Donald Trump tek på seg vinnarmedaljen for den første fredsprisen frå Fifa, overlevert av Fifa-president Gianni Infantino under VM-trekninga 5. desember 2025. Foto: AP Photo / Evan Vucci, File
Donald Trump tek på seg vinnarmedaljen for den første fredsprisen frå Fifa, overlevert av Fifa-president Gianni Infantino under VM-trekninga 5. desember 2025. Foto: AP Photo / Evan Vucci, File

Bok med ballkontroll

Andreas Selliaas
Det farlige spillet.
Idrett, maktkamp, korrupsjon og død

Humanist forlag, 2025

Andreas Selliaas sjokkerer nok ikkje så mange med boka Det farlige spillet, men det er ei gravalvorleg og overraskande morosam bok om kvifor journalistikken hans trengst framover.

Munnhellet om at hen som veit korleis pølser og politikk vert til, aldri får ei god natts søvn, stemmer til dei grader i internasjonal idrett. Idrett er storpolitikk og diplomati, det er korrupsjon og maktkamp, det er dollar, yuan og rijal.

Det er ikkje mange område i samfunnet som involverer like mykje pengar, påverkar så mange menneske og er så lite journalistisk dekt. Journalistikken som handlar om både politikk og sport, vert gjerne for mykje sport for dei som er opptekne av politikk og for mykje politikk for dei som er opptekne av sport.

Det er ei handfull unntak. Jan Jensen, Olof Lundh, James Montague, for å nemne nokre. Og Andreas Selliaas, som driv Idrettspolitikk.no. Det er så klart mange fleire, men ikkje fleire enn at ein kan byrje på denne måten ved å ramse opp enkeltpersonar.

No pensjonerte Jan Jensen var fast tilsett i danske Ekstra-Bladet, Olof Lund er det same i svenske TV4. Selliaas har drive Idrettspolitikk.no, tidlegare bloggen Sportens uutholdelige letthet, på sida av frilansoppdrag og engasjement, før han gjorde det til fulltidsgeskjeft for eit par år sidan.

Det krev mykje ressursar å drive denne typen journalistikk, ein må jo for det første vite at ein får løn, ein må reise mykje, ein må stå i lange prosjekt og ha tilgang til både presseetisk og juridisk kompetanse for å balansere den vanskelege lina når ein skriv om rike og mektige personar og organisasjonar som prøver å stengje deg ute. For å seie det med Selliaas frå då han fekk anonym informasjon om ein kuwaitisk sjeik: «Jeg trengte en redaksjon.» Han har samarbeidd mykje med danske Jan Jensen og arbeidd ein del for TV 2.

Bondevik og KGB
Det farlige spillet er eit sett med forteljingar frå dei siste 10–15 åra, fortalt gjennom 13 lettlesne kapittel. Nokre av dei er avslutta, andre er delar av eit spel som framleis er i gang.

Selliaas tek oss med bak kulissane frå då han sjølv jobba i Norges idrettsforbund og dei prøvde å få dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre med på at Noreg skulle lobbyere for Kjell Magne Bondevik som ny leiar for FN-kontoret for idrett, utvikling og fred (UNOSDP). Han fortel om ulike sjeikar i knallharde maktkampar, om slovenske arbeidsvilkår, om møtet med ein gamal KGB-offiser på ukjent stad i Canada.

Det kan til tider bere litt for mykje preg av å vere memoarboka «Andreas og Jan på nye eventyr», men heldigvis er det eit spennande eventyr. Selliaas skriv tydeleg og lettleseleg, som er viktig for at lesarane skal kome seg gjennom dei tunge sakene. Det er mange namn, mange aktørar, mange interesser. Denne typen journalistikk er og må vere detaljert. Då treng vi ein god los for å kome gjennom farvatnet. Det skadar heller ikkje med korte anekdotar om kor god Vladimir Putin eigentleg er i judo.

Selliaas bringar vidare frå kommunikasjonsdirektøren i Fifa, Walter de Gregori, at sistnemnde hjelpte TV 2 med å skaffe medierettar til fotballturneringar. «Dette har jeg aldri fått bekreftet», skriv Selliaas. Men kanskje han burde det. Ikkje den største saka samanlikna med saudiske maktkampar, sjølvsagt, men kan tene som eit bitte lite døme på at det er viktig å ha ein redaksjon i ryggen, slik Selliaas sjølv veit.

