Jonas Gahr Støre tar Emmanuel Macron i handa etter samtalar om atomvåpen i Paris. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Statsminister Jonas Gahr Støre møter Frankrikes president Emmanuel Macron i Élysée-palasset i Paris onsdag kveld. De så fornøyde ut etter at forsvarsavtalen, den såkalte Narvik-avtalen er underskrevet av forsvarsministrene. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Endetida er her

Günther Anders
Atomtrusselen
H//O//F, 2026
Omsett og med etterord av Hannah Winther

Etter at eg hadde lese Atomtrusselen måtte eg ut og grave i hagen. Er reaksjonen ei flukt, eller er det starten på eit forsvar for det som står på spel?

Då Dagsrevyen rulla over skjermen 27. mai, var det med statsminister Jonas Gahr Støre i Paris som hovudssak: «Noreg inngår atomvåpensamarbeid med Frankrike», kunne Ingvild Bryn melde, før Støre kom direkte inn i ruta. Og sjølv om statsministeren svarte avkreftande på spørsmålet om avtalen var eit første skritt mot at Noreg skal vere trygga av franske atomvåpen, så var omgrepet «avskrekking» og diskusjonar kring den franske atomvåpendoktrinen sentrale i det lengre svaret frå Støre.

Med spørsmålet om ein fransk atomparaply kan eller bør trekkast over Noreg har utgjevinga av samlinga Atomtrusselen frå forlaget House of Fondation (H//O//F) fått ytterlegare aktualitet. Dette er ei samling tekstar skrive av den tyskfødte filosofen Günther Anders (1902–1992) i perioden mellom 1958 og 1967. Utgjevinga er ein del av filosofiserien til forlaget og samlar alt Anders hadde publisert om atomsituasjonen fram til då.

Men som Anders sjølv lakonisk påpeiker, vil tekstane aldri verte mindre aktuelle, sidan temaet i boka er faren for den fullstendige katastrofen. Ettersom vi ikkje kan avlære metoden for sjølvutsletting, vil faren for atomapokalypsen aldri forsvinne. Med lyset frå bomba detonert over Hiroshima, gjekk vi frå å leve ein tidsalder til å leve med ein frist. 1945 er år null i endetida i historia til Anders, og nye tidsaldrar vil aldri kunne kome: «Om vi allerede er ved tidens ende, er ikke sikkert. Det som derimot er sikkert, er at vi lever i endetiden, og at dette er endelig.» Det beste vi kan oppnå er altså å gjere endetida endelaus, men Anders gir oss lite håp.

Omsetjinga av Hannah Winther flyt godt, og i eit gjennomarbeidd etterord gir ho oss eit riss over den breie produksjonen til den filosofiske outsideren Anders. Sjølv om han har vore omsett til fransk, italiensk og japansk, var ei breiare mottaking i den engelskspråkelge verda lenge fråverande. Dette har endra seg i seinare år, og Winther skriv at arbeidet hans har funne sin plass i nye faglege studiar innanfor kulturkritikk, filosofi og teknologiteori.

Anders vaks opp i ein sekulær jødisk familie, studerte under Edmund Husserl og Martin Heidegger i Freiburg, og var ein periode gift med Hannah Arendt. Kort tid før nasjonalsosialistane tok makta, flykta han til Frankrike før det bar vidare til eit liv i eksil i USA. Både gjennom desse livserfaringane, men og gjennom sin omgangskrets med framskotne tenkjarar, var han tett på pulsen i det som hende. Etterordet, og forklarande fotnotar frå omsetjaren, hjelper oss som lesarar der Anders er tydeleg polemisk eller skriv ut frå aktuelle problemstillingar. Sjølve stiltonen til Anders – med gjentakingar og overdrivingar – skuggar tidvis for innsiktene, men det er umogeleg å ikkje verte berørt av dei mørke tekstane.

Manglande førestillingsevne
Eit sentralt poeng hjå Anders er at gapet mellom produksjonsevne og førestillingsevne utgjer kjernen i det moderne menneske. Vi er ikkje i stand til å førestille oss verken omfanget eller konsekvensane av det vi produserer. Denne kløfta mellom førestilling og framstilling vert enno djupare når handlingar ikkje vert forstått moralsk, men maskert som nøytralt arbeid.

Med arbeidsdelinga i moderne produksjon, der arbeidaren har ansvar for berre ein liten del av prosessen, misser vi fort oversikta over både kva og til kven vi produserer. I ein røyndom der produksjonslina til rustingsindustrien knapt skil seg frå anna industriarbeid ser Anders «tilintetgjørelsesbransjen eksisterer side om side med andre industrier». Både det forledande språket, men også politikken, er med på å gjere det vanskeleg å førestille seg det absolutte alvoret vi lever under.

