Språkhistorie og symbolmakt

23.06.2014

Ikkje alt er kjent. Derfor trengst det ein gjennomgang av nokre sentrale hendingar i norsk språkhistorie – ein ideologikritisk “arkeologi” (for å tale med Foucault).

Det skal eg gjere ved å framheve fem hendingar som har vore avgjerande for den norske språksituasjonen – fem hendingar som kvar på sitt vis er underkommuniserte i undervisningssamanheng og i det offentlege ordskiftet, fem hendingar i norsk språkhistorie som for mange er relativt ukjende, og som berre sjeldan blir framheva og omtala på ein endefram måte. (i) Det gjeld språkparagrafane i Grunnlova av 4. november 1814, som uttrykk for statleg definisjonsmakt, med vidtrekkande implikasjonar. (ii) Det gjeld den stegvise fornorskinga av det danske skriftspråket, som først skaut fart lenge etter 1814. (iii) Det gjeld konfirmasjonsundervisninga ut frå Pontoppidans forklaring av Luthers katekisme, ei danskspråkleg disiplinering av all norsk ungdom i over 150 år, i statskyrkjeleg regi. (iv) Det gjeld marknadskreftene i bokbransjen på slutten av 1800-talet, då norske forfattarar i hopetal, Ibsen og Bjørnson medrekna, utgav bøkene i København, på dansk. (v) Og det gjeld Foreldreaksjonen (etter andre verdskrigen) til fordel for dansknære former i språket, ein velorganisert og implikasjonsrik aksjon som reiser interessante spørsmål om organisering og finansiering og om bruk av sosial kapital og retorisk definisjonsmakt, men som aldri vart gjord til gjenstand for samfunnsvitskapleg forsking – kvifor?

 

(i)             SPRÅKKUPPET I GRUNNLOVA AV 4. NOVEMBER 1814

I den endelege versjonen av Grunnlova, som vart forhandla fram på hausten i 1814, er det fleire paragrafar som omtalar “det norske Sprog” (§ 33, 47, 81). Det vart mellom anna grunnlovsfesta at “Alle Love udfærdiges i det norske Sprog” (§ 81). Slik vart dansk definert som norsk. Eit språkleg “kupp”, for å sitere Øystein Sørensen.1

Dei gav seg ikkje med det: Denne språkbruken fekk støtte frå det nyoppretta kgl. Fredriks universitet (i 1815), der konklusjonen var klar, men merkeleg: Dansk i Danmark er dansk, men dansk i Noreg er norsk! Kvifor? Kva var argumentet? Det vart vist til at nordmenn i lang tid hadde brukt dette skriftspråket, og at nordmenn hadde vore med å utvikle det danske skriftspråket. Greitt nok (jf. Ludvig Holberg). Det same kan seiast om engelsk i Irland, men irane kallar ikkje engelsk for irsk når det blir brukt i Irland. Så her er det noko som ikkje stemmer.

Kva var det som gjekk av dei? Kva var poenget med denne snodige definisjonen, dette “språkkuppet” i 1814? På politisk hald var det klare strategiske grunnar for å kalle språket i Grunnlova av 4. november 1814 for norsk: Unionen var no eit faktum, med Sverige som den sterke part. Då var det viktig å stå imot, også språkleg. Frå norsk side var det frykt for at svensk språk skulle erobre landet, dels som følgje av svensk ambisjonar, dels fordi mange norske dialektar står nærmare svensk enn dansk. Derfor var det viktig å grunnlovsfeste at lovspråket ikkje skulle vere svensk. Det var poenget. Ikkje svensk.

Men kvifor kunne dei ikkje kalle ein spade ein spade? Kvifor ikkje kalle dansken dansk? Riksmålsaktivisten Finn-Erik Vinje formulerer det slik: “Etter begivenhetene i 1814 gikk det anstendigvis ikke an å snakke om dansk som offisielt språk i Norge.”2

Ettersom dei norske forhandlarane ikkje hadde eit norsk skriftspråk (gamalnorsk hadde ikkje vore i bruk på lang tid), valde dei å halde på dansk og kalle det norsk. Forståeleg nok, der og då.

Men dette språklege krumspringet skulle bli implikasjonsrikt, heilt fram til vår tid.3 For denne definisjonen gir uttrykk for det dominerande synet i lang tid framover, enkelt sagt: Kall det norsk, og hald det dansk!4 På den eine sida: Unngå å kalle dansken dansk! (Då heller nemningar som “Modersmaalet” eller “vort almindelige Skrift- og Bogsprog”.5) På den andre sida: Hald dansken rein for norske innslag! Unngå å fornorske dansken!

