– Hei, Øystein! Du er omsetjar (blant anna). Føler du deg oversett?
Stort sett absolutt ikkje. Når ein bruker størstedelen av den vakne tida si på arbeidet, er det viktig at nokon ser det. Og eg har erfart å få litterært omsetjingsarbeid sett, lese, diskutert og til og med premiert. Då kan eg sjå stort på at eg enkelte gonger har leita forgjeves etter den eine setninga i ei bokmelding som nemner omsetjaren. Det skjer vel ofte når meldaren ikkje føler seg kompetent til å seie noko interessant – eg kan ikkje klandre dei for det og roper hurra for all omtale. Den kritiske, offentlege samtalen om kunst og kultur er viktigare og meir truga enn vi trur.
– Du har omsett mange ulike sjangrar, no sist ei sakprosabok for barn, Plasticus Maritimus (frå portugisisk). Kan du seie noko om skilnaden i utfordringane med ei slik bok samanlikna med til dømes romanar eller essayistikk?
Dette er jo ei bok med ei klar målgruppe, og teksten må fungere for denne målgruppa på norsk. Heller enn å omsetje setning for setning, måtte eg ofte stable litt rundt på ting for å få det til å flyte godt. Originalen er ei bok som evnar både å vekke eit engasjement og gi rikeleg informasjon til dei som vil dykke ned i problematikken. Så tekstane i boka måtte ha ein lettlesen inngang, men ofte ende på eit ganske avansert nivå. I tillegg er «plast i havet» eit tema i utvikling, så eg gjorde eit parallelt arbeid med å oppdatere statistikk og fornorske eksempla. Her fekk eg hjelp av Plastic Research Cooperation Group frå NTNU. Og til slutt fekk eg niåringen min til å lese gjennom og sjekke at språket og kunnskapsformidlinga fungerte.
– Korleis har du avvege nøyaktige omgrep mot omsynet til formidling til barn?
Nynorsk inviterer alltid til å skrive om stive substantivkonstruksjonar, så eg skriv om «kva havet betyr for oss» heller enn «havets betydning». Portugisiske lesarar har ein lettare inngang til latinsk namnedanning, så her måtte eg forklare meir. Men eg ville ikkje gjere omsetjinga mindre nerdete enn originalen, så boka får forklare skilnaden på å adsorbere og absorbere, men med list og lempe. Forfattaren identifiserer seg som beachcomber, eit engelsk uttrykk som eigentleg kjem frå sjøfartshistoria, så vi approprierte det heilt parallelle norske ordet strandslusk, i håp om at norske strandstreifarar tek det i bruk.
– I tillegg har du lagt til rette den norske utgivinga grafisk. Korleis har dette arbeidet spelt saman med omsetjinga?
Eg har eit lidenskapleg forhold til å omsetje. Det er krevjande, skjerpande og givande. På eit anna plan er eg like oppteken av typografi og design. I praksis lever eg mest av det sistnemnde, men ein arbeidsdag der desse to møtest, blir jo ekstra meiningsfylt. Eg omsette boka direkte i layoutprogrammet og kunne dermed hoppe over eit par steg i ein normal produksjonsprosess.
– Har barna meir slikt å sjå fram til frå deg framover?
Det skal du ikkje sjå bort frå!
– Sjå det! Takk skal du ha.