære verkemidla. Når han til dømes startar eit avsnitt med setninga «Noe gikk i stykker den morgenen», anar ein eit dramatisk skifte, ei personleg krise. Men så viser det seg å vere fylleangst som ikkje ser ut til å ha fått varige konsekvensar.

Korleis ein vurderer ei bok, handlar ofte om kva ein ventar seg. Om Aschehoug forlag hadde brukt bilete av forfattaren på omslaget og kalla boka ei personleg historie om forskarlivet og korleis Svensen sakte arbeidde seg fram til teorien som enda på framsida av Nature, hadde eg kanskje likt dei detaljerte skildringane av steinprøvehenting betre. Og om eg hadde vore litt mindre firkanta i hovudet, hadde eg kanskje ikkje brydd meg om at eg miste oversikta over rekkefølgja på ekspedisjonane og kva rolle dei ulike episodane i ørkenen i Sør-Afrika, i fjella i Andes og i sibirske steinbrot eigentleg spela i arbeidet med å styrkje den vitskaplege hypotesen.

EIT GODT POENG

På den andre sida må eg vel også innrømme at om eg hadde vore mindre oppteken av samanhengar, ville eg ikkje ha hoppa over forordet då eg valde ut kva som fekk gå for å vere den første setninga i boka. Så det finst alltid eit element av fiksjon, også i sakprosa – til og med i ei kort bokmelding! For om eg skulle ha vore nøye på det, ville eg ha gått glipp av eit godt poeng.

Den aller første setninga i boka er nemleg: «Kan du med hånden på hjertet si at du aldri har plukket opp en stein fra bakken, holdt den i hånden og beundret dens glatte overflate eller duse farger?» Nei, eg kan ikkje seie det. Men eg kan heller ikkje skjøne kvifor eg skulle påstå noko slikt når eg først hadde gitt meg ut på å lese ei heil bok om stein.

Merete Røsvik (44) er kritikar.

Henrik H. Svensen
Stein på stein. På sporet av den største masseutryddelsen i jordens historie
Aschehoug, 2018