 

(ii)          FORNORSKNINGA AV DET DANSKE SKRIFTSPRÅKET

Men det er ikkje slik språkhistoria til vanleg blir framstilt no i ettertid, etter at dansken gradvis er blitt fornorska. No i ettertid blir dette avgjerande tidspunktet i norsk språkhistorie som oftast omtala som om ønsket om å fornorske det danske skriftspråket var mainstream, og at fornorskingsarbeidet kom i gang rimeleg kjapt etter 1814. Det blir gjerne vist til Henrik Wergeland og det han sa og gjorde tidleg på 1830-talet, og til Knud Knudsen noko seinare. I ei lærebok i norsk for vidaregåande skule kan vi lese dette:

 

De fleste var enige om at vi trengte et eget norsk språk etter frigjøringen fra Danmark. Spørsmålet var bare hvordan man best kom fram til dette nye språket. Det var særlig tre muligheter eller metoder som ble diskutert: 1. beholde dansk som skriftspråk i Norge, 2. fornorske det danske skriftspråket over tid ved å ta inn norske ord og vendinger og skrive språket i samsvar med uttalen, 3. finne et nytt, norsk språk med utgangspunkt i gammelnorsk.6 Den første modellen ble avvist av de fleste, men de to andre dannet grunnlaget for det vi nå kaller den norske språkstriden.7

 

Når ein les slikt, kan ein få inntrykk av at det straks etter 1814 var brei semje om å fornorske det danske skriftspråket, og at vegen dermed var staka ut, fram mot noko i retning av det bokmålet vi har i dag. Men slik var det ikkje. Snarare tvert om. Det rådande synet støtta status quo, det å halde fram med dansk som skriftspråk. Dette var det dominerande standpunktet etter 1814 og i lang tid framover.

I den samanhengen var Henrik Wergeland ein marginal figur. Det er folk som P.A. Munch som stod for det dominerande synet: at dansken ikkje bør (og ikkje kan) fornorskast.8 Rett nok, på 1840- og 1850-talet kom Knud Knudsen (i konkurranse med Ivar Aasen og i opposisjon til P.A. Munch) med sitt “dansk-norske sprogstrev”: eit program for gradvis fornorsking. Rett nok, i 1862 vart skriftbiletet noko forenkla: f for ph, k for ch, hus for huus, li for lie.9 Og det vart slutt på fleirtalsbøying av verb og stor forbokstav på substantiv, slik det også vart i dansk og svensk. Men det var først ved rettskrivingsendringane i 1907 og 1917 at fornorskinga av det danske skriftspråket skaut fart, og då under press frå landsmålet og målrørsla, som hadde stor framgang på slutten av 1800-talet og framover på 1900-talet.10

Så seint som i 1899, same året som nemninga “riksmål” blir lansert, uttala Bjørnson at “Jeg ser det som et Gode, at vi deler Skriftsprog med Danskerne”.11

Skilsmissa kom seint. Den første parallelle bokutgivinga av same bok, éi på dansk og éi på dansk-norsk, kom først i 1919,12 over hundre år etter 1814 og på terskelen til mellomkrigstida. Fornorskingsprosessen fram mot 1917-rettskrivinga hadde då fjerna “vort almindelige Skrift- og Bogsprog” så langt frå det danske skriftspråket at forlagsbransjen rekna dei som to språk. Så seint, og så nødig.

 

