Prosa 2022 2 framside

Prosa #2 2022: Biografi

30.03.2022

Vårutgåva av Prosa rettar blikket mot ein sakprosakategori som er like gammal som han er aktuell, nemleg biografien.

Marianne Egeland skriv om det tidsavhengige ved å lese sjølvbiografiar skrivne av overlevande frå konsentrasjonsleirane, og korleis desse forteljingane etter kvart utvikla seg til ein spesiell sjanger med eigne normer.

I leiaren skriv redaktør Merete Røsvik om (sjølv)biografisjangerens vedvarande og samtidig omskiftelege aktualitet. Ho peikar også på korleis sjølvbiografiar har dominert mellom vinnarane av Kritikarprisen for beste sakprosa dei siste åra, og oppmodar juryen om å ha blikk for breidda i sakprosafeltet i framtidige utdelingar.

Nicolay B. Johansen spør kvar det vart av bøkene om narkomane lagnader, og ser på utlevering, sjølvutlevering og dramaturgi i desse «narkobiografiane».

Kaja Schjerven Mollerin har teke for seg tre bøker frå Mímir Kristjánssons forfattarskap, og skriv at han er mellom dei forfattarane som viser kor frigjerande det kan vere å omfamne ikkje-nøytraliteten.

Kenneth Moe skriv i eit personleg essay om den kontinuerlege nær-nøden-opplevinga det er å leve av skriving, og korleis skrivinga og nøden påverkar kvarandre. Stian M. Landgaard spør kor langt ein omsetjar kan gå i å gjere fortidas tekstar forståelege for dagens lesarar.

I kritikkseksjonen:
Thomas V.H Hagen om Tore Rem: Olav V. Den fremmede 1903–1940 og Olav V. Krigeren 1940–1945
Øivind Klungseth Zahlsen om Giorgio Vasari: Kunstnernes liv
Johanne Elster Hanson om Leif Ekle: Olgas bok. Et stille liv i arbeiderklassen
Aasne Jordheim om Zett filmtidsskrift

Og dessutan:
I spalten Sakprosa i verda skriv Øyvind Strømmen om kontroversane kring boka Hvem forrådte Anne Frank?, som no er trekt for godt av det nederlandske forlaget. Vitskapshistorikar Vidar Enebakk fortel i spalten Nøtta og kjelda om den ferske biografien sin om astronom og magnetismeforskar Christopher Hansteen, og korleis Hansteens vitskaplege ettermæle har endra seg med tida. På debattsidene svarar Simen Sætre og Merete Røsvik på Bernhard Ellefsens tidlegare innlegg i «kunnskapstjuveri»-debatten om Hugo Lauritz Jenssens bok En samisk verdenshistorie.

Framsideillustrasjonen er laga av Egil Nyhus.