Illustrasjonsfoto frå klasserom. Elevar sit vende mot læraren.
Illustrasjonsfoto: Kenny Eliason.

Lyden av mangfald i klasserommet

16.06.2023

Det finst framleis skular med plakatar i gangane: «Her snakker vi kun norsk.» Men noko kan vere i ferd med å skje.

Då språkforskar Edit Bugge gjorde eit forskingsarbeid på ei fleirspråkleg avdeling i ein barnehage, opplevde ho at fleire av borna stivna då dei høyrde språket sitt. Ho kjende det att. Ho vaks sjølv opp i ein tospråkleg heim og hugsar kjensla i magen då mora tok til å snakke det andre språket – som var færøysk – ute blant folk.

– Eg hadde eit behov for å skjule det, seier ho.

– Ungar treng ikkje å få ris eller smekk på fingrane for å vere flaue over språka dei kan. Det er nok at ein signaliserer at det du er, ikkje har verdi her, seier Bugge, som er professor ved Høgskulen på Vestlandet.

Eit samstemt forskarkor har i fleire tiår formidla at tospråkleg fagopplæring og morsmålsundervising er positivt, ifølgje Bugge. Men dei har i liten grad sett tilrådingane bli omsette i politikk. Elevar har i dag rett på morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring og særskild norskopplæring i inntil tre år etter at dei har kome til Noreg – viss dei treng dette for å lære norsk.

Dette er annleis enn i Sverige, der elevar med andre omgangsspråk enn svensk i heimen får språkopplæring gjennom heile grunnskulen, på visse vilkår.

– Norma om eitt språk har vore dominerande både i grunnskulen og elles i det norske samfunnet. Språk som engelsk, tysk og fransk blir heia fram, men mange andre blir stilna. Dette har gjeve seg utslag i eit språkleg statushierarki, meiner Edit Bugge.

Innstrammingar i 1990-åra

1974 var året då born av innvandrarforeldre for første gong vart nemnde i norske læreplanar. Då skulle morsmålet til borna haldast vekke frå undervisinga fordi ein frykta at det ville føre til dårlegare læring av norsk, ifølgje Bente Ailin Svendsen, professor i fleirspråk og norsk som andrespråk ved Universitetet i Oslo.

Dette endra seg i Mønsterplan for grunnskolen frå 1987 (M87). Her kom det inn eit mål om at elevar med kjennskap til to språk skulle bli funksjonelt tospråklege. Dette førte til tospråklege initiativ i mange av skulane i landet. I Oslo-skulen vart det oppretta tokulturelle klasser, der elevar med to ulike språkbakgrunnar – til dømes vietnamesisk og norsk – fekk opplæring på begge språk.

– Noreg fekk internasjonal merksemd for denne måten å bevare språka på. Men ordninga vart avvikla ti år seinare, fortel Svendsen.

I 1990-åra kom det nye politiske bølgjer, og stortingsmelding nr. 25 (1998-999 sikra at alle som hadde rett på det, fekk morsmålsopplæring. Samstundes vart tilbodet svekt: Ein gjekk frå å skulle bevare og vidareutvikle to språk gjennom heile grunnskulen til berre å lære morsmål i ein overgangsfase, og berre dersom ein ikkje hadde tilstrekkelege kunnskapar i norsk. Tospråkleg fagopplæring, altså undervising i til dømes naturfag både på norsk og eit anna språk, kom til seinare. Her er det i dag store variasjonar i tilbodet, og mange får det ikkje, fortel Svendsen.

Over 200 språk i Oslo-skulen

Ho trur at det både var internasjonale og nasjonale tendensar som låg bak då språkopplæringstilbodet vart svekt i 1990-åra.

– Samtidig var det sjølvsagt ei økonomisk sak. Det å skulle ha funksjonell tospråklegheit som mål trur eg ville kosta ganske mange pengar, seier Svendsen.

