Unnamed
Skuleklasse i Kasungu. Ofte må 60 elevar i ein klasse dele nokre få bøker. Foto: Trond Andreassen.

I statens fråvær

13.04.2021

Tilhøva er vanskelege for bokbransjen på det afrikanske kontinentet. I det totale fråværet av offentleg støtte og tilrettelegging har bistand frå Kopinor og NFFO på nokre vis fått statens rolle.

I 1990-åra var den årlege internasjonale bokmessa i Harare ei storhending for bokelskarar både i og utanfor Afrika, som den største bokmessa på kontinentet. Under messa i 1994 – på ein kjølig augustkveld – sette generalsekretær Trond Andreassen i NFF 1 seg ned saman med den nye styreleiaren i foreininga, litteraturvitaren og Afrika-kjennaren Helge Rønning, og direktøren i Kopinor, John-Willy Rudolph. Dei diskuterte korleis norske forfattarar og bokfolk kunne støtte den gryande litteraturen i afrikanske land, fremje opphavsretten og bidra til å styrke organisasjonar i bokbransjen. Det vart starten på eit engasjement som nå har vart i 25 år, og som har sett tydelege spor etter seg i forfattarmiljøa i ei rad afrikanske land.

Eg opplevde sjølv litt av resultatet av denne satsinga nokre år seinare. I 1999 drog eg til Malawi, der vi skulle opprette ein ny norsk ambassade. Den første frå Norge som banka på døra i det mellombelse ambassadekontoret i eit bustadområde nord i Lilongwe, var John Willy Rudolph. Han spurde om vi kunne samarbeide for å styrke forvaltningsorganisasjonen for kopirettar i landet, som leid under kutt i den offentlege støtta. Det kunne vi, og innan det var gått eit tiår, var Copyright Society of Malawi (COSOMA) blant dei to-tre mest veldrivne organisasjonane for opphavsrett i Afrika. I 2019 vart leiaren, Dora Makwinja, vald til nestleiar i International Federation of Reproduction Rights Organisations (IFRRO).

Liten bokbransje

Berre dei færraste av landa på det afrikanske kontinentet har slike forvaltningsorganisasjonar som fungerer, og det svingar ikkje mykje av dei fleste forfattarforeiningane heller. Bokindustrien er då også svært liten i dei fleste landa. Bokproduksjonen på kontinentet, inkludert den digitale, har etter dei beste estimat eg har funne, ein verdi på mellom ein og to milliardar dollar. 2 Det utgjer berre noko over ein prosent av marknadsverdien av verdas totale bokproduksjon. Når størstedelen av denne produksjonen er skulebøker – i Kenya rekna til om lag 85 prosent 3 – blir det lite att til annan sakprosa og skjønnlitteratur. Marknaden for pensumbøker har også lenge blitt dominert av fem store internasjonale forlag – the big five – med Heinemann og Macmillan i spissen.

Samtidig er hungeren etter bøker stor. Det er lett å få illustrert. Då eg første gongen kom inn i Malawis nasjonalbibliotek i Lilongwe, var det vanskeleg å komme fram. Det var folk overalt, kvinner, menn, gamle, unge – helst unge –, skuleelevar og barn i stolane, på golvet, til og med oppå borda.

Skrivelysta er der også, men likevel slår mangelen på nasjonal litteratur ein i auga. Ein bokhandel i Malawi vil som regel gi deg valet mellom utanlandske bøker til vestlege prisar – og då får du ikkje mange for ei gjennomsnittleg månadslønn – og lokale bøker på billig papir, ofte gitt ut av forfattaren sjølv.

Lily nyariki unesco scholar
Lily Nyariki, kenyansk litteraturvitar. Foto: UNESCO

Den kenyanske litteraturvitaren Lily Nyariki seier at trass i den sterke framgangen som afrikanske land har hatt på sosiale område, ikkje minst når det gjeld utdanning og lese- og skrivekunne, har vilkåra for bokproduksjon ikkje blitt betre. 4 I 1990-åra og eit stykke ut på 2000-talet skjedde det rett nok ei oppbløming av initiativ og organisasjonar for å styrke bokbransjen. Det vart halde store konferansar og gjort politiske vedtak. Men vedtak og planar rann mest ut gjennom fingrane, som Nyariki seier, og dei fleste tiltaka som var sette i gang, møtte seinare ein stille død.

