Prosa 2020 4 m 44 45
Illustrasjon av Johanne Hjorthol.

Bokbransjens diskré ulikskap

29.09.2020

Bokbransjen nyt godt av statsstøtte og særordningar. Samstundes er medianinntekta til ein forfattar om lag ein tredel av det ein godt betalt konsernsjef får i bonus på eit år.

Denne artikkelen skal eigentleg handle om økonomien i bokbransjen. Den svippar likevel først innom dei årvisse forhandlingane om landbruksoppgjeret. For det finst mange parallellar mellom den norske bonden og bokbransjen.

Eit sikkert vårteikn er når dei to organisasjonane i jordbruket sender inn sine krav til staten. Så følgjer forhandlingar før Stortinget vedtek ein ny jordbruksavtale. Detaljane rundt denne avtalen er så kompliserte at det blir sagt at berre Vårherre og ein pensjonert byråkrat forstår dei. Enkelt sagt så går jordbruksavtalen ut på kor mykje inntekt bøndene skal bli sikra mot at dei produserer fôr og matvarer på norske ressursar. Bøndene får støtte både frå statsbudsjettet og gjennom ei faststetting av kva pris dei kan ta i marknaden.

Bokbransjen får også støtte frå ein variert bukett av statlege tiltak, som reine overføringar, momsfritak og unntak frå konkurranselova. I begge bransjar møter høgverdige ideal om samfunnsnytte kommersielle realitetar.

Momsfritak versus jordbruksavtalen

Den norske bonden skal på eine sida tene pengar som sjølvstendig næringsdrivande og blir ofte premiert for stordrift og volumproduksjon. Desse måla skal balanserast mot ideala om å sikre opne kulturlandskap og levande småbygder.

Bokbransjen hamnar i ein liknande skvis – mellom flotte visjonar om å sikre norsk kulturarv, halde skriftspråket ved like og spreie danning og kritisk refleksjon på den eine sida og krav om å vere konkurransedyktig og næringsretta på den andre. Og som bøndene er bokbransjen avhengig av subsidiar og særordningar. Førsteamanuensis Cecilie Naper har kalla det ein «blandingsøkonomi»,1 med ei tett samanveving av kommersiell bokbransje og den offentlege økonomien.

Ein av grunnpilarane i den statlege litteraturpolitikken er momsfritaket som papirbøker og lydbøker har hatt sidan 1960-talet. I fjor vart ordninga utvida til også å gjelde elektroniske bøker og tidsskrift.

Momsfritaket gjer at staten går glipp av store inntekter. Den samla norske bokbransjen omsette i fjor bøker for 4,9 milliardar kroner i Noreg, ifølgje bransjestatistikken frå Forleggerforeningen. Ein momssats på 25 prosent av dette er 1,2 milliardar kroner. Det er det omtrentlege provenytapet – pengar som staten kvart år går glipp av ved å gje bokbransjen denne særordninga.

Til samanlikning så var ramma på jordbruksavtalen for 2019 på 1,2 milliardar kroner. Det er inntektsauken bøndene kan forventa seg på eit år, og denne auken kjem både via statsbudsjettet og ved auka prisar i marknaden. I 2020 får bøndene statlege overføringar på 16,6 milliardar, etter eit forenkla oppgjer grunna koronakrisa med ei ramme på 650 millionar.*

Ein må ta med i rekninga at ein eventuell moms på bøker, og dermed høgare bokprisar, kunne ha gjeve lågare boksal slik at momsinntektene i realiteten hadde blitt lågare. Men bokbransjen har, som resten av kulturlivet, i tillegg momsfritak på kjøp av tenester som gjeld innhaldsproduksjon. Det betyr at staten også taper inntekter på alt som blir fakturert for konsulentarbeid som til dømes tekstredigering.

Boklova kan gjenoppstå

Særstillinga til bokbransjen stoppar ikkje der. Bransjen får også unntak frå konkurranselova. Gjennom den såkalla Bokavtalen – ein privatrettsleg avtale mellom Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen – får forlaga sjølve lov til å bestemme utsalsprisen på bøker. Den forlagsbestemte fastprisen gjeld til 1. mai året etter utgjevingsåret. I den perioden kan salsleddet berre gje inntil 12,5 prosent rabatt.