I Oslo-skulen er det i dag over 200 språk, ifølgje tal frå Oslo kommune. Men dei 10-11 største språka dekkjer over 90 prosent av dei elevane som har andre førstespråk enn norsk, ifølgje Svendsen.

Portrettfoto av Bente Ailin Svendsen
Bente Ailin Svendsen ønskjer seg både meir transspråking og betre språkopplæring i norsk skule. Foto: Universitetet i Oslo

Sjølv unngår ho termen «morsmål». For kva er eigentleg det?

– På polsk heiter det farsmål! Mange med innvandrarforeldre opplever dessutan at det er norsk dei kan best. Det å bruke termen «morsmål» skaper eit kunstig skilje. Derfor snakkar eg alltid om språkopplæring, ikkje morsmålsopplæring.

Svendsen påpeikar at feltet er sterkt politisert, og at utover 2000-talet, med terroråtak i USA og Europa, var det få som snakka om multikulturalisme.

– Språkopplæring er tett kopla til innvandringsdebatten. Det er svært uheldig. Det er mange gode grunnar til å ha eit godt opplæringstilbod i språk.

Auka interesse for transspråking

Kanskje er det i dag nye takter å spore. Med revideringa av læreplanen for grunnskulen i 2020 blei det presisert i den overordna delen at «alle elever skal få erfare at det å kunne flere språk er en ressurs i skolen og i samfunnet».

– Språkleg mangfald vart no meir vektlagt. Men det er lite omtale av korleis fleirspråk er ein ressurs. Dette er i stor grad opp til lærarar og leiinga ved dei enkelte skulane, seier Svendsen.

For Joke Dewilde, professor i fleirspråk i opplæring ved Universitetet i Oslo, har den nye setninga medført mykje arbeid. Interessa for såkalla transspråking, eitt av hennar forskingsfelt, har blomstra opp. Transspråking inneber å krysse språkgrenser; i skulen vil det bety å opne for fleire språk i same gruppe.

– Før tenkte ein på morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring som noko som berre skjedde i eit anna klasserom. Mykje morsmålsopplæring skjer til og med utanom ordinær skuletid. Men det finst også mykje ein kan gjere i klasserommet: Fleire språk kan inkluderast på ein heilt naturleg måte, fortel ho.

For eksempel kan elevar bruke omsetjingsverktøy for å slå opp ord dei ikkje forstår, eller lærarar kan setje saman grupper som snakkar seg gjennom eit nytt fagstoff på polsk eller urdu, før dei presenterer det for læraren på norsk.

– Det aller vanskelegaste er å lære nye fagomgrep på eit nytt språk. Viss ein har høyrt om demokrati og diktatur på eit anna språk tidlegare, vil det vere mykje enklare å overføre dette til norsk.

Motstanden har minka

Mange lærarar tar kontakt med Dewilde med spørsmål om fleirspråksopplæring, både på barnetrinn, ungdomstrinn, i vidaregåande opplæring og i vaksenopplæring. På nokre av skulane er det stort mangfald, på andre skular ikkje. Akkurat no jobbar ho med ei kursrekke for lærarar i Oslo kommune.

Medan ho før som oftast vart invitert for å snakke om norsk som andrespråk, er det no transspråking interessa er størst for. Motstanden som var der før, er mindre; no spør folk heller: Korleis gjer vi det, heilt konkret?

– Historisk har ein vore opptatt av å byggje sterke nasjonalspråk. No skjer det ei dreiing der ein legg til grunn at fleirspråklege bruker språka sine på ein fleksibel måte, og ein byggjer undervising og pedagogikk ut frå det. Setninga i læreplanen betyr nok mykje for den interessa eg opplever, for alle er opptatt av læreplanen, seier professoren.

Ifølgje Dewilde tenkjer ein del lærarar at jobben deira er å lære elevar som nyleg har kome til Noreg, norsk, og kunnskap om det norske samfunnet.

