Holbergprisvinner 2025, Gayatri Chakravorty Spivak
Holbergprisvinner 2025, Gayatri Chakravorty Spivak. Foto: Eivind Senneset / Holbergprisen

Intervju med Gayatri Chakravorty Spivak

Det var ei omsetjing som gav Gayatri Spivak det akademiske gjennombrotet som førte til at ho mange år seinare vart tildelt Holbergprisen.

Årets holbergprisvinnar, litteraturteoretikar Gayatri Chakravorty Spivak, er kjend for å unndra seg kategorisering, så lat oss berre nemne at ho er indisk, men at ho har budd i USA det meste av karrieren sin. Ho er knytt til omgrep som postkolonialisme, feminisme og «global criticality», men underviser i europeisk litteratur. I grunngjevinga frå juryen ved pristildelinga heiter det mellom anna:

Spivaks forskning bidrar til en tverrfaglig kritikk av makt- og kunnskapsstrukturer i en verden preget av ulikhet. Slik blir oversettelsesarbeid en handling hvor man tenker igjennom grensene for dominerende former for kunnskapsproduksjon.

Vi møter Spivak i ei ledig luke i det tette holbergvekeprogrammet. Til dagleg er Spivak professor ved Columbia University i New York. I vekene før intervjuet figurerte universitetet i nyhendebiletet som eit av dei fremste måla for Trump-administrasjonen sitt åtak på forsking og høgare utdanning. Universitetet er blitt fråteke 400 millionar dollar i føderal finansiering og har måtta gå med på ei rekkje detaljerte krav frå Trump-administrasjonen – alt frå å slå hardare ned på propalestinske studentdemonstrasjonar til å setje delar av det faglege tilbodet under ekstern administrasjon.

Men all von vi måtte ha hatt om å høyre synet til Spivak på utviklinga i heimlandet, blir raskt gjord til skamme:

– Det kjem eg ikkje til å diskutere, seier ho.

– Eg underviser ved Columbia, og vi vonar å halde fram med å vere til hjelp for studentane våre. Det medverkar vi ikkje til ved å diskutere situasjonen offentleg.

Vi spør om omsetjing i staden.

Eit heldig slumpetreff
Spivak fekk gjennombrotet sitt med omsetjinga til engelsk av den fransk-algeriske filosofen (og opphavsmannen til dekonstruksjonismen) Jacques Derridas bok De la grammatologie (1967). Omsetjinga inkluderer eit langt forord der Spivak gjev ein kritisk introduksjon av dekonstruksjonismen og også problematiserer omgrepet «forord». På kva grunnlag har ho valt ut dei verka ho har valt å omsetje?

– Vel, De la grammatologie var eit heldig slumpetreff. Eg kjende ikkje til forfattaren og berre bestilte boka frå ein katalog fordi tittelen interesserte meg, seier ho.

På det tidspunktet var Spivak 25 år og underviste ved University of Iowa etter å ha reist til USA som 18-åring for å ta mastergraden og seinare doktorgraden ved Cornell University i New York. Rettleiaren hennar, Paul de Man, var mellom dei som introduserte Derrida og dekonstruksjonismen i USA i samband med ein no legendarisk konferanse ved Johns Hopkins University i 1966. Men det visste ikkje Spivak.

– Kvifor skulle nokon fortelje ein kvinneleg indisk student som hadde forsvunne til Iowa for å undervise, om alt dette? Eg kjente altså ikkje namnet Derrida, eg prøvde berre å halde meg intellektuelt oppdatert. Så eg kjøpte boka, likte henne veldig godt, og fekk lyst til å skrive ein monografi om henne.

Men ho konkluderte raskt med at ingen kom til å publisere ein monografi om ein, trudde ho, ukjend algerisk forfattar, skriven av ein ung universitetslærar. Derimot fekk ho høyre at det kunne vere mogleg å få publisert ei omsetjing.

– Eg hadde aldri omsett noko, men eg brukte ei veke på å omsetje éi side og skreiv eit følgebrev til forlaget, der eg sa at dette er ei vedunderleg bok og eg er ein vedunderleg omsetjar, men eg vil ikkje omsetje henne om eg ikkje får lov til å skrive ein lang introduksjon. Dei fortalde meg seinare at dei fann brevet så morosamt at dei tykte eg burde få sjansen.

Seinare vart ho spurd om å omsetje fleire bøker, mellom anna av den indiske forfattaren Mahasweta Devi, skrivne på bengali.

– Så eigentleg har omsetjingane mine aldri vore resultat av mine val.

