Årets tredje Prosa-nummer har «morsmål» som tema. Vi presenterer mellom anna tre eldsjeler som på kvar sin måte har gjort ein innsats for å bevare eit truga språk.
Aina Basso har intervjua forfattar og pedagog Agnes Eriksen som har lagt ned stor innsats for å revitalisere og formidle kvensk språk og kultur. Ho har mellom anna skrive ei rekkje lærebøker i kvensk.
Harrieth Aira har skrive eit essay om å lære å skrive morsmålet lulesamisk først på vidaregåande, og korleis ho som vaksen har vidareutvikla lulesamisk gjennom journalistikk og akademisk skri-ving.
Abduweli Ayup, som i dag bur i Bergen som fribyforfattar, er uigur frå Kina. Han skriv om korleis den kinesiske språkpolitikken, med hyppige byte av skriftspråk for uigurisk, skapte meirarbeid og forvirring då han vaks opp.
Silje Pileberg har intervjua språkforskarane Edit Bugge, Bente Ailin Svendsen, Joke Dewilde og Øystein A. Vangsnes om fleirspråk og morsmålsundervising i skulen.
«I dag er det slik at elevar har rett på morsmålsopplæring i inntil tre år – men berre om dei treng det for å lære norsk. Dermed er det framleis omsynet til norskopplæringa som har prioritet i norsk skule. Gjentar vi feila frå fornorskingsprosessen?», spør redaktør Merete Røsvik i leiarartikkelen. Ho viser til grep forskarar har tilrådd i skulen for å oppvurdere verdien av andre språk enn dei store europeiske.
Helge Øgrim har intervjua forfattar Lars Risan om boka Ulvebarna. Omsorgens naturhistorie. Den ambisiøse naturhistoriske boka som er gitt ut på eige forlag, er no kjøpt inn av Kulturrådet.
I essayserien Mellom menneske og manus skriv Yohan Shanmugaratnam om kjensler og etiske problemstillingar i arbeidet med Hjertet i to. Seks måneder med Karpe.
I kritikkseksjonen:
Frida Skatvik om Pål Kristian Eriksen: Språk på sotteseng: Hvorfor dør små språk og hvordan kan vi redde dem?
Siri Gaski om Aage Solbakk: Buođo buođu. Čáhcegátte sámiid árbevierut / Tanadalssamenes tradisjoner
Kaja Schjerven Mollerin om Astrid Kvalbein: Pauline Hall. Musikalsk kosmopolitt og kvinne for si tid
Ida Carine Longva om Bente Fønnebø, Anne Lise Johnsen-Swart og Hege Merete Somby (red.): Samiske stemmer i skolen
Ida Skjelderup om Sharam Alghasis og Thomas Hylland Eriksen (red.): Flerkulturelle scenarioer. Mur, bro eller båt
I serien Tidsskriftsturné har Aasne Jordheim denne gongen lese Norsk Barneblad
Forsideillustrasjonen er signert Christian Bloom. Johanne Hjorthol står som vanleg for design.