Prosa #4 2021 er ute!
«Boka er en allmenning hvor vi samarbeider om å løse problemer og belyse utfordringer kritisk», skriv Kjetil Røed i bokessayet «Reflekterende sorgarbeid». Det er éi av tilnærmingane til temaet for haustens første Prosa: «Vegen vidare». Korleis reiser vi oss og går vidare etter personlege og kollektive kriser? Aktuell sakprosa både skildrar og praktiserer krisebearbeiding.
Anne Bitsch har sett på årets bøker om tida etter 22. juli-terroren og meiner at dei ikkje er klare på kva ideologi det skal takast eit oppgjer med. Espen Grønlie har lese norsk og internasjonal sakprosa om koronapandemien og opplever forfattarane som meir opptekne av å spå om framtida enn av å forklare kva som faktisk har skjedd.
Linn Stalsberg manar kulturfrilansarane til kamp for å få vidareført utvida velferdsordningar også etter at pandemien er over. Andrew Kroglund har fått i oppgåve å ta ei meir konkret tilnærming til tematikken og har skrive bokessay om bestseljande reisebøker om Noreg.
I kritikkseksjonen kan du lese Thomas V.H. Hagens melding av Espen Søbye: Hva vet historikerne? Om hjemmefronten og deportasjonen av jødene,
Jon Rognlien om Peter Øvig Knudsen: Min mor var besatt – da jeg møtte depresjonens demon og Erik Nakkerud Min psykotiske mamma,
Margit Ims om Lene Liebe Delsett: Brennmaneteffekten. Hvordan går det med den norske naturen?
Gro Jørstad Nilsen om Armen Avanessian: Metafysikk for vår tid,
Morten Harper om Astrid Sverresdotter Dypvik: Det mørke Tyskland: Ei reise blant høgreekstremistar
og Nicolay B. Johansen om Mina Hadjian og Martine Rand: Røverhistorier – fantastiske og forferdelige fortellinger fra innsida.
Marte Spurkland er intervjua om boka Ut av krisen. I spalten Tidsskrifturné har Aasne Jordheim meldt Arr, tidsskrift for idéhistorie. Under vignetten Sakprosa i verda skriv Øyvind Strømmen om sakprosarabalder i Texas, og i spalten Blomar i bruksprosa er eit utval valbrosjyrar lesne med maksimal vrangvilje. Debattseksjonen har innlegg av Tom Kristiansen og Tore Rem, Jon Langdal og Andreas G. Lombnæs.
God lesing!