NRK vs. Aftenposten. Kritikktilsynsrapport nr. 3, 2026.

Aftenposten har meir sakprosakritikk og ein tydelegare profil enn NRK. Begge kunne trunge meir fagkunnskap.

Eg kan like godt innrømme det med ein gong: Eg elskar NRK. Kanskje er det eit utslag av nostalgi sidan eg vaks opp med NRK som einaste TV- og radiotilbod, men eg har stolt fullt og fast på at det er statskanalen som leverer høgast kvalitet på både fakta og underhaldning. Tiltrua har ein rasjonell komponent, gitt at Norsk rikskringkasting er statleg fullfinansiert og utan å skjegle til kommersielle interesser kan konsentrere seg om formålet: å sikre innbyggjarane «tilstrekkelig informasjon til å kunne være aktivt med i demokratiske prosesser». NRK-plakaten slår også fast at «NRK skal formidle norsk kultur og en bred variasjon av kunstuttrykk». Difor gjer det vondt i hjartet når eg i denne utgåva av Kritikktilsynet konkluderer med at sakprosakritikken blir stemoderleg behandla av NRK. Den kommersielle tilnærminga til Schibsted-eigde Aftenposten er både meir omfattande og har ein tydelegare redaksjonell profil.

Eit viktig redaksjonelt val for sakprosakritikk er om ein skal bruke ein meldar med kunnskap om emnet boka handlar om, eller stole på ein med god lesarkompetanse og solid allmenndanning. Alle meldarane eg har nærlese i tilsynsarbeidet, melder både skjønnlitteratur og sakprosa med varierande grad av tematisk spesialisering. Eg melder sjølv sakprosa som generalist, men gjennomgangen har blitt ei påminning om at graden av fagkunnskap kan gjere stor forskjell.

Eg har lese meldingane som er publiserte i mai og juni på nrk.no og aftenposten.no. Årsaka til at eg ser på to månadar i staden for éin, er at det var naudsynt for å få nok empirisk grunnlag til å vurdere sakprosakritikken i NRK. Eg har sett på kor mykje sakprosa som er meldt, kva slags bøker som er valde ut, og kva det er lagt vekt på i vurderinga. Til saman gir det eit inntrykk av redaksjonell profil.1 Eg har valt fem meldingar frå kvart medium og sørgt for at dei mest profilerte sakprosameldarane er representerte. Eg har også prioritert meldingar som tar for seg dei same bøkene.2

Dårleg dekning i NRK
I perioden mai–juni publiserte NRK totalt elleve sakprosameldingar. Heile seks av dei var korte meldingar samla i éin artikkel om nye fotballbøker i høve verdsmeisterskapen i fotball. Talet elleve er ikkje representativt om vi ser på dei to føregåande månadane: I mars og april vart det til saman publisert seks sakprosameldingar på nrk.no, og to av dei var biletbøker for barn.

Til samanlikning publiserte NRK 15 meldingar av skjønnlitteratur i mai–juni. (To av dei var med blant fotballbøkene.) Gapet aukar om vi tar med at skjønnlitteraturen fekk meir enn dobbelt så mange meldingar (14) som sakprosaen i mars–april. Favoriseringa er endå tydelegare i artiklane med boktips; i ein tilfeldig vald artikkel er tre sakprosabøker trekte fram, mot heile tolv skjønnlitterære. Siss Vik tar inn meir sakprosa i det populære Bokbrevet, men skjønnlitteraturen er hovudsaka.

I tillegg til fotballbøkene melde NRK i mai–juni to historiske verk, ei essaysamling, ei debattbok om likestilling og ei bok om sommarfuglar.