Det er ikkje banebrytande nytt at det skal mykje lobbyarbeid til for å få mektige posisjonar i FN og IOK (Den internasjonale olympiske komiteen). Heller ikkje at Saudi-Arabia og Qatar er store spelarar som brukar idrett til å posisjonere seg internasjonalt eller at Russland investerer stort i doping. Men eg trur ikkje nokon har skrive tidlegare at Noreg jobba aktivt for å plassere Bondevik i leiinga av FN-kontoret for idrett.

Boka er ei god innføringsbok for å skjøne kor mykje makt, pengar og politikk som omkransar idretten, men det er mange namn og aktørar som ikkje ofte vert omtalte i norske aviser, som nok har gjort at boka opnar med ei omfattande namneliste på personar og organisasjonar. Det er ei bragd i seg sjølv å skrive ei lettlesen bok med så mange ukjende namn.

Tekstane er nye, sjølv om nokre av dei er baserte på journalistikk som har vorte publisert gjennom åra. Det hindrar dei ikkje i å vere medrivande forteljingar, og det er spennande når han let oss vere fluge bak kulissane. Det er då boka er på sitt beste. For sjølv om saka vart publisert for sju år sidan, er det fascinerande å lese om korleis intervjuet med tidlegare KGB-offiser Vladimir Popov vart gjennomført, i ein hemmeleg by, for å sikre at han ikkje vart møtt med dei same reaksjonane som Aleksandr Litvinenko, FSB-offiseren og avhopparen som vart forgifta i London i 2006.

Selliaas vart kontakta av det som truleg var ein FSB-agent i jakt på Popov, etter intervjuet, men små detaljar hindra han i å gå i fella. Påstandane til Popov kan vere vanskelege å stadfeste, så ein må velje å stole på han. At nokon prøver å spore han opp gjennom Selliaas, er difor ikkje berre eit spennande tillegg, men viktig for truverdet til heile historia.

Andreas på nye eventyr
Det kjem ikkje til å bli mindre viktig med åra å finne ut mest mogleg om korleis mektige personar prøver å styre idretten. I sommar skal USA vere med på å arrangere VM. Landet som har hatt eit kraftig fall på etablerte demokratirankingar det siste året, landet der ICE-agentar har skote uskuldige sivile, landet der presidenten har truga med å ta over Grønland og å utslette den iranske sivilisasjonen.

Fifa-president Gianni Infantino fann opp Fifas fredspris og gav han til den amerikanske presidenten Donald Trump. I fjor var VM for klubblag i USA, og Trump feira saman med vinnarlaget, ikkje ulikt då Lionel Messi vart ikledd ein bisht, ei tradisjonell arabisk kappe, av emiren av Qatar, Tamim ibn Hamad Al Thani, då han fekk VM-pokalen i 2022. I 2034 blir det VM i Saudi-Arabia. Eit land som avretta 365 menneske i fjor.

Regimet har satsa enormt på den saudiske ligaen, det saudiske oljefondet eig fotballklubben Newcastle, medan Qatar har kontrollen på Manchester City og Paris Saint-Germain. Saudi-Arabia har Formel 1-løp, Dakar-rallyet, den spanske supercupen i fotball, store boksekampar, meisterskapar i e-sport og i sjakk. For å nemne noko. Qatar, som hadde siste fotball-VM, arrangerer òg andre fotballturneringar, Formel 1- og motorsykkelløp, tennisturneringar og mykje meir.

Sportsvasking er eit mjukt og viktig maktmiddel i den internasjonale storpolitikken som ikkje kjem til å forsvinne. All ære til NRK, TV 2 og fleire andre for å drive god journalistikk om arbeidsvilkåra i Qatar, der framandarbeidarar døydde medan dei sette opp stadiona der fotballkampane gjekk, men det er òg viktig at nokon held koken gjennom heile året.

Om eg dreiv ein stor sportsredaksjon, hadde eg prøvd å knyte til meg Andreas Selliaas så snøgt som råd. Det farlige spillet er ein knallgod jobbsøknad på knappe 250 sider pluss fotnotar. Boka er viktig for å forstå maktstrukturane bak idretten, korleis Russland og Qatar kunne få fotball-VM med dårlegare prosjekt enn konkurrentane, og kor utruleg vanskeleg det er å jobbe for å få ut informasjon om korleis pølsa vert laga. Hemmeleghaldet, trugslane, søksmåla.

Dei store og mektige har mange verkemiddel for å halde korrupsjonen skjult for oss – vi har berre ei handfull journalistar som jobbar for at vi skal få vite det. Jan Jensen i Ekstra-Bladet har gått av med pensjon, men Andreas Selliaas må ikkje slutte å reise på nye eventyr.