Gåta i spegelen

11.06.2015

Semja er stor, men forståinga stykkevis og delt i samtalen mellom Jon Fosse og Eskil Skjeldal. For Fosse er det mysteriet som skaper kjenslene, trua og kunsten.

Eg veit ikkje heilt kven som er mest internasjonalt kjend, Jon Fosse eller Jo Nesbø. Men Jon Fosse er i alle fall den av dei to som kanskje ein dag kan få Nobels litteraturpris, og ryet som dramatikar har også skaffa han Statens æresbustad Grotten. At Fosse i 2013 konverterte til katolisismen, understrekar at han er ein åndeleg kosmopolitt: frå bakgrunnen i den pietistiske bygda Strandebarm i Hardanger via teoretiske studium og kvekarfellesskap i Bergen til eit liv på reise mellom teateroppføringar over heile verda, hytte i Skjolden, bustad utanfor Wien og til sist Grotten i Slottsparken i Oslo.

Intervjuboka Mysteriet i trua. Jon Fosse i samtale med Eskil Skjeldal har blitt til i forlenginga av ein langvarig e-postkorrespondanse og somme møte mellom Fosse og Eskil Skjeldal. Det er ei bok tufta på sams erfaringar og stor semje om dei store spørsmåla i livet.

Eskil Skjeldal er teolog, skribent og kritikar og har tidlegare gjort lukke med ein intervjuserie i Dag og Tid der han snakka med diverse kjendisar om kriser og meininga med livet. I tillegg skildra han i sameavis si eiga truskrise gjennom ei rekkje essay og har, som Fosse, konvertert til katolisismen. Dei mange sams referansane gjer at samtalen glir lett, ofte for lett og raskt over punkt der kritiske spørsmål kunne ha ført til interessante utdjupingar.

INTELLEKTUELT PORTRETT Dei punkta Skjeldal stiller flest oppfølgingsspørsmål til, er knytte til tvil og trusforsvar: Kven eller kva er Gud, og er han allmektig eller ikkje? Her er det eksistensielle alvoret stort frå begge partar; detbetyr verkeleg noko for Skjeldal kva Fosse svarar, og eg skulle gjerne fått vite meir om dei tankane svara vekkjer i han. I staden nøyer han seg som regel med kortfatta oppfølgingsspørsmål.

Både Ingunn Økland i Aftenposten (i) og Ane Farsethås i Morgenbladet (ii) har alt påpeika at Skjeldal nærmar seg intervjuobjektet Fosse med nærmast sjølvutslettande beundring og respekt. Dei set også boka inn i ein kontekst der forlaget sin strategi for å halde Fosses forfattarskap «varm» med stadige utgjevingar spelar ei viss rolle.

Eg er samd i at Mysteriet i trua har lite av den levande dynamikken samtaleforma på sitt beste kan skape, og som Alf van der Hagen har lukkast så godt med i Dag Solstad. Uskrevne memoarer og Kjell Askildsen. Et liv. I staden får eg stadig kjensla av at teksten går i ring; las eg ikkje nettopp om dette i stad? Fosse siterer filosofar som Heidegger og Wittgenstein og gir eit intellektuelt meir enn eit biografisk portrett av seg sjølv. Heldigvis svarar han innimellom annleis enn venta, han har halde på opprørstrongen også i møte med den katolske kyrkja.

EI ÅNDELEG VERD Boka inneheld interessante tankar om kva religiøs tru er og kan gi. Sidan vi no er inne i det eg har høyrt omtala som ei postsekulær tid, altså der religionen ser ut til å vere på frammarsj, er det absolutt eit tema det er verdt å setje seg inn i.

Eg har sjølv kristen bakgrunn, og eg kjenner meg difor godt igjen når Fosse skildrar tryggleiken trua kan gi, og den oppløftande fellesskapen ein kan oppleve gjennom dramaturgien i ei gudteneste. Den udogmatiske og filosofiske tilnærminga hans gjer at tanken dukkar opp: Skal tru om det framleis er mogeleg at trua på ein god Gud og eit liv etter dette kan vakne i meg igjen?

Etterlivet er i denne samanhengen ikkje uviktig, sjølv i ein slik intellektuell kristendom der paradokset og mysteriet står sentralt. Til dømes gir det berre meining å snakke om at «den krossfeste Gud er dei avmektiges Gud […] som sigrar gjennom si avmakt» dersom ein reknar med evig liv i himmelen. Sjølvsagt kan mykje i livet bli enklare om ein trur på ei åndeleg meining, men utan ideen om paradis ville ein vanskeleg kunne påstå at ein som vert fengsla og drepen for trua si, har vunne over dei som har den verdslege makta. Då gir paradokset meir meining slik det framstår som mest relevant for diktaren sjølv: «Kunstnaren er ein eksentrisk outsider og ein nevrotisk eksistens som lukkast i livet gjennom kunsten sin.»