– Og det er heilt riktig. Men viss dei også gjer det mogleg for elevane å dele av sine eigne erfaringar, kan dei oppleve at det er vel anvend tid. Då må læraren ta eit steg tilbake og la elevane få snakke om tema som opptar dei, med den inngangen dei har.

Frykta for utestenging

Likevel: Det finst motførestillingar, også mot noko så populært som transspråking. Éi slik motførestilling kallar Dewilde ein myte, nemleg at ein lærer språk best og raskast viss ein ikkje blandar inn andre språk. Dette finst det inga støtte for i forskinga, påpeikar ho.

Ei anna motførestilling er at transspråking kan vere ekskluderande. Kanskje er det fire elevar som snakkar arabisk, og berre éin som snakkar swahili. Kva vil då skje viss ein opnar opp?

– Eg forstår denne uroa, men eg meiner at ein då må jobbe aktivt for inkludering på andre måtar. Ifølgje forskingslitteraturen vil transspråking bringe med seg nye utfordringar, men svaret er aldri: berre norsk.

Ho poengterer at det er stor variasjon i Skule-Noreg; på enkelte skular heng det framleis plakatar med bodskapar som «Her snakker vi kun norsk».

Øystein A. Vangsnes, professor i nordisk språkvitskap ved UiT, skreiv i 2017 eit blogginnlegg på forskning.no om eit møte med ein lærar som jobba på ein slik skule. På skulen, som var i Oslo og hadde stort mangfald, var det forbode for elevane å snakke andre språk. Unntaket var viss det var ein lærar til stades som kunne det aktuelle språket. Grunngjevinga var at ein ville motverke mobbing og baksnakking.

«Denne praksisen […] bidreg ikkje til å styrka den språklege sjølvtilliten til ungane det gjeld. Det har i verste fall den effekten at ungane får eit negativt syn på morsmålet sitt. Dei får eit signal om at det språket har liten verdi», skreiv Vangsnes. Det resulterte i fleire medieoppslag og eit glødande kommentarfelt.

Vil det sterkaste språket vinne?

Vangsnes er likevel ikkje den som ukritisk helsar alle språk velkomne i klasserommet på same tid. Han er skeptisk til transspråking.

– Viss alt er lov, og alt flyt, er det fort det sterkaste språket som vinn, seier han.

Han forskar sjølv på revitalisering av samisk språk.

– Eg ser at transspråking kan ha nokre gunstige effektar for minoritetsspråklege elevar. Men når det gjeld samisk, er situasjonen nærmast snudd på hovudet fordi veldig mange elevar har – eller får tidleg – ein sterkare kompetanse i norsk. Vi må kunne seie at «dette er samisk, og det er det elevane skal lære», viss ikkje vil eigenarten til dei samiske språka forvitre dramatisk.

Transspråking oppstod i samband med revitalisering av det walisiske språket og først og fremst som ein pedagogisk metode: Det var greitt for elevane å blande walisisk og engelsk når dei skulle tileigne seg walisisk, påpeikar han.

– Men sidan har det utvikla seg til eit syn på språk: at språk berre er sosiale konstruksjonar, og at det ikkje finst grenser mellom dei. Det støttar eg ikkje.

Den språkkompetansen elevar kjem inn i skulen med, må likevel sjåast som ein ressurs og takast meir omsyn til enn det som er tilfellet i dag, meiner han.

– Det finst pedagogikkar, såkalla additive språkmodellar, som i større grad tar vare på heile kompetansen til ein elev enn det vi gjer i Noreg i dag.

Ein additiv språkmodell inneber at ein førstespråket til ein elev held fram med å bli utvikla samtidig som eleven lærer andrespråket. Motsett vil ein subtraktiv modell innebere at ein elev lærer andrespråket, medan førstespråket blir svekt. I praksis er det sistnemnde modell som ligg til grunn i norsk skule.