Det er symptomatisk at siste utgåva av tidsskriftet African Publishing Review kom ut i 2004, at den siste NOMA-prisen – den fremste litteraturprisen i Afrika frå 1980-åra – vart gitt i 2010. UNESCO slutta å lage oversikter over bokproduksjonen i Afrika i 1999. Og då eg besøkte bokmessa i Harare i 2016, var ho berre ein skugge av tidlegare stordom, rett nok viktig som eit nasjonalt arrangement i Zimbabwe.

Dette negative bildet er likevel ikkje heilt representativt. I Sør-Afrika har bokproduksjonen alltid vore stor. Og ikkje alle initiativ har runne ut i sanden heller. The African Book Collective (ABC), som marknadsfører og sel bøker utgitte i Afrika, har klart seg bra. ABC vart etablert i 1985 og er eigd av afrikanske forlagshus. Bokkollektivet blir nå i hovudsak drive etter ein digital modell, men trykkjer også bøker på bestilling. Prosjektet går med overskott og betaler ut bonus til forleggjarane.

Store utfordringar i Uganda

I oktober 2016 deltok eg på eit seminar for faglitterære forfattarforeiningar i Kampala i Uganda. NFFO finansierer annakvart år slike regionale seminar, som blir arrangerte på omgang av NFFO sine samarbeidspartnarar. Seminaret gav eit interessant bilde av kva både forfattarar og forlag strir med i eit middels afrikansk land.

Unnamed3
Asbjørn Eidhammer held innlegg ved Pan African Writers Symposium (PAWS) i Uganda, 2016. Foto: Trond Andreassen.

Det er vanleg at vertsforeininga inviterer andre organisasjonar i bokindustrien i landet til å delta, noko som gir eit godt høve til å drøfte samarbeid. Ein av dagane var då også sett av til det som vart ein svært livleg diskusjon om problema i bokbransjen i landet. Formannen i National Book Trust of Uganda lista opp utfordringane: Manus som blir rota bort, plagiering av skulebøker, forfattarar som ikkje held fristane, at forfattarane ikkje får oversikt over opplaget og mister royalty, og at det stadig er problem med finansiering og innbetaling av skatt.

Det var like mange klager frå forfattarane: Dei får ikkje kontrakt, dei får ikkje informasjon, dei må vente lenge på betaling, og det hender dei aldri får betalt. Royalty er også låg, 10 prosent av salsprisen. Forlaga gir sjeldan ut bøker om ikkje utgivinga er finansiert på førehand. Forfattarane må ofte sjølve gå rundt til bokhandlarane for å krevje inn kommisjon, og dei er heldige om dei får det. Forlagsfolka understreka på si side at å gi ut bøker er risikabel forretning. Kostnadene aukar, og det er ikkje noko overskott i første opplaget av ei bok. Utanlandske forlag tar over populære forfattarar.

Etter kvart førte debatten fram til semje om at ein burde få til meir ordna kontraktsforhold. Det vart vedtatt å setje ned ei gruppe for å lage retningslinjer for kontraktar mellom forlag og forfattar, basert på lovgivinga i landet. Det arbeidet har seinare resultert i eit sett retningslinjer for standardkontrakt mellom forfattar og forlag, som nå er gjeldande. Eit stort steg framover for forfattarar i Uganda.