DET UNIKE: FORNORSKNING AV DANSK

I 1814 stod vi framfor ulike strategiske val med tanke på skriftspråk: (i) Ein kunne halde fram med dansk. Å halde fram med koloniherrens språk er ein velkjend strategi for tidlegare koloniar som er blitt sjølvstendige – fransk i Senegal og engelsk i Nigeria. I norsk samanheng var det endå meir nærliggjande, ettersom dansk er eit nærskyldt språk. Og som nemnt var dette i lang tid den dominerande strategien. (ii) Ein kunne velje å gå tilbake til gamalnorsk. Prinsipielt var det mogleg. Israel valde å revitalisere hebraisk, eit urgamalt liturgisk språk. Og dei makta overgangen til ei moderne tid, med kjernefysikk og popkultur. Men situasjonen for dei jødiske settlarane var heilt spesiell. Eit tilsvarande val var knapt realistisk i norsk samanheng (jamvel om ein kunne ha gjort felles sak med islendingane). (iii) Ein kunne ha valt å gå over til svensk. Unionen var eit faktum. Mange norske dialektar står svensken nær. Men, som nemnt, av politiske grunnar var ikkje dette eit alternativ for den norske eliten. (iv) Så kunne ein ha valt å registrere og formulere eit moderne norsk skriftspråk ut frå norske dialektar. Ein tilsvarande strategi er vald i mange land, både i Europa og andre stader (t.d. færøysk, makedonsk og slovakisk13). Og det var dette Ivar Aasen gjorde. Ingenting spesielt ved det. (v) Men så var det endå eit alternativ. Ein kunne gå inn for å fornorske det danske skriftspråket, steg for steg. Og slik vart det, omsider. Men dette er spesielt, eit unikt prosjekt. Det finst ikkje maken. Ingen har tenkt tanken om å ukrainisere det russiske skriftspråket steg for steg, for så å kalle resultatet ukrainsk.

Det at eit skriftspråk gradvis kan forandrast på denne måten, slik at det etter kvart blir eit nytt språk, er heilt eineståande. At denne strategien omsider vart vald og gjennomført, kan berre forklarast ut frå eit sett av særeigne vilkår – sosiale og politiske forhold så vel som forholdet mellom språka. Kort sagt: Det er bokmålet som er det uvanlege og spesielle, ikkje nynorsken.14

 

(iii)        SPRÅKLEG DISIPLINERING I STATSKYRKJELEG REGI

På 1730-talet fekk Erik Pontoppidan i kongeleg oppdrag å skrive ei forklaring til Luthers katekisme, til bruk ved konfirmasjon.15 Boka Sandhed til Gudfrygtighed, med 759 spørsmål og svar, kom ut i 1737 og vart den mest brukte læreboka i Noreg i 150 år. Full tittel: Sandhed til Gudfrygtighed, udi en eenfoldig og efter Muelighed kort dog tilstrekkelig Forklaring over Sal. Doct. Morten Luthers Liden Catechismo, Indeholdende alt det, som den, der vil blive salig, har behov, at vide og giøre. Paa Kongelig allernaadigst Befalning, til almindelig Brug. Dette var alvor: Den som ikkje kunne svare for seg under prestens eksaminasjon på kyrkjegolvet, med heile kyrkjelyden som tilhøyrar, måtte gå opp på nytt.16 Den som ikkje vart konfirmert, kunne ikkje gifte seg. (Dette er før prevensjonen.) Så her har vi disiplinering av folket, i statleg regi, med mange former for makt, frå stat og klasse til skam og seksualitet.17

Men samtidig er dette ei opplæring i å lese. Og når folk tar til å lese, veit ein ikkje kva dei kan finne på å lese, og kva dei kan finne på å meine. I så måte er dette ei frigjering, ei kulturell modernisering,18 slik vi ser det hos haugianarane og dei andre folkelege rørslene utover på 1800-talet.19

Obligatorisk konfirmasjon og Pontoppidans danskspråklege forklaring, som skulle lærast ordrett – dette er viktige saker, også språkhistorisk: Her blir all norsk ungdom drilla og disiplinert i dansk språk, i skrift og tale, frå 1730-talet og i lang tid framover. Ei skilsetjande hending i norsk språkhistorie, men sjeldan omtala i den samanhengen. Men så passar det heller ikkje inn i forteljinga om fri språkutvikling, utan statstvang og klassemakt.

 

(iv)          MARKNADSMAKT OG BØKER

På 1800-talet var det fordelaktig for norske forfattarar å gi ut bøkene i Danmark. Det sikra eit større publikum og betre inntekter. Ifølgje den danske historikaren Ole Feldbæk var det så mange som 90 norske forfattarar som publiserte på danske forlag i perioden frå 1850 til 1890.20 Det omfatta “dei fire store”, Ibsen, Bjørnson, Kjelland og Lie, men også Amalie Skram og mange andre.21

Tilsvarande tal finn vi hos Jens Arup Seip,22 som dessutan siterer Nils Collett Vogt: “En bok trykt i forfatterens hjemland var i hine tider (i 1880–90-årene) et misfoster, dømt til å bli usolgt og ulest.” Seip legg til: “Først i mellomkrigstiden ble frigjøringen (som det vel kan kalles) fra Danmark fullbyrdet.”

