For å bli synleg i ei eksplosiv medieutvikling er det meir og meir nødvendig å glimre med sitt nærvær, skriv Arild Stubhaug i denne kommentaren til mottakinga av den siste boka hans: Jacob Aall i sin tid.
I januar gav eg ut biografien Jacob Aall i sin tid, og sidan har det kome ei rekke gode, og for forfattaren inspirerande, meldingar, sist i Prosa nr. 2/14. Eit slags underliggande mønster i fleire av meldingane er ei fokusering på biografens haldning til presentasjonen og formidlinga av stoffet. Desse reaksjonane peikar mot forventningar til biografisjangeren, som det kan vere klargjerande å kommentere, også på bakgrunn av Håvard Rems essay om “den samtidsbiografiske portrettboken” i same nummer av Prosa (2/14).
Ønsket om å vektlegge, strukturere og presentere stoffet på ein annan måte enn det eg har gjort i boka om Jacob Aall, blir tydelegast uttrykt av Arne Dvergsdal i Dagbladet (17.02.14). Etter i rosande ordelag å ha karakterisert boka som solid, detaljert, sakleg, grundig, veldokumentert og “tro mot den nye nøkterne, nesten minimalistiske biografisjangeren”, skriv han mellom anna: “Jeg ville nok ønske at den saklige Arild Stubhaug heller hadde brukt tid og plass til å fargelegge, dramatisere og kommentere.” Men han legg til: “Men et storverk er det blitt.”
Dette er som eit ekko av Mona Ringvejs omtale i Aftenposten (02.02.14). Etter å ha gitt ei skildring av Jacob Aalls mangesidige virke og slik peika på Jacob Aall som eit særs veleigna biografiobjekt, for å belyse tidas ulike hendingar og motsetningar, og etter også å ha gitt biografen ros for både denne og tidlegare biografiar frå same periode, skriv Ringvej: “Stubhaug er imidlertid påfallende fraværende som forteller, og det er paradoksalt at dikteren Stubhaug har så liten trang til å ta i bruk litterære virkemidler.”
“ET MER INTIMT BILDE”
Det er som om Lasse Midttuns omtale i Morgenbladet (30.01.14) har gitt gjenlyd. Under overskrifta “Mye mer enn 1814” peikar han på korleis boka gir “et absolutt overbevisende bilde av Aall som et multitalent”, men han synest biografen, som representant for “den nye generasjons biografer”, burde ha “spekulert litt mer” og i større grad gjort bruk av “historiserende og komparative grep”.
Terje Holtet Larsen (Prosa 2/14) ser også denne utfordinga, og skriv: “Hvorfor denne reservasjonen mot å tilkjennegi dine oppfatninger, herr Stubhaug, tenkte jeg!” Han synest biografens “fortellerposisjon” kan bli altfor sakleg og distansert, “men langsomt tegner det seg allikevel et mer intimt bilde av Jacob Aall”.
I VG (26.01.14) konkluderer Sindre Hovdenakk med at biografen har lykkast med “å blåse liv og engasjement inn i et stort kildemateriale”, og samtidig med å gå inn på eit einskildindivid har makta å gi “et bilde av en hel tidsepoke og en mentalitet”. Ei liknande lesaroppleving kjem frå Geir Kjell Andersland i Vårt Land (05.02.14), som skriv at biografien er “så velformulert at lesningen blir en fryd”, og det til tross for at dei mange faktaopplysningane og dei 600 sidene “lett kunne ha blitt kjedelig”. Rosande ord er også å lese i Tvedestrandsposten, Agderposten, Trønderavisa mfl.