Nye tider

Det burde vere lettare nå enn før, sidan økonomien er blitt sterkare i dei fleste afrikanske land. Svak organisering betyr då heller ikkje at bokbransjen har stått stille. I seinare år har bokutgivinga i land som Kenya, Nigeria og Ghana tatt seg kraftig opp. Bokmarknaden kan kanskje vere litt betre organisert enn i Uganda, men som sjefen for WordAlive Publishing i Nairobi seier: Å gi ut bøker i Kenya er tougher than boxing. 5

Dessutan dukkar det opp nye problemstillingar som kan synast paradoksale. Aldri har afrikanske skjønnlitteratære forfattarar stått sterkare internasjonalt enn i dag. Av seks forfattarar kortlista for Booker-prisen i 2020 var to afrikanske, Tsitsi Dangarembga frå Zimbabwe og Maaza Mengiste, fødd i Etiopia, busett i New York. Afrikanske forfattarar er i dag med og pregar verdslitteraturen. Men, seier Justin Cox i African Book Collective, dette betyr at afrikanske bøker nå er langt meir tilgjengelege utanfor kontinentet enn på. 6 På bokmessa i Frankfurt i 2018 fekk litteratur av afrikanske forfattarar stor plass. Men i Afrika er dei same bøkene faktisk blitt vanskelegare å få tak i.

Den digitale teknologien gir heilt andre moglegheiter enn før, og å gi ut e-bøker blir meir og meir vanleg. Mange forlag er aktive i å utvikle digitale format, særleg når det gjeld lærebøker og pensumtekstar. Kenya, Nigeria og Sør-Afrika er igjen dei tre store på området. Men sjølv om Afrika sør for Sahara nå nærmar seg ei internettdekning på 30 prosent, 7 har folk flest store vanskar. Internett er dyrt og dårleg utbygd, og straumforsyninga er ustabil. Dei fleste som har tilgang til internett, brukar billige kinesiske smarttelefonar. Ikkje alle etablerte forlag er heller rusta til å ta i bruk den digitale teknologien.

Men ein ny generasjon av forlagsfolk er fullt ut fortrulege med den digitale teknologien, og det vrimlar av nystarta føretak som produserer tekstar og bøker elektronisk. I denne generasjonen dominerer den digitale teksten.

Bodour Al Quasimi, visepresident i International Publishers Association (IPA), har likevel ei åtvaring: Dersom ikkje afrikanske forleggjarar og forfattarar klarer å omstille seg, vil dei bli offer for ein ny, digital imperialisme. Ho er redd for at veksten i den digitale tekstproduksjonen vil skje på kostnad av nasjonalt og lokalt stoff. 8

Forutan stat

I Prosa #2 2020 rettar redaktør Merete Røsvik søkjelyset på kor avhengig bokbransjen i Norge er av offentlege og private støtteordningar. Då ser ein lett at ei viktig forklaring på tilstanden for boka i Afrika er fråværet av politisk og økonomisk støtte i landa sjølve. Her finn ein inga innkjøpsordning, ingen vederlag av det eine eller andre slaget, nesten ingen stipendordningar og berre sjeldan momsfritak.

I den grad afrikansk bokindustri og forfattarar har klart å byggje opp organisasjonar og fremje bokbransjen sine interesser, har dei i stor grad vore avhengige av utanlandsk bistand. For å setje det på spissen: I det totale fråværet av offentleg støtte og tilrettelegging har bistanden fått statens rolle. Det er ikkje uproblematisk. Bistand kan spele ei viktig rolle, men kan ikkje erstatte offentleg engasjement og støtteordningar.

Det er dette som er bakteppet for engasjementet frå Kopinor og NFFO. Kartet nedanfor illustrerer avtrykket som dei to organisasjonane har sett på det afrikanske kontinentet.

Prosa 2021 2 m
Illustrasjon av Johanne Hjorthol.

Både Kopinor og NFFO har støtta organisasjonar i Kenya, Nigeria, Malawi, Tanzania, Uganda, Zambia og Zimbabwe. Kopinor har i tillegg samarbeidd i Ghana og NFFO i Sør-Afrika. Som vi ser av kartet, er dette i hovudsak land i det sørlege Afrika og Aust-Afrika, med eit par unntak i Vest-Afrika. Dei fleste av desse landa har også vore sentrale samarbeidsland for den norske regjeringa opp gjennom åra.