Gjekk tilbake på forslag om lovendring

Våren 2023 vart eit forslag til ny opplæringslov sendt til handsaming på Stortinget. I ein tidlegare variant av lovforslaget – den som vart send på høyring – var det foreslått å styrke dagens rett til morsmålsopplæring. Medan born i dag har rett på morsmålsopplæring i inntil tre år viss kartlegginga viser at dei treng det for å lære norsk, var forslaget at borna skulle ha rett på slik opplæring «med mindre dette er openbert unødvendig».

Då Kunnskapsdepartementet sende teksten til Stortinget, var forslaget tatt bort. Grunngjevinga var ifølgje ein e-post frå departementet at «de som trenger det uansett vil omfattes av bestemmelsen og at forslaget også ville kunne ført til uklarheter, da det introduserte nye skjønnsmessige vurderingstemaer».

Medan ein del instansar, som Barneombodet, hadde vore positive til høyringsforslaget, var kommunane Oslo og Stavanger kritiske.

– Vi meiner at det må vere opp til skulane å vurdere kva som er best for elevane, forklarer Mari Felberg Johnsen, fungerande seksjonssjef for utdanningsetaten i Oslo.

– Kan ein ikkje då risikere at tilbodet blir svært varierande?

– Vi har tillit til at skulane gjer gode vurderingar, og at når tilboda kan sjå ulike ut på ulike skular, er det gode grunnar for dette.

I nokre klasserom kan det vere ti-tolv morsmål, fortel ho.

– For ein del skular i Oslo ville det vere svært krevjande å tilsetje kvalifiserte lærarar og organisere morsmålsopplæringa på ein god måte dersom dei hadde blitt pålagde det som stod i det opphavlege lovforslaget. I slike tilfelle er det viktig for oss at skulane sjølve får vurdere kva opplæringstilbod som er til beste for eleven.

Har tillit til skulane

Johnsen påpeikar at elevane i Oslo-skulane, samanlikna med andre kommunar, ikkje er like godt dekte med morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring. Her jobbar kommunen med å klargjere elevane sine rettar og tilby skulane kompetanseheving for å oppfylle lovverket. Å kartleggje elevane sine behov og tilbodet ved skulane er også noko kommunen satsar på.

– Læreplanen frå 2020 forpliktar oss til å setje leggje større vekt på fleirspråklegheit som ressurs enn tidlegare læreplanverk har gjort. Dette vil bety ei endring for nokre skular, medan andre allereie har ein praksis som er samanfallande med verdigrunnlaget i læreplanverket, seier ho.

– Veit du om det framleis finst skular i Oslo der det ikkje er lov å snakke andre språk enn norsk?

– Dette kjenner eg ikkje til. Vi har tillit til at skulane har ein inkluderande praksis når det gjeld språk, seier Mari Felberg Johnsen.

Vil eitt steg vidare

Professor Edit Bugge reagerer på si side på den retorikken som ligg til grunn i opplæringslova både slik ho er, og slik det første forslaget var.

Edit Bugge står og smiler framfor ei bokhylle i eit bibliotek.
Transspråking handlar om å la elevane få bruke alle dei språklege ressursane sine, meiner Edit Bugge. Foto: Høgskulen på Vestlandet.

– Av slike tekstar kjem det tydeleg fram at målet er at eleven skal bli god i norsk. Om ein har rett på morsmålsopplæring, avheng altså av om dette er nødvendig for å lære norsk. Det er trasig at vi ikkje greier å gå eitt steg vidare, meiner ho.

Akkurat som Bente Ailin Svendsen trur ho at pengar er ei viktig årsak til den eittspråklege linja som har blitt ført i Noreg sidan slutten av 1990-åra. Det finst dessutan klare organisatoriske utfordringar, påpeikar ho, til dømes morsmålslærarar som må køyre sikksakk mellom skular som ligg langt frå kvarandre.

– Men det finst også nokre seige førestillingar om at tospråklegheit har negative følgjer.

