6f87527676d47a98aa3a1af19eeb8a14

Kjønnlitteratur

25.04.2017

To nye bøker om underlivet viser kor bra, og kor dårleg, ein kan skrive om noko så privat som kjønnsdelar og sexliv.

Framfor meg har eg to bøker. Ei handlar om eit tema eg ikkje kan noko særleg om, mens den andre handlar om noko eg har grepet om: Ei handlar om skjeden og ei om penis. Det er snart førti år sidan sist eg hadde noko av meg i ein skjede. Dei drog meg skrikande ut. Til samanlikning har eg hatt desto fleire nærgåande opplevingar med penisar, mellom anna min eigen. Dette er bakgrunnen min for å lese desse to bøkene.

Desse to bøkene har ulik tilnærming til kjønn. Gleden med skjeden går langt inn i kjønnsdiskursar, kvinnerolla og kultur. Ett skritt foran er eigentleg ikkje så mykje ei bok om kjønn i det heile, men mest ei fagbok om urologi.

 

HARDE FAKTA

Gleden med skjeden – Alt du trenger å vite om underlivet er skriven av to legestudentar, Nina Brochmann (f. 1987) og Ellen Støkken Dahl (f. 1991). Dei har begge jobba lenge med seksuell helse blant minoritetar og ungdommar. Dei siste par åra har dei drive bloggen Underlivet. Dei beskriv i forordet korleis dei i arbeidet med bloggen har fått heile spekteret av spørsmål frå ting dei trudde var ungdomsskulelærdom, til intrikate spissfindigheiter om underlivet. Og dei kom fram til at no var det tid for å skrive denne boka.

Boka er på over tre hundre sider, ho har ei kjeldeliste på fjorten sider og 253 fotnotar som viser til kjeldene. I innleiinga får vi namedroppa ei mengd namn på fagfolk som har kvalitetssikra manus, og som har komme med innspel. Det redaksjonelle og faglege arbeidet verkar imponerande. Eg kjem til å kjøpe denne boka til niesa mi om eit par år, og eg har ikkje noko problem med å anbefale henne til mor mi. Her kan alle lære noko.

Boka tek for seg alt av fakta rundt skjeden, frå ei innføring i kvinneleg anatomi, heilt ned til cellenivå, til større kulturelle føringar og samfunnsstrukturar. Alt i boka er pedagogisk forklart, som om forfattarane vil vere heilt sikre på at absolutt ingenting kan misforståast. Dei harde fakta (det er forresten ikkje berre tuppen på klitoris som blir erigert, har eg lært no) blir blanda med anekdotar, kulturanalyse og sosiologiske betraktningar. Og heile tida: humor. På same måten blir òg skjedens utsondringar behandla, dei fleste former for vaginalsex, prevensjon og alle moglege sjukdommar hos kvinner.

 

LETTBEINT

Den andre boka heiter Ett skritt foran – Alt om mannens underliv. Denne boka på to hundre sider er omsett, ho er skriven av den tyske urologen Volker Wittkamp (f. 1983).

I forordet til boka skriv Wittkamp om korleis han stadig blir spurd ut om jobben sin når han møter nye folk. Denne boka tenkjer han som eit visittkort til folk som har spørsmål om yrket hans som urolog. Og her kjem hovudproblemet med denne boka. Ho er gitt eit vill-leiande namn. Den tyske tittelen på boka er Fit im Schritt. Wissenswertes vom Urologen, altså noko slik som «i form i skrittet – interessante fakta frå urologen».

Dette er altså eigentleg ikkje meint som ei bok som seier alt om mannens underliv, ho skal berre gi eit visst innblikk i ein urologs kvardag. Ho omhandlar blæra, nyrene og urinvegane. Boka tek i tillegg for seg penis, testiklar, bitestiklar, sædleiarar og prostata.

Det står heller ikkje noko om boka har hatt ein norsk redaksjon, for å tilpasse henne til norske forhold. Kuken er no stort sett den same verda over, har eg erfart, men normer og medisinsk praksis skil seg jo mykje frå land til land. Og her skal vi sjå at boka har ei svakheit.

Boka er lettlesen og lettbeint. Ho har ikkje kjeldeliste og har berre tolv notar alt i alt. Ho er mest ein anekdotisk inngang til ein urologs kvardag. Ikkje for det, boka går gjennom ei rekkje medisinske problemstillingar, men alt er gjort med lett hand, utan at eg får noka ny innsikt. Der Gleden med skjeden gjer sitt beste for å formidle detaljar om korleis ein kan bruke skjeden på best mogleg vis, så fortaper Ett skritt foran seg i anekdotar og lettbeintheiter.

 

BAKTERIAR

Forfattarane av Gleden med skjeden skriv utfyllande om kva som skjer i kroppen under ulike former for seksuell aktivitet. Dei bruker mykje tid på kva skilnaden på å ha lyst og å vere opphissa er. Dei fortel kor og korleis du kan kjenne deg fram. Og dei samanliknar heile tida menn og kvinner, slik at eg som mann òg lærer mykje nytt og nyttig. Det aller beste er at ikkje noko er tabu her, alle former for normalsex blir omtala med respekt.

Ett skritt foran har ein fleipete tone når ein nærmar seg sex. Boka tek for seg det tekniske i kroppens funksjonar, men seier lite om kjensler, om kvifor vi menn får dei problema vi ofte får, som prestasjonsangst, manglande lyst, manglande evne til å halde oss unna freistingar eller manglande evne til å halde tilbake sædavgang. Boka kjennest ikkje særleg djupt tenkt.