Stønaden frå Kopinor har som mål å støtte organisasjonane i å påverke politikk og lovgiving for å sikre rettane til forfattarane, og å gi råd om korleis forvaltninga best kan organiserast for å sikre at midlar blir innkravde og kjem forfattarane til gode. Det er inga lett oppgåve, det krev både politisk gjennomslag, medverknad frå fleire partar i bokbransjen og aktive medlemsforeiningar for å lykkast. 9

NFFO har engasjert seg i å gi støtte til oppstarting og drift av foreiningar for sakprosaforfattarar. På ein måte er det lettare å få til. Men også desse foreiningane er avhengige av at det er gode ordningar for vederlag. Dessutan fanst det ikkje slike organisasjonar i utgangspunktet.

Harare13
Frå Kopinor-seminar i Harare, 2015. Deltakarar frå Zimbabwe, Uganda, Malawi, Tanzania, Ghana, Kenya, Botswana og Namibia. I forgrunnen med svart drakt og veske: Dora Makwinja, direktør i forvaltingsorganisasjonen COSOMA i Malawi, no visepresident i IFFFO. Trond Andreassen bak til høgre for henne. Foto: Kopinor.

Kopinor mentor i Ghana

I Ghana har ein klart det. Så er då også Ghana ein av Afrikas mest velfungerande statar. Landet har hatt god økonomisk vekst og er eit etablert demokrati med frie val. CopyGhana, som er ein uavhengig forvaltningsorganisasjon, krev inn betydelege pengesummar som blir fordelte på foreiningar av forlag, forfattarar, journalistar, biletkunstnarar og fotografar. Kopinor støtta CopyGhana frå 2003 til 2010. Sidan har organisasjonen vore økonomisk sjølvberga.

I 2018 var CopyGhana kommen så langt at organisasjonen kunne gi eit bidrag på 5000 dollar til den internasjonale føderasjonen IFRROs fond for støtte til andre afrikanske land.

– Kopinors støtte var viktig for å komme i gang med arbeidet. Før det hadde vi ikkje sjølvtillit eingong, sa Ben Nyadzi, direktøren i CopyGhana, då eg intervjua han i 2019. Ikkje minst var Kopinors faglege bistand og opplæring sentral. ‘Kopinor is our mentor everywhere we go’, la han til.

NFFO-støtte avgjerande i Sør-Afrika

Då eg i 2014 for første gong var på kontoret til Trond Andreassen, som då var generalsekretær i NFF, viste han stolt fram ein stabel med sakprosa frå Sør-Afrika. Bøkene var resultatet av eit stipendprogram for sakprosaforfattarar som NFF i si tid tok initiativet til, men som seinare er blitt finansiert gjennom den norske ambassaden i Pretoria. Det er Academic and Non-Fiction Authors Association of South-Africa (ANFASA) som eig og administrerer prosjektet, som har gjort det mogleg for sakprosaforfattarar i landet å få gitt ut mellom 60 og 70 bøker, mange av dei sentrale i samfunnsdebatten i landet.

Andreassen
Trond Andreassen i engasjert innlegg i Salima, Malawi, 2017. Foto: Kopinor.

I dag er NFFO gjennom sitt bidrag til drift den viktigaste inntektskjelda for ANFASA. Eit slikt sikkert inntektsgrunnlag har gjort det mogleg for foreininga også å jobbe svært aktivt mot ei ny lov om opphavsrett i landet, ei lov som ville medføre innføring av fair use i utdanningssektoren, noko som ville gjere at skuleverket kunne kopiere fritt frå bøker og tidsskrifter. Lova vart vedtatt i parlamentet, men presidenten har nekta å sanksjonere henne og sendt lova tilbake for meir utgreiing. Mobiliseringa mot lova har skjedd i samarbeid med den sørafrikanske forvaltningsorganisasjonen DALRO.