Dei amerikanske professorane Wayne Thomas og Virginia Collier har over tid gjennomført studiar der meir enn 7,5 millionar elevar med meir enn 100 ulike førstespråk har tatt del. Forskarane har funne at elevar som også har fått undervising i førstespråket sitt i minst halvparten av undervisingstida, skårar høgare i alle fag. Tospråklege opplæringsprogram verkar dessutan sosialt utjamnande, ifølgje forskarane.

Det tar likevel tid før ein ser ein slik effekt: Det er først etter fem-seks år med tospråkleg opplæring at prestasjonsgapet mellom tospråklege elevar og dei som har engelsk som førstespråk, blir lukka.

Transspråking og meir til

Kvar er vi på veg? Fasiten har ingen, men både Bente Ailin Svendsen, Joke Dewilde og Edit Bugge trur at transspråking vil vere eitt av svara på det språklege mangfaldet forskarar lenge har etterlyst. Det er likevel ikkje nok, meiner dei.

Svendsen meiner at transspråking må gå hand i hand med opplæring i enkeltspråk.

– Kanskje kan elevar få velje urdu eller arabisk som tilvalsspråk frå 5. klasse? Det ligg moglegheiter i det rammeverket vi har, som ikkje blir utnytta, seier ho.

– Men kva med dei små språka?

– Det er ingen grunn til at ein berre skal vektleggje dei store «innvandrarspråka». Her handlar det om politisk vilje. Vi må unngå å lage språklege kyrkjegardar, men heller sjå mangfaldet av språk som ein ressurs for både den enkelte og for arbeidsmarknaden. Det vil også sikre kompetanse til å kommunisere i internasjonale konfliktar og fredssamtalar, seier Svendsen.

I dag er det mogleg å ta framandspråk som privatist i vidaregåande skule. Forsking frå England tyder også på at fleire foreldre sender borna på laurdags- eller søndagsskular for å lære språk. Slike tilbod finst i Noreg òg, men då utanfor det ordinære skuletilbodet, ifølgje Joke Dewilde.

Sjølv jobbar ho målretta både med transspråkundervising for Skule-Noreg og med å ruste framtidas arbeidstakarar: Studentane hennar er ofte fleirspråklege, og ho oppmodar dei stadig til å bruke dei andre språka sine, også i akademisk arbeid.

– Heilt fundamentalt handlar det om identitet. Om å få lov til å vere eit komplekst menneske, og ikkje å måtte leggje band på bestemte ressursar og erfaringar, seier Dewilde.

– Kastar vekk ressursar

Edit Bugge er samd i at det gjev store fordelar for både individ og samfunn å få bruke sin fleirspråklege kompetanse.

– Vi har menneske som tilfører samfunnet vårt stor verdi fordi dei har sterk kompetanse i både norsk og førstespråka sine, seier ho og viser mellom anna til Yama Wolasmal, NRKs Midtausten-korrespondent. I 2022 fiksa han eit kritisk intervju med utanriksministeren for Taliban – på språket pashto.

– Men fordi vi manglar eit godt opplæringstilbod i elevar sine førstespråk, er vi avhengige av at foreldra gjer ein kjempeinnsats. Dette har ei sosial slagside: Dei som ikkje har ressurssterke foreldre, lærer kanskje ikkje å lese og skrive på førstespråket sitt. Dei lærer heller ikkje fagspråk eller ordforråd frå språklege domene utanfor heimen. Slik kastar vi vekk enorme ressursar.

Den skamma som ho sjølv hugsar frå barndommen, etablerer seg tidleg, meiner ho, og allereie i barnehagen kan ein sjå det språklege statushierarkiet.

– I Noreg har vi ført ei streng fornorskingslinje overfor samisk og dei andre nasjonale minoritetsspråka. Dette har hatt store negative konsekvensar, for både enkeltindivid, grupper og samfunnet. Viss vi held fram med ei eittspråkleg linje, gjer vi dei same feila i møte med nye minoritetar i skulen.

Silje Pileberg (f. 1979) er frilansjournalist.