La oss ta eit par detaljar. Dette seier Ett skritt foran om onani: «Sunt? Det er kanskje litt på samme måte med dette som med alkohol: Man bør ikke overdrive det – man bør ikke ha fire flasker innabords allerede ved middagstid, men et glass rødvin om kvelden av og til kan ikke skade» (s. 80). Slik står det til samanlikning i Gleden med skjeden om onani: «Hvis du aldri har onanert før, er det på tide å sette av tid i kalenderen, bokstavelig talt» (s. 119). Det kan vere at menn onanerer for mykje og damer for lite. Men det er ei slags flåsete og skamfull tilnærming til sex i boka retta til menn, mens vaginaboka tek dette seriøst.

Begge bøkene nemner til dømes at overgang frå analt til vaginalt samleie kan gi sjukdommar i vagina. I Gleden med skjeden står det slik: «Det er en god idé å bruke kondom under analsex, og ta av kondomet om du vil fortsette med vaginalsex» (s. 94). I Ett skritt foran står det at «det burde være fullstendig tabu å gå rett fra analsex til vaginalsex, noe som virker logisk når vi tenker på hvor de sykdomsfremkallende bakteriene kommer fra» (s. 116).

 

LEMFELDIG JOBB

Boka om skjeden fremmer altså gleda ved sex, mens boka for menn fremmer skam. Og slik fortset det. Gleden med skjeden gir oss nesten fem sider samanhengande innføring i analsex, der dei oppmodar til bruk av passande leiketøy der bak for menn og kvinner, slik at det ikkje forsvinn opp og blir borte. Ett skritt foran bruker ei side på temaet, der nesten all plassen går med til å gjere narr av menn som hamnar på legevakta med deodorantlokk, leikebilar og alterlys opp i baken.

Litt seinare kjem ei lita utgreiing på eit par liner om prostataorgasmen, der han blir sett i samanheng med stimulering av prostata på hanndyr ved dyreavl. Når vi veit at menn er skrudde saman med G-punktet i rumpa, noko òg mange heterofile menn utnyttar, så er dette ei stor svakheit ved boka. Men igjen: Dette er jo mest ei bok om ein urologs erfaringar på jobb. Sjølv om tittelen seier noko anna.

Verre er det at boka ikkje eingong samsvarar med norsk praksis der ho tek for seg urologi. Det kan verke som om forlaget har gjort ein lemfeldig jobb med å faktasjekke medisinsk informasjon.

Til dømes står det om enkle urinvegsinfeksjonar: «Det middelet urologer i Tyskland da gjerne velger, er et antibiotikum ved navn Fosfomycin, som ikke er registrert i Norge.» At Fosfomycin ikkje er registrert i Noreg, er riktig, sjølv om det er gjort forsøk mellom anna på St. Olavs Hospital i Trondheim. Her skulle ein jo heller ha putta inn kva legar i Noreg pla bruke: Furadantin (Nitrofurantoin) og Trimetoprim ved mindre alvorlege infeksjonar, Ciproxin (Ciprofloksacinhydroklorid) eller Trimetoprim-Sulfa/Bactrim (Trimetoprim og sulfametoksasol) ved alvorlegare lidingar som nyrebekkenbetennelse.

I boka står det også mykje om faste kateter, litt flåsete og moro skrive. Men eingongskateter, noko mange av oss menn blir kjende med som eldre, eller etter trafikkskadar eller sjukdommar, står knapt omtalt. Har ein ikkje det i Tyskland?

 

SYMPTOMATISK

I rak motsetnad til dette går Gleden ved skjeden nøye inn i detaljar om medisinar og verknader, namn på produkt og verkemåtar. Gleden ved skjeden er klar på kva ein veit og ikkje, og inviterer til vidare utforsking, både intellektuelt og kroppsleg.

At desse to bøkene kom samstundes, og akkurat no, er symptomatisk for tida vi lever i. Tittelen på boka om skjeden er ifølgje innleiinga ei hyllest til Sjarmen med tarmen, boka av den tyske legestudenten Giulia Enders. Boka om mannens underliv inneheld ein spøk som viser til same bok. Slik sett skriv begge bøkene seg inn i ein trend i tida. Men denne trenden stikk djupare enn bokmarknaden.

Det siste tiåret eller så har offentlegheita vore prega av ein stort grad av detaljfokus på kroppane våre. Å kultivere fram kroppen har gått frå ein generell idé om sunnheit og kroppsleg glede til idear om kroppen som eit komplekst maskineri av enkeltbitar. Halve folket har ein eller annan matallergi. Vi har personlege trenarar som gir oss musklar akkurat der vi vil ha dei. Det finst eigne bloggar på nett for korleis ein kan få perfekte augebryn, og eigne bloggar for korleis ein kan få så kvite tenner som mogleg. Ein kan få plastisk kirurgi for dei merkelegaste problem.

Sjarmen med tarmen skreiv seg rett inn i denne trenden. Og no også desse to bøkene. Det er ei glede at vesle Noreg har produsert eit fullgodt verk som Gleden med skjeden er. No trengst det berre ei tilsvarande god bok for menn.

Bjørn Hatterud (39) er skribent, kurator og musikar.

 

 
Nina Brochmann og Ellen Støkken Dahl
Gleden med skjeden – Alt du trenger å vite om underlivet
Aschehoug, 2017

Volker Wittkamp
Ett skritt foran – Alt om mannens underliv
Oversatt av Benedicta Val-Windt
Pax forlag, 2017