Når kampen om merksemda på boksidene hardnar til, blir spørsmålet om habilitetsomsyn i kritikken viktigare. Habilitet er eit ord som blir nytta om å vere kompetent, men også om det å vere i posisjon – formelt og uformelt – til å gjere vurderingar på uavhengig grunnlag.
I leiaren peikar redaktør Merete Røsvik på at habilitetsomgrepet belyser kva det er å redigere, og at det finst distinksjonar i synet på habilitet som det er viktig å vere merksam på for å forstå dynamikken i litteraturkritikken.
I essayet «Kvinnen med ljåen» deler Hilde Østby erfaringar frå å vere både forfattar og kritikar. Ho skriv om kva som kjenneteiknar sakprosakritikk, og kva det å vere kritikar, gjer med henne som forfattar.
Finst eigentleg den uavhengige vurderinga, spør Jonas Hansen Meyer. Han har intervjua sentralt plasserte kritikarar og funne at skilja i synet på habilitet kan gå tvers gjennom avisredaksjonane.
Kritikar Aasne Jordheim har gått tilbake til skulebenken og skriv om kva ho meiner manglar i undervisninga ved OsloMets nye masterprogram i sakprosa (master i medieutvikling).
Kjerstin Gjengedal har sett nærare på skuggeforfattararverksemd, altså profesjonelle skribentar som samarbeider med folk (ofte kjendisar) som har ei historie og kanskje eit publikum, men ikkje den naudsynte skrivekompetansen.
I artikkelserien «Kampen for det frie ordet» skriv fribyforfattar Gunel Imanova om hendingane som gjorde at ho og ektemannen måtte flykte, først frå Aserbajdsjan til Georgia, og så vidare til Noreg, og om korleis det kjennest å leve fysisk i eitt land, men mentalt i eit anna.
I kritikkseksjonen:
Anders Johansen om Trygve Riiser Gundersen: Haugianerne
Morten Harper om Cecilie Hellestveit: Dårlig nytt fra Østfronten – krigen som endrer alt
Cathrine Hamm om Alfred Fidjestøl: Innerst i hjertet har jeg min forstand: biografien om Georg Johannesen
Synnøve Veinan Hellerud om Nils Håkon Nordberg, Morten Eimot og Anne Grønlie: Historie på tvers 1 og 2
Kjetil Røed om Petter Snekkestad: Museale tilstander – en konservativ kritikk av norsk museumstenkning
Frida Skatvik om Einar Haakaas: Moderne slaveri i Norge: Arbeidslivets skyggeside
Aasne Jordheim om tidsskriftet Syn og Segn
I spalta Sakprosa i verda: Øyvind Strømmen om dei forbodne bøkene.
Debatt: Trond Hofvind kommenterer Eric Nævdals melding av Arild Vatn: Bærekraftig økonomi.
Framsideillustrasjonen er laga av Egil Nyhus. Design ved Johanne Hjorthol.