Prosa 2021 1 o

Prosa #1 2021: Sakprosaåret 2020

17.02.2021

I Prosas første utgåve i 2021 ser vi tilbake på sakprosaåret 2020 og tar temperaturen på resepsjonsdebatten. Marte Michelets svar på kritikken frå Berggren, Bruland og Tangestuen er utsett til Prosa #2.

Tilbakeblikket på sakprosaåret 2020 tar utgangspunkt i Gunnar Aakvaags utspel om journalistisk versus forskingsbasert sakprosa (Morgenbladet sommaren 2020). Eivind Tjønnelands skriv om doksa i faglitteraturen og stiller seg kritisk til ideen om den offentleg intellektuelle. Maria Horvei ser i sitt essay nærmare på bokåret med fokus på essayistikk og personleg vinkla sakprosa.

I leiaren kommenterer redaktøren erfaringane med debatten rundt refusjonen av Per Hems melding av Halvor Fosli: Mot nasjonalt sammenbrudd og spør korleis ein kan bevare tilliten i den offentlege samtalen. Kjerstin Gjengedalhar intervjua forfattarar og kritikarar om deira erfaringar med og synspunkt på resepsjonsdebatt, medan Finn Iunker inviterer til ny debatt ved å rette merksemda mot gratisarbeid i bokbransjen.

Mange har venta på Marte Michelets svar på kritikken frå Berggren, Bruland og Tangestuen. Den varsla publiseringa i Prosa #1 måtte utgå. I staden vil det blir publisert eit essay i Prosa #2 (ultimo mars) og ein meir detaljert gjennomgang på prosa.no, truleg medio mars.

I kritikkseksjonen lanserer vi eit nytt kritikkprosjekt: Tidsskriftturné. Her vil smale og mindre kjende tidsskrift bli vurdert, og først ut er Aasne Jordheim med omtale av Dyade, utgitt av Acem meditasjon. Anders Johansen har levert ein fyldig omtale av Mona Ringvejs Landet mot nord. 1000 år. 22 personer. Én historie, medan Christine Amadou har innvendingar mot Terje Tveds Verdenshistorie. Med fortiden som speil. Kjetil Røed er begeistra for Inge Ås’ Vi spiste, sov og drakk feminisme. Gro Jørstad Nilsen har lese Eirik Høyer Leivestad: Frykt og avsky i demokratiet.

I intervjuspalta Nøtta og kjelda fortel omsetjar Lars Holm-Hansen om arbeidet med Carl von Clausewitz: Om krigen. Hilde Sandvik skriv om Sverige som gangsterparadis i spalta Sakprosa i Norden. Forsideillustrasjonen er teikna av Ane Barstad Solvang.

Nummeret er i sal i utvalde bokhandlar frå 18. februar, og kan bestillast direkte frå Prosa og frå tekstallmenningen.no.

God lesing!