Prosa 2023 6 forside

Prosa #6 23: Samarbeid

06.12.2023

I årets siste utgåve av Prosa kan du lese om korleis ulike fagfolk opplever samarbeidet om ei bokutgjeving. Vi rettar også søkelyset mot ulike sider av livet som frilansar i ein bransje som trass gode støtteordningar krev stor innsats og risikovilje frå sentrale fagfolk.

Dette nummeret er det siste frå Merete Røsvik før ho går av etter fem år i redaktørstolen. I leiaren takkar ho av med ein refleksjon om samspelet mellom individuelle og kollektive interesser og minner om at det større formålet med kulturpolitikken er kulturell verdi for folket. Les leiarartikkelen her.

Meir om innhaldet:

Kjerstin Gjengedal har snakka med ein forfattar, ein forlagsredaktør, ein språkvaskar, ein illustratør og ein omsetjar om erfaringane dei har gjort seg med samarbeid om bokutgjevingar.

Jon Todal og Lovisa Mienna Sjöberg har samarbeidd om å skrive biografien til den samiske misjonæren Edvard Masoni. Susanne Hætta har intervjua dei om mannen og prosessen.

Trass gode støtteordningar for norsk kulturliv er det ein viss personlege risiko knytt til å livnære seg som frilansar i bokbransjen. Frida Skatvik har intervjua forfattar Bår Stenvik om korleis det er å vere frilansar når katastrofen rammar familien. Silje Pileberg har intervjua omsetjar Eirik Ringen om å vere frilans omsetjar når pensjonsalderen nærmar seg og forfattar Norunn Askeland om å måtte gi opp arbeidet med ei bok ein har fått stipend for å skrive.

Under tittelen «Det store i det smale» oppsummerer Aasne Jordheim tidsskriftsturnéen med ei lovprising av den rike, norske tidsskriftfloraen.

Magnhild Folkvord fortel om korleis Gina Krog redigerte Nylænde – det første kvinnepolitiske tidsskriftet i Noreg.

Kritikk:

Håvard Friis Nilsen om Jonas Bals: Våre kamper – mot fascisme og rasisme 1865–1940
Gro Jørstad Nilsen om Ingeborg Breines: Fredskultur – utopi eller sikkerhetspolitisk alternativ?
Synne Sun Løes om Agnes Ravatn: Alle mot alle – essays, artikler og gjeldsbrev
Sindre Hovdenakk om Eirik Vassenden: Kritikerens spøkelse – om kunsten å felle smaksdommer i det 21. århundret
Morten Harper om Ingrid Vik: Hand i hand? By og land i polariseringens tid

Spalter

Sakprosa i verda: Øyvind Strømmen skriv om Naomi Kleins bok om Naomi Wolff: Doppelganger – A Trip into the Mirror World
Årgangsprosa

Christian Bloom har levert forsideillustrasjon og illustrert Kjerstin Gjengedals artikkel.
Johanne Hjorthol står for design og illustrasjonar til Aasne Jordheims essay og Øyvind Strømmens spalte.