Prosa 2021 5 o framside lav

Omsett sakprosa er tema for Prosa #5 2021

28.10.2021

Haustens andre nummer av Prosa er vigd til omsett sakprosa og dei som arbeider med den.

Er det eit problem at det er vanskelegare enn før å selje omsett sakprosa når så mange les eller høyrer på engelske alternativ? Ja, meiner Prosa på leiarplass. Vi treng også perspektiv frå andre språk enn engelsk, og omsetjing er viktig for utviklinga av norsk språk og tenkjemåte.

I essayet «Anemoner på tundraen – nye ord for nye tanker» skriv Anders Dunker om korleis omsetjing av filosofi til norsk utfordrar både språket og tanken.

«Hvorfor faller salget av oversatt sakprosa, og hva kan man gjøre med det?», spør Erle Marie Sørheim. Er meir offentleg støtte løysinga, eller må forlaga berre jobbe betre med marknadsføring? Ho har intervjua fleire bransjeaktørar om korleis dei jobbar med omsett sakprosa.

Kjerstin Gjengedal har intervjua fire omsetjarar som også formidlar omsett sakprosa i andre roller: Festivalsjef Ane Sjøbu, litteraturkritikar Jon Rognlien, forskar Thea Selliaas Thorsen og forleggjar Lars Holm-Hansen.

I enquete har Merete Franz, Tore Linné Eriksen og Teresa Grøtan delt kva slags omsett sakprosa som har vore viktig for dei.

I kritikkseksjonen finn du denne gongen kun meldingar av omsett sakprosa, sjå kva bøker det er her!

I tillegg kan du i dette nummeret lese intervju med vinnar av Rosettaprisen 2021, Tove Bakke, spalten Blomar i bruksprosa: Mote, bokutdrag om Oversetteraksjonen 2006 frå Jonas Bals: Streik! og, i debattseksjonen, Håvard Friis Nilsens svar til Jon Langdal og Andreas G. Lombnæs om meldinga av Ståle Dingstads Knut Hamsun og det norske holocaust.

God lesing!