Forkortinga PR står for det engelske public relations – offentlege relasjonar. Omgrepet gjer det tydeleg at reklame og salsarbeid handlar om meir enn gode tilbod, det handlar også om omdøme og tillit. Dette er utgangspunktet når redaktør Merete Røsvik i leiaren kommenterer sponsa boksider i Dagbladet og at minister for forsking og høgare utdanning Ola Borten Moe har kasta styret i Forskingsrådet. Prosa stiller seg også bak oppfordringa Johan L. Tønneson og Kjell Lars Berge kjem med i eit ope brev til Borten Moe. Dei ønskjer ei styrking av det dei vel å kalle kunnskapslitteratur: faglitteratur skrive av forskarar retta mot eit breitt publikum.
Har det blitt forfatterens oppgave å skaffe seg oppmerksomhet for å selge bøker? spør Frida Skatvik. Ho har snakka med forfattarar og forleggjarar om kva som skal til for å nå ut med informasjon om ei ny bok i dagens medielandskap. Kenneth Moe tar ei meir personleg tilnærming når han problematiserer kravet om å bygge seg sjølv som merkevare. «Når man ikke lenger greier å skille sak fra selv, er det til slutt bare de sakene som er knyttet til et underholdende selv, som får oppmerksomhet i offentligheten», skriv han.
Også Anne Bitsch tar utgangspunkt i eigne erfaringar. Som første skribent i den nye artikkelserien «Mellom menneske og manus» fortel ho om sjokk, sorg og sinne som motor i kreativ skriving.
Kristin Skare Orgeret skriv om propaganda som våpen i krigen mellom Russland og Ukraina. Morten Harper har nærma seg same konflikt ved å undersøke kva vi kan lære om dagens situasjon ved å lese bøker utgitt etter Russlands invasjon av Krim i 2014. Overraskande mykje, er konklusjonen.
I kritikkseksjonen kan de også lese:
Sindre Hovdenakk om Jens Barland (red.) Innholdsmarkedsføring. Konsept, markedsføringsmodeller, juss, etikk og praksis og Pål Nisja-Wilhelmsen: Innholdsmarkedsføring. Fortjent, eid og kjøpt
Egon Låstad om Lise Osvoll: Sonja & Harald
Varg Lukas Folkman om Ada Martini Strøm: Green glam
Johanne Elster Hanson om Marta Breen, Helene Uri og Hilde Østby: En feministisk guide til Oslo
Aasne Jordheim om tidsskriftet Kysten
I spalten Nøtta og kjelda er debutant Solfrid Alstad intervjua om innsideskildringa av barnevernet. På debattsidene har Bernhard Ellefsen eit nytt svar i «kunnskapstjuveri»-debatten.
Framsideillustrasjonen av Johanne Hjorthol er utforma som ein annonse for eit knakande godt tilbod på Prosa-abonnement: 299,- ut året!