Engasjementet i Sør-Afrika kan såleis ha gagna forfattarane på to måtar: direkte støtte til å få utgitt god sakprosa samtidig som det har gjort det mogleg for foreininga å drive effektiv interessekamp gjennom lobbyverksemd. Denne kombinasjonen er viktig, fordi erfaringa frå fleire land viser at sjølv langvarig arbeid for å sikre rettar ikkje har ført til den økonomiske kompensasjonen som forfattarane treng.

Ny innsats i Uganda og Malawi

Slike bokstøtteprosjekt er pengekrevjande, men Uganda Textbook, Academic and Non-Fiction Association (UTANA), under leiing av den dynamiske formannen Elisam Magara, har nå i samarbeid med NFFO starta eit prosjekt i mindre målestokk i Uganda. Etter offentleg utlysing av støttemidlar fekk ti forfattarar klarsignal i 2020 til å gi ut bøker.

Det er i Malawi ein finn det største bokprosjektet. Der finansierer Kopinor i fagleg samarbeid med NFFO skriving og trykking av pensumbøker i fem sentrale fag i vidaregåande skule. Dette programmet gir både stipend til forfattarane og sørgjer for at forlaga kan gi ut bøkene. Her er både den nasjonale forlagsforeininga og den faglitterære forfattarforeininga med i eit samarbeid gjennom COSOMA som også omfattar utdanningsmyndigheitene i landet. I løpet av 2021 vil 70 000 bøker i dei fem faga bli fordelte gratis til skular i landet.

Blantyre
Frå skulebokprosjektet i Malawi. I forgrunnen Felix Ndagwiransonga og Bartholomew Gwadira (i raud skjorte) som fekk stipend frå NFFO for å skrive lærebøker i landbruksfag. Foto: Kopinor.

Motgang i Kenya og Nigeria

I to av landa, Kenya og Nigeria, har verken Kopinor eller NFFO lykkast i å bidra til levedyktige organisasjonar. Landa utgjer i dag dei to mest dynamiske økonomiane på kontinentet og har relativt stor bokproduksjon. Men styresettet i begge har store manglar, og korrupsjonen gjennomsyrer mykje av dagleglivet.

Engasjementet i Kenya kan illustrere problema. Kopinor støtta den kenyanske forvaltningsorganisasjonen Kopiken over ein tiårsperiode frå 2005. Men det viste seg fort at det var stor motstand mot Kopikens arbeid. Den første tida klarte ein berre å krevje inn beskjedne vederlag frå kopibutikkar, og det var knapt nok til å finansiere drifta av organisasjonen. Å få universitetssektoren til å erkjenne si plikt til å betale kopivederlag var eit sisyfosarbeid. På eit tidspunkt klarte Kopiken å få til avtale om vederlag med tre private universitet, men dei statlege nekta. Dermed trekte dei private seg også. Leiinga av organisasjonen var optimistisk og meinte stadig at Kopiken var on the verge til å bli sjølvfinansiert. Men kopieringsinntektene gjekk nedover, og framdriftsrapportane vart etter kvart påfallande likelydande frå år til år. Den manglande framdrifta tærte på velviljen hos Kopinor, og stønaden for 2014 vart gitt utan større entusiasme, slik det vart uttrykt i e-posten til Kopiken. Så døydde styreleiaren for Kopiken, og dagleg leiar slutta. Ein stod på berr bakke att, og Kopinor trekte seg ut.

Parallelt med Kopinors engasjementet gav NFF støtte til ei nyoppretta faglitterær forfattarforeining, KENFAA, frå 1997. Dei første åra vart det gjort eit par gode forsøk, men dei enda opp i stillstand og mistanke om økonomisk misbruk. Først frå 2010 kunne ein konstatere at organisasjonen var veldriven. Men så døydde leiaren i 2013. Sidan har KENFAA eksistert berre i namnet.

Etter at dei norske organisasjonane hadde trekt seg ut, skjedde det likevel noko positivt. Nye folk i Kopiken engasjerte seg sterkt for å få gjennom ei ny lov i parlamentet om styrkte kopirettar, og ei ny Copyright Act vart vedtatt i 2019. Så heilt bortkasta har det norske engasjementet ikkje vore.

