Bokomslag jekta  eventyrets farkost

Opp- og nedturar langs norskekysten

01.05.2020

Bjørn Tore Pedersen leverer ei etterlengta soge om jekta. Farkosten som lenge var sjølve livsnerven i norsk økonomisk historie, har vore ein oversett del av Noregs historie.

Ei jekt er ei mindre seglskute, breibygd med god lasteevne og høg opprettståande stamn. Dei fleste jekter var rigga med eit stort råsegl, stundom med fleire segl. Denne farkosttypen er svært sentral i norsk økonomisk historie, men har fyrst med boka til Bjørn Tore Pedersen fått sitt eige bokverk. Han er forfattar og journalist og kjem frå Petvik i Vestvågøy, som er ei av Lofotens eldste jektebygder. Pedersen har i ei årrekkje arbeidd i NRK Nordland som vaktsjef, kulturreporter og radioprodusent.

Bokutgjevinga må sjåast i samanheng med opninga av Jektefartsmuseet i Bodø i juni 2019. Forfattaren fortel i forordet at avgjersla om å skriva denne boka vart teken den dagen Nordlandsmuseet vedtok å byggja jektemuseum over Anna Karoline, jekta som vart bygd i 1876 i Mosvik i Trøndelag.

Fortidas langtransport

I alle fall sidan vikingtida har det segla skuter frå Nord-Noreg og sørover med tørrfisk, tran, kvalolje og skinn. På returen oppover frakta skutene ofte korn, mjøl, hamp, lin, keramikk, trelast, metallvarer, krydder, salt, tobakk og tøyvarer. Med god bør i seglet kunne ei ferd opp eller ned kysten vera unnagjord på under ei veke, men oftast gjekk det meir enn ein månad. Dette var fortidas langtransport. Handelen som skjedde i Bergen og Trondheim, var heilt avgjerande for ein heil landsdel. Her må det skytast inn at det òg gjekk føre seg ein omfattande jektetrafikk frå dei indre fjordstrøka på Vestlandet. Frukt, poteter, ved, fisk og andre produkt vart lasta i lad eller tønner i jekta. Det tyngste vart plassert nedst. Ikkje sjeldan gjekk lastefarmen fleire meter oppover langs masta.

Boka tek lesaren med om bord i farkosten som ingen riktig veit opphavet til. Jekta kjem seglande inn i soga, kanskje ein gong i seinmellomalderen. Eit kalkmåleri på ein dansk kyrkjevegg frå seint på 1300-talet viser to farkostar med stor likskap til seinare jekter. Bordgangane til jekta er klinka, det vil seie med overlappande bordgangar. Denne byggjemåten var svært vanleg i Norden alt lenge før høgmellomalderen. Boka går gjennom dei historiske spora som finst, og kanskje bør jekta sjåast på som ein arvtakar etter norrøne skipstypar som knarr og byrding. Ein skal heller ikkje sjå bort frå at dei hanseatiske handelsskipa òg har hatt innverknad på utforminga av jekta.

Kjøpevekt og salsvekt

Gode og store illustrasjonar viser at bilderedaktør Ernst Furuhatt har gjort ein stødig jobb. Det same får ein seie om den grafiske formgjevinga til Type-it AS. Med kring 200 illustrasjonar er dette ei bok i stort format som verkeleg viser jektefarkosten frå dei fleste vinklar gjennom både kunstverk og fotografi. Likevel, oppmålingsteikninga til båtgranskaren Bernhard Færøyvik av Holvikjekta frå Sandane i Nordfjord kunne nok vore skarpare presentert.

Boka er inndelt i 17 kapittel. Etter soga om museumsjekta Anna Karoline følgjer ein historisk gjennomgang, før lesaren vert teken med på Nordfarstemne i Bergen, endestoppet og møtestaden for den lange reisa sørover langs Norskekysten. To gongar årleg, ein gong på vårparten og ein gong på seinsumaren, kom jektene ned til Bergen med last. Stundom kom så mange som 60–70 jekter inn på Vågen i løpet av ein dag. For dei tilreisande skipperar og mannskap var møtet med dei bergenske kjøpmenn ein krevjande nedtur. Omgrepa kjøpevekt, salsvekt og Nordlandsgjeld seier sitt om det. Brødteksten rommar mange fine anekdotar, men trass klart språk vert tematikken meir uklar her. Denne lesaren sakna i alle fall litt strammare struktur.