Sjølv om Anders viar mest merksemd til dei som er ein del av problemet, finst det også heltar i framstillinga. I fleire av tekstane rettar han merksemd mot Göttingen-fysikarane, ei gruppe som mellom anna inkluderte Werner Heisenberg. Forskarane skreiv i 1957 under på eit opprop der dei tok avstand frå at Vest-Tyskland skulle verte utrusta med atomvåpen. At ulike grupper tek ansvar ut over sin eigen yrkesprofesjon, er heilt naudsynt ifølgje Anders. Berre slik kan vi opptre som sanne borgarar i demokratiet. Men igjen – det beste vi kan oppnå, er ei utsetjing av den endelege katastrofen.

Langt ute i samlinga står den korte teksten «Den mest grufulle datoen». Datoen Anders siktar til, er 8. august 1945, dagen då Nürnberg-charteret vart underteikna. I dette dokumentet vart «brotsverk mot menneskeheita» for første gang teke i bruk i ein lovtekst. Den blindsona som Anders rettar merksemda mot, er at det på same tid utspelte seg ein menneskeleg katastrofe.

Dokumentet vart signert «to dager etter Hiroshima og én dag før Nagasaki. Teksten var altså allerede omgitt av forbrytelser mot menneskeheten», skriv Anders og understrekar at den kjernefysiske bombinga av dei japanske byane aldri vart målt opp mot dette dokumentet: «Det finnes ingen kjensgjerning som er mer deprimerende enn det faktum at det blant de milliardene av mennesker som har hørt om både Nürnberg og atombomben, ikke finnes en eneste som blir slått av sammenfallet mellom dem.»

Nye katastrofar
Korleis er det så å lese desse tekstane til Anders, som altså er skrive for meir enn seksti år sidan, idag? Mykje av det han skriv sender tankane til andre store farar som har oppstått etter hans «år null». Anders skriv at maskiner er innretta for å oppnå maksimal effekt og maktkonsentrasjon med eit minimum av menneskeleg arbeidskraft. I formuleringar som: «den beste maskinen er den som ikke bare gjør menneskelig delaktighet overflødig (i det minste menneskelig delaktighet som menneske), men også andre maskiners eksistens», er det vanskeleg å ikkje tenke på utfordringane kring kunstig intelligens.

I skildringa av vår manglande førestillingsevne og korleis komplekse system pulveriserer ansvarsforståinga, er parallellane mellom atomtrusselen og klimakrisa slåande. Her skjønar vi kvifor tekstane til Anders i dag har fått innpass i nye diskursar, der kampen mot likegyldigheit og framandgjering står sentralt.

Men lesinga gir perspektiv også inn dei væpna konfliktane i verda. I teksten «Via allmakt til stormakt» skildrar Anders korleis atombomba har endra forskjellen mellom statar. Etter at USA mista atommonopolet kan små statar «…oppnå den samme makt som stormaktene ved å tilegne seg denne allmakten.» Inn i framtida, sidan utviklinga av atomvåpen kun er eit teknisk spørsmål, «[v]il det ikke være slik at hver stormakt er en atommakt, men heller slik at hver atommakt er en stormakt.» Desse formuleringane frå 1958, gir forståing til kampen om Iran sitt atomprogram.

Tankane gir også perspektiv i diskusjonen om dei franske atomvåpna og vårt forhold til desse. Atomvåpen som avskrekking er for Anders ein absurd tanke, men eg trur nok vi må rekne med den veldige krafta i øydeleggingsteknologien ovanfor andre statar.

Det vakre i verda
Det som er nær fråverande i tekstane til Anders, er det vi ønskjer å verne om. Dei nære relasjonane, det vakre i naturen, å kunne sjå nye barn kome til verda. Om historia og menneskeheita forsvinn, om maskiner står att og reagerer på signal frå kvarandre i ei fullstendig utbomba verd, så er det alt dette som er borte. Ikkje berre er det borte, men det kan heller aldri kome attende. I mi lesing er det ein klar mangel ved samlinga at Anders ikkje maktar å halde opp det vi må kjempe for. Han ropar og svartmalar for at vi skal skjøne alvoret, men kan fort bidra til apatien og framandgjeringa mange kjenner på.

I etterordet refererer Winther til ein anekdote som vil ha det til at nettopp den pessimistiske haldninga blei for mykje å leve med for Hannah Arendt, og at det var skuld i skilsmissen mellom dei. Etter at eg hadde lese Atomtrusselen måtte eg ut og grave i hagen. Eg kjende eit akutt behov for kontakt med noko handfast og anna enn den beksvarte endetida. Er reaksjonen ei flukt, eller er det starten på eit forsvar for det som står på spel?