For kortsiktig tankegang

Resultatet av internasjonalt engasjement i bokindustrien i afrikanske land må vurderast på bakgrunn av både økonomiske og politiske forhold generelt og bokas stilling meir spesielt. Ei lang liste over internasjonale initiativ og konferansar som ikkje har gitt varige resultat, viser at tankegangen generelt har vore for kortsiktig. Vestlege bidragsytarar har gått ut frå at får ein først i gang ein prosess – med ein konferanse eller ein handlingsplan – så vil nasjonale krefter etter kvart kunne ta arbeidet vidare utan bistand. Det har vore ein illusjon.

Den norske støtta på området dei siste 25 åra er unik. Andre har gitt støtte til enkelttiltak, som skrivekonkurransar eller stipend til enkeltforfattarar, medan dei norske organisasjonane har samarbeidd over lang tid. Nettopp i fråvær av offentleg støtte har den langsiktige norske bistanden sikra at organisasjonar og aktivitetar har hatt ein sjanse til å overleve på sikt. I dei landa der ein har lykkast godt, som i Ghana, Sør-Afrika og Malawi, har engasjementet vore langvarig, eit tiår eller meir. Dei norske organisasjonane har rett og slett tatt inn over seg situasjonen for bokbransjen.

Likevel er ikkje resultata gode i alle land. Det er påfallande kor avhengige aktivitetane er av enkeltpersonar. Leiarar kan svikte, eller døy, som ofte skjer, og då kan det heile falle saman. For Kopinor har det gått best der samarbeidsorganisasjonen har vore rimeleg godt etablert på førehand, som i Ghana og Malawi. Men også i andre land har arbeidet for å styrke lovgiving og formelle rettar gitt resultat, som i Tanzania og Zambia.

Demokrati meir avgjerande enn økonomi

Før NFFO kom inn i bildet, fanst det inga faglitterær forfattarforeining på kontinentet. Nå er det fem slike forbund, og eit sjette er i ferd med å bli oppretta i Tanzania. Foreiningane gir forfattarane i landet eit miljø der dei kan få opplæring og støtte til å skrive. Ein viktig dimensjon er også at forfattarar i ulike land kan komme saman og utveksle erfaringar og få inspirasjon. Det ville knapt vore mogleg utan støtte utanfrå.

Så kan ein undre seg over at dei to landa med best resultat når det gjeld å etablere opphavsrettsorganisasjonar, ligg i kvar sin ende av den økonomiske skalaen. Ghana er blant dei økonomisk mest vellykka afrikanske statane, Malawi er ein av dei fattigaste. Det dei har felles, er at begge landa ligg langt framme, relativt sett, når det gjeld demokratisk utvikling.

Men heller ikkje langvarig engasjement gir nokon garanti for å lykkast, som erfaringane frå Kenya og Nigeria viser. Samfunns- og maktforhold i dei enkelte landa spelar inn, somme gonger heilt tilfeldig. Utan tvil har samarbeidet fått fram fleire framifrå leiarar som gjer ein stor innsats for saka i sine land. Men ein møter også på Big Man-syndromet. Det kan vere freistande for leiaren også av ein liten organisasjon å halde på prestisjen og fordelane ein har ved å bli sitjande i sitt verv. Det er ikkje berre afrikanske (og amerikanske) presidentar som insisterer på å halde på makta lenger enn det som godt er.

I historias lys

Korleis vil resultata etter desse 25 åra stå seg i historias lys? Ein kan sjå den vekslande framdrifta i eit større perspektiv, som del av langsiktig samfunnsbygging, der dei fleste organisasjonane rett nok er svake, men blir nødvendige element i å utvikle demokrati og eit levande sivilt samfunn. I så fall kan ein sjå desse organa som skal forvalte rettar og inntekter for kreative yrke, og som arbeider for interessene til forfattarar, som ein nødvendig del av samfunnsbygginga. Og då kjem dei norske organisasjonane sin innsats i eit anna lys, for samfunnspåverknad kan ikkje målast i pengar.