Språkleg sjølvlært
Derrida-omsetjinga gjorde ho på bakgrunn av eit kort franskkurs ved Alliance Française i Calcutta då ho var 18. Tysk lærte ho som tenåring av ei tysk kvinne som budde i nabolaget. Då ho seinare fekk tilbod om å ta ein doktorgrad i komparativ litteratur ved Cornell, ville den prospektive rettleiaren, før nemnde de Man, vite kva språk ho kunne. Ho formanar studentane sine strengt om å lære språk, men vedgår at hennar eigne språkstudiar ikkje har vore systematiske.

– Eg sa eg hadde eit semester med fransk og tre månader med tysktimar hos ei tysk enkje. Cornell er Ivy Leage, dei andre kandidatane hadde fullført universitetsstudium i fransk og tysk og andre språk. Du anar ikkje kor hardt eg arbeidde, eg visste ikkje kva ord som jadis og naguère2 tydde, enkle franske ord – eg måtte slå opp alt. Det var all fransken eg omsette Derrida med. Og, du veit, eg underviser i Marx, Freud, Heidegger, Hegel og Kant på tysk, Goethe og Rilke, alt i hop, på berre tre månader med tysk i Calcutta.

– Eg ser på omsetjing som ein praksis, ikkje som ein komfort for folk som er for late til å lære språk, seier ho.

I Iowa var Spivak ein av initiativtakarane til eit utdanningsprogram i litteraturomsetjing, den gongen det første omsetjingsprogrammet ved eit amerikansk universitet.

– Eg tykte det var ein naturleg ting å ha fordi folk må lære å omsetje. Språkleg latskap er noko du alltid må kjempe mot, men det tyder ikkje at ein dermed kan kvitte seg med praksisen det er å lære omsetjing. Latskap er menneskeleg. Særleg folk som er vande med at morsmålet deira er eit mektig språk, tapar mykje på å ikkje kjenne til andre språk. Eg brukar å seie til studentane mine i USA at Gud ikkje skreiv på engelsk.

Hegemoniet kan berre eitt språk
Spivak er ikkje berre akademikar, men aktivist: Ho har etablert og finansiert skular i marginaliserte samfunn på landsbygda fleire stader, der ho sjølv underviser. Ho fortel at for første gong i livet underviser ho no elevar på den indiske landsbygda, som snakkar eit språk ho sjølv ikkje kan. Dei høyrer til det indiske urfolket santalar, og snakkar både sitt eige morsmål santali og det dominerande språket i regionen, bengali.

– Du veit, folk er ikkje klar over at the subaltern1, fordi dei må, er aktivt tospråklege. Mange trur at det er noko som berre finst hjå velutdanna menneske. Men nei, dei er tospråklege og kan ikkje falle tilbake på sitt eige språk av latskap. Språkleg latskap er i stor grad knytt til klasse og rase, seier Spivak.

– Så immigrantar lærer ofte språket til makta lettare enn folk som har det som morsmål, og som difor blir verande eittspråklege. Det er viktig å respektere immigrantar som ikkje snakkar språket til majoriteten perfekt, men som har kunnskap og innsikt språklærarane deira ikkje har.

Når du kjenner eit språk godt nok til å kunne omsetje til det, får du tilgang til eit «språkleg minne», forklarer Spivak.

– Det er den beste metaforen for det. Du blir var skjelettet i språket når du brukar det. No snakkar eg engelsk med deg, og heile tida merkar eg andre indoeuropeiske kognat3. Å kunne eit språk er å merke dette skjelettet, minnet i språket som gjev seg til kjenne når du brukar det. Det er veldig vanskeleg å forklare, men det finst og kan øvast opp gjennom måten du brukar språket på, seier ho.

Det er grunnen til at ho er stolt av kva ho har fått til ved å bruke tysk og fransk trass i lite opplæring.

– Folk har sagt til meg at sjølv med alle språkfeil kan dei høyre kjærleiken min til det franske språket i måten eg snakkar det på. Franskmenn merkar at eg kan føle språket, medan amerikanarar med doktorgrad i fransk berre legg merke til at eg gløymer konjunktivforma eller brukar feil grammatisk kjønn.

1. Subaltern er opphavleg ein underordna rang av offiserar, men tenkjaren Antonio Gramsci nytta omgrepet til å skildre hegemonisk makt og korleis koloniserte folkegrupper blir marginaliserte og umyndiggjorde. Spivak har medverka til å spreie omgrepet, ikkje minst gjennom essayet «Can the Subaltern Speak?» (1988), der ho analyserte representasjon og makt gjennom erfaringar til kvinner i det koloniale India.
2. Jadis: for lenge sidan. Naguère: nyleg. Jadis et naguère (1884) er tittelen på ei diktsamling av den franske diktaren Paul Verlaine.
3. Ord frå ulike, men nærskylde språk som har felles etymologisk opphav.