Eg har nærlese desse meldingane på nrk.no:

  • Jonas Hansen Meyer om Niels Røine: Lise vs. Gianni. Kampen om fotballens fremtid (1. juni, Cappelen Damm)
  • Knut Hoem om Geert Mak: Mellommannen (21. mai, Cappelen Damm, omsett av Guro Dimmen)
  • Anne Cathrine Straume om Hans Petter Graver: Rettferdighetens helter (27. mai, Spartacus)
  • Thula Kopreitan om Eirin Betten: Banalitetens orgie (26. mai, Cappelen Damm)
  • Ánne Márjá Guttorm Graven om Lea Korsgaard: Innen året er omme (15. juni, Press, omsett av Inger Sverreson Holmes)

Blind redaksjon finn korn
Den store satsinga på fotballbøker gav full uttelling: Jonas Hansen Meyers slakt av Niels Røines Lise vs. Gianni fekk stor merksemd fordi han fann ei formulering i boka som tydeleg vitnar om bruk av kunstig intelligens (KI). Kritikarar må vere forsiktige med skuldingar om bruk av KI. Det elegante er at Hansen Meyer ikkje nemner KI, trass i at han har funne ammunisjon til å pepre forlag og forfattar med moralisme. Tilnærminga er også blotta for sensasjonslyst, i staden går han rett på sak og ramser opp «flere alvorlige problemer» med boka. Han peikar på manglande substans, dårleg språk og gjentakingar «til det kjedsommelige». Den viktigaste innvendinga handlar likevel om prosessane før publisering.3 Etter å ha peika på manglande kjelder underspeler Hansen Meyer sitt beste poeng med subtil sarkasme:

Hvordan forfatteren har klart å hallusinere seg frem til så mange falske sitater, kan man bare spekulere i, men denne setningen på side 101 kan kanskje gi et hint: […].

Han overlèt til lesaren å tolke sitatet frå boka og kallar det «suspekt» at eit så dårleg manuskript har passert kvalitetskontrollen til forlaget. Det er eit førebiletleg konsist og velformulert slakt på berre 2000 teikn.

Det mest tabloide grepet er overskrifta «Selvmål fra Cappelen Damm». Det er ein klisjé som passar temaet, men det heiter seg at synd er å bomme på målet: at redaksjonen har gøymt meldinga til slutt i samlesaka og ikkje løftar fram avsløringa i ingress eller overskrift, viser manglande blikk for nyheitsverdien og den kulturelle verdien i god sakprosakritikk. Saka er ei påminning om kor viktig det er med seriøs vurdering av sakprosa, og kor mykje møl som kan hamne hos bokkjøparane utan påtale når kritikken forsvinn.

Store variasjonar
NRK brukar no, som alle andre, flest frilanskritikarar. Knut Hoem er ein av dei to fast tilsette litteraturkritikarane som er igjen. Han melder Mellommannen av Geert Mak med ei karakteristisk og engasjerande stemme. Når Hoem er begeistra, merkar du det! Vurderinga er basert på lesaropplevinga: Han synes boka er «vanskelig å legge fra seg» og får lyst til å samanlikne med «de store russiske forfatterne». At Mak har funne mykje godt historisk materiale, kjem mest fram ved at Hoem gir att anekdotar frå handlinga. I vurderinga av tekstlege kvalitetar er han mest oppteken av formidlingsevna til forfattaren, utan nærare analyse. Han nøyer seg med lettvinte karakteristikkar som «godt gjort» og «glitrende sakprosa». Samtidig brukar han plass på irrelevante utsegner som at lesaren «trygt» kan ta boka med på ferie for å lese «mens du venter på at Norge skal i ilden i USA under årets fotball-VM». Hoem hadde trunge ein strengare redaktør.

Byggeplass på Ensjø der det nye NRK skal bygges opp fra grunnen.

Også erfarne Anne Cathrine Straume, den andre fast tilsette litteraturkritikaren, melder eit (jus)historisk verk: Hans Petter Gravers ungdomsbok Rettferdighetens helter. Straume er redaksjonens ekspert på barne- og ungdomslitteratur og har ei sympatisk, sikker stemme. Ho går grundig gjennom grepa forfattaren har tatt for å treffe målgruppa. At ho viser til sin eigen fordom mot jusprofessorar for å live opp teksten, er eit pedagogisk grep som understrekar at ho fagleg er på nivå med ein vanleg lesar. Ho streifar også innom kunnskapsmessige og moralsk-politiske vurderingar når ho konkluderer med at boka er «en lærerik og akutt påminnelse» om eit viktig tema. Om konklusjonen og overskrifta «Burde vært pensum» kan eg seie som Straume sjølv gjer om Gravers forteljeteknikk: «… et velkjent grep, men effektivt, da!»

