Prosa #5 2022: Kampsak

25.10.2022

Prosas oktobernummer tek for seg sakprosa som går inn i si tid – om det no er vår eiga tid eller historisk tid.

I høve Skeivt kulturår har vi fått Jan Olav Gatland til å skrive om sakprosaen han meiner har vore spesielt viktig i kampen for like rettar uansett seksuell legning. I tillegg har vi fått Aasne Jordheim til å vurdere Blikk, «Nordens eldste skeive magasin».*

Norsk PEN feirar 100-årsjubileum i desse tider, og i det høvet har Prosa starta ein artikkelserie der nokre av skribentane som har kome til Noreg gjennom Fribyordninga fortel historia si. Først ut er Ahmedur Rashid «Tutul» Chowdhury, redaktør av nettidsskriftet Shuddhashar.

I eit nydeleg essay i serien Mellom menneske og manus fortel Shazia Majid om kjensler, etiske vurderingar og metode i arbeidet med boka Ut av skyggene: den lange veien til likestilling for innvandrerkvinner – der ho brukte si eiga mor som houvdkjelde.

Store norske leksikon (SNL) er eit flittig brukt oppslagsverk, ikkje minst i skulen. Vi bad difor Erle Marie Sørheim om å sjå nærare på leksikonets politiske og språkpolitiske rolle med utgangspunkt i debatten som oppstod rundt fagartiklane om kjønn og seksualitet i fjor haust.

Frank Rossavik er intervjua av Kaja Schjerven Mollerin om boka De korrekte. Identitetspolitikk, kansellering og presset mot det liberale samfunn. Han er bekymra for tendensen til at meiningsmotstandarar blir gjorde til fiendar. Han seier også at det er ein grunnpremiss for den liberale offentlegheita at mange nok har positive intensjonar, forstått som «å ville noe bedre, eller søke sannhet».

I leiarartikkelen peikar redaktør Merete Røsvik på at det internasjonalt står dårleg til med tilliten til at det ligg slike positive intensjonar bak ytringar i både politikk og media, ifølge spørjeundersøkingar The Edelman Trust Foundation har gjennomført i mange land. Ho peikar på prosessen mot WikiLeaks-grunnleggjar og -redaktør Julian Assange som eit døme på korleis lammande mistillit spreier seg.

I kritikkseksjonen kan de også lese Kristian Bjørkdahls melding av Gisle Selnes og Frode Helmich Pedersens bok Forfølgelsen av Julian Assange, eller kunsten å kneble en brysom budbringer.
Vidare byr vi på desse bokmeldingane:
Morten Harper om Ytringsfrihetskommisjones NOU 2022:9 En åpen og opplyst offentlig samtale
Andrew Kroglund om Jørgen Randers m.fl.: Limits to Growth
Anne Bitsch om Hanna Arendt: Mennesket i dystre tider
Eric Nævdal om Arild Vatn: Bærekraftig økonomi
Fredrik Giertsen om Heidi Lundeberg: Bolivia – og folket som tok framtida tilbake
Kjetil Røed om Achille Mbembe: Nekropolitikk og andre essays

Design og illustrasjonar av Johanne Hjorthol.

* I papirutgåva er det ein feil i meldinga av Blikk magasin (s. 77): Blikk blir ikkje gitt ut av Foreningen Fri, som påstått, men er redaksjonelt uavhengig. Teksten er korrigert i nettversjonen. Vi beklagar feilen på det sterkaste.