Konkurransetilsynet er ikkje begeistra for fastprisordninga, dei meiner den er lite treffsikker og gjer at bokkjøparar blir taparane. Den raudgrøne opposisjonen vil på si side styrke fastprisordninga gjennom å vekke til live ei sovande lov: boklova. Den ferdig førebudde lova vart lagd på hylla av den då nye borgarlege regjeringa i 2013. Lova skulle erstatte den frivillige avtalen mellom Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen og gjelde alle forlag, også forlag som ikkje er med i Forleggerforeningen.

I intervju med Klassekampen 20. juni i år lovar politikarar frå Ap, SV og Sp å vekke lova til live igjen om dei vinn valet.

«Vi trenger en boklov som kan sikre like vilkår og trygge mangfoldet og økonomien i hele bokbransjen», sa Trond Giske til avisa.2

På toppen av momsfritak og fastpris kjem innkjøpsordninga. Den hadde i 2019 ein verdi på 136 millionar kroner. Det er summen Kulturrådet har til å kjøpe inn bøker og fordele dei på biblioteka rundt om i landet. I tillegg gav Kulturrådet 53 millionar kroner til andre litteraturføremål i 2019. Det gjaldt støtte til tidsskrift og månadsaviser, litteraturprosjekt, driftsstøtte, litteraturformidling og litteraturproduksjon.

Så kan ein også nemne stipenda som kjem frå vederlagsmidlane. Sjølv om dei blir gjevne til forfattarar, kjem dei indirekte forlaga til gode fordi forfattarane får råd til å skrive nye bøker.

Rause løner til forlagstoppane

Samstundes som bokbransjen er tungt subsidiert av staten, blir den dominert av store forlag som betalar utbyte til aksjonærar og millionløner til direktørar og konsernleiing. Og dei store blir større.

Bok365 har gått gjennom 2017-rekneskapen til alle dei store norske forlaga. For første gong målte nettstaden ein marknadsdel for «dei fire store» på over 80 prosent. Dei fire store forlagshusa – Cappelen Damm, Gyldendal, Aschehoug og Vigmostad & Bjørke – har altså over 80 prosent av omsetnaden i den totale bokmarknaden. Størst er Cappelen Damm og Gyldendal, berre dei to nærmar seg 50 prosent av den totale omsetnaden.3

Ein av dei best lønte i bokbransjen er konsernsjef i Gyldendal, John Tørres Thuv. I 2019 tente han over 3,8 millionar kroner. Det inkluderte løn, ein bonus på 436 000 kroner og anna godtgjersle. I tillegg har Gyldendal berekna pensjonskostnadar for Thuv på rett over 1 million.4 Også no avgåtte konserndirektør Silje Therese Gabrielsen tente godt. Ho fekk til saman 2,1 millionar kroner i løn, godtgjersle og bonus i 2019.

Leiinga i Gyldendal består vidare av fem andre med titlane administrerande direktør, konserndirektør og administrasjonssjef. Det kjem fram på nettsidene til Gyldendal ASA. Men årsrapporten for 2019 opplyser ikkje kva desse fem fekk i løn det året. Tala frå årsrapporten i 2018 er meir detaljerte, her kjem det fram at dei administrerande direktørane Arne Magnus og Linda Frid Andresen fekk høvesvis 2,3 og 2,4 millionar kroner i 2018.

I årsrapporten for 2019 skriv Gyldendal: «Hovedprinsippene for Gyldendals lederlønnspolitikk er at ledende ansatte skal tilbys betingelser som er konkurransedyktige når lønn, naturalytelser, bonus og pensjonsordning sees under ett.»

Og vidare: «Ledende ansatte skal normalt ha pensjonsordninger som sikrer dem en pensjonsutbetaling som står i forhold til lønnsnivået i arbeid.»

Medan Gyldendal er børsnotert og pliktar å offentleggjere årsrapportane sine, må ein ty til skattelistetal frå 2018 for å sjå korleis det går med leiinga i Cappelen Damm og Aschehoug.