Thula Kopreitan har meldt mest skjønnlitteratur for NRK4, men meldinga av Eirin Bettens essaysamling Banalitetens orgie viser fordelen med at kritikarar les på tvers av sjangergrenser. Fordi Kopreitan kjenner romanane til Betten, kan ho slå fast at tankegodset fungerer betre i essayform. Slik gir ho lesaren kunnskap både om den einskilde boka, forfattarskapen og forskjellen mellom sjangrane. Men også Kopreitan kunne trunge meir redaksjonell motstand. At ho legg stor vekt på originalitet, er greitt nok, men det burde vere unødvendig å formulere dette på seks(!) måtar. Ho peikar også på «stive formuleringer» og «tidvis oppstyltet» språk, likevel meiner ho å sjå «en genuin inngang og et språk som åpenbart er hennes eget». Rett nok viser ho at nivået varierer gjennom boka, men retorisk blir dette vinglete.

Ánne Márjá Guttorm Graven melder både musikk, teater og bøker for NRK og har samisk kultur som spesialområde. I meldinga av den omsette Innen året er omme av danske Lea Korsgaard, brukar ho si eiga lesaroppleving som viktigaste vurderingskriterium: «Det er så herlig og gjenkjennende å lese om drømmenes møte med virkeligheten.» Her heng eg meg opp i den språklege gleppen: «gjenkjennende» i staden for «gjenkjennelig». Slike blemmer er diverre ikkje uvanlege på nrk.no. Kritikaren legg vekt på at forfattaren får oss til å reflektere, og oppfordrar lesaren: «Ta deg tid til å lese den.» (Her saknar eg forresten utropsteiknet.) Graven brukar god plass på å presentere innhaldet, men eg skulle gjerne sett at det blei betre underbygd kvifor boka er god. I forsøket på å skrive inkluderande og tilgjengeleg gjer ho for mykje bruk av generaliseringar som ikkje seier mykje verken om «oss i Norden», «vi mennesker» eller kva boka tilfører den offentlege samtalen.

Inntrykket etter nærlesinga av NRK-meldingane er at den redaksjonelle oppfølginga er for slapp til å få det beste ut av kritikarane. Det resulterer i tydelege nivåforskjellar i både språk og innhald. Ein konsekvens av at sakprosaen er overlaten til generalistane, er at dei konsentrerer seg mest om tekstkvalitetar, og då med hovudvekt på formidlingsgrepa og intensiteten i lesaropplevinga.5 Det er ikkje noko gale med det, men eg tar meg i å sakne vurderingar av innhaldet – som trass alt er hovudsaka i ei sakprosabok.

Aftenposten blir multimedial
Etter at Aftenposten i starten av mai lanserte ei ny satsing med Emilie Teige Skrattegård som ny profil i podkasten «Bokmerket» og nyhendebrevet «Ukens bokmerke», har bokjournalistikken blitt slåande lik den i NRK. Nyhendebrevet har form som personleg vinkla oppramsingar av bøker om bestemde tema og til ulike høve. I podkasten skal kjendisgjestar lokke publikum til bokhylla – på same måte som «Leseklubben» i NRK P2. Avisa går i tillegg langt i retning av forbrukarjournalistikk og kommersielle samarbeid med stempelet «Aftenposten anbefaler» på utvalde bøker og spalta «Månedens lydbok» som dirigerer lesaren vidare til abonnement i Schibsted-eigde Podme. Sakprosalitteraturen er for det meste oversett på dei nye flatene.

Når eg ser på sakprosameldingar i tekstformat, slår likevel Aftenposten statskanalen grundig. Først og fremst fordi dei publiserer fleire meldingar, men også fordi tekstane i hovudsak er stramt redigerte.

Aftenposten publiserte 13 sakprosameldingar i perioden, seks i mai og sju i juni.6 Det er om lag det same som i dei to føregåande månadane (12). I mai–juni melde dei 17 skjønnlitterære verk, altså utgjorde sakprosakritikken 43 prosent av totalen.7

Heile sju sakprosameldingar gjeld omsett sakprosa. Det kjem då også ut mest omsett sakprosa om våren og mest norsk om hausten. Tre av meldingane gjeld historiske verk, heile seks er memoarar eller biografiar, inkludert boka om rockebandet Rolling Stones. To av dei er bøker for barn og unge. Fokuset på kjende personar, historiske eller nolevande, er altså svært tydeleg. Dei fire siste bøkene er frå kategoriane true crime, biologi/miljø, psykologi og aktuell debatt med utgangspunkt i Bibelen. Alt er tema som er i vinden.