“NÆRMEST I FORBIFARTEN”
I Stavanger Aftenblad (24.02.14) priser Jan Askelund bokas litterære grep og framstilling, og han framhevar at den gir ei nyansert skildring av Riksforsamlinga på Eidsvoll og eit kjærkomme alternativ til ein evinneleg“nasjonal pep-talk av 17. maifeiringa og 1814”, og så skriv han: “Stubhaug viser nærmest i forbifarten også hvordan den ellers så omsorgsfulle Jacob Aall ikke nølte med å slå under seg eiendommene til bønder som var kommet i gjeld til ham [og slik ] belyser et gap av misforhold mellom et paternalistisk regimes tilsynelatende harmoni, og uroen og undertrykkelsen like under overflaten.”
Her peikar Askelund på store og viktige historiske tema, men i denne samanhengen vil eg stanse ved uttrykket“nærmest i forbifarten”. Å vise noko nærmast i forbifarten er for meg eit ønskemål. Då har eg oppnådd noko av det eg som forfattar gjerne vil. Då har eg gitt lesaren så frie taumar som råd er. Då har eg lagt til rette for at lesaren kan danne seg eit mest mogeleg fritt og personleg forhold til stoffet. Nærmast i forbifarten har lesaren, i det tekstterrenget som er lagt fram, fått sett det eg håpa og la til rette for at lesaren skulle sjå, tolke og ta inn der og då. Målet er å la lesaren få oppleve finnarglede, knyte trådar, sjå mønster i staden for å få ein ferdig konklusjon levert på døra.
Men det er klart: Nokon likar best at ting blir uttrykkeleg peika på og forklart. Nokon likar best å bli handfast leia inn i nye landskap. Nokon likar best ein guida tur, andre vil helst ta seg fram på eiga hand. Nokon vil ha stoffet ferdig servert, nærmast ferdigtogge med forfattarens personlege smak på tunga, mens andre vil oppleve dette nærmast som eit overgrep, som ei autoritær forfattarhaldning, som trær sine meiningar nedover lesaren.
SMÅ EKSPLOSJONAR
Gode tekst- og leseopplevingar er som små eksplosjonar, der vi plutseleg ser noko nytt. Spørsmålet er kvar detonasjonen skal skje: hos forfattaren eller i lesaren. Nokre forfattarar, tidlegare gjerne kalla glitrande pennar, vil helst skape eit fyrverkeri rundt seg. Andre vil heller vere i fred og skrive ein tekst som inneber ein stille prosess i lesaren. Men så er det vel slik: Dei fleste vil sjå fyrverkeriet. Og for å bli synleg i ei eksplosiv medieutvikling er det også meir og meir nødvendig å glimre med sitt nærvær.
All skriving og publisering er eit forsøk på å nå ut til lesarar. Men det lesarane vil ha, er så ulikt. Og det skiftar gjennom tidene, og raskare enn før. Når det gjeld biografisjangeren, er det ikkje stort meir enn vel 20 år sidan det var ei markant vending mot større etterrettelegheit og nøkternheit. Og med tilvisingar til arkivalia, litteraturlister, personregister, gjerne med notar og bibliografi, er resultatet blitt det meldarane gjerne kallar grunnsolide, grundige, detaljrike, alt-er-med-biografiar. Og då kanskje også med det resultatet at forfattaren, biografen, har tatt eit steg til side og blitt mindre synleg som person.
Kvifor no dette ønsket om at biografen tydelegare skal gripe inn, peike og gi til seg til kjenne, vere til stades som forteljar, helst med ei appellerande personleg stemme? Er det fordi dei grunnsolide tekstane er blitt for tungt lesestoff? Er det eit ønske om større tilgjengelegheit, eit krav om at alle bør bli inviterte med til å ha ei personleg meining om alt og alle, som på Facebook og Twitter? Er biografens stemme ein motiverande faktor i lesinga? Skal biografen liksom by på seg sjølv for å halde på gjestane?
All formidling (og underhaldning) er sjølvsagt i endring. Og vi kjem ikkje utanom at mykje er styrt av økonomiske botnlinjer. Alle sit vi på ein eller annan måte i økonomiske rammer. Og kommersiell suksess blir meir og meir sett på som litterær suksess. Men kva betyr det å by på seg sjølv? Er det noko anna enn eit ektefødt barn av intimitetstyranniet?
