Prosa #2 2023: Revisjon

29.03.2023

Årets andre utgåve av Prosa ser nærare på ulike former for revisjonsprosessar.

I leiaren skriv redaktør Merete Røsvik om revisjon som naudsynt, demokratisk kontroll. At slike prosessar kan ta mange former, kjem fram i dei påfølgjande tekstane:
 
Ingvild Folkvord har sett på kva Snorre Valens Utøya-kortet (2021) kan seie oss om den offentlege samtalen etter terroren 22. juli 2011, forstått som eit spel.
 
Torgeir Ekerholt Sæveraas har lese Marte Michelets reviderte utgåve av Hva visste hjemmefronten? og meiner at nyutgjevinga gjer veikskapane i prosjektet endå tydelegare.
 
Anette Homlong Storeide legg fram ein aktuell debatt mellom tyske og internasjonale forskarar om kva som er akseptable historiske perspektiv på jødeutryddinga under 2. verdskrigen. Slik belyser ho spørsmålet om kor grensa går mellom fagleg, legitim revisjon av historia og ideologisk fundert revisjonisme.
 
Anders Aschim fortel om revisjon av bibelomsetjinga og viser korleis både språket og prinsippa for omsetjing har endra seg gjennom historia.
 
Harald Espeli skriv om Riksrevisjonen. Han viser at når Riksrevisjonen sjølv har blitt kritisert, har det resultert i at institusjonen har fått styrkt uavhengigheit til å revidere sin eigen oppdragsgivar, Stortinget.
 
I spalta Nøtta og kjelda er Helle Cecilie Palmer intervjua om sakprosadebuten Alle ting vil aldri bli som før. Ho kritiserer fleire sider av helse- og omsorgstenestene for barn med store pleiebehov, spesielt gjentakande dokumenteringskrav og det byråkratiske språket.
 
I spalta Sakprosa i verda skriv Øyvind Strømmen om revisjonar av kunsthistoria.
 
I essayserien Mellom menneske og manus prøvar Simen Sætre å forstå kvifor skrivinga av ei reiseskildring havarerte.
 
I kritikkseksjonen:
Fredrik Giertsen om Leila Guerriero og Bente Teigen Gundersen (red.): Cronica. Sanne fortellinger fra Latin-Amerika
Ida Skjelderup om Bergljot Gjelsvik: Inn i krisen. Veier til å møte og forstå intense kriser og selvmordsfare
Eric Nævdal om Kåre Dahl Martinsen: Økonomisk krigføring
Aasne Jordheim om magasinet Filter
 
På debattsidene:
Aasne Jordheim svarar Birgitte Kjos Fonn i debatten om sakprosautdanninga ved OsloMet.

Framsida er teikna av Christian Bloom. Design ved Johanne Hjorthol.

Bestill Prosa her.