Eg har nærlese desse meldingane:

  • Ingunn Økland om Ida Jessen: Jeg vil! En forfatters portrett av Sigrid Undset (1. juni, Bonnier, omsett av Hilde Rød-Larsen)
  • Mari Grydeland om Lea Korsgaard: Innen året er omme (16. juni, Press)
  • Gunnar Kagge om Geert Mak: Mellommannen (22. juni, Cappelen Damm, omsett av Guro Dimmen)
  • Ingrid Åbergsjord om Antonio Nusa: Alt starter med en drøm (18. juni, Gyldendal)
  • Eilif Guldvog Hartvedt om Sofie Marhaug og Mímir Kristjánsson: Sosialistenes guide til Bibelen (13. mai, Manifest)

Nyheitsverdi og verdidebatt
Å informere er like mykje ein del av kritikken som å tolke, evaluere, underhalde og stimulere til refleksjon.8 Aftenposten dyrkar det journalistiske elementet i kritikken ved å leggje stor vekt på nyhendeverdi og kontekstualisering. Det ser eg på som proff målgruppetenking. Men det overraska meg kor opptekne kritikarane er av moralsk-politiske vurderingar.

Eg startar med hovudmeldar Ingunn Økland si lesing av danske Ida Jessens Jeg vil! En forfatters portrett av Sigrid Undset. Økland har markert seg i offentlegheita med tydelege, moralske standpunkt, ikkje minst om bruk av verkelege hendingar i skjønnlitteratur. I denne meldinga er den moralske dimensjonen synleg alt i ingressen, som spør om det er «fortjent» at Jessen «hamrer løs på Sigrid Undset som mor og samfunnsdebattant». Økland er ein god lesar som er oppteken av kunnskapsinnhaldet i boka og vurderer språk og litterære grep med stor autoritet, og ho set forfattaren si interesse for Sigrid Undset inn i ein aktuell kontekst.

Når ho kommenterer kjeldebruken, blir sjangerspørsmålet ein faktor, for forlaget har kalla boka «en biografisk roman». Økland meiner sjangeren forlaget har brukt er «lite dekkende», og følgjeleg presenterer Aftenposten verket som biografi. Stemma er utprega analytisk, men at det moralske aspektet vekker kjenslene, er tydeleg i argumentasjonen mot «den fordømmende tonen» Økland finn i boka. Det er godt, for dermed blir teksten også engasjerande for lesaren. Sjølv om ein skulle vere usamd i vurderingane, er standpunkta grunngitt, og det er eit godt utgangspunkt for vidare samtale.

Mari Grydeland har meldt den same boka som Graven i NRK: Lea Korsgaards Innen året er omme. Tekstane har visst hatt same effekt på dei to meldarane. Også Grydeland meiner at boka vil få lesaren til å sjå naturen på ein ny måte, og ingressen opnar med oppfordringa «Selvfølgelig skal du ut i naturen i sommer!». Sjølv om Grydeland formidlar miljøbodskapen i boka vidare som ei oppfordring til lesaren, er tilnærminga meir munter enn moralistisk. Ho ser på tekstlege eigenskapar som komposisjon og litterær stil («ærlig og smått harselerende») og legg vekt på kjenslene i lesaropplevinga («rørende»). Grydeland har ein ekspressiv stil og viser gjerne til eigne erfaringar – mellom anna på telttur. At emnet for boka er sommarfuglar, har inspirert til ordbruk som «florlett», «vift», «flagre» og «skjøre vinger». Eg noterer meg at slik språkleik ikkje er så gøy å lese som eg sjølv trur når eg skriv, men meldinga er velkomponert og har ein tydeleg raud tråd.