Marknadskreftene var eintydige. Den som ville leve av å skrive, måtte skrive på dansk og publisere i Danmark. Dette er bakteppet då Bjørnson i 1899 formulerte seg slik: “Jeg holder det for et Gode, at vi deler Skriftsprog med Danskerne.”23 Ikkje vanskeleg å forstå, gitt marknadskreftene. Men likevel ei påfallande utsegn, fordi det uttrykkeleg blir slått fast at det dominerande skriftspråket i Noreg på den tid var dansk. Og det skjer same året som Bjørnson er med og lanserer nemninga “riksmål” for dette skriftspråket, som symbolsk mottrekk mot landsmålet og målrørsla i sterk framgang.

 

(v)           FORELDREAKSJONEN FOR EIT DANSKNÆRT SPRÅK

På hausten 1949 kom ein vennekrins av foreldre i Oslo og Bærum saman for å protestere mot språket i lærebøkene24 – ikkje minst mot hokjønnsformer, som er vanlege i folkeleg tale,25 men som ikkje finst på dansk. “Foreldrebevegelsen i sprogsaken” vart etablert. I 1951 slutta Riksmålsforbundet seg til, og “Landskomiteen for Foreldreaksjonen mot samnorsk” vart oppretta. Foreldreaksjonen var aktiv på fleire plan og med stor effekt. Ein underskriftskampanje i 1953 gav 407 119 underskrifter.26 Same året vart det sett i verk ei “retting” av språket i lærebøkene. I forlenging av dette vart dei såkalla samnorskbøkene brende på bål, 10–15 år etter andre verdskrigen.27

Foreldreaksjonen er eit interessant fenomen. Ikkje fordi det fanst folk som meinte at fornorskinga hadde gått for langt. Ettersom det er slik at det danske skriftspråket gradvis vart fornorska, særleg ved rettskrivingsendringane i 1907 og 1917, er det forståeleg at det rådde ulike syn på kor langt fornorskingsprosessane skulle gå, og også med tanke på den sosiale forankringa for språknormeringa. Kulturstriden omkring nasjon og klasse er velkjend frå 1800-talet. Det interessante er dette: at riksmålsaktivistane fekk så stort og langvarig gjennomslag; at riksmålsaktivistane ikkje innsåg (eller ikkje brydde seg om) at dei samtidigsåra og stigmatiserte folk som brukte ord og former som riksmålsaktivistane oppfatta somufyselege og vulgære;28 og at riksmålsaktivistane ikkje ville (eller kunne) innsjå at det finst mange slags makt, ikkje berre i staten og hos dei folkevalde, men også i marknaden, i sosial status og i sosiale nettverk, og som definisjonsmakt.

Her er mange interessante problemstillingar for samfunnsvitskapleg forsking: Korleis var aksjonen organisert? Korleis gjekk dei fram? Kva for sosial og yrkesmessig bakgrunn hadde aktørane? Kva for nettverk vart aktiverte? Kva med kontaktar innanfor forlag, avisredaksjonar, institusjonar i kulturlivet og politiske parti?29 Kva med finansieringa? Når sentrale aktørar i næringslivet systematisk støtta publikasjonane til riksmålsforbundet (Frisprog, Ordet), var det då berre av språkpolitiske grunnar, eller var det også retta mot Arbeidarpartiet?30 Kva med symbolmakt i form av sosial kapital, definisjonsmakt og markering av sosial status? Og kva med retorikken?

Her skulle det vere nok å ta av for ivrige forskarar i sosiologi og andre samfunnsvitskapar. Men nei – det finst knapt samfunnsvitskapleg forsking om Foreldreaksjonen. Merkeleg. Tenk på alle tema om sosial makt og fordekt diskriminering som det er blitt forska på i norsk samfunnsvitskap, stolpe opp og stolpe ned. Men ikkje dette. Kvifor?

Det er interessant at dette ikkje vart oppfatta som interessant. Det er i seg sjølv eit utfordrande sosiologisk spørsmål, retta til samfunnsforskarane. Ikkje nok med det: Det er makt i det å få agere i fred, få agere politisk utan å bli gjord til gjenstand for forsking, for offentleg tilgjengeleg forsking. Øverland kom trygt frå sine retoriske krumspring,31 utan effektiv korrektur. Foreldreaksjonen kom frå det meste, utan å bli gjord til gjenstand for samfunnsvitskapleg forsking.32 Også bokbrenning kunne passere, til og med som overlagd politisk handling femti år seinare.33

 

“OG KVA SKAL SPRÅKET HEITE?”