Vil ein vere raus, kan ein seie at to norske organisasjonar, med små budsjett og liten administrasjon, men med fleire eldsjeler, har klart å påverke ein betydeleg del av eit kontinent på eit område som har potensial i seg til å bli viktig for skriftkulturen i regionen. Ein har begynt på eit arbeid som ein dag i framtida kjem til å resultere i levedyktige organisasjonar og vederlag som forfattarar og kunstnarar vil ha glede av. Det er ikkje lite. Og det arbeidet må halde fram.

NOTAR
1. NFF skifte namn til NFFO (Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening) i 2018. Eg har brukt NFF i historisk samanheng, men NFFO om organisasjonen generelt.
2. Det finst ikkje sikre tal for bokproduksjonen i Afrika. Nigerias forlagsforeining har anslått den totale bokproduksjonen i Afrika til å vere verd ein milliard dollar. Sjå Mark Williams: «African Publishing – The $5 Billion Digital Opportunity as Nigeria becomes 7th largest country by online population» 3. april 2019:
https://thenewpublishingstandard.com/2019/04/03/african-publishing-the-5-billion-digital-opportunity-as-nigeria-becomes-7th-largest-country-by-online-population/

Sør-Afrikas bokproduksjon var på om lag 265 mill. dollar i 2018/19: https://www.publishsa.co.za/index.php/file/1585335853hsh-annualpublishingindustrysurvey-2018-2019.pdf,

Kenyas er rekna til 150 mill. dollar, sjå Bill Crawford: «Why Publishing in Kenya i ‘Tougher than Boxing’»
https://publishingperspectives.com/2013/01/why-publishing-in-kenya-is-tougher-than-boxing

og Egypts til 189 mill. dollar: «Egypt’s publishing industry at USD 189 million», Brazil-Arab News Agency:
https://anba.com.br/en/egypts-publishing-industry-at-usd-189-million

Berre desse tre landa utgjer godt over halvparten av den eine millionen. For andre land med rimeleg stor bokproduksjon (Nigeria, Ghana og Marokko) finn eg ikkje tal. Men Nigerias produksjon er heilt sikkert på linje med desse tre landa. Andre land har mykje mindre produksjon. Total bokproduksjon i Afrika må vere verd godt over ein milliard dollar, men det er ikkje sannsynleg at han er over to milliardar. Tal for verdsproduksjonen av bøker varierer også ein del. Eg baserer meg på Statista.com som oppgir verdien til 122. mrd. Dollar i 2018: https://www.statista.com/statistics/307299/global-book-publishing-revenue/

3. Sitert i Hans M. Zell: Publishing in Africa: Where are we now? An Update for 2019. Pre-print version Academia.edu 21 May 2019, side 9.
4. Lily Nyariki: Lobby for the Book: The Politics of African Publishing and the Growth of Professional and Trade Organizations. Paper.
5. https://publishingperspectives.com/2013/01/why-publishing-in-kenya-is-tougher-than-boxing/
6. Hans M. Zell: Publishing in Africa: Where are we now? An update for 2019, side 33–34.
7. Informasjonen om internettdekninga varierer noko frå kjelde til kjelde. GSMA opererer i sin rapport The State of Mobile Internet Connectivity 2020 med 26 prosent for Afrika sør for Sahara.
8. Hans M. Zell: Publishing in Africa: Where are we now? An Update for 2019. Pre-print version Academia.edu 21 May 2019, side 20.
9. Eg gjorde i 2019 ei vurdering av Kopinors bistand:
Asbjørn Eidhammer: Rapport. Evaluereng av Kopinors internasjonale bistands- og utviklingsarbeid 2011–2019.

Asbjørn Eidhammer (f. 1948) er statsvitar, diplomat og forfattar. Han leier for tida Internasjonalt utval i NFFO.