Design: Johanne Hjorthol

Julefred, julefryd!

21.12.2020

No er det like før julefreden senkjer seg, og vi får håpe at det blir ein rikare og meir frydefull fred enn den koronainduserte roa som har prega haustkveldane dei siste vekene. Det er vel ingen som er lei seg for å sjå enden på dette merkelege året.

For Prosa har 2020 vore stormfullt, men også eit år for utvikling og vekst. Hjorten med den raude nasen* på årets julekort, signert Johanne Hjorhol, kan få illustrere ambivalensen i å bli gjenstand for kritikk og merksemd – det kan vere ubehageleg, men samtidig nyttig. Eg har lært mykje, Prosa har hatt auke i talet på private abonnentar, og laussalet både i bokhandel og via nettsidene er stigande. Håpet for 2021 er sjølvsagt å kunne nå endå lengre ut!

Eg vil gjerne takke alle mine kreative og pålitelege medarbeidarar, samarbeidspartnarar og skribentar! Dei mange gode idéane og den gode arbeidsinnsatsen dykkar betyr alt for at Prosa kan halde eit høgt nivå i både form og innhald, og eg håper de òg vil ha glede av vidare samarbeid.

Så vil eg også takke alle som les Prosa med interesse og engasjement! Eg tar gjerne imot innspel om emne de gjerne vil lese meir om og konkrete tips om saker.

Takk for det gamle altså – og hjarteleg velkomen til nye lesarar, nye skribentar og alt det nye som skal skje i 2021!

*Nokon påpeikte for meg at dette dyret, trass den raude nasen, ikkje er eit reinsdyr.