Skriftspråket har endra seg. Det har også nemningane for dei ulike variantane. Nemninga “dansk-norsk” vart brukt av sentrale språkforskarar frå midten av 1800-talet. I jamstillingsvedtaket av 1885 blir nemninga “vort almindelige Skrift- og Bogsprog” nytta, tilsvarande i Landsskulelova av 1889. Og i 1899 vart ordet “riksmål” lansert, samtidig som Bjørnson framhevar at nordmenn deler skriftspråk med danskane, noko som inneber at “riksmål” er eit anna ord for dansk, i denne konteksten. Mellom 1907 og 1929 vart “riksmål” nytta som offisiell nemning for skriftspråket ut frå rettskrivingane i 1907 og 1917. I 1929 vart nemninga “riksmål” votert ut, og eit framlegg om å nytte “dansk-norsk” vart forkasta med 18 mot 17 røyster i Lagtinget.34 Etter den tid er det offisielle namnet “bokmål”.

I nyare tid er nemninga “riksmål” blitt brukt uoffisielt om bokmål med dansknære former.35 Samtidig har vi fått nemningar med eit deskriptivt adjektiv: “moderat bokmål” og “radikalt bokmål”, eventuelt “konservativt språk” eller “tradisjonelle former”. Men også desse uttrykka er problematiske. Ord som “fram” og “sju” har lengre tradisjon i norsk skriftspråk (jf. gamalnorsk) enn “frem” og “syv”; det er ut frå ein danskspråkleg tradisjon at former som “frem” og “syv” kan omtalast som “tradisjonelle” og “konservative”. Tilsvarande for uttrykk som “moderat” og “radikal”: “Moderat”, med omsyn til kva og kven?

Vi kunne bruke nemningar som “bokmål med dansknære former” og “bokmål med danskfjerne former”. Desse nemningane er deskriptivt korrekte i lys av deifornorskingsprosessane som har forma bokmålet.36

Så kva skal vi kalle språket til ein forfattar som Per Petterson? “Radikalt bokmål”? Spørsmålet er viktig språkleg og språkpolitisk, ettersom Per Petterson er ein betydeleg forfattar med eit suverent språk. Han er eit levande bevis på at riksmålsaktivistane, med Øverland i brodden, tok skammeleg feil då dei stempla “bokmål” som vulgært og ubrukeleg:“Og husk på at %bokmål& er ikke noget sprog, men en chikane,.. dette offentlige klovneri!”37 “Det er sinkenes babel …”38 Til påminning: Per Petterson fekk Språklig samlings pris 1993, Oktoberprisen 1996, Brageprisen 2000 og 2008, Klassekampens litteraturpris 2003, Bokhandlarprisen 2003 og 2012, Kritikarprisen 2003 og 2008, Nordisk Råds litteraturpris 2009, Independent Foreign Fiction Prize 2006, Le Prix Littéraire Européen Madeleine Zepter 2006, Le Prix Mille Pages 2006, International IMPAC Dublin Literary Award 2007, Le Prix des Lecteurs de Littératures Européennes 2007.

Her bør vi ta oss tid og leike litt med språket, for språket rommar så mangt – t.d. har vi ord som samtale, samvær, samhald, samråd, samleie, samnorsk – alt saman ord med god klang og trivelege assosiasjonar. Så kanskje er det på tide å ta opp dette ordet, “samnorsk” (som Moltke Moe lanserte om eit framtidig fellesspråk) og bruke det om “radikalt bokmål”?Dersom dette framlegget ikkje vekkjer allmenn begeistring i første omgang, kan det kanskjebidra til å få opp temperaturen på refleksjonen om korleis vi tenkjer og talar om norsk skriftspråk. Det er ikkje lite berre det.

 

Å BRY SEG OM SIN NESTE

I 2005 vart skiljet mellom klammeformer og kjerneformer oppheva i bokmålet. Det same skjedde for nynorsk i 2012. Eit hovudargument var dette: Ingen andre nasjonalspråk har eit slikt skilje, så kvifor skal vi ha det? Men dette er eit dårleg argument, for norsk språkhistorie, der dansk skriftspråk stegvis blir fornorska til bokmål i ulike variantar, er heilt unik. Ingen har maken. Og i denne prosessen har klammeformene spela ei viktig rolle (jf. 1893 og 1938).