Tom Harald Jenssen, administrerande direktør for Cappelen Damm, tente i 2018 4,4 millionar kroner. Forlagsleiinga består av fem andre direktørar og ein konsulent, opplyser Cappelen Damm på sine nettsider. Fleire av desse var ikkje tilsette i Cappelen Damm i 2018, eller hadde på den tida andre roller i konsernet. To unntak er Tanum-sjef Karin Synnøve Mundal, som tente 2,2 millionar, og marknadssjef Knut Gørvell, som tente 1,2 millionar kroner i 2018.

For Aschehoug sin del kjem det fram at konserndirektør Mads Nygaard tente 2,8 millionar kroner i 2018. Åse Tharaldsen, direktør for økonomi og finans, tente 1,7 millionar kroner, og visekonsernsjef Kari-Anne Haugen tente 1,9 millionar kroner.

Dette er altså tal frå skattelistene for 2018. Cappelen Damm og Aschehoug har ikkje vilja dele årsrapportane sine. Det kan vere at personane som er nemnde, har lønsinntekter frå andre kjelder i tillegg. Dette er alle personar som hadde same stilling i selskapa i 2018 som dei har i dag.

Stussar over store lønsforskjellar

– Bokbransjen er delt inn i A-, B- og C-lag. A-laget er direktørane og konsernleiinga, som tener veldig godt – utan at eg er sikker på at dei jobbar så hardt for løna. Dei fast tilsette redaktørane er B-laget. C-laget er frilansarar. Materielt sett har C-laget det veldig tøft.

Det seier Elin Ørjasæter. Ho er dosent ved Høyskolen Kristiania og har gjeve ut ti bøker, som spenner frå barnebøker til akademiske bøker og sakprosa/debatt. Bøkene har kome ut på Cappelen Damm, Aschehoug og Fagbokforlaget.

Orjaspng
Elin Ørjasæter. Foto: Frida Marie Grande.

På generelt grunnlag seier Ørjasæter at ho stussar over lønsnivået på toppen i dei store forlaga.

– Sjiktet med direktørar og konsernleiing tener på linje med andre i privat næringsliv. Det har alltid overraska meg fordi forfattarane og frilansarane, dei som står for kjerneverksemda, er så underbetalte. Det hadde vore meir logisk at sjefane, gjeve den dårlege løna til frilansarane, hadde ei lågare løn enn det som er vanleg i næringslivet. Det er ikkje Equinor me snakkar om her, men nasjonale selskap som i liten grad er i global konkurranse.

Ho har sjølv bakgrunn frå forlag, ho jobba som personaldirektør i Damm frå 2005 til 2007.

– Alt på den tida såg eg at mykje arbeid i bransjen generelt blei outsourca til frilansarar. Det me tradisjonelt har sett på som redaktøroppgåver, har blitt tenester som ein heller kjøper inn av frilansarar. Det er ikkje så mange redaktørar som går inn i manus lenger. Redaktørane blir i større grad administratorar som sender manus hit og dit mellom forfattar og frilansar.

Ørjasæter knyter denne tendensen til at kvar redaktør har fått ansvar for fleire utgjevingar.

– Eg har inntrykk av at dei som har fast jobb i forlag i dag, endar opp med å bli innkjøpar av tenester frå frilansarar.

Hennar siste bok Løsarbeidersamfunnet, skriven saman med Line Eldring, skildrar framveksten av prekariatet. Dette er frilansarar som jobbar på enkeltkontraktar, med lite føreseielege arbeidsvilkår og utan sikker inntekt mellom oppdrag.

– Dei har lita evne til å påverke vilkåra for oppdraga, og dei tener uforholdsmessig mykje mindre enn det salssjefane og direktørsjiktet i forlaga gjer. Frilansarane driv mykje redaktørarbeid, altså rein kjerneverksemd. Dei er høgt kompetente menneske.

78 millionar i utbyte på tre år

I tillegg til å betale gode løner til toppen betalar også forlaga ut utbyte til aksjonærar. Årsrapportane til Gyldendal viser at dei i løpet av dei tre siste åra har betalt ut 48 millionar kroner i utbyte. Utbytepolitikken er, ifølgje årsrapporten, at ein i snitt over tid skal gje ut 30 prosent av resultat etter skatt. Mesteparten av utbytet frå Gyldendal hamnar hjå investor Erik Must, som kontrollerer nærare 90 prosent av selskapet.