Pedagogiske soger

Neste bolk tar for seg dei som bygde jekta, byggjestader frå Rana i nord til Hardanger og Sunnhordland i sør, kjøpslåinga, kontrakten og det viktige ritualet med kjøpskål. På mange av oppslaga er det rammetekstar med døme frå litteraturen og poesien. Den som skal leita etter godt jektestoff til ein festtale, har med denne boka fått ein enklare veg til godbitane. Her er flotte vers, frodige forteljingar og historiske brev som gjev innblikk i ulike sider ved jektelivet, både før, under og etter ferda. I dei neste kapitla om den lange skipsleia, krigshendingar 1807–1814, lastetypar og namneskikkar er det mange eventyrlege døme. Slike soger må forståast i eit pedagogisk perspektiv. Somme vart fortalde til nye mannskap og var ein del av opplæringa i kunsten å føra ei jekt. Andre forteljingar var til skrekk og åtvaring om slikt ein ikkje burde gjera, for då kunne det gå gale. Eit høgdepunkt er den lite kjende forteljinga om mannskapet på Anne Margrethe, som i 1852 drog ut frå Trondheim. Målet var Røst i Lofoten, men storm og uhell førte jekta langt til havs. Tolv døgn seinare forliste skuta ved Bjørnøya, der mannskapet etter eit par strevsame månader vart berga av mannskapet på skonnerten Haabet.

For å ha god lasteevne er jekta stødig, og ho vert ikkje rekna for å vera eit særleg raskt fartøy. Lenge segla dei fleste jektene mesteparten av ferda innaskjers med faste nattestogg på handelsstader og kremmarleie langs leia. Utover på 1800-talet auka storleiken på jektene noko, og fleire skipperar våga seg utaskjers over Folla og andre tøffe havstrekk. Storm og uvêr kunne føra til dramatikk som enda i tragedie. Kapittelet om dei som aldri kom heim, fortel om kyrkjegarden på Stadhavet der mange havarerte i det ureine farvatnet. Totalforlis var ikkje uvanleg, og kanskje kan ein dra ein parallell til dagens trafikkulukker. Det seier seg sjølv at nedturen var stor for dei heime i bygda når frå fire-fem til åtte-ni av bygda sine karar brått vart borte.

I kapittel 11 tar boka for seg soga om den siste jekta, Brødrene Nygaard, bygd i Kristiansund i 1889. Denne jekta var 70 fot lang, 22 fot brei, hadde 25 meter høg mast og kunne lasta 120 tonn med varer. Etter å ha gjort teneste langs kysten vert jekta avrigga og bygd om til frakteskute under andre verdskrigen. I 1957 lir Brødrene Nygaard skipbrot utanfor Steigen. Dermed gjekk siste restane til botnars av det som hadde vore den siste nordlandsjekta under segl. Skipperen, Julius Olsen, var den siste seglande jekteskipperen, og han gjekk bort i 1966.

Oversyn og jekteregister

Bjørn Tore Pedersen har med denne boka løfta fram ein viktig farkosttype som på mange måtar er gløymd i soga om Noreg. Jektene var eit svært sentralt element, i boka rekna som sjølve livsnerven, i handelen gjennom mange hundre år. Det er ein solid opptur at det no finst eit eige jektefartsmuseum, og at jekta har fått sitt velfortente sogeskrift.

Han tar òg for seg dei nye jektene som er bygde i seinare tid, til dømes Brødrene, Pauline, Gjertrud av Ranen, Anna Olava, Den gode Hensigt, Bakkejekta og Tordenskiold. Bruken av alle desse vil framover vera med på å gje nye tilskot til soga om jekta. Dei tre siste kapitla i boka er oversyn over korleis jekta var sett saman, eit register over kjende jekter og litteraturoversyn. Jekteregisteret rommar eit omfattande fartøyoversyn frå den siste aktive delen av jektetida. For ivrige lesarar som vil fordjupa seg i tematikken, kunne eit godt stikkordregister ha heva denne avslutningsdelen enda eit hakk.

Som tittelen tyder på, er ikkje dette noko akademisk bokverk. Her og der kunne boka hatt godt av meir utførlege litteraturtilvisingar eller fotnotar. Somme formuleringar avslører eit læringspotensial kring segling og manøvrering av segl, men dette er eit komplekst tema som det ikkje alltid er så lett å skriva presist om. Kan det vidare vera tilfelle med seglas frå Bergen til Kjerringøy på to døgn? Det vil i så fall tilsvara 11 knop som snittfart med last, noko som vil vera på nivå med rekordseglasane til dei aller raskaste jaktene, som i stor grad overtek ferdsla etter jekta utover på 1800-talet. Det spørst òg om noka historisk seglande jekt har ført nylonstrømper i lasta, sidan dette stoffet fyrst kom i handelen etter at jektefarten må reknast som avslutta.

Dette plukket til sides, boka om jekta er fin, etterlengta og bør finna vegen til mang ein lesar som vil forstå meir av livet langs Norskekysten.

Bjørn Tore Pedersen
JEKTA – Eventyrets farkost
Museumsforlaget, 2019