Men kan vi ikkje slutte med klammeformer, sjølv om det var viktig i tidlegare tider? Sjølvsagt, og særleg dersom ein meiner at vi bør fryse status quo. Men det er eit normativt og kontroversielt standpunkt. Og det er meir tvitydig enn som så: Det var særleg tilhengarane av “moderat bokmål” (bokmål med dansknære former) som ivra for å oppheve skiljet mellom kjerneformer og klammeformer. Målet var klart: Det måtte bli tillate å bruke fleire dansknære former, ikkje minst ved at absolutt alle norske hokjønnsord skulle kunne omgjerast til felleskjønn – “kuen”, “huldren”, “merren”, “hurpen”, “våronnen”, “på fyllen”, “ta rotten på”, etc.

Samtidig førte dette frisleppet av grammatikalsk felleskjønn til at bokmålet fekk ei uhorveleg mengd med dobbeltformer. Ironisk nok. For tilhengarane av “moderat bokmål” (bokmål med dansknære former) har alltid kjempa for ei stram norm. Og dei har kritisert nynorsken for å vere vanskeleg fordi det der var for mange valfrie former (før 2012). Men etter frisleppet for dansknære former i bokmålet i 2005 er det bokmålet som formelt sett har fått eit vilt kaos av lovlege former. Som eit eksempel, ta nynorsksetninga: “Ei lita jente kasta dokka si djupt nedi graset på framsida av løa der kua beita.” Det er berre éin måte å skrive denne setninga på på nynorsk. Kor mange måtar på bokmål, formelt sett, etter frisleppet? Svar: to i trettande potens. Altså 8192 – åtte tusen eitt hundre og nittito. Kort sagt: Bokmålnormalen er i dag så vid at det opnar for eit vilt kaos. Men det opnar også for at bokmål kan framstå nesten som to målformer: Kåre Willochs språk og Per Pettersons språk. Og kanskje hadde det vore greitt nok, så sant det hadde vore same fridom for begge partar. Men slik er det ikkje. I praksis er det språksynet og retteprogramma i dei dominerande redaksjonane som avgjer kva språk folk flest møter i aviser og andre trykksaker. I praksis har vi fått språksensur i privat regi.39

Dersom vi vil halde på mangfaldet, men likevel ha ei felles grunn-norm, kunne vi innføre eit skilje mellom kjerneformer og klammeformer, slik det var tidlegare. Og då ville det vere naturleg å vurdere om ikkje dei dansknære formene høyrer heime blant klammeformene, i harmoni med det fornorskingsprosjektet som har omforma det danske skriftspråket.

 

TIL SLUTT

Men så, i ettertankens forsonande lys, kan det vere grunn til å ta innover seg at alle skandinaviske språk, i samtid og fortid, er våre språk, vi som er så heldige at vi får vekse opp i denne delen av verda, i denne tida. Det er alt vårt, frå Ibsen til Garborg, frå norrøne sagaer til Per Petterson, frå Selma Lagerløf og H.C. Andersen til Haldor Laxness og Piet Hein, og mangt meir. Takk for det.

 

1 Øystein Sørensen. 2001. Norsk idehistorie, bd. 3. Oslo

. sprakradet.no/Toppmeny/Publikasjoner/Spraaknytt/Arkivet/2004/2/Svesismer. Jf. også Ernst HåkonJahr. 2014. Language Planning as a Sociolinguistic Experiment: 17–18. Edinburgh University Press

3 Under ein diskusjon på Det juridiske fakultet i Bergen om innføringa av menneskerettsparagrafar i Grunnlova, insisterte Inge Lønning (med emosjonell patos) på at språket i Grunnlova er norsk.

. historikaren Øystein Rian i “1809–14: grunnlaget for det moderne Norden” (Nytt Norsk Tidsskrift 1/2009: 164–169): “… de dansk-norske hadde særlig en aversjon mot det svenske språket. De merket at de norske dialektene liknet mye mer på svensk enn på dansk, og de fryktet at det ville føre til et svensk-norsk språk. For å styrke det danske skriftspråkets legitimitet i Norge skyndte de seg med å kalle det for vekselsvis norsk eller modersmålet, og de inntok en puristisk holdning til enhver fornorsking av dette skriftspråket.”

er nemningane i jamstillingsvedtaket frå 1885, der ein kvidde seg for å bruke nemninga “dansk”. Samtidig var det uråd å bruke nemninga “norsk”, for no hadde ein “det norske Folkesprog”. Så då brukte ein nemninga “vort almindelige Skrift- og Bogsprog”. Nemninga “bokmål”, som arge riksmålsfolk freser av (jf. Arnulf Øverland, Bokmålet – et avstumpet landsmål), har i så måte ei forhistorie. må vere P.A. Munch, ikkje Ivar Aasen.