Ifølgje tal frå Proff.no betalte Aschehoug ut til saman 30 millionar kroner i utbyte for 2017 og 2018. Dei betalte ikkje utbyte i 2019. Aksjane er spreidde ut på mange hender, største eigar er William Nygaard med ein eigardel på 10 prosent.

Cappelen Damm har ikkje betalt utbyte, ifølgje tal frå Proff.no. Selskapet betalar derimot konsernbidrag, som er ei overføring til eit anna selskap i konsernet. Frå 2014 til 2017 har selskapet betalt eit årleg konsernbidrag som varierer frå 50 til 67 millionar kroner. Ifølgje revisjonsselskapet KPMG er slike bidrag ofte motiverte av ønsket om å redusere den totale skatterekninga til konsernet. Dei to mediekonserna Bonnier og Egmot eig kvar sin halvpart av Cappelen Damm.

Elin Ørjasæter ønskjer seg meir diskusjon om forlaga sin utbytepolitikk, særleg sett i lys av særordningane og subsidiane i bransjen.

– Å få pengar frå fellesskapen krev at ein har magemål og ikkje stikk av med overskotet sjølv, men pløyer det tilbake i verksemda, seier ho og trekker parallellar til debatten om profitt i velferdstenester.

– Det er rart at det er så mykje mediefokus på utbyte i private i barnehagar, medan bokbransjen går heilt klar av sånne diskusjonar. Det er eit tankekors. Me forfattarar kan jobbe i fem år med manus og få 30 000 i royalty, medan eigarane tek ut millionar i utbyte.

Kritisk til låge satsar

Ifølge Telemarkforskning var medianinntekta til forfattarane i 2013 om lag 120 000 kroner i året. Dette er siste tilgjengelege tal for yrkesgruppa. Saman med omsetjarar og manusvaskarar leverer forfattarane råmaterialet til bokbransjen.

– Forlaga argumenterer ofte med dei små marginane for den einskilde utgjevinga når dei ikkje vil bruke meir pengar på manusvask og korrektur.

Portrett original (5)
Sunnev Gran. Foto: R.K. Aanestad

Det seier Sunnev Gran, som har arbeidd som manusvaskar i 15 år. Ho får manus tilsendt for ein siste gjennomgang før korrektur. Manus skal på dette stadiet vere ferdig redigert. I praksis er det ikkje alltid heilt slik, fortel ho.

– Eg vil helst kalle meg redigerar. Eg synest «vask» er eit litt tilslørande ord. Ein dyktig vaskar gjer mykje meir enn å harve over feil komma og stile teiknsetjinga etter Vinjes skrivereglar. Ikkje alle skriv innanfor den same malen, og det er viktig å kunne skilje mellom kva som er slurv, og kva som er forfattaren sin eigenart.

Å vere manusvaskar er ikkje ein særskilt godt betalt jobb. Ofte tener dei rundt 20 kroner per 1000 teikn, medan nokre forlag betaler mindre. Gran anslår at ein akkordsats på 20 kroner per 1000 teikn gjev henne ei gjennomsnittleg timeløn på 450 kroner. Ho får løn som frilansar, eller ikkje-tilsett lønstakar. Det tyder at løna ikkje gjev henne rett til feriepengar eller sjukepengar frå arbeidsgjevar. Frilansarar må spare pensjon sjølve og har først krav på sjukepengar frå Nav etter 16 dagar.

Arbeidsmengda, og dermed timeprisen, varierer mykje etter kva tekst det er snakk om. I essayet «Den usynlige hånden i manuskriptet» skriv Gran at «En middelmådig, oversatt løkkeskriftroman på 400 sider à 2000 tegn, med en dreven oversetter, innbringer rundt 14 000 kroner. Siden forlagene sjelden differensierer mellom sjangere, vil samme antall sider fordelt på 20 akademiske tidsskriftartikler fra forskere uten spesielle skriveferdigheter betale seg omtrent likedan.»5

I fjor sommar gjekk Sunnev Gran og andre manusvaskarar ut i Klassekampen med kritikk mot dei låge satsane som mange forlag bruker. I artikkelen kom det fram at 35 manusvaskarar har danna ei lukka Facebook-gruppe der dei diskuterer arbeidsforholda.6

– Utgangpunktet var essayet eg hadde skrive for Prosa, og ei kjensle av at no var det nok. Det gjekk som det har gått før, ei mogeleg organisering rann ut i sanden, mellom anna fordi det er særs vanskeleg å samhandle utan å risikere at det blir noko som liknar prissamarbeid, som er strengt forbode, seier Gran.