Etter kvart som eg les, veks det fram eit bilete av eit livssyn og ei livskjensle der både trua og denskapande kunsten spring ut frå opplevinga av ei åndeleg røynd som er vesensforskjellig frå den materielle verda. Den negative definisjonen av Gud, at Gud er vesensforskjellig frå verda, at han er overalt og ingen stader, men samstundes «rein røyndom», gjer Gud til meining og meining til Gud. Gud er også ein gneiste i kvart menneske, ei stemning, det som gjer kvar av oss unik. Å kome i kontakt med denne gneisten eller inspirasjonen i seg sjølv er dermed å overskride den fysiske verda og kome i kontakt med Gud. Ekte kunst er inspirert, unik og nyskapande.

FORKYNNANDE KUNST? Av dette romantiske kunstsynet følgjer det naturleg at «Kunst og forkynning er motsetnader» og «Kunst som meiner, religiøst, politisk, same kva, er ikkje lenger kunst».

Her er Fosse talsmann for eit syn som har vore vanleg sidan slutten av 1600-talet. (iii)Men kva då med Bibelen og Dantes Inferno, eller kyrkjemusikken, anten det er salmeskatten eller Bachs juleoratorium? Bachs musikk vert halden fram av Fosse som den mest sublime kunst. Ein kan sjølvsagt hevde at religiøs kunst, når han er vellukka, først og fremst er uttrykk for sterke kjensler og trusinnhald som trengjer seg fram utan tanke på korleis det skal påverke publikum. Men det blir å spekulere i korleis sjølve skapeprosessen gjekk føre seg, innhaldet er likevel forkynnande.

Eit slikt skilje mellom intuitiv, inspirert kunst og medvite meiningsberande kunst kan verke både forenkla og tilslørande. Spesielt sett i lys av at haldninga til skiljet mellom politikk og kunst ser ut til å vere i endring (sjå til dømes på eit initiativ som Forfatternes klimaaksjon § 112), hadde det gjort boka betre om slike utsegner hadde blitt utfordra.

Sjølv om kunst ikkje skal vere politisk, meiner Fosse at etikk og estetikk heng saman. Han seier: «Ei god teaterframsyning avheng av at alle involverte underkastar seg kvarandre, den einskilde er prisgjeven krefter han sjølv ikkje rår over.» Det er ein uproblematisk påstand og fint sett. Men det kunne skrudd temperaturen i boka opp mange hakk om Skjeldal hadde pressa Fosse på om høgverdig kunst per definisjon også er etisk høgverdig. I debatten rundt tildelinga av Ibsen-prisen til Peter Handke hadde Fosse eit utspel til forsvar for Handke, og ei utdjuping av tankane hans om skiljet mellom kunst og politikk versus samanhengen mellom estetikk og etikk i den konteksten ville ha vore av stor interesse for både meiningsfellar og meiningsmotstandarar.

LETTVINTE LØYSINGAR Eg synest Skjeldal burde ha gripe fatt i utsegner som verkar intellektuelt lettvinte. Til dømes hevdarFosse at kravet om sølibat for katolske prestar kan fungere som eit vern for folk med ei problematisk seksuell legning som pedofili. I lys av skandalar med pedofile overgrep gjorde av katolske prestar må ein kunne seie at det er ein uheldig argumentasjon.

Ein annan stad svarar Fosse nei på spørsmålet om konverteringa til katolisismen innebar eit oppgjer med eiga livsførsle. Men alt på neste side omtalar han seg sjølv som «ein stor syndar». Eg kan i og for seg både skjøne og ha sympati for begge utsegnene, men det hadde likevel vore interessant å få utdjupa forskjellane og samanhengane her.

Har boka så påverka mine eigne tankar om tru? Vel, sjølv om paradokset og mysteriet Fosse held fram, er tiltrekkjande, så gjer det også pietisten i meg mistenksam. Kokar ikkje det heile ned til at ein trur fordi ein treng å tru? Trass i mange ulike tilnærmingar til emnet viser boka først og fremst at sjølv om ein kan fortelje om oppleving av tru, er trua vanskeleg å forklare intellektuelt. Å tru er også ein kunst.

 

NOTAR

i Ingunn Økland. 2015. «Nesegrus beundring». Aftenposten 15.03.2015

ii Ane Farsethås. 2015. «Intervjuer på nåde». Morgenbladet 19.03.2015

iii Tue Andersen Nexø. 2015. Ikke de voldsomme. Politisk offentlighed og offentlig skønlitteratur, England 1640–1750. Museum Tusculanums forlag

Eskil Skjeldal
Mysteriet i trua. Jon Fosse i samtale med Eskil Skjeldal
Samlaget, 2015