, forfatta av Ruth Vatvedt Fjeld, er henta frå s. 226 i læreboka Spenn Vg3, ved Jomisko, Moum og Texmo (Oslo 2008).

. Jahr, ibid.: 30–31

, ibid.: 40 f.

, ibid.: 55

, ibid.: 389

. Ernst Håkon Jahr. 1994. Utsyn over norsk språkhistorie etter 1814: 45. Oslo

gjorde felles sak med den slovakiske målrørsla, men avskydde den norske.

. Jan Terje Faarlund. 2006. “Verneverdig bokmål”. Morgenbladet 02.–08.06.2006: 16. Jf. Jahr 2014: 4

vart obligatorisk i 1736, og var det hos oss fram til 1912.

16

Nokre døme på det som skulle puggast og lærast, på dansk (759 spørsmål og svar, men tungnæme kunne få fritak for“een tredie eller fierdeDeel”): 213. Hvad Ont forbydes os i det siette Bud? Horerie, Ukyskhed, Blodskam, bæstisk Utugt, Legemets Besmittelse, Ægte-Stands Foragt, Lyst til fremmed Deylighed og alle-haande Urænlighed i Tanker, Ord, Gebærder og Gierninger baade i og uden Ægte-Skab. […] 225. Hvad er der mere, som kan friste til Ukyskhed? Ørkesløshed, liderligt Selskab, Romaner og løsagtige Elskovs-Bøger eller Billeder, letfærdige Leege, Dands, Skue-Spil og alt det, som føder Øyens-Lyst, Kiøds-Lyst og et overdaadigt Levnet. 226. Hvad for gode Tanker kan være beqvemme til at dæmpe de kiødelige Fristelser? At man ihukommer den allerhelligste Guds Aasyn og Nærværelse, den korsfæste Jesum i sin legemlige Pine, de Fordømtes gruelige Smerte i Helvede, og den urene Synds korte Glæde efter det bekiendte Vers: Du skal og ey bedrive Hoer, det monne så mangen Daare, Ukyskheds Synd den snart forgaaer, men Pinen længe varer.

godbit for Foucault-inspirerte intellektuelle! (Dersom dei hadde brydd seg om norsk historie.) Max Weber ser det, i kontrast til Foucault.

. Gunnar Skirbekk. 2010. Norsk og moderne. Oslo

Feldbæk. 1998. Danmark-Norge, bd. 4: 398. Oslo Skram har denne innskrifta på gravsteinen: “Dansk Borger, dansk Undersaat og dansk Forfatter.” Arup Seip. 1981. Utsikt over Norges historie, annen del: 21–22. Oslo

, ibid.: 389

Oslo-vedtaket i 1939. unntak av bergensk, som til gjengjeld har “eg, meg og ikkje”, og det som verre er. samanlikning: Aksjonen mot utdeling av kondom til norske soldatar i Tysklandsbrigaden i 1947 gav 440000 underskrifter (NRK.no Store norske). Aksjonen mot liberalisering av abortlova i 1974 gav 610 000 underskrifter.

;. Jahr 2014, s. 135–136: “Some of the means employed by the Riksmål supporters in their struggle were very insensitive. For instance, only a decade or two after Nazi atrocities had taken place in the country, young high-school Riksmål supporters threw school textbooks onto bonfire because they were written in Radical Bokmål, which was branded as %pan-Norwegian& [samnorsk] by Riksmål advocates. The first of these book burnings occurred in 1956, the final in 1963 …. Many Riksmål supporters were not able to see that this was a totally unacceptable form of action, with unpleasant recent associations. The poet André Bjerke (1918–85), one of their ideological leaders and the founder and editor of their magazine Ordet, actually wrote enthusiastically about this deed – one of his articles carried the title %Books as fuel for the bonfire!& [%Brennstoff til et bokbål&, i Hårdt mot hårdt, utgitt av Riksmålsforbundet i 1963, s. 81–89].” Om bokbrenning, sjå også Kjartan Fløgstad. 2004. Brennbart. Oslo. Av nyare dato, jf. bokbrenning ved Harald Hove (H) i 2005, sjå ftn 33.