Ho fortel at ho har diskutert problematikken med Konkurransetilsynet og blitt merksam på at all samsnakking om kva pris ein bør ta for arbeidet, i ytste fall er straffbart. Manusvaskarar er ikkje organiserte i nokon fagorganisasjon, men forhandlar satsar individuelt med dei ulike forlaga.

Facebook-gruppa for manusvaskarar finst framleis og har vakse til 63 medlemmer per i dag, fortel Gran. Den fungerer meir som eit fagleg forum.

– Om det ikkje blei revolusjon, var det vesle tilløpet til opprør likevel nyttig. For meg personleg har det betydd sterkare medvit om korleis ein krev det ein faktisk har krav på, og følgjer opp med å sette krav også til seg sjølv, seier Gran.

– Ingen vil vel seie at løna eller honoraret for vask og korrektur er framifrå. Men eg meiner at problemet ligg minst like mykje i uvissa om når oppdraga kjem, kor omfattande dei er, og når dei skal leverast. Alle forskyvingane og endringane i tidsfristar er ein del av bokproduksjonen som alltid vil vere der. Det gjer det tilnærma umogeleg å ordne seg med eit normalår med faste utsikter til løn og ferie på bestemte tidspunkt.

Ho seier at mange i kulturbransjen er drivne av idealisme og viljen til å yte «litt ekstra».

– Det har to sider. På den eine sida er det viktig at vi ikkje let oss utnytte som arbeidstakarar. Samstundes veit me som jobbar i dei siste ledda, at veldig mykje god tekst vil gå tapt om me ikkje enkelte gonger set kravet om full økonomisk godtgjering til side. Forlagsredaktørane veit i utgangspunktet kor utruleg mange timar med aktiv lesing – det eg kallar redigering – som ligg bak ei god bok. Så både for bokas skuld og for frilansarane og lausarbeidarane si skuld håper eg dette medvitet styrker seg i heile bransjen.

Kommunikasjonseiningane i Gyldendal, Aschehoug og Cappelen Damm har blitt førelagde sitata til Elin Ørjasæter om løns- og utbytepolitikk.
Camilla Bruseland, kommunikasjonssjef i Gyldendal ASA, skriv i ein e-post: «Vår kommentar til dette er at hovedprinsippene for Gyldendals lederlønnspolitikk er at vi ikke skal være ledende, men ha betingelser som er konkurransedyktige.»
Åse Ryvarden, direktør i Aschehoug Litteratur, avstår frå å kommentere.
Cappelen Damm har ikkje svart.

*Nettversjonen av denne artikkelen inneheld ei presisering av tala for jordbruksoppgjeret samanlikna med formuleringa i papirversjonen.

Noter
1. Helge Ridderstrøm: Bibliotekarstudentenes nettleksikon om litteratur og medier. www.litteraturogmedieleksikon.no/.cm4all/mediadb/kulturpolitikk.pdf

2. Jonas Brække: «Vil stoppe fripris-forlag», Klassekampen, 20. juni 2020

3. Anders Neraal: «De store runder 80 prosent», Bok365, 18. oktober 2018

4. På spørsmål om dette er ein årleg sum, har kommunikasjonssjef Camilla Bruseland i Gyldendal svart at summen varierer frå år til år.

5. Sunnev Gran: «Den usynlige hånden i manuskriptet», Prosa nr. 2/2019

6. Tora Døskeland og Thomas Espevik: «Krever oppvask i bransjen», Klassekampen, 4. juli 2019

Maria Lavik (f. 1984) er frilansjournalist med bakgrunn frå mellom anna NRK, Klassekampen og Vårt Land.