Gunnar Kagge skil seg positivt ut i denne gjennomgangen med sterk fagleg bakgrunn på feltet han dekkjer: historiske verk, biografiar og memoarar. I meldinga av Geert Maks Mellommannen etablerer han fagleg autoritet i første setning med å vise til alle bøkene han har lese om same emne, og teksten er pakka med informasjon. Han fortel om forfattaren og kommenterer kor Mak har funne stoffet, og han peikar på faktafeil og språkleg slurv. Det siste gir han omsetjaren delvis skuld for, han har tatt seg bryet med å sjekke den nederlandske originalen. Sjølv om han meiner at Mak er god til å popularisere, ser han nivåforskjell på dei to delane i boka. Slik vurderer han mange dimensjonar samtidig som han gir lesaren kunnskap om emnet. Ein fare med å bruke fagpersonar til å vurdere sakprosa er at dei kan nytte høvet til å hevde si eiga forståing der ho skil seg frå det forfattaren har lagt vekt på. Generalistar kan på si side ende med å bruke kunnskap frå boka som materiale for å utfalde eigen skrivekunst. Kagge er verken professor eller gullpenn, han gjer fagleg baserte vurderingar med ei journalistisk tilnærming som er både tillitvekkjande og informativ.

Ingrid Åbergsjord, tilsett i Aftenposten som bokansvarleg og kritikar, melder sjølvbiografien Alt starter med en drøm, som Antonio Nusa har skrive i samarbeid med Frode Saugestad. Meldinga er ein brei refleksjon rundt korleis fotballstjerner kan «berge norske barn fra å bli dumme som brød». Også Åbergsgjord tar altså ei moralsk-politisk tilnærming. Ho synest dei handskrivne notata til Nusa er «rørende» og får håp om at dei skal smitte lesarane med skrivelyst. Fokuset på gode verdiar i staden for kvantitative mål i treninga er «sympatisk», samtidig som ho meiner det er «parodisk» at Nusa forklarer forskjellen på resultatmål og prosessmål. (Ho trur ikkje det treffer 9–13-åringane i målgruppa.) Måten ho viser til si personlege oppleving på, liknar meir på karakteristikkar enn grunngitte vurderingar. Teksten hamnar i eit ingenmannsland mellom kommentar og melding som mest av alt signaliserer manglande interesse for emnet.

Inntrykket er at Aftenposten-redaksjonen oppmuntrar kritikarane til å vere personlege for å byggje dei opp som profilar – dei teikna portretta som følgjer tekstane, tyder på det. Eilif Guldvog Hartvedt (som òg er ein av kritikkinspektørane til Prosa og skreiv vurderinga av Bokmagasinet i nr. 2/26, red.mrk.) viser personlegdom, ikkje ved å skrive om seg sjølv, men gjennom friske, retoriske fråspark.

Meldinga av Sosialistenes guide til Bibelen av Sofie Marhaug og Mímir Kristjánsson har fått ei sarkastisk overskrift som sikkert pirrar deilig i øyra på konservative avislesarar: «Leste Bibelen – oppdaget Rødts partiprogram». Men dette er også den meldinga der svak fagkunnskap tydelegast blir eit problem. Kritikaren går nemleg hardt ut med ein påstand om at bibelforteljingane kan «bety nesten hva som helst» fordi dei er skrivne i eit metaforisk språk. Han kan ikkje ha lese mange sider i Det nye testamentet, for det stemmer rett og slett ikkje, både Jesus og Paulus kjem med formaningar som ikkje er til å misforstå. Dermed blir eg skeptisk til både lesinga og polemikken. Hartvedt tyr til moralsk-politiske vurderingar med karakteristikkar som «smålig» og «latterlig» om innslaga av politisk debatt i boka.

Den bråkjekke tonen er underhaldande, men grunngivinga er svak. Til dømes er det ikkje ei god innvending å etterlyse utforsking av «motiver som ikke gjenspeiler studiesirklene i Rød Ungdom» når boka uttrykkjeleg er ein sosialistisk guide. Eg aksepterer først dei affektive utsegnene når eg er samd, som i påstanden om at boka «avslører det mest irriterende med både sosialister og kristne, nemlig misjoneringen». Men som Klassekampen-skribent og medlem i MDG kan eg leggje til at den heilage overtydinga på borgarleg fløy om at dei aleine representerer Fornufta, er like irriterande. Her har redaksjonen verken stilt med nok motstand eller supplerande fagkompetanse.

Privat sektor vinn
Konklusjonen min blir at mykje er likt i sakprosakritikken i Aftenposten og NRK, men den i Aftenposten er likare. Ikkje minst er det enklare å sjå den redaksjonelle profilen. Det gjeld både valet av bøker, med ei tydeleg overvekt av historiske og biografiske verk, og i måten kritikarane formidlar på. Kulturredaksjonen ser ut til å ha ein tydeleg strategi for å bygge opp kritikarprofilar og sørge for at lesaren får både kontekst, nyheitsverdi og underhaldningsverdi. Den snusfornuftige moralismen som pregar nokre av meldingane, gir meg mindre enn dei kunnskapsbaserte vurderingane, men jamt over er tekstane god lesing. Eg er ikkje begeistra for at den nye satsinga på podkast og nyhendebrev har eit tydeleg preg av forbrukarjournalistikk og sterkt favoriserer skjønnlitteraturen. Men spesielt Gunnar Kagges engasjement for historiske verk gjer at sakprosakritikken enno verkar som ein viktig del av kulturjournalistikken i avisa.

I NRK har manglande prioritering av kritikken begynt å gi tydelege utslag. At den redaksjonelle profilen er vanskelegare å sjå på nrk.no enn i Aftenposten, handlar i stor grad om at så få sakprosaverk blir melde. At over halvparten av utvalet i mai–juni var fotballbøker, gir lite grunnlag for å generalisere utover at NRK vil kople kritikken til aktuelle hendingar. NRK manglar ikkje dyktige og erfarne kritikarar, men det verkar ikkje som det er lagt mykje arbeid i den redaksjonelle oppfølginga, i alle fall er det større variasjonar i kvaliteten. Alle meldarane er generalistar som legg størst vekt på formidling, stil og kjensler og mindre vekt på intellektuelt nivå. Med tanke på samfunnsoppdraget og finansieringa rikskringkastaren nyt godt av, er det nedslåande at sakprosakritikken ikkje er gitt høgare prioritet. Som Jonas Hansen Meyers avsløring av KI-generert tekst demonstrerte, lever vi i ei tid der behovet for gode, kritiske lesingar av påstandar om og framstillingar av røynda er akutt.

Den viktigaste forskjellen mellom kritikk av skjønnlitteratur og sakprosa er at det i vurderinga av sistnemnde ikkje alltid er nok å vere ein god lesar, graden av kunnskap om emnet kan bli avgjerande for vurderinga. Eg er sjølv generalist, og mange bøker kan fint vurderast på grunnlag av solid allmenndanning, men vi treng også fagpersonane. Her kunne både Aftenposten og NRK ha styrkt innsatsen: Meir vekt på relevant fagkompetanse kunne gitt sakprosakritikken større tyngde i den offentlege samtalen.

1. Eg tar utgangspunkt i definisjonar og kriterium henta frå artikkelen «Den litterære sakprosaens elitedivisjon? Sjangerprioritering og kvalitetsvurdering i nyhetsmedienes sakprosakritikk» av Birgitte Kjos Fonn i tidsskriftet Sakprosa, 1/2025.
2. At NRK sidan januar 2025 har illustrert vurderingane med såkalla «terningkast», kommenterer eg ikkje nærare.
3. Kjos Fonn omtalar det som «genetiske vurderingskriterium».
4. NRK avslutta i juni samarbeidet med Kopreitan, som mellom anna har meldt poesi for statskanalen. Godal, E.J. og Hansen, M.H. (2026, 1. juli). «NRK kutter ut poesikritiker», Klassekampen, https://klassekampen.no/artikkel/2026-07-01/nrk-kutter-ut-poesikritiker.
5. Kjos Fonn viser her til Jonas Bakkens omgrep i gjennomgangen av sakprosakritikk publisert i Prosa 6/2010.
6. Alle meldingane blir publisert først på nettet og så på papir i laurdagsutgåva.
7. Det matchar nivået i Kjos Fonn sin gjennomgang av Aftenposten-kritikken i 2025 (42 prosent).
8. Basert på definisjonen av kritikk Kjos Fonn brukar i artikkelen.