, op.cit.: 134

sentral aktivist og organisator, Sofie Helene Wigert (1913–89), kom frå ein shippingfamilie (Olsen) og var sjølv skipsreiar, og ho var i første ekteskap gift med redaktøren i Aftenposten, J.S. Huitfeldt. Ho var redaktør for Frisprog (1953–81), som fekk støtte frå sentrale aktørar i næringslivet, som annonserte regelmessig i Frisprog. Ho vart heidra som riddar av St. Olavs orden. Eller Henrik Groth (1903–83) – kjend for utsegna om to fatale ulykker i fedrelandet: svartedauden og Ivar Aasen – direktør for Cappelen forlag (frå 1947) og formann i Den norske bokhandlerforening og formann i Den norske forleggerforening, styremedlem og seinare viseformann i Nationalteatret, omtala som “den ledende forlagsmann i norsk historie” (ved sida av Harald Grieg, sitat Wikipedia), tildelt Fritt Ords Pris i 1977, Riksmålsforbundets litteraturpris i 1980, riddar av 1. klasse av St. Olavs orden. – Kva seier dette om makt i form av nettverk og sosial kapital? (Jf. Bourdieu.) Noko å forske på? kva med forhandlingane (bak stengde dører) mellom riksmålsfolk og sentrale personar i Arbeidarpartiet, då aksjonen fekk politisk omfang og leiinga i Arbeidarpartiet ville ha språkfred (med tanke på neste val)? Jf. Trygve Bull. 1980. For å si det som det var: 250

. Arnulf Øverlands merkverdige omtale av eit brev som han refererer til og siterer, for å illustrere statens språktvang og samnorskens elende (Bokmålet – et avstumpet landsmål, 1949, s. 11–13). Men dette er ikkje eit brev frå staten, men eit brev til staten, skrive av ein (ikkje namngitt) privatperson, som klagar på skatten (og som tydelegvis mislikar staten). Samtidig er det uklart korleis (og kvifor) nettopp Øverland har fått fatt i dette brevet. Litt å ta tak i for ein retorikkanalyse?

, op.cit.: 133

. BA 12.08.2005: “Harald Victor Hove (H) brenner nynorskbøker for å vinne unge velgere. Nå er det laget tre reklamefilmer som skal bidra til at 22-åringen får en plass på Stortinget. Ungdomskandidaten på femteplass går til angrep på bilavgifter, spritforbudet til alle under 18 og nynorsk sidemål. I en av filmene kaster han Alf Helleviks gamle Nynorsk ordliste i et brennende oljefat. – Det er den gule, ja. Spynorsk mordliste, som vi kalte den, hehe. Jeg brenner den for å vise at vi vil ha bort tvungent sidemål. Nynorsk er et problem for mange som prøver å lære seg å skrive godt norsk, sier den unge Høyre-politikeren. Filmene er ment å gjøre inntrykk på unge velgere. – De skal kanskje vises på Bergen kino. I alle fall skal de legges ut på min hjemmeside, stemharald.no, som er oppe og går på mandag, sier Hove.” Hove er i dag byråd for skule i Bergen, vald inn av regjeringspartiet Høgre.

boka Multiple Modernities, skriven for eit kinesisk publikum, nytta eg nemningane “New Norwegian” and “Danish-Norwegian”. Termane “bokmål” og “riksmål” er ikkje gangbare i Kina. Det same gjeld “Book Language” og “State Language”. 1950- og 1960-talet med signalord som “nu”, “efter” og “sprog”. Meir generelt ved bruk av felleskjønn. slik vi kjenner det i dag, er eit resultat av stegvis fornorsking av det danske skriftspråket, men ordet “fornorsking” er sjeldan i bruk: (i) Endringsframlegga av den danske skriftforma i Grunnlova blir omtala som “modernisering”, ikkje som fornorsking. (ii) I eksamensoppgåvene for vidaregåande skule blir det sagt at danskspråklege tekstar av Ibsen, Bjørnson eller Skram er “tilrettelagt”, eller “modernisert”, ikkje at dei er fornorska. (iii) Når forlaga gir ut tekstar av dei same forfattarane, står det at tekstane er “modernisert”, ikkje at dei er fornorska. Men også danskane kan “modernisere” danskspråklege tekstar av Amalie Skram og Henrik Ibsen, eller av Ludvig Holberg og Peter Dass. Skilnaden er den at når vi “moderniserer” Holberg eller Ibsen, er det samtidig ei fornorsking. Men nesten ingen talar om fornorsking i slike samanhengar. Kvifor?

. 1949. Bokmålet – et avstumpet landsmål: 51

. 1948. Hvor ofte skal vi skifte sprog?: 29

, op.cit.: 160 og 169