SKRIVETEKNISKE GREP
Eg vil meine at det ikkje går an å skrive ein tekst utan eit personleg avtrykk.
Forfattaren er nødvendigvis og til overmål til stades i den skrivne teksten. Slik ein ikkje kan gå i våt sand utan å sette spor. Dette er gammal kunnskap, som har danna skole innan tekstanalyse. Språket kan aldri vere eit nøytralt, reint materiale der forfattarens intensjonar går friksjonsfritt gjennom. Måten ein brukar språket på, seier noko om brukaren. Men slik finlesing er ulikt verdsett og utvikla, frå tid til tid og i ulike miljø.
Like mykje som det språklege, som kanskje lett kan bli oppfatta som ein diskusjon om semikolon, ordbruk og stil, dreier det seg også om skrivetekniske grep. Det vil seie måten stoffet heilt konkret blir presentert på, korleis informasjonsstraumen er tilrettelagd for å skape rom for ei personleg oppleving og ettertanke i lesaren. I praksis kan det for eksempel vere å gi så mange opplysningar, krinse rundt eitt tema så lenge, at eg, som forfattar, veit at lesaren er på nippet til å synast at dette kan bli for mykje av det gode, og nettopp då bryte av og sette fram noko nytt. Det er som å fôre med brød og brød, for så plutseleg å sette fram eit glas øl (eller anna drikke). Smaken av drikken er ofte meir intens då, enn om glaset skulle stått der heile tida. Å ta lesarreaksjonar innover seg på den måten er å stå i dialog med lesaren, men ikkje med utheva tekst. Grepa skal ikkje skygge for innhaldet.
Det er også ein reaksjon Klassekampens Ingvild Bræin gir uttrykk for (15.03.14) når ho skriv: “Biografien om Jacob Aall fører til både henrykkelse og forbigående utmattelse hos leseren.”
AVSTIKKARAR OG SPEKULASJONAR
I bokmeldinga i Morgenbladet meiner Lasse Midttun at “avstikkere inn i det diskuterende og spørrende kan også være oaser”, som opplagt vil motverke den oppramsande, grundige, detaljerte framstillinga, “som grenser til det tørre av og til”. Han peikar også på nokre stader i Jacob Aall i sin tid der slike avstikkarar er gjorde med hell, men han skulle ha ønskt seg fleire av dei. Eg er i prinsippet einig, avstikkarar og spekulasjonar kan vere ein fruktbar måte å stimulere lesinga på. Det fremste målet er likevel at lesaren skal gjere avstikkarar på eiga hand.
Kvar biografi har sin struktur, som gjerne blir utbygd og supplert undervegs i arbeidet. Sansen for kor mykje denne strukturen kan bere, både av faktaopplysningar og av spekulasjonar, er avgjerande. Går biografen for langt i ei eller anna retning, bryt det heile saman. Det er det, ifølgje Midttun, mange kunstnarbiografiar på 1980–90-talet gjorde. Dei spekulerte vilt om sjeleliv og hemmelege tankar hos biografiobjektet. Midttun ønskjer seg ein “mellomting”.
Eg synest likevel at eg har lykkast bra når Midttun, som lesar og meldar, gjer det biografen har avstått frå: å sjå parallellar i samtida, som for eksempel å samanlikne Aall-familien i åra rundt 1814 med Kennedy-klanen i 1960-åra, og peike på at det er “en romslighet” hos Aall som burde få dagens rike “til å bøye hodet i skam”. Og hadde biografen lessa inn meir spekulasjon, ville kanskje heller ikkje
Espen Grønlie i Le Monde diplomatique (mars 2014) på ein så interessevekkande måte ha drege Jacob Aall og Eidsvollsgrunnlova inn i vurderingar av folkesuverenitet og demokrati i dagens EF, EØS, USA og NATO.