Prosa er årets tidsskrift!
Det er tydeleg at denne redaksjonen vil noko, seier juryen i grunngjevinga.
I dag vart det kunngjort at Norsk tidsskriftforening har kåra Prosa til årets tidsskrift 2023. Slik grunngjev juryen valet:
Årets vinner presenterer sakprosafeltet på en slik måte at både de store linjene og enkeltaktørene kommer tydelig fram. Hverdagen til så ulike grupper som skyggeforfattere, frilanskritikere og fribyforfattere opplyser oss om viktige temaer som habilitet når båndene er tette, hvordan nye formater påvirker sakprosaen, og ikke minst noe av det mest grunnleggende: Hva gjør en tekst god? Hva er egentlig en bok? Alt fra NOU-er til true crime legges under lupen, og solide bokanmeldelser trekker opp dagens mest aktuelle konfliktlinjer. I tillegg gjør layout og tekst av høyeste kvalitet lesingen til en fornøyelse. Det er tydelig at denne redaksjonen vil noe. Prosa er årets tidsskrift.
Redaktør i Prosa, Merete Røsvik, er svært glad for prisen:
– Å bli kåra til årets tidsskrift 2023 er sjølvsagt ei stor ære! Grunngjevinga peikar på det som har vore intensjonen bak Prosas bruk av temanummer, nemleg å både ta opp viktige problemstillingar på sakprosafeltet og løfte fram bøker som gir bakgrunnskunnskap til den aktuelle samfunnsdebatten. Eg er veldig glad for at juryen synest at vi har lukkast med dette! At layout og tekstar blir vurdert til å vere av høgaste kvalitet, er også svært gledeleg, seier ho, og legg til at gode medarbeidarar og skribentar skal ha mykje av æra for dette resultatet.
– Eg vil også takke NFFO for eit solid budsjett, administrativ støtte og full redaksjonell fridom. Det gir Prosa eit utgangspunkt for å levere kvalitet som er ganske eineståande, i alle fall blant kulturtidsskrifta.
I tillegg til årets tidsskrift kunngjorde juryen desse utmerkingane:
- Tidsskriftet Michael fekk pris for språk og formidling.
- Vagant fekk pris for design og layout.
- Norsk Shakespearetidsskrift fekk pris for fagleg formidling og evne til å nå eiga målgruppe.
- Vinduet fekk prisen i open klasse for omlegginga frå papir- til nettidsskrift.
Utdelinga skjer torsdag 30. mars på Litteraturhuset.
Juryen har vore samansett av Andreas Wiese (rådgjevar), Vidar Røeggen (Seniorrådgjevar Universitets- og høgskolerådet), Ellen Krystad (redaktør i Gyldendal Akademisk), Maria Astrup (grafisk designer og illustratør) og Shazia Majid